Rosenrot og taklauk, sedhevd med djupe røter

Det er eit kjent faktum millom urtekjennarar at rosenrot (Rhodiola rosea) merkjer seg ut på etter måten mange måtar. Ein kvalitet med denne planta som kanskje er mindre kjend, er korleis ein frå gammelt av hev bruka hava denne planta på norske torvtak. For det vart sagt at han verna mot husbrann og hindra ljonnedslag. I ei segn frå Trøndelag vert det sagt at torevèrsguden Tor hadde gjeve lovnad til Maria møy um at han ikkje skulde slå med ljonelden i dei husi der han såg rosenroti på taket. Ein annan ting er at rosenroti har eit rotsystem som legg seg breidt, og som rømer mykje væske. Dimed skal den liggja som eit naturlegt brannteppe i torvtaket, um so sumeren var aldri so turr. Sant skal det jamvel vera at rosenroti gjerne vart nytta når det skorta på taklauk, ein lauk som var vidkjend kringum i Europa til bruk mot eld og torevèr, som svarar til det norrnøne namnet, húslaukr.

Rosenrot

Rosenrot

I svenske dialektar har dei kalla honom Thoreskägg, til liks med den tyske formi donnerbart («toreversbart») og det gamalengelske navnet þunor-wyrt («torevèrsurt»). Det er ikkje (Urtica Urens) hadde ein liknande funksjon, sidan dei i Södermanland hev nytta nemningi Thors-nässla. Det er berrsynt at torevèret hev sanka både otte og ovundring millom forfedrane, der det hadde ein ikkje so reint liten funksjon i verdsbilætet deira. Når ein ferdast i krysselden millom maktene, so er det godt å vera fyrebudd, noko som heilt klårt vert spegla att i dei mange skikkane og tabui i folketradisjonen, og ikkje minst i fyrestellingane um rosenroti og taklauken. Upplysningane um taklauken si evna til å hindra torevèr gjeng som ein raud tråd frå dagsens bygdesamfund og attende til den lærde antikken, og må difor vera sers gamal.

Dette gjer samstundes at upphavet til tradisjonen er gåtefullt. I alle høve veit me at dette er røter som stikk både djupt og breidt.

Eirik Storesund

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!