Bergensfilharmonikarane: Kunst på høgt nivå

Artikkelforfattaren hev fylgd med i noko av musikklivet i  Bergen i haust og kjem inn på nokre viktige hendingar i so måte.

Direktør for  Bergensfilharmonien (BFO), Bernt Bauge, kunde fortelja til Bergens Tidende 12.12. 2010 at filharmonien dei seinste sju åri hev selt 220 000 CD-ar. Berre frå årsskiftet 2008/2009 hev dei gjeve ut 12 nye  innspelingar med heilt orkester eller nokre delar av orkesteret. Dei fleste CD-ar skal nå ein topp det fyrste året på kring 1000 eller 2000, men BFO hev makta å få til fleire toppar.

Johan Halvorsen-plata som millom anna hev med symfoni nr. 1 og Bojarenes inntogsmarsj selde yver 3500 på dei fire fyrste månadene, fortel Bauge. Den vart kåra til månadens innspeling i  Classics Today som er eit millomfolkeleg og sterkt påvyrdt blad. Jamfører ein med andre kjende musikarar frå Noreg, so hev Arve Tellefsen og Tine Thing Helseth selt ca. 5000 av nye cd-ar dei siste tri åri.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes

Me spelar ikkje inn musikk for å tena pengar, segjer Bauge. Det er ikkje salsinntektene BFO yverlever på. Ikkje ein gong konsertane gjeng med nok yverskot. For ein som ikkje høyrer til den indre krinsen høyrest det sterkt ut, for Grieghallen kann til tider ha fullsett sal med kannhenda upp til 1500 tilhøyrarar, og inngangspengane er ikkje billege. Likevel treng altso BFO tilskotsmidlar – av di det er viktig å skaffa fram kunstmusikk med kunnige og dugande tonekunstnarar, stadfester Bauge.

BFO er medvitne um det dei driv på med, og det er ei gleda å vera til stades på konsertar å kunna leva seg inn i store verk åt kjende tonesetjarar. BFO hev ofte tvo konsertar med same  dagsetel kvar veka. I haust hev pianisten Leif Ove Andsnes vore fastbuande musikar heile halvåret.

14. og 15. oktober framførde Andsnes konsert for klaver og orkester nr 2, B-dur, op. 83 av Johannes Brahms saman med BFO. Bergensavisen kunde melda um at godordi hagla etter konserten den 14.11. 2010. Andsnes gav klåre ord for at han sette pris på den solide attendemeldingi. Salen var fullsett med 1500 tilhøyrar og ikkje berre den 14.11, men likeins den 15.11, og eg var den heppne som fekk den siste billetten til konserten som eg nytte i fulle drag. Han var nydeleg.

I vitringsbladet til konserten kann me lesa ei greid uppsummering av klaverkonserten, m.a. kann me lesa um det musikalske innhaldet. Brahms vert umtala som ein tankefull kunstnar. Han hev løyst alle formelle vanskar med usvikeleg tryggleik. Jamvel avsnitt med umstridd stoff hev halde på den roi og avmælte stemningi som merkjer toneverket. Ein finn drag frå kammermusikk med ei inngåande grunngjeving for tonekunsten og med  storslegi symfonisk breidd. Hadde eg ikkje visst betre vilde eg ha kalla konserten for ein symfoni, men ein musikkelskande ven hev innprenta meg at klaveret ikkje høyrer heime i symfoniar.

Her kjem ein vel kannhenda til den lærdomen som eg hev tileigna meg i alt mitt musikalske einfelde: at eit piano tek for mykje merksemd i samklangen med andre instrument til at det høver med symfoniens serhått. Vitringsbladet segjer at klaver og orkester i denne pianokonserten ikkje tevlar med kvarandre um merksemdi frå tilhøyrarane, men dei møtest derimot i ein djup samverknad. Det er dette som gjer konserten til ei so fin, jamvektug og sterk, men avslappande, uppleving.

Etter konserten skreiv stjernepianisten namnet sitt på CD-ar. Nærare 200 næme av Andsnes-innspelingi av Rakhmaninovs klaverkonsert nr. 3 og 4 vart rivne burt.  Det syner at Andsnes hev ei høg stjerna millom musikkelskarar i Bergen.

Andrew Litton

Andrew Litton

Andrew Litton, sjefsdirigenten, og Bergen filharmoniske orkester hadde ein solid konsert i Grieghallen 9. og 10. desember 2010. Eg var til stades 10. desember. Ronald Vermeulen er tilsett som programsjef for filharmonien. Han heldt eit fyredrag um politikk og musikk og hadde etter måten mange spanande innspel, men kva hadde dette med fyrste del av konserten å gjera? Ikkje veit eg. Rakhmaninov (1873-1943) var ein tonekunstnar eg fekk godhug for, og eg lika den andre symfonien svært godt med mange rolege parti og fin stemningsskapande musikk – romantisk og moderne på ein gong, tykte eg. Men Vermeulen greidde ikkje å klårgjera musikken hans. Men her burde fyredraget ha vore lengre og meir innrett på båe delar av det som var på dagsetelen for kvelden.

Derimot kann ein vel segja at fyredraget var ei greid innføring til andre del av konserten som var knytt til eit toneverk av briten Ralph Vaughan Williams. Williams sette i 1936 tonar til eit verk som åtvara mot framvoksteren av fascismen. Verket hev funne inngjevnad frå Bibelen, Daniels bok, frå den amerikanske lyrikaren Walter Whitman og frå den kjende tala til John Bright som han heldt i det britiske parlamentet  imot krimkrigen. Musikalsk er det råd å draga trådar til Benjamin Brittens krigsrekviem og Wilfred Owens Strange Meeting som Britten bruka i 1961. Rakhmaninov må eg koma attende til, men alt medrekna ein fin konsert. Andrew Litton og musikarane hans gjorde ein solid innsats.

Eg er glad for at eg hev kunna vera nokre turar til Bergen denne hausten. Å uppleva musikk av so høg finleiksgrad som på konsertane til BFO, er svært verdfullt. I 2015 vert BFO 250 år. Det segjer noko um kulturlivet i Bergen. Ein by der ein kann få med seg det meste når det gjeld musikk, og med det må eg ikkje lata vera å nemna at eg jamvel hev fenge uppleva Magnar Mangersnes dirigera joleoratoriet til Händel. Ikkje nokor liti uppleving det heller.

L. B. Marøy

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!