Pegida – kva er no det då?

Kva er Pegida? Målmannen hev sett nærare på den nye protestrørsla i Tyskland og freistar koma med nokre svar.

Det byrja tidlegare i haust med nokre hundradtals demonstrantar i Dresden. Kvar måndag møtte dei fram for å protestera mot det dei kalla for islamiseringi av Vestverdi. Dei kallar seg Pegida, “Patriotische Europäer gegen die Islamisierung des Abendlandes”. Tjodlynde europearar mot islamiseringi i Vestverdi. Sist måndag var dei vortne meir enn 40.000 personar ute på gatone.

pegida

“Wir sind das Volk”: Slagord frå DDR-tidi

Det er ikkje på slump at måndagen er vald ut. For det var slik det byrja i Leipzig i 1989 med: Kvar måndag møtte folk fram, i demonstrasjonar som auka i uppslutnad kvar einaste vika. Den gongen ropa dei slagordet “Wir sind das Volk”, og no er det atter dette slagordet som lyder i gatone i Tyskland. Attåt ironiske handplakatar som: “Es geht also doch: Regierung sucht sich ein neues Volk”.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=5QPfl-0HFfM]

Møtet med mangkulturen hev for mange tidlegare DDR-borgarar vore eit kultursjokk. Jamvel um DDR var sosialistisk på det økonomiske umkvervet, so var Aust-Tyskland eit sers tradisjonelt samfund elles, og dei såg lite til den kulturelle utglidingi som ein elles hev sett i Vest-Europa. I DDR fanst det rett nok utlendingar som var komne frå andre kommunistland i den tridje verdi for å taka utdaning, men desse var det streng kontroll med – og når utdaningi var ferdug so laut dei reisa heim att. Ei heilt onnor stoda enn i Vest-Tyskland der det hev vore bylgjor med innvandring frå ulike slags ikkje-vestlege land – ikkje minst frå Tyrkia – heilt sidan 1960-talet.

Hausten 2014: Noko er på gang

Det hev i den seinaste tidi kome ei rad nye asylheimar i Aust-Tyskland, og dette hev i året som gjekk utløyst ei rad spontane protestmarkeringar og demonstrasjonar. Kor som er, det hev til dessar vore det tradisjonelle spekteret av tjodlynde og høgreradikale aktivistar kring NPD som hev gjenge i spissen for desse markeringane – og dette kringværet hev i media for lengst vorte stempla som “nazistar”. Vanlege folk hev difor vore redde for å koma på slike markeringar.

Det er tidlegt på hausten 2014 at noko byrjar å skje, og det tek i fyrste umgang til i Vest-Tyskland. I Vest-Tyskland hev islamske, salafistiske gruppor i lang tid markert seg aggressivt med gatemøte. Samstundes ser ein at konflikten i Syria millom ulike slags muslimske gruppor er åt å spreida seg til tysk jord – med samanstøytar på gata millom kurdarar og salafistar. Det er då det hender: Under eit salafistisk gatemøte i Mannheim møter ei stor gruppa hooligans upp og kjeppjagar salafistane. Nyhendet um aksjonen spreider seg, og snart er nettverket “Hooligans Gegen Salafisten” (HoGeSa) vorte skipa. Stutt tid etter skipar nettverket til ein stor demonstrasjon i Köln som samlar meir enn 4000 menneske. Til å vera i Vest-Tyskland er dette eit stort tal for ei sovori tilskiping. Når dei maktar samla so mange menneske, so er det nett av di dei hev makta draga til seg folk som er utanfor det tradisjonelle spekteret av politiske aktivistar. Media gjer likevel so godt dei kann for å stempla upptaksmennene som “nazistar”.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=VuY2s91ZZkE]

På same tid byrjar måndagsdemonstrasjonane i Dresden. I motsetnad til HoGeSa, so vert demonstrantane i Dresden fullstendig ignorerte i media. Kann henda det er nett difor at dei fær høvet til å byggja seg upp? For det spesielle med Pegida er at upptaksmennene er folk som tidlegare hev halde seg burte frå all tradisjonell politisk aktivisme. Kvar einaste måndag kjem fleire folk til, og til desse markeringane kjem det folk som normalt aldri vilde ha kome på nokon politisk demonstrasjon.

I desember er titusundtals menneske på gatone i Dresden, og media byrjar verta rådville um korleis dei skal møta den nye rørsla. Snart hev ein ikkje berre Pegida, ein hev Legida (Leipzig) og Dügida (Düsseldorf) og mange fleire. Protestane spreider seg til heile Tyskland.

Det som samlar Pegida-demonstrantane er ein grunnleggjande skepsis til masseinnvandringi og den samfundsumdaningi me ser i møtet med islam i Europa. Noko klårt program utan dette hev Pegida-rørsla so langt ikkje fenge, men kanskje nett difor hev ho greidd å samla studnad frå personar og gruppor som i andre høve ikkje vilde ha teke i einannan med eldtang. Attåt dette kjem det enorme uppbodet av heilt vanlege folk som endelegt hev fenge høve til å lufta uroi si yver samfundsutviklingi.

Både styresmaktene og media hev soleides havt problem med å vita korleis dei skal handtera den nye rørsla som kallar seg Pegida.

Mediekøyr og “Lügenpresse”

Ein taktikk som hev vorte prøvd ut i massemedia er å nytta seg av provokatørar til å framstella Pegida som ekstremistar. Til dømes hadde ARD sitt nyhendemagasin Panorama eit innslag der dei intervjua ein Pegida-demonstrant som kom med nedsetjande ytringar um tyrkarar. Det synte seg seinare at “Pegida-demonstranten” var ein journalist frå RTL som etter eigi utsegn hadde freista infiltrera demonstrasjonen. Det er soleides ikkje utan grunn at Pegida-demonstrantane hev umtala massemedia som “die Lügenpresse”.

Ein annan taktikk som hev vorte prøvd ut hev vore å skipa til motdemonstrasjonar. I motsetnad til Pegida-demonstrasjonane, so er motdemonstrasjonane langt frå noko slags borgarinitiativ. Sist laurdag vart det halde ein motdemonstrasjon i Dresden. Media hevdar at motdemonstrantane var so mange som 35.000, og soleides fleire enn dei Pegida-demonstrantane som demonstrerar på måndagskveldane.

Pegida-demonstrantane langt fleire enn motdemonstrantane

Her gjeld det å jamføra eple med eple og pæror med pæror…

For det fyrste: Pegida-demonstrasjonane vert skipa til kvar måndag kveld av lokale folk i Dresden. Motdemonstrasjonen vart derimot skipa til ein laurdag for å samla tilreisande frå heile Tyskland. Motdemonstrantane vart transporterte frå heile Tyskland i gratisbussar, og dei vart lokka til Dresden med konsertar med kjende artistar og andre kulturaktivitetar.

For det andre: 35.000 motdemonstrantar er dessutan media og arrangørane sine tal. Politiet sine tal var 20.000. Um ein jamfører med Pegida-demonstrasjonen på måndag den 12. januar, so hevda arrangørane at dei var 40.000 personar – medan politiet hevdar dei var 25.000.

Um ein jamfører arrangørtal med arrangørtal, so var Pegida-demonstrantane flest. Og um ein jamfører politital med politital, so var Pegida-demonstrantane flest. Dei sistnemnde hev dessutan stade ute i kulden på måndagskveldane vika etter vika – utan gratisbussar, utan gratiskonsertar, utan massiv støtte frå media.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=93lF3CXTAL4]

Det var ein motdemonstrasjon i Dresden på måndagen med, og han samla nokre hundradtals personar. Lokalt i Dresden hev Pegida-motstandarane ingenting å stella upp med, og jamvel når dei kraftsamlar med tilreisande frå heile Tyskland so er dei altso munalegt færre.

No er Pegida-rørsla komi til Noreg. I går skal 190 menneske ha vore samla i Oslo. Talet er ikkje stort, men like fullt den største innvandringskritiske demonstrasjonen i Noreg nokosinne. Dei skal demonstrera neste måndag med, vert det sagt. Me hev interessante tider i vente.

  • Jeg var tilstede på demonstrasjone på manda og 190 deltadere er feil etter hva jeg så. snarere 250/300 er mer riktig.

    • Takk for informasjonen. Me er kjende med at massemedia systematisk nedrapporterar deltakartalet på politisk ukorrekte markeringar. 190 deltakarar kann nok soleides reknast som eit absolutt minimum. Trulegt var dei fleire, som du sjølv syner til.