Nei, islamismen er ingen “fascisme”!

-Anakronismen er visselegt den fårlegaste av alle ideologiar…

Det er i sume krinsar vorte populært å tala um “islamofascisme” når temaet er islamisme og islamistisk terror. Men gjev dette umgripet nokor meining i det heile? Kann ein til dømes kalla den Islamske Staten i Syria og Irak for “islamofascistar”? Kva då med Assad-regimet som på same tid er vorte dømt nord og ned i den vestlege verdi og stempla som eit fascistisk terrorregime? Er alle i den muslimske verdi vortne til fascistar no? Raoul Fougax, skribent i franske Metamag, freistar rydja upp i den umgripsforvirringi som råder.

Det er stødt den same gamle visa. Politikarane våre, frå vinstre til høgre, vil mana ungdomen til kamp mot fascismen og nazismen. Det er for deim den absolutte vondskapen. Det finst ikkje noko verre enn den fascismen som nazismen hev runne ut or. Endå so store brotsverk dei gjorde seg skuldige i, so slepp kommunistane å verta vurderte etter den same mælestaven. Som me veit var desse våre allierte i den siste store krigen mot fascismen…

Å slåst mot den radikale islamismen i dag, det er soleides å halda fram den demokratiske kampen imot fascismen, skal det heita seg…

Målarstykkje av den fascistiske, futuristiske kunstnaren Alfredo Gauro Ambrosini. Det syner Benito Mussolino som keisarfigur i eit atterreist romarrike (arbeid frå 1930-talet). Når det kjem til islamismen sitt kunstsyn, so avgrensar han seg til å vilja øydeleggja kunst...

«Aeroritratto di Benito Mussolini aviatore». Målarstykkje av den fascistiske, futuristiske kunstnaren Alfredo Gauro Ambrosini. Det syner Benito Mussolino som keisarfigur i eit atterreist romarrike (arbeid frå 1930-talet). Når det kjem til islamismen sitt kunstsyn, so avgrensar han seg til å vilja øydeleggja kunst…

Dette synet er visselegt grunnfalskt. Skal ein døma um samtidi, so kann ein ikkje henta svari frå fortidi. Helder ikkje kann ein reisa attende i tidsmaskin og leggja vår tids moralske standardar til grunn for det som folk gjorde under heilt andre himlar. Anakronismen er ein sklerose som hindrar analysen. Det er ein sjukdom for tankeverksemdi.

Fascismen hev aldri vore uttala kunnskapsfiendsleg. Ein totalitarisme kann ein vel kalla det, men ingen obskurantisme. Fascismen hev aldri vore ei fanatisk læra tufta på ein monoteistisk religion, sumtid hev det snarare vore tvert imot.

At fascismen hev dyrka fortidi, det er sikkert og visst, men med ei progressistisk tilnærming. Fascismen er ein sosialisme og ingen tradisjonalisme. Han vil modernisera – med di han hentar fram att verdiar frå ei fortid som han vil halda folk medvitne um. Han vil ikkje berre føra samfundet attende til eit tidlegare stadium i soga.

Um me gjeng til dei muslimske landi, so hev fascismen stødt vore ein anti-islamisme. Det kann ein trygt slå fast både for det kemalistiske Tyrkia sin part og for det nasseristiske Egypt. Sekularismen i dei muslimske landi hev praktisk tala vore fascistisk i si gjenomføring – endå um det ikkje er vorte sagt ende ut. Desse sekulære regimi hev kor som er ikkje lukkast, og det er serskilt i møtet med sionismen at dei alle hev kome til kort. Nett dette siste er mykje av grunnen til at den anti-israelske islamismen hev kunna veksa fram i Europa og få verta til det som er vorte kalla for “den nye antisemittismen”.

Å føra all antisemittisme attende til fascismen kann kjenna seg intellektuelt komfortabelt. Slik slepp ein å gjeva islamistane – og umveges islam sjølv – skuldi for den verste av alle rasistiske synder. Det er kor som er eit fårlegt vegval.

Det finst ein ny antisemittisme som er ein islamisme og som er knytt til ein terrorisme som råkar jødar. Ikkje berre jødar, men alle som frå jihadistisk sida sett er for gudlause å rekna. Ein kann tala um ein islamo-sekterisme, for ein hev med ei religiøs sekt å gjera som spring ut frå islam. Men å tala um islamo-fascisme, det er ein historisk desinformasjon som skriv seg frå ideologisk blindskap.

Fascistane hev aldri vore islamistar og islamistane er ikkje fascistar. Dei er obskurantistiske muslimar utan noko slags samband med dei europeiske og sosiale røtene til fascismen. Islamo-obskurantistane vil taka islam attende til fortidi. Dei vel å lesa Koranen på den mest bokstavelege måten, dei vel seg ut ei tolking som er full av hat andsynes andre menneske.

Islamistane vil ikkje atter gjera Roma stort og mektig, slik Il Duce vilde det. Dei vil helder byggja ein moskè på Petersplassen i Vatikanet. Jamvel ein antifascist av den gamle skulen, der krigen mot fascismen aldri tok slutt, jamvel han burde klara sjå den skilnaden.

Dei som vil blanda saman islamisme og fascisme for å slåst mot det som er ei blanding av islamisme og islam, dei er intellektuelt uærlege og til sjuande og sist ikkje noko anna enn ein gjeng sjarlatanar.

Raoul Fougax