Manowar – Episk krigarmetall med vikingperspektiv

Når ein tenkjer på tungrock, so ser ein kanskje fyre seg sinte menner i skinnjakkor og med langt hår. Kann henda køyrer dei motorsykkel og trulegt drikk dei ovstore mengder med øl. Sumtid er desse mentale bilæti kanskje ikkje so langt frå røyndomen, men samstundes er tungrocken so mykje meir enn berre dette. Denne gongen skal me taka fyre oss Manowar.

Kvifor Manowar? Manowar er for sume metallgruppa framfor alle, metallgruppa med stor M. Dei likar både skinnjakkor, motorsyklar og groupies, og dei spelar kjempehøg musikk. Ja, dei held jamvel ein Guinness-rekord for å ha spela høgare enn nokon andre. Alt dette er ting som neppe kjem som nokor yverrasking på nokon, korkje for dei som høyrer på metallmusikk eller for dei som mislikar musikken eller som beint fram er heilt uinteresserte.

Episk krigarmetall med vikingperspektiv

Men det er meir med Manowar som me kann tala um, serskilt i eit høgnorskblad som tek fyre seg kulturelle og historiske emne. Um me gjeng Manowar-tekstene nærare i saumane, so ser me at mange av dei tek fyre seg norrøn mytologi – og dei gjer det på ein måte som både er rørande og kveikjande. Dei hev laga eit heilt studioalbum som er tileigna Odin, “God of War”.

Ikkje berre tekstene, men musikken med, hev noko episk og triumferande yver seg. Det kjenner seg som ein fer ridande inn mot slagmarki, reidug til å kjempa og sigra – eller døy med sverdet i handi og verta henta til Valhall.

På plateumslaget åt “God of War” er alle tekstene skrivne i runar. Songane hev titlar som ”Sleipnir”, ”The Blood of Odin” og ”Loki, God of War”. I songteksti åt ”Sons of Odin” heiter det:

Sons of Odin we fought

By the hammer of Thor

Ride down from the sky”

Manowar syng ofta um norrøne gudar, likevel er tekstene mest for fantasi-fyll å rekna. Ein kjenner på mange av dei krigerske sidone ved den norrøne mytologien, men det vantar ein djupare og meir spirituell dimensjon.

”Gods of War” er ei etter måten ny plata, ho kom i 2007. Manowar tok kor som er til å skriva um norrøne emne alt i 1983. På plata “Into glory Ride” hev dei ei låt som heiter “Gates of Vallhalla”:

All those who stand on shore

Raise high your hands to bid a last

farewell to the Viking land.

Death’s chilling wind blows through my hair

I’m now immortal, I am there

I take my place by Odin’s side”

Her med ser me at det er perspektivet åt viking-krigaren som danar kjernen i songteksti.

Tungrock mot tidsåndi

Ein kann velja å tolka Manowar-tekstene som rein fantasi, som eitkvart som lyder tøft og høvelegt til tungrock, og ferdug med det. Men eg tykkjer – som nemnt innleidingsvis – at det sviv seg um meir enn berre det:

Me liver i ei verd der menner og gutar stødt oftare vert taparar i samfundet. Feminiseringi av samfundet hev ført til at menner vert pressa inn i ei historisk sett unaturleg rolla der ein berre skal vera roleg og snild. Smågutar skal ikkje få lov å slåst eller skrika ute, dei skal vera like rolege og snilde som gjentone – utanum fotballspel då, men det er vorte noko som gjentor med skal driva med.

manowar

Å leika krig er vorte fy-fy, det vil ikkje dei vaksne vita av. Å stå med sverdet i handi og kjempa for det ein stend for er soleides ikkje verdiar ein fær læra seg lenger. Kor som er, krigarverdiane var og er heilt sentrale i den indoeuropeiske fyrestellingsverdi (jamfør Georges Dumezil sin trifunksjonalitetsteori), og i inst i sjeli so kjenner mennene framleis ei lengsla etter å liva og kjempa for noko større enn dei sjølve.

Eg vil gå so langt som å segja at det å lyda til episk tungrock av Manowars kaliber kann lokka fram att dei tynte mannlege krigarkjenslone – og at dette er mykje av grunnen til at gruppa er vorti so umtykt. Men ikkje berre menner, jamvel damor kann nytta sovoren musikk til å vekkja fram att den indre krigaren i seg. Helder ikkje for oss er det i lengdi naturlegt å liva i eit tilstand der alle berre skal måta seg etter kvarande, vera snilde og greide til kvar tid og einast gjera det som me vert fortalde. Inst inne so lengtar me òg attende til ei onnor verd, verdi slik ho ein gong var – den gongen me livde i pakt med naturi, den gongen båtane var av tre og mennene av stål:

”Stand and fight

Say what you feel,

Born with a heart of steel”

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

  • Bjørn Brataas

    Hei

    Flott! Bra intervju på Red Ice også.

    Manowar er bra. Flotte tekster og stemning. Og så synger vokalisten faktisk så tydelig at du kan høre hva han synger.

    Hilsen fra Bjørn på Vitnet.no