Innvandringsordskiftet treng perspektiv

Terroråtaki i Paris og Pegida-demonstrasjonane i Dresden hev sett innvandring og islam attende på dagsetelen. Men kjem den nye debatten til å verta meir meiningsfull enn det tidlegare ordskifte hev vore?

Spursmål kring innvandring og integrering – og ikkje minst muslimar og islam – hev vorte diskutert heile vegen dei seinaste åri. Problemet slik eg ser det er at dette ordskiftet gjeng i ring. Det endrar ikkje dei politiske føresetnadene og det leider ikkje fram til nokor løysing, og det medan problemi berre veks.

 

Er det islamisering eller globalisering som er det grunnleggjande problemet?

Er det islamisering eller globalisering som er det grunnleggjande problemet?

Kor som er, endå ordskiftet kan henda hev stått i ro den seinaste tida, so hev ikkje det norske samfundet gjort det.

Det er nok å nemna nokre fåe moment:

1. Noreg er ikkje lenger skjerma mot dei økonomiske problemi i verdi utanfor. I 2008 slapp me undan den økonomiske krisa som resten av Europa opplevde, det hadde me eine og åleine oljepengane å takka for. No uppliver Noreg at OPEC-landi medvite gjeng saman om å skru ned oljeprisen. Dei pøser so mykje olje som råd ut på marknaden, nett av di dei vil at eit land som Noreg ikkje skal makta tena pengar på å opna nye oljefelt. Investeringane i Nordsjøen og på land vert kutta ned på, men framandarbeidarane som me «trong» vil ikkje reisa heim att når dei ikkje lenger hev arbeid. Dei vil heller verta i Noreg og gå på NAV.
2. Partiet som vart sagt å vera innvandringskritisk, FrP, hev vore i regjering sidan hausten 2013. Det finst ikkje lenger nokon opposisjon i Noreg som misnøgja med innvandringspolitikken kann kanalyserast inn i.
3. Innvandringi til Noreg er vorti rekordstor. Det kjem mest 80.000 menneske til Noreg kvart år. Det heiter at ein by på storleik med Tromsø lyt byggjast kvart einaste år for å gjeva plass til alle dei nye menneski. Det store presset i byar som Oslo og Bergen heng beinveges i hop med masseinnvandringa. Noreg er millom landi i Europa med den største storbyekspansjonen.
4. Det store presset i byane gjer det ikkje berre verre for ungdom og folk med dårleg råd å etablera seg på bustadmarknaden. Det er med og driv fram ei sentralisering av Noreg som det i gamle dagar var politisk semje um at me ikkje vilde ha. I Dagsnytt 18 hevda nylegt ein representant for NHO at Noreg kjem til å få 7 millionar menneske innan 25 år og at mest all denne folketalsvoksteren kjem i dei store byane. Dei vilde difor at samferdselspolitikken vart lagd om til å prioritera samferdsel i storbyane. Dette er ei utvikling som dei ser kjem og ein lyt berre ta konsekvensen av dette, meiner NHO.

Den nye kommunestrukturen som er varsla ber bod om det same: Endå meir sentralisering kring dei store byane.  Kommunane skal fyrst og fremst vera store, effektive tenesteleverandørar. Det lokaldemokratiske perspektivet i debatten er vorte heilt fråverande. Ingen tek seg bryet med å lyfta fram dei interkommunale samarbeidstenestone som faktisk hev fungert godt, som til dømes NGIR i Nordhordland. Lokaldemokrati og regionalt samarbeid er på veg ut, byråkratisering og endå sterkare politisk toppstyring er på veg inn.

I 2007 gjorde danske styresmakter det same some styresmaktene i Noreg vil gjera, dei la ned fylki og slo kommunane saman til store einingar. No syner ein fersk forskingsrapport at reformi hev ført til mindre lokaldemokrati. Når einingane vert større, lyt politikarane nøgja seg med å leggja råmeverk og taka generelle avgjerder. Dei konkrete avgjerdene vert yverlatne til byråkratar, og dette endå me veit at det er nett dei konkrete sakene som engasjerar borgarane (“Danske politikere mener storkommunene har svekket demokratiet”, ABC Nyheter 03.12.2013).

Innvandring driv fram sentralisering
Regjeringspartii Høgre og FrP vil leggja ned fylkeskommunane. Sogn og Fjordane Fylke, Noregs einaste reine nynorskfylke, kann gå tapt som fylgja av denne sentraliseringa. Dei seier at Staten og kommunane skal overta fylkeskommunen sine arbeidsoppgåver, men alle veit at det til sjuande og sist er Staten som kjem til å ta yver flestalle dei viktige arbeidsoppgåvene. «Det er ikkje adressa di som skal avgjera kva slags tilbod du skal få», var i si tid argumentet som vart nytta for å lata Staten taka sjukehusstellet frå fylkeskommunane. Er det nokon som trur dette argumentet kjem til å verta nytta med mindre tyngd når ordskiftet tek til um kven som skal yverta vidaregåande skular, vegnett og tannhelsestell?

Noreg er eitt av dei mest sentralstyrde landi i Europa og slik kjem det til å verta etter kommunereformi med. Det vert ei politisk leiding på nasjonalt toppnivå som legg råmeverket, vidare nedetter i hierarkiet og utetter i distrikti kjem byråkratar til å styra. I endå større mun enn tidlegare kjem viktige avgjerder til å verta tekne yver hovudet på det store, tause fleirtalet.

Kvifor nemner eg alt dette? Me kan ikkje forstå ei ovring utan å setja henne inn i ein samanheng. Dei store demonstrasjonane i Tyskland ber bod um at noko er på gang i Europa, men å einsidig gjera det til eit spørsmål om muslimar og islam – slik sume er snøgge med å gjera i dag – det vert ikkje rett.

Det sviv seg om meir enn berre islam
Dei innvandringsrelaterte problema me ser i Noreg og Europa i dag knyter seg til meir enn berre islam. Ja, mange av dei hev fint lite med islam å gjera:

  • Når austeuropeisk arbeidsinnvandring gjer næringsverksemda ulønsam for norske handverkarar, då hev det med EU og EØS-avtala å gjera, ikkje med islam.
  • Når austeuropeiske bygningsarbeidarar lyt bu i brakker halve året, arbeida svart og ta til takke med arbeidsvilkår som gjer heile bransjen useriøs, so hev det ikkje noko med islam å gjera.
  • Når ein utvist asylsøkjar frå det kristne Sør-Sudan gjekk til massakre på Valdresekspressen, so hadde det inkje med islam å gjera.

Når høgrepopulistar vel å gå til frontalåtak på islam, øydelegg dei samstundes for eit moglegt samarbeid med moderate muslimar – med minoritetsgruppor i muslimske land, som kurdarar, alawittar og ahmadiiyah-muslimar. Ein let den mest imperialistiske og einsrettande varianten av islam, salafismen, få definera kva islam rettelegt er.

Me ser at mange innvandrarar kjenner seg rotlause her i Vesten, det er gjerne i jakta på ein identitet at dei søkjer seg til den mest ekstreme forma for islam. Samstundes hev ein unge muslimar som fær smaken på fridomen i Vesten, men som vert haldne attende av eigen familie – slik æresmorda er krasse døme på.

Og når IS hev fenge etablera seg i Irak og Syria, so er det nett av di vestlege land hev gjenge inn og destabilisert dei sekulære regima som var der tidlegare.

Slik eg ser det er det ikkje kulturane sjølve, men globaliseringi med sin marknadsliberale monokultur, som er det grunnleggjande problemet.

Europearar kjenner ei ålmenn uro
Ei etterrøkjing som Universitetet i Dresden hev gjort syner at det store fleirtalet av Pegida-deltakarane heller ikkje er serskilt opptekne av islam, dei gjeng til gatene for å syna fram ei ålmenn misnøya med styresmaktene og med media (“Studie über Pegida-Teilnehmer: In Dresden marschiert die Mittelschicht”, Der Spiegel, 14.01.2015). Dei hev sett skrifta på veggen og er urolege for å missa ytringsfridomen og velferdsrettane sine. So lenge ingen torer å sjå det større biletet, so vert det ikkje mindre grunn til uro i tidi som kjem.

Vil me gjera noko med problemi, lyt me ta tak i årsakene. Då er det globaliseringi som lyt upp til ordskifte, ikkje berre islam.

O. Torheim

Innlegget hev i tur og orden vorte sendt til Dagbladet, VG, Aftenposten, Dagsavisen, Klassekampen, Morgenbladet, Dag og Tid, Bergensavisen, Bergens Tidende Stavanger Aftenblad, Fedrelandsvennen, Adresseavisen, Nordlys, Tønsbergs Blad, Haugesunds Avis, Varden, Telen og Sunnmørsposten og Norge Idag. Med undantak for Norge Idag, som prenta det den 6. februar, so var ingen viljuge til å ta det inn. Ein versjon nedstytta til det halve vart til slutt teken inn i Vårt Land og prenta den 16. februar 2015.