Boksing: Sporten som vekkjer krigaren

Med dette innlegget vil eg slå eit slag for boksesporten. Sume kritikarar meiner at det ikkje burde ha vore for ein sport å rekna i det heile, medan andre meiner at det er den originale, primale og einaste rettelege mannfolkidrotten – frå dei romerske gladiatorane til markien av Queensbeery sin gentlemanssport – med kamp på turre nevane.

Kva er det som er so hugtakande med boksing? Eg vil gjeva dykk fem punkt:

  1. Ein kann byrja frå kva nivå ein enn er på. Det er mest som sjakk, det er i prinsippet berre nokre fåe grunnleggjande reglar og teknikkar å tileigna seg, men derifrå er det endelaust mange kombinasjonar og raffinerte metodar å ganga vidare med. Alle kann byrja, men ingen vert utlærd.
  2. Ein trenar heile kroppen – alle viktuge muskelgruppor, både hender, føter og magemusklar. Ein boksar treng å vera i toppform. Det gjeld både styrke, kondisjon og ikkje minst disiplin. Ein må vera i stand til å gje alt og tola alt. Å vera i ringen er den fullkomne manndomsprøven.
  3. Ein treng ikkje mykje utstyr for å koma i gang. Bandasjar, boksehandskar og munnvern er i prinsippet alt ein treng. Eventuelt hoppetau til kondisjonstrening. Mange andre idrottar, som klatring og sykling, hev til fyresetnad at ein stødt samlar seg meir og meir dyrt utstyr.Tradisjonelt hev boksing vore ein billeg sport å driva med, og det er noko av grunnen til at han serskilt hev vore umtykt millom arbeidarklasseungdom – og jamvel hjå studentar i universitetsmiljø.
  4. Det er ein realistisk kampsport. I eit slagsmål er det framfor alt tvo ting som gjeld: Slå fyrst og slå hardt. Det er det som må til for å vinna basketaket, og med boksing lærer du nett dette. Det er ein sport som er rett på sak, og der dei mest einfelde teknikkane ofte er dei beste. Ein boksar hadde lett vunne mot ein karateutøvar eller mot ein kickboksar for den saks skuld (det er i alle fall mitt påstand).
  5. I sjakk er det slik at til kvart trekk finst det eit mottrekk, og slik er det i boksing med. I prinsippet skal ein ikkje trenga å verta råka av eit einaste slag, det er når ein gjer mistak at motparten greider å få inn eit skikkelegt treff. Tvo trente boksarar fær ikkje so mange skikkelege slag under ein kamp. Det er soleides ein sport som kann vera mindre brutal enn det ser ut til.

Boxing_Tournament_in_Aid_of_King_George's_Fund_For_Sailors_at_the_Royal_Naval_Air_Station,_Henstridge,_Somerset,_July_1945_A29806

Det er ikkje med rå kraft at ein vinn ein boksekamp, det er snarare med taktikk og teft. Ein lyt freista analysera motstandaren og sjå kva slags mistak han gjer eller finna ut korleis ein kann få honom til å gjera mistak. Korleis er det motstandaren gjeng fram, kva slags slagkombinasjonar nyttar han og korleis svarar han på dine slag? Kva tid opnar han seg for eit velretta slag? Er det råd å lura honom inn i eit hyrne? Det gjeld å nytta hovudet og ikkje minst gjeld det å vera i stand til å psyka ut motstandaren: Ikkje lat honom skyna at du er sliten og ikkje syn at eit hardt slag gjorde låkt. Sume boksarar hev denne evna i kroppen. Dei trenar ikkje so altfor mykje, men dei hev forståing for sjølve spelet – som er å råka hardt og avskrekka. Døme på dette kunde vera den tidlegare norske proffboksaren Roar Petajamaa eller den vidgjetne amerikanske trenaren Emmanuel Steward.

Å klara seg i bokseringen er 90 prosent ei mental øving. Men desse 90 prosenti hev til fyresetnad at ein alt er på topp fysisk. Dei fysiske 10 prosenti må vera på plass. Ein må ha god kondisjon og ein må klara slappa av og halda seg med den rette pusteteknikken – elles er ein blå på lippone alt etter fyrste runden, og slegen ut i dei neste. Å gå ein boksekamp kann soleides jamførast med ein fjelltur. Det er ikkje noko ein kann gje seg ut på utan fyrebuing.

Endå um trenaren hjelper so godt han kann med råd og rettleiding, so er ein er åleine i ringen. Det einaste ein hev å hjelpa seg med er knyttnevane sine. Ein kann ikkje halda motstandaren fast eller leggja honom i bakken. Ein lyt slå eller verta slegen so lenge kampen stend på.

Årsaki til at boksing er so effektivt, sett i ein historisk kontekst, er at ein lærer grunnleggjande teknikkar som finting og motåtak. Og til skilnad frå bryting og kickboksing, so kann boksarar utstyrast med knivar, steinar eller slåsthandskar. På denne måten hev boksarar synt seg å vera sers effektive, både i ville vesten, i skyttargravstumultane i Verdun og for romerske legionærar som pressa fiendane saman millom skjelpaddeformasjonar.

Men er ikkje boksing er fårleg sport? Javisst er det det. Ein knockout er utan tvil ein heileskade, og proffboksing hev med rette vorte umtala som ein av verdsens fårlegaste idrottar. Amatørboksing er derimot underlagt ei rad ulike åtgjerder som skal gjera idrotten tryggare. Den viktugaste skilnaden er kor som er at ein med amatørboksing gjeng færre og stuttare rundar. Kampane vert avgjorde av kven som hev fenge flest treff og ikkje av kven som etter eit titals rundar ikkje lenger er i stand til å reisa seg. Statistikken syner vidare at jamført med annan idrott er amatørboksing langt nede på lista når det gjeld skadar. Kor som er: Ein risiko for å verta skadd er det visselegt med all fysisk aktivitet.

Sume hev teke til ords for å endra reglane slik at ein einast skal ha lov til å nytta slag mot kroppen, og ikkje mot hovudet. Slik fær ein færre hovudskader. Problemet her er at det då ikkje er nokon realistisk kampsport lenger.

Um ein vil driva med boksing, so gjeld det soleides um å sleppa å få so altfor mange slag i hovudet. Dette inneber at ein treng å ha eit godt forsvar, ein må kunna blokkera og dukka kjappt, ein må vera kjapp og sterk og ein må ha god kondisjon. Utan dette grunnlaget so vilde eg ikkje ha tilrådd nokon som helst å gå i bokseringen.

Max-schmeling
Til sjuande og sist er boksing til liks med all annan kampsport eit spursmål um å ha det rette huglaget. Ein lyt vera til stades her og no, og ein lyt ha kontroll yver både pust, redsla og sinne. Ein lyt tola å verta pressa til det ytste. Det er ein idrott som vekkjer krigaren i deg.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

  • wiwaro

    Jeg holder meg i min alder heller til Tai tjsi, som er en meditativt orientert bevegelseskunst med kinesiske røtter i taoisme. Karate og taekwondo i ungdoms tid, ja. Hva Maalmannen bør vite, er at vi i norsk vikingtid og helt fram til 1800 på Shetland, hadde vår egen kampsport, som ble kalt sverddansen. Den ble omtalt av Olaus Magnus på 1500-tallet også, og utbroderes av Walter Scott i hans roman Piraten (1826) som utelukkende handler om Shetland og Orknøyene på 1600-tallet da norsk kultur der var for sakte uttur.
    Men en reisende engelske prest fikk altså med seg fenomenet som ble videreformidlet litterært av en verdensforfatter, men dessverre aldri oversatt til norsk. Kanskje noe å tenke på for Maalmannen?
    Det kan hende denne dansen med et utvalg unge menn, og sverd i slirer, og med høyt tempo assistert av piper i siste runde, der sverdene ble trukket av sliren og håndtert i sirkel over hodet. Men sjøl om det medvirket noen damer også, kan det helst ha mest bidratt til mannsmot og krigsegnethet i utsatte områder der det alltid var nødvendig å forsvare seg. Med tanke på det store innslag av dansetradisjoner på Færøyene synes jeg det også kan ha falt inn i et slikt kulturmønster, og rett og slett etter hvert har utartet til en danseform med et noe maritalsk og underholdende tilsnitt.
    Beskrivelsene er så vidt rikholdige at fantasifulle folk med dansekunnskaper sikkert kna bidra til å gjenskape denne spesielle danseformen. Det ville vært noe for de identitære!