Eg er Zentropa

Eg hev alltid freista ta tak i årsakene framfor å klaga yver fylgjone…

Det var ikkje då eg var vorten redd for å taka undergrunnsbanen at eg tok til å interessera meg for samfundsspursmål…

Det er ikkje slik at eg blandar kristeleg nestekjærleik i hop med sjølvutslettande godfjotteri…

Kjærleik og fornuft er det som driv meg, ikkje hat og reaksjon…

Eg er radikal, ikkje ekstremist…

vigeland 7

Eg liver ut yvertydingi mi i kvardagen, i tråd med prinsippi mine. Ikkje berre no og då og når det skulde høva seg slik…

Uvenene til uvenene mine er ikkje venene mine…

Slagordi mine er idear, ikkje reklamekonsept…

Når eg vert forbanna på purken, so er ikkje det noko som skil seg på bakgrunnen åt dei som vert banka upp…

Eg høyrer berre på folk som hev noko å fara med…

Eg skjemst um Morgenbladet og Dag og Tid er samde med meg…

Eg er ingen høgreliberalar…

Eg slengjer ikkje skit etter folk på uppmoding frå andre…

Eg trur på sanningi, ikkje på opportunismen…

Eg rakkar ikkje ned på eit system som eg sidan kjem krypande attende til so snart det byrjar røyna på…

Eg bryr meg ikkje um kva reaksjonære og skrivebordsintellektuelle skulde tenkja eller segja um det eine eller hitt…

Eg var på støttedemonstrasjonen for dei kristne i Midtausten og ikkje på «borgarmarsjen» åt toppolitikarane…

Når eg reiser bust mot den moderne verdi, so er det ikkje av di eg gjeng på kokain eller antidepressiva…

Eg hev eit ideal, eg poserar ikkje…

Eg er etnodifferensialist og ikkje rasist, det er ein skilnad som er meir enn berre leik med ord…

Eg er audmjuk, og ikkje slapp, når det kjem til veikskapane mine…

Eg freistar helder å vera noko enn å gjeva meg ut for nokon…

Tala mi er stødt den same, same kven eg talar til…

Det er ikkje slik at eg byrjar tru på massemedia når det skulde høva meg best…

zentropa

Eg tutar ikkje med ulvane…

Og eg er ingen Charlie….

Zentropa

  • Slemdal

    Hva menes egentlig med begrepet Zentropa?