Alain de Benoist: -Charle Hebdo, eit liberalt medstraumsorgan

Den franske nettsida Boulevard Voltaire hev tala med den franske nyhøgre-filosofen Alain de Benoist. Han legg ut um dei ideologiske og politiske sidone ved massakren i lokali åt Charlie Hebdo.

Utanum den rettkomne indignasjonen yver massakren i lokali åt Charlie Hebdo, kva slags lærdomar kann ein henta frå denne hendingi? Er det slik, som ein fær tokken av i sume media, at det hev brote ut ein «total krig» millom islam og vestverdi?

Medarbeidarane i Charlie Hebdo vart massakrerte på ein gruvsam måte. Slikt kallar på  medkjensla hjå oss alle. I ei so kjensleladd sak er det ikkje lett å halda hovudet kaldt. Det er di meir det aller viktugaste: Ein må kunna klara halda det fråstandet som trengst for å kunna analysera hendingi og draga lærdomar. Kva er det som me stend andsynes? Me stend andsynes ein ny slags terrorisme, sett ut i livet i Frankrike av personar av typen Khaled Kelkal og Mohammed Merah. Denne terroren skil seg frå dei terrorbylgjone me hev havt tidlegare.

Alain de Benoist

Alain de Benoist

Åtaki 11. september og Madrid-attentatet var det store internasjonale nettverk som tenkte ut og sette i verk frå utlandet. Det me ser i dag er derimot at det er einskildpersonar i Frankrike som er vortne radikaliserte og som set i verk terroråtak meir eller mindre på eigi hand. Dei hev langsamt gjenge frå småkriminalitet til heilag krigføring, men det er som regel ei godt tilmåta krigføring. Dei gjeng til åtak med kaldt blod, dei veit korleis dei skal nytta våpen, og dei hev null respekt for andre sine menneskeliv.

På same tidi er dei amatørar og raringar, som med Kouachi-brørne. Dei fann på at dei skulde fara og desimera ein avisredaksjon «for å hemna profeten», men dei byrja med å gå til den range adressa. Dei let spor etter seg yveralt, dei hadde ingen strategi for korleis dei skulde stikka av etterpå og dei gløymde jamvel eitt av ID-korti sine att i fluktbilen. Dette er personar som ein ikkje veit kva dei kann finna på, og det gjer dei di meir fårlege.

Ein lyt dessutan vera på vakt mot terroristiske hermegåser. Me hev sett korleis folk spontant hev gjeve studnad til redaksjonen med slagord som «Je suis Charlie» (Eg er Charlie). På den andre sida er det nøgdi med dei som vel å identifisera seg med Merah, med Kouachi-brørne og med Amedy Coulibaly. Tenk kva slags hysteri som ein kunde ha fenge um det byrjar koma slike åtak jamt og trutt. I eit sovore klima er grunnlaget lagt for alle slags manipulasjonar. Det hev me sett i fortidi med. Det hev vorte kalla for «spaningsstrategien».

Det er klårt at me lyt føra krig mot dei som krigar mot oss, og det lyt me gjera med alle dei midlane som me hev til rådvelde. Men å tala um ein «total krig», det segjer ikkje mykje. Dei heilage krigarane er nett like representative for islam som Ku Klux Klan er for dei kristne. Dessutan er det ikkje jihadistane, men dei vestlege leidarane sjølve, som hev vore dei fremste med å skapa eit «clash of civilizations». Dei hev sendt styrkar til Midtausten og sett heile regionen i ulage med di dei braut ned stabile regime som hadde vore bolverk mot den radikale islamismen – frå Saddam Hussein til Mohammad Gadaffi. Endå um det er naudsynt å gjera noko med fylgjone, so kann me ikkje lata vera å gjera oss tankar um årsakene.

Det er ikkje fyrste gongen at eit tidskrift er kome under valdelegt åtak. Me minnast åtaki mot «Minute» eller «Le choc du mois». Til lukka vart ingen drepne den gongen, men jamvel um det skulde ha gjenge so langt so kann ein vel trygt rekna med at desse hadde fenge mindre sympati i media enn det me ser med Charlie Hebdo. Ser me her ein dubbelmoral?

Lat oss segja at det i staden for Charlie Hebdo hadde vore Valeurs actuelles (liberalkonservativt tidskrift) som terroristane hadde gjenge laus på. Ein kann trygt gå ut frå at reaksjonane ikkje hadde vore dei same. Ein hadde ikkje sett plakatar med «Je suis Valeurs» på same måten som ein ser «Je suis Charlie». Den rådande politiske klassen hadde heilt klårt ikkje byrja tala um nokor slags «nasjonal samling» (eit umgrip som i dette høvet trygt kann kallast mystifiserande, sidan ei sovori «samling» alltid tener dei som sit med makti og som kann draga nytten av ein konsensus). I motsetnad til fyregjengaren Hara Kiri, so er den liberal-libertære Charlie Hebdo vorten eit organ for den rådande ideologien. Og dei som sit med makti veit å kjenna att sine eigne.

Faksimilie frå Charlie Hebdo i 1995. Jean-Marie Le Pen i handjarn, umgjeven av tvo politifolk. I teksti heiter det: "Kva skal me gjera med Front National? Forby dei!"

Faksimilie frå Charlie Hebdo i 1995. Jean-Marie Le Pen i handjarn, umgjeven av tvo politifolk. I teksti heiter det: «Kva skal me gjera med Front National? Forby dei!»

Me vert fortalde, frå nær sagt alle hald, at Charlie Hebdo hadde gjort ytringsfridomen til si fremste kampsak. Men kva med kampanjen deira for å få Richard Millet sparka frå Editions Gallimard, å få Fabrice Le Quintrec sett på porten i France Inter eller Robetr Menard og Eric Zemmour i i’Tele? Er det grensor for ytringsfridomen?

Hyklarar er det nok av. Den 26. april 1999 hadde redaksjonsmedlemene i Charlie Hebdo sendt eit brev til innanriksminsteren – med 173.700 underskrifter som kravde forbod mot Front National. Det segjer vel sitt um kva dei hev gjort for ytringsfridomen! For nokre vikor sidan hevda Manuel Valls at «bøkene til Zemmour fortener ikkje å verta lesne», og det medan ein annan minister kom med det skamlause kravet um at «medieplattformar som fjernsyn og tidskrift må slutta å sleppa fram slike ytringar». Og enno hev me ikkje nemnt Dieudonné-saki. Når det er sagt, so skal me vera rettvise: Millom dei som stend på barrikadane for ytringsfridomen hans Zemmour, so er det diverre fåe som er reiduge for å kjempa for den til fiendane. Men, «fridomen er alltid fridomen åt dei som tenkjer onnorleides» (Rosa Luxemburg), og det heiter at ein hev ikkje fortent å vera ein forsvarar av ytringsfridomen so lenge ein ikkje forsvarar dei som nyttar seg av honom. Men det er nett det som den rådande ideologien nektar å gjera. Endå um ein i Sambandsstatane hev eit «first amendment» som segjer kvar og ein kann få segja det han vil, so ser ein at dei nonkonforme meiningane er minst like marginaliserte der som dei er i Frankrike. På same måten som den lovfeste retten til arbeid aldri hev sett i gang nokor næringsverksemd, so er retten til å få ytra seg ingen garanti for at ein kjem til å verta høyrd.

Intervjuet er umsett frå Boulevard Voltaire av Olav Torheim