”Eg tenkjer, difor er eg til”?

Yverskrifti er det mest kjende sitatet av Rene Descartes. Ikkje heilt utan grunn vert han umtala som den fyrste modernistiske filosofen. Descartes skapte ikkje modernismen i seg sjølv, men han skisserte dei viktugaste funksjonane hans. Soleides kann ein segja at han lagde til rettes for modernismen.

Upp mot den tradisjonelle trieiningi – ande, sjel og lekam – so sette Descartes det han kalla “dualismen”. Dualismen er eit konsept der tanke og kropp er skilde frå einannan, utan noko beinveges samband frå det eine til hitt.

post-materialist-world

I tradisjonell tenkjing høyrer ande, sjel og lekam i hop i ei slags trieining. Lekamen er det lågaste abstraksjonsnivået, medan anden er det høgaste. Det som hender på det eine nivået, verkar beinveges inn på det som hender på hitt. Enno i dag hev me ordtøkjet um “ei sunn sjel i ein sunn lekam” som eit døme på nett denne tankegangen.

Kor som er, Descarte vilde skapa eit filosofisk system som frikopla det andelege frå det kroppslege. På denne måten trong han ikkje taka umsyn til fysiske prosessar når han bygde upp filosofien sin. Menneskesinnet kunde då i neste umgang nyttast som eit verkty til å forstå prosessane i naturen, utan å sjølv vera underlagt desse.

Den fysiske verdi vart soleides til noko som mennesket kunde stella seg utanfor og forstå reint mekanisk. Ho vart til noko ein kunde mæla og rekna på. Den ovstore voksteren som me hev sett innanfor naturvitskap og teknikk dei seinaste hundradåri kann førast beinveges attende til den nye og moderne måten å tenkja på.

Ånd og materie: Ei lagnadstung kløyving

Kor som er: Den kløyvingi som Descartes innførde millom det sjelege og det lekamlege skulde seinare få lagnadstunge fylgjor, både innanfor filosofien og i kvardagslivet åt folk flest:

  1. På den eine sida kunde folk byrja å tenkja at det kroppslege tilstandet ikkje spela nokor rolla for den åndelege voksteren, difor kunde ein berre lata kroppen forfalla.  Kunnskap vart til noko ein kunde få frå bøker, medan idrott ikkje var til for anna enn tidtrøyte og moro for dei som idest.
  2. På den andre sida hev tvodelingi millom det åndelege og det kroppslege berre vore eit fyrste steg på vegen mot å skuva det åndelege heilt burt. I våre materialistiske dagar er det mange som ikkje tek den åndelege med i reknestykkjet i det heile lenger, men reknar heile verdi som ein einaste stor fysisk prosess. Dei kroppslege lystene vert dimed gjorde til det fundamentale i livet.

Descartes gjorde ikkje berre ei tydeleg avgrensing millom det kroppslege og det åndelege. På det åndelege planet gjorde Descartes tanken til den høgaste medvitsformi hjå mennesket. Han avviste at det kunde finnast kunnskap på eit nivå som stod høgare enn dette. Soleides kjem ein til Descartes sin grunnsats, “Eg tenkjer – difor er eg til”. Mennesket vert eine og åleine identifisert med ein straum av tankar som han sjølv produserar.

Skal ein fylgja resonnementet til Descartes, so kann ikkje den fysiske verdi gjeva oss nokon informasjon um den åndelege verdi. Samstundes hev ein på det åndelege planet ikkje noko anna enn seg sjølv og sine eigne tankar å taka utgangspunkt i. Alt både byrjar og sluttar med desse.

Dette fører til at mennesket kjenner seg individualisert på ein sers nedbrytande måte. På den eine sida er ikkje mennesket noko anna og noko meir enn sine eigne tankar, på den andre sida er det helder ingen måte ein kann få sikker kunnskap um desse personlege tankane er rette eller ikkje. Kunnskapen ein er komen fram til er til sjuande og sist ikkje noko anna enn personlege meiningar.

Utan transcendens finst ingi sanning

Her kjem me då til det paradokset at det åndelege vert relativisert og gjort til noko som den einskilde må vera åleine um å finna ut av, og det samstundes med at den fysiske naturi er vorte avmystifisert og fenge absolutte verdiar som kann mælast og vegast. Det er ingenting att av den tradisjonelle tanken um um at det fysiske hev rot i noko metafysisk.

I tradisjonell tenkjing var det derimot slik at åndi gjekk yver – transcenderte – både tanken (sjeli) og materien (lekamen). Åndi var for ein slags åskodar å rekna, lausriven frå både tankestraumane i sjeli og lystene i kroppen. Åndi skulde vera kjelda til alle slags skapande aktivitetar, utan å sjølv høyra til nokon av desse aktivitetane.

Dette fører til stabilitet og kontinuitet. Tradisjonen er lausriven frå tankane og meiningane åt dei store massane, han held på urikkande sanningar.

Det kartesiske systemet nytta “tvil” som ein framgangsmåte for argumentasjon. Descartes meinte ein skulde tvila på alt heilt til dess at det einaste stod “klåre og tydelege” idear att.

I våre dagar ser me korleis alt som er underlagt det åndelege, alt det tradisjonelle, vert underlagt radikal tvil: Familie, nasjon, etnisk og religiøs tilhøyrsla, alt dette skal plukkast i frå kvarandre etter beste evna (jamfør Frankfurterskulen og den kritiske teorien).

Frankfurtarskulen: Kulturelle marxistar.

Frankfurtarskulen: Kulturelle marxistar.

Utan sanning finst ingen store idear

I det moderne samfundet vantar den yverskridande tradisjonen. Det finst ikkje lenger nokon mælestav på kva som er sann kunnskap, i staden sit ein att med ei rad ulike personlege meiningar og preferansar. Det er ingen som kann segja at ein viss måte å liva på er meir høveleg enn nokon annan, og difor misser dei tradisjonelle institusjonane autoritet.

Ut frå det moderne synet på verdi so er den fysiske verdi noko ein kann forstå ut frå reint empiriske metodar: Alt let seg prøva ut, det kann mælast, vegast og reknast på. Den tradisjonalistiske tenkjaren Rene Guenon hævda derimot at mengder, mål og vikt gav eit flyktigt og utydelegt bilæte av røyndomen. Det er ikkje ein gong rettelegt kvantitativt: Kvar ein kvantitativ substans, og dette sanna jamvel Descartes sjølv, hev ein tekstur. Det hev lukt, smak, farge, form og andre kvalitative eigenskapar, meiningslause for ein reint kvantitativ intelligens. Tilsvarande, um den “objektive verdi” – slik menneske ser henne – vart gjord upp eine og åleine av materiale, då hadde det ikkje berre vore ein udifferensiert homogenitet, det hadde vorte uråd å mæla på.

Guenon skreiv at det å fyrestella seg det kvantitative utan tilhøyrande kvalitative funksjonar, det er som å tenkja seg ut eit stoff utan å definera essensen av dette stoffet. Frå dette tradisjonelle synsleitet er den kvantitative tankegangen ikkje berre med på å tøma verdi for det som gjer henne meiningsfull for menneske. Det er ein tankegang som gjer heile verdi til noko umenneskelegt, sidan ho minkar dei ulike ovringane ned til abstrakte utrekningar, likesæle til alt som ikkje er av det reint fysiske slaget. Vidare nektar ein for at det finst nokor onnor objektiv sanning, utanum sjølvvalidering i form av rein matematikk.

Dette fører til at det kartesiske menneske blandar informasjon frå det lågaste nivået, empiriske “fakta” frå den fysiske verdi, saman med kunnskap um den verkelege verdi.

Utan store idear hev livet ingi meining

Heile menneskenaturi vert soleides endra. Ikkje lenger er me personar – i den tydingi at me høyrer til eit senter av medvit og vilje – som er hierarkisk og organisk relatert. I staden er me “individ” som skal vera heilt sjølvstendige frå einannan og nett difor må vera grunnleggjande like og identiske for å kunna fungera. Tilhøvet millom menneske vert ikkje lenger organisk, men kunstig – ein talar i liberalistisk filosofi um ein samfundskontrakt millom sjølvstendige, egoistiske individ. Det er soleides tala um relasjonar som er inngådde ut frå eigeninteressone åt einskildindividi, utan noko større fyremål eller meining.

best_things

På det åndelege planet vert individet sentrert kring sine eigne tankar. Den einaste måten han kann nå ut til umverdi på er med framstøytar mot den reint kvantitative, materielle verdi. Han vert soleides gjord til ein forbrukar av krefter som stend på utsida av honom sjølv: Av idear, underhaldning, varor og tenestor – alt i tenest for tildrivi åt lekamen. Alt det som hindrar at tildrivi åt lekamen vert stetta er ikkje berre “rangt”, men absurd og uforståelegt. Eit tradisjonelt menneske som strævar etter eit heroisk eller asketisk liv vert for ein bakstrevar å rekna, eller eit forhistorisk menneske som er åt å gå yver i soga.

Um alle tankar einast er personlege meiningar, og det ikkje er råd å segja at nokon meiningar er meir rette enn andre, so stend det einast att å konstatera – reint kvantitativt – at sume meiningar er meir utbreidde enn andre og at sume menneske er meir umtykte enn andre eller hev eit meir vellukka liv enn andre. Det kvantitative vert soleides standarden, jamvel innanfor politikk og samfundsliv. Filmstjernor, fotballstjernor og folk som ikkje er kjende for anna enn å vera kjende (“kjendisar”) er soleides dei einaste menneski som folk flest vel å sjå upp til.

B. T. Heieren

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3/4 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!