Sit målfolket i fengsel?

På netstaden framtida.no kunde ein måndag 20. august i år finna ein kronikk med titelen ”Ja til innvandring, men…”. Kronikkforfattaren er Sveinung Rotevatn, som skriv under med at han er leidar for Unge Venstre og styremedlem i Noregs Mållag.

I innlegget, som tek fyre seg norsk innvandringspolitikk, hævdar han at ”[r]etten til å flytte seg rundt på jorda er ein grunnleggjande liberal verdi. Difor vil liberalarar alltid jobbe for at det skal bli enklare og friare å bevege seg mellom land – uavhengig av føremål. Vi er ikkje fangar i dei nasjonale fengsla vi tilfeldigvis vart fødde i, og retten til å forlate sitt land er ein grunnleggjande menneskerett.” Han uppmodar elles lesarane um å klikka seg inn på heimesida åt kampanjen ”En verden uten grenser”.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

For oss i høgnorskrørsla hev det stødt vore slik at det som stend fast er rettskrivingi, medan det er berre er fint med eit visst mangfelde i dei politiske og filosofiske tilnærmingane til målstrævet. Ein vert likevel undren når ein ser at ein som er styremedlem i Noregs Mållag gjeng so langt som å jamføra nasjonen med eit fengsel…

At det er reint på slump kvar hen ein vert fødd lyder tilforlatelegt nok, men prinsippet attum må vera rein metafysikk: Eit slags sjelelotteri der det vert trekt ut kvar hen ein skal verta fødd, og der den etniske og kulturelle bagasjen som ein sidan vert utrusta med skal vera heilt underordna. Ei meir jordnær tilnærming hadde derimot vera å sjå på einskildmenneske som eit resultat av arv og miljø, og der ingen menneske kunde ha vore nokon andre enn nett seg sjølve…

Um ein ser på nasjonen som eit fengsel, so fylgjer det kor som er at nasjonal identitet og nasjonale kjennemerke som språk og kultur ikkje kann vera anna enn stengsel for å liva ut eit liberalt, grenselaust livesett: Me skulde helst havt berre eitt språk, berre èin universal kultur, og ein skulde kvar som helst i verdi kunna gå på MacDonalds og få tinga seg ein burger. Meiner Sveinung Rotevatn at dette eine språket kjem til å vera nynorsk, eller kvifor er han med ein sovoren ståstad i det heile målmann?

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!