70 år sidan massemordet i Dresden – Me gløymer ikkje!

«Ihre Flammen der Freiheit brachten uns den Tod…»

I februar i år er det 70 år sidan massemordet i Dresden. Åtaket på Dresden var ikkje nokon vanleg militæraksjon, det var ei medviti utsletting av ein heil by.

Etter bombeåtaket stend Lutherstatua att framfor ei samanrasa Frauenkirche.

Etter bombeåtaket stend Lutherstatua att framfor ei samanrasa Frauenkirche.

Massemord på europearar

Dresden hadde til vanlegt noko slikt som 630.000 innbyggjarar, men var i februar 1945 fyld med hundradtusundtals flyktningar som var komne austanfrå – frå Breslau og frå andre stader der den raude heren rykte fram. Det hadde ikkje falle ei bomba yver Dresden under heile krigen, og folk trudde at byen kom til å verta spard sidan han ikkje hadde nokon militær funksjon. Bomber-Harris vilde det onnorleides.

Åtaket mot Dresden tok til um kvelden den 13. februar, og det gjekk fyre seg i bylgjor. I den fyrste åtaksbylgja vart det nytta vanlege sprenglekamar. Desse bles burt takstein og knuste vindauga – og lagde byen soleides open for den neste åtaksbylgja med brannbombor. Denne andre åtaksbylgja skapte brannstormar so sterke at byen brann i sju netter og åtte dagar etterpå.

Den andre åtaksbylgja – brannbombeåtaket – kom fyrst nokre timar etter den fyrste åtaksbylgja. Det heiter: Etter at brannmenner og anna redningsmannskap frå byane ikring hadde fenge tid til å ta seg inn i byen. For Bomber-Harris galdt det um å drepa so mange menneske som moglegt. Likeins kom folk som freista flykta frå byen under åtak frå fly som flaug lågt nedåt bakken for å skyta folk ned med kulesprøytor. Det siste hevdar sume historikarar at aldri kann ha hendt, men det finst nøgdi med vitne som hevdar at det var nett dette som hende.

Når historierevisjonisme vert politisk korrekt…

Det var i mange tiår rekna som eit faktum at hundradtusundtals menneske vart drepne i brannstormane den 13. februar 1945 – under det massive luftåtaket på ein verjelaus by full av flyktningar. Kor som er, for nokre år sidan vart det sett ned ein «historikarkommisjon» som fekk i uppdrag å koma fram til eit lågast moglegt tal på bombeoffer – med di styresmaktene hadde sett seg leide av at massemordet i Dresden ikkje høvde heilt inn i den sogeskrivingi som dei ser seg best tente med. Dette var ingen vitskapleg kommisjon, men ein politisk nedsett kommisjon der deltakarar som gjekk i utakt vart skifte ut undervegs i arbeidet.

23igfu0

Lenge var det offisielt at hundradtusundtals menneske hadde vorte drepne i Dresden, men sidan den gongen er historierevisjonisme vorte politisk korrekt…

Kor som er, kommisjonen kom i år 2010 fram til eit nytt tal som var ein heil storleiksorden lågare enn det ein tidlegare hadde gjenge ut frå. No heiter det at maksimalt 25.000 vart drepne i bombeåtaket. Dette talet lyder fullstendig røyndomsfjernt når ein veit at det trulegt var meir enn ein million menneske som fekk 650.000 sprengbombor og 200.000 brannbombor i hovudet – og med etterfylgjande brannstormar der lufttemperaturen nådde 2000 grader (det er um lag 900 grader i eit krematorium).

Det nye talet er dimeir stikk i strid med ein Enigma-koda politirapport frå 24. mars 1945 som vart fanga upp og dekryptert av britisk etterretning. I den interne rapporten heitte det at minst 80.000 menneske var sakna i Dresden. At nokon er sakna heiter at det er namngjevne personar som er vortne etterlyste av familien sin. Um heile familien til vedkomande er vorten utsletta når det brennande huset rasa i hovudet på dei, so er det derimot ingen som kjem til å verta sakna…

Sjølvhatet er grenselaust: Vinstreekstreme motdemonstrantar i Dresden nyttar årsdagen for bombeterroren til å fremja parolar som "Bomber-Harris, do it again", "Nie wieder Deutschland" og "Alles gutes kommt  von oben.

Sjølvhatet er grenselaust: Vinstreekstreme motdemonstrantar i Dresden nyttar årsdagen for bombeterroren til å fremja parolar som «Bomber-Harris, do it again», «Nie wieder Deutschland» og «Alles gutes kommt von oben.

Ein skipnad bygd på brotsverk

Under alle umstende er det no slik at 90 prosent av bombeofferi i Dresden er reinska ut or statistikken. Det sanne talet på offer for dei same maktene aukar derimot jamt og trutt (Vietnam, Afghanistan,  Serbia, Irak, Libya, Syria…). Kor langt er dei til slutt tenkt å gå?

Det nyliberale systemet syner ingen vilje til å taka nokor uppgjerd med sine eigne brotsverk, og det medan systemvaktarane freistar tvinga alle andre til å kle seg i sekk og oska. Det som hende i Dresden var eit brotsverk, og det er slike brotsverk som heile det rådande systemet byggjer på.  Dette er det naturlegt nok lite opportunt å draga fram dersom ein hev ein agenda, men normale menneske tek fråstand frå krigsbrotsverk same kven som stend attum.

O. Torheim

Merknad til siste video: Bombeofferi i Dresden hev kvart år vorte minte med ein eigen marsj gjenom gatone i Dresden, den siste var den 15. februar 2015. Det er eit breidt spekter av tjodlynde gruppor og organisasjonar som er med på desse markeringane, men i media hev dei systematisk vorte skorne yver ein kamb som «nazistar». Målmannen hev ved fleire høve vore til stades og dokumentert det store gapet millom media si framstelling og  røyndomen. Meir um dette kann ein til dømes lesa um i Målmannen nr 2 2011 og Målmannen nr 1/2 2013.