Intervju med Eliwagar

I fyrre utgåva av Målmannen gav me ei innføring i noko av arbeidet til Eliwagar, som då var ute med låtsamlingi “Fjellfolk, saga fra forntiden”. Bladet var ikkje fyrr kome i prent fyre Eliwagar var ute med endå ei låtsamling, “Sagn fra nordafolkets land”. Målmannen hev teke ein prat med Runahild frå Eliwagar, gruppa som ingen kann skulda for å liggja på latsida for tidi.

-Fyrst, fortel oss litt um Eliwagar. Kvi hev du valt dette namnet? Er det du åleine som stend attum prosjektet?

Namnet Eliwagar kjem frå den norrøne gudelæra, og er namnet på dei 11 elvane som renn ut or kjelda Hvergelmir. Dei renn frå isheimen til eldheimen, og knyter dimed is og eld saman. Dei er kjeldone til alt liv og alle drivkrefter (energi) i dei ni verdene i norrøn læra um verdsbygnaden (kosmologi). Eg tok til med Eliwagar åleine i 2007, eg er framleis hovudmedlem, men Bjørn Dahl spelar i dag gitar.

Det var Runahild som gjorde upptak til Eliwagar, seinare kom Bjørn med på gitar. I dag er det desse tvo som er drivkreftene attum prosjektet.

Det var Runahild som gjorde upptak til Eliwagar, seinare kom Bjørn med på gitar. I dag er det desse tvo som er drivkreftene attum prosjektet.

-Du bur for tidi på ein fjellgard på Solås i Øvre Hålandsdalen. Korleis var det å koma frå folkerike Lorraine til ein so aude stad? Kva tykkjer du um det norske huglyndet, som visselegt skil seg frå det franske?

Framfor alt, eg hev aldri kjent Frankrike som min heimstad. Denne kjensla hev vakse i meg med åri. Då eg var kring 16/17, byrja eg å kjenna at eg høyrde til eit anna land enn mitt heimland, og at eg måtte søkja tilbake til det landet der eg hadde røtene mine.

Framfor alle andre land, Noreg er det landet som kallar meg mest. Eg kjenner meg sterkt knytt til naturen og energiane her. Og eg elskar målet som gjev atterklang av det fagre og mektuge i naturen. I framtidi vil eg òg vera huga på å læra islandsk, som er det eldste av dei måli me hev i dag som vart snakka her på vestlandet.

Det var ikkje noko vanskeleg for meg å fara frå eit so tettfolka umråde som Lorraine. Eg likar verkeleg best store område, småe bygder og nokre gardar her og der i fjelli. Eg likar alltid finleik framfor mengd. Nokre fåe grannar du kann lita på, er betre enn mange som du ikkje kjenner. Den norske smålåtenskapen er òg mykje meir tiltalande enn fransk hovmod.

-Kvar hentar du tilfanget til musikken din? Frå norsk natur, gamal arkitektur, gamle segner og sogor, eddaen, eller heilt andre ting?

Eg hev alltid funne tilfanget i naturen, men når eg uppheld meg her millom dei mektige norske fjelli og djupe fjordar, er tilfanget rikare enn nokosinne. Det er fordi naturen er knytt til åndi frå forfedrane, mine forfedrar som gjev meg tilfang frå djupni av sjeli mi. Dei gav meg dette ljoset til arv, og det gjer meg til den eg er, og dei er der som ein part av naturen. Eg kjenner meg nærare knytt til deim enn nokosinne, og dette ljoset inne i meg er sterkare enn nokonsinne, og hev vorte ein sterk loge. Det er som at alt her, er kjelde til inspirasjon, natur og språk gjeng saman til ei rein kjelde av poesi og melodiar. Sjølvsagt er også skandinaviske songar ein inspirasjon, som til dømes den norske «Millom bakkar og berg».

Men eg vert ikkje so inspirert av Edda’ene. For meg stend dei ikkje for det ekte nordiske samfunnet og trusformi. Dei vart skrive fleire hundreår etter at Norge og Island var kristna, og til og med vikingtidi viser ikkje fram det nordiske samfundet.

Vikingtidi var ei tid med kaos i heile Europa. Gudar som Odin stod fram i den nordiske gudelæra, men var berre ei nordisk form for tyske Wotan. I Noreg var derimot Tyr den høgaste gud (også i Tyskland – Tiwaz – fyrr folkevandringstidi). Tyr var opphavleg guden for rettferd og kosmisk orden, og Njarthar (Nerthus) var morgudinna knytt til jordi. Tvo gudar som nesten ikkje er nemnde i Edda’ene som eg kjenner sterkt samband med er Tor/Sif, Ullr/Skadi og Njord/Idunn.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=oT0MWVERkmE]

-Kva slags andre tonekunstnarar hev påverka deg reint musikalsk?

Det fyrste bandet som kveikte meg til å laga folkemusikk var Faun, og serleg songen deira «Unda». Eg bruka å lyda mest til metall/svart metall fyre dette, men folkemusikk vekte meg til eitkvart meir naturleg og ekte med gamle rytmar og gamle spelgreidor. Eg var ikke i tvil lenger, den einaste musikken eg kunde spela som passa til mi sjel var folkemusikk. Utanom kveikte Wardruna meg mykje fordi eg uppdaga hardingfela. Takka vere deim vart eg hugteken i hardingfela. Eg byrja å lyda til andre hevdvunne norske hardingfelelåter og tykte at dette var den fagraste spelgreida eg nokosinne hadde høyrt. Dette skjedde på eit tidspunkt der eg ikkje lenger skreiv musikk og var ikkje nøgd med noko av det eg kom upp med. Eg sa til meg sjølv at eg ikkje vilde laga musikk fyre eg hadde fenge tak i denne gilde spelgreida – det gjorde eg òg.

-Hev du òg vore knytt upp til andre musikalske tildriv?

Eliwagar er det einaste ålvorlege musikktiltaket eg hev vore med på.

-Kva er det som kjenneteiknar den ideologiske/filosofiske utformingi åt Eliwagar? Heidensk, tradisjonalistisk, nasjonalistisk?

Eliwagar er heidensk musikk i si djupaste meining. Heidning var ein måte ein umgrepsfesta ikkje-kristne folk som budde på landsbygdi og som framleis dyrka dei gamle gudane. Eg bur òg på ein gard ein stad i fjelli og prøver å vera mest mogleg sjølvberga og i jamvekt med naturen, og held den gamle trui i live. For meg er denne leveformi veldig viktig for Eliwagar. Eg ynskjer å visa dei røynlege grunnsetningane attum det å vera heidning, og det er å vera fri. Å leve i naturen og prøva å vera sjølvberga, istaden for å vera bunden av pengehushaldet. Folk av idag likar å gå på stormarknaden for å kjøpa maten sin. Men for berre 50 år sidan, hadde dei fleste som hadde høve til det ein hage med grønsaker, frukt og bær og kannhenda nokre hønor og kaninar. Dei plukka sopp om hausten, dei visste kva dei kunde eta i skogen, dei hadde sjølvstende i det minste. I dag likar folk å ha ein grøn plen, sakte gløymer dei gamle kunnskaper om det å yverleva, og um lækjemiddel frå naturen som det hev teke menneskeætti århundrar, ja årtusund, å læra seg bruken av.

Dette er veldig syrgjeleg, fyrst på grunn av at dette er ein del av vår arv, kunnskap frå våre heimland. Når krisa er her med matmangel, og ein ikkje fær kjøpt mat på stor-marknaden, kva skal folk gjera då? Fyrr i tidi hadde folk si eigi litle avling som kunde hjelpa i ei krisa. Folk kan vera so rike dei berre vil, i ei krisa. Folk kann vera so rike dei berre vil, men dei kann ikkje eta eit kredittkort.

Eliwagar er nasjonalist i den upphavlege meininingi av ordet. Det er kjenslone beint frå hjarta som fær meg til å elska mitt heimland (og eg kjenner heilt visst at det er Noreg).

Dette fær meg til å vilja taka vare på min arv og spela og syngja for å hylla denne gilde livsformi her. Å vera nasjonalist hev ingenting med hat og vald å gjera, det handlar um kjærleik.Hadde alle arbeidt for å taka vare på sin eigen kultur i staden for å trengja honom på andre hadde me havt ei mykje fredelegare verd, tenkjer eg.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=jJF9hSv1MDg]

-Kann eg spyrja um korleis du ser på stoda i Frankrike, Noreg og Europa reint ålment i dag? Mange vil segja at masseinnvandringi og aukande innverknad frå islam trugar vårt levnadssett og vårt serpreg. Samstundes hev møtet med andre levesett gjort oss meir varnæme og meir medvitne um vårt eige levnadsset og vårt eige upphav. Kva tenkjer du um det?

Um me hev ein sterk kultur, kann ingen øydeleggja eller truga den. Vårt serpreg er veldig viktig meiner eg. Å vera medviten um arv og fortid og ha sterke røter gjer oss til deim me er. Der er kannhenda brotstykkje frå fortidi me ikkje likar, men me må ikkje visa deim frå oss eller gløyma deim, me må læra av dem. Det gjeld alle folk på denne jord.

Vandemålet i Europa er at dei fleste gløymer serpreget sitt. Dei søkjer ikkje etter røtene, heller ikkje kulturen sin eller heimlandet. Dei bryr seg difor heller ikkje um å taka vare på nokon av delane. Det tyder ikkje at folk treng å vera motviljuge andsynes andre kulturar, men at dei hev vyrdnad for all kultur. Ymsesidug vyrdnad. Vandemålet i dag er at islam freistar å gjera det same som kristendomen gjorde i Noreg og Europa for tusund år sidan. Dette er ikkje ymsesidug vyrdnad.

-Finst det nokor låt på dei tvo platone du hev gjeve ut so langt som du kann kalla for ditt kjennemerke eller som er ei «programlåt»?

Eg kann ikkje plukka ut ein song, alle songane fører fram eitkvart servore og saman er dei kjernen til Eliwagar.

-So langt vert musikken din fyrst og fremst spreidt i «undergrunnen»? Er det der du hev funne din plass, eller hev du tru på eit større gjenombrot?

Kva som kjem til å skje kan eg sjølvsagt ikkje spå um. Eg hev funne ekte studnad i undergrunnen, men um Eliwagar vert større vil det sjølvsagt auka upp grunnsetningane attum. Musikken vil då nå folks hjarto og sinn, kannhenda ynsket om å gå tilbake til naturen og finna røtene for å styrkja framtidi, då trur eg det kann verta positivt.

Umslag på den siste plata frå Eliwagar.

Umslag på den siste plata frå Eliwagar.

-Noko meir du vil leggja til?

Tusen takk for intervjuet og studnaden, du fær min studnad attende for Målmannen, og for å ikkje gløyma arven vår.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!