The Wicker Man (1973)

Filmen «The Wicker Man» frå 1973 – som for all del ikkje må forvekslast med den nye versjonen frå 2006 – er ein film som tek fyre seg eit fyrestelt møte millom konservativ kristendom og europeisk fyrrkristen religion. I si tid vart det spådd at denne filmen skulde verta sers umtykt i ålmenta, men han er i staden vorten ein kultfilm som er sers gjev millom nokre få personar. Og serskilt er han gild i krinsar med ans for europeiske fyrrkristne religionar. I næste avsnitt skal eg freista taka fyre meg filmen utan å røpa so altfor mykje av det som hender.

Hovudpersonen heiter Howie og er politimann på fastlandet i Skottland. Han er ein sers kristeleg mann som er sterk i trui, og som er trufast mot yvertydingane sine. For skuld alt dette so liver han ute or takt med si eigi samtid. Han høver dårlegt inn i lokalsamfundet sitt og han gjeng ikkje noko godt i lag med felagane på arbeidsplassen sin. Likevel fær han jobben sin gjord, men han trivst best i kyrkjelyden sin, og det saman med jenta som han hev lova sin truskap til.

Scena frå kultfilmen "The Wicker Man" (1973).

Scena frå kultfilmen «The Wicker Man» (1973).

Eit møte med det fyrrkristne

Ein dag fær han eit brev frå øyi Summerisle, eit brev utan avsendar. I dette brevet stend det at ei gjenta som heiter Rowan Morrison er kvorvi burt, og Howie flyg då til øyi for å nøsta upp i saka. Under flyturen fær me sjå eit fagert skotsk naturlandskap, og det medan me fær lyda til flotte folketonar komponerte av Paul Giovanni.

Når Howie kjem til øyi, vert kultursjokket snøgt stort. For ibuarane på øyi er heidningar, og dei deler slett ikkje det puritanske huglaget åt hovudpersonen. På øyi livnærer dei seg av å dyrka frukt, og difor er dei oppslukte av fræve – ikkje berre når det kjem til jordbruk. Folki er slett ikkje blyge av seg, dei er tvert um sers frisleppte. Dette tykkjer Howie er sers urovekkjande sidan han er vaksen upp i ein kultur som legg vinn på måtehald. For honom er samkvem fyre ekteskapet ei stygg synd.

Howie tek inn på eit vertshus der han vert servert av den fagre kvinna Willow, dotteri til eigaren. Folket på øyi ser på Willow som ei slags frævesgudinne, og ho freistar stødt vekk å lokka Howie til sengs. Ho hadde so godt som lukkast med dette, men Howie maktar so vidt det er å standa i mot. Willow er kor som er ikkje den einaste som held Howie for narr. Under heile oppheldet hans so freistar folket å gjera ymse slags peik på honom, og um han lukkast i å finna Rowan Morrison lyt de finna ut av sjølve.

Frå storfilm til B-film

Som eg hev skrive tidlegare so vart det upphavlegt spådd at dette skulde koma til å verta ein sers vidgjeten film. Til å skriva manus hadde dei fenge Anthony Shaffer med på laget, mannen attum manuset til Frenzy (72). Dei hadde dessutan fenge Christopher Lee til å spela Lord Summerisle, og han var alt kjend frå ymse skrekkfilmar. Men i det dei skulde til å redigera filmen so vart filmselskapet deira selt, og dei byrja slita med å få gjeve ut filmen.

Endskapen på det heile var at dei fekk tinga seg til at filmen skulde gjevast ut som ein B-film. På denne tida tydde dette at han skulde få plass på b-sida åt ei dubbelutgjeving, og det må ha vore eit stort nederlag for filmskaparane. For at filmen skulde få plass på dette formatet laut dei stytta honom ned med heile atten minutt, noko som tydde at dei laut kutta burt heile innslag frå filmen. Dei valde her å serskilt kutta ned på store bolkar i byrjingi av filmen, der fokuset var sett på Howie.

Frå B-film til kultfilm

Med kvart som åri gjeng so fær filmen ein kultstatus i studentkringvære og millom filmfegne. Dette fører til at filmen vert gjeven ut på nyo, i ymse slags ulovlege utgåvor der mange av dei upphavlege innslagi er tekne med. Den flokute soga åt The Wicker Man er med på å byggja upp um mystikken kring filmen, og for månge av dei største tilhengjarane framstår han som ein film dei store filmselskapa ikkje vilde at dei skulle få sjå. Millom anna finst det vandresogor um at bolkar frå dei upphavlege innslagi i filmen ligg gravlagde under ein motorveg i USA, utilgjengeleg for all tid.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=21gb49H-Uo4]

Som ei tilleggsupplysing kann eg nemna at filmen er sers inspirert av James Frazer sitt verk The Golden Bough. Sosialantropologen James Frazer er kann henda alt kjend for sume av Målmannen sine lesarar. Han var ein samanliknande religionshistorikar som skreiv ut frå eit evolusjonært standpunkt, og han meinte at ideane voks fram i frå einfelde relasjonar – til dømes magi – til at meir systematiske og avanserte trudomssystem – som dei store verdsreligionane. Han meinte at til slutt kom rasjonalismen og vitskapen til å sigra. Manusforfattaren Anthony Shaffer hev uttala at han hev lese alle tolv binda av The Golden Bough, og serskilt er menneski på Summerisle inspirerte av Frazer. Dette vert ufriviljugt komisk, og kjem millom anna til uttrykk med di dei nyttar akademiske umgrip som “phallos-symbol” og “komparativ religion”.

Når alt dette er teke med i reknestykkjet, so er “The Wicker Man” ein sers spanande og sjarmerande film som eg rår alle Målmannen sine lesarar til å sjå. Og dersom de hev tilgjenge til «directors cut»-versjonen av filmen, so rår eg dykk til å velja den.

Å. Øsleby

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!