Ei liti teatermelding av «Ein folkefiende»

Den 28. februar i år var eg på teater i lag med fire andre Målmannen-tingarar. Målmannen-redaktøren sjølv hadde diverre ikkje høve til å koma, sidan han var hefta med huslyden sin. Stykkjet me såg var den aller siste uppsetjingi på «Ein folkefiende» på Den nasjonale scene i Bergen. Dette er eit drama i fem akter som Henrik Ibsen skreiv i 1882. Fyrste gongen eg las dette skodespelet var på skulen, og eg hugsar at det vekte stor åtgaum, både for meg sjølv og for klassekameratane mine. Men eg hadde aldri havt høve til å sjå stykkjet i livande live, og gledja var difor stor då eg såg at det skulde setjast upp i Bergen. Ventnadene var skyhøge der eg sat i teatersalen denne laurdagskvelden, og såg at sceneteppet opna seg.

I «Ein folkefiende» sviv det seg um badelækjaren Stockmann. Han hev vore pådrivar for eit kurbad i lag med bror sin, embetsmannen Peter Stockmann. Badet vert snøgt ein hyrnestein for bygdi, men dokteren finn ut at vatnet i badet er giftig. Doktoren vil få denne sanningi fram for folk slik at ein kan få retta upp i floken, og han fær studnad frå lokalavisa og småborgarskapen. Dei lovar honom «den kompakte majoritet» i ryggen, og dei vonar nyhendi skal kunna røska upp i den politiske rangskipnaden i bygdi. Bror åt dokteren, Peter, vert derimot sers upprådd yver desse nyhendi, og han trugar bror sin med at han skal verta sparka frå lækjargjerningi si um han spreider desse nyhendi.

Henrik Ibsen (1828-1906) treng neppe nokon nærare introduksjon...

Henrik Ibsen (1828-1906) treng neppe nokon nærare introduksjon…

Det er Peter som fær «den kompakte majoritet» yver på si sida når han fortel dei at arbeidet med å reinske opp i badet kjem til å kosta store summar. Summar som småborgarane lyt punga ut for. Når bygdi snur kappa etter vinden på denne visi, so vert dokteren sers upprørd. Han leiger so eit lokale og kallar inn til møte. Der gjev han bygdi si ei elitistisk og antidemokratisk skjennepreika av ei onnor verd.

Kurbadet vart bruka som kulissa i fire av dei fem aktene. Midt på scena låg sjølve badet, med vatn og det heile. Dette var ei greid og moderne løysing som etter mi meining fungerte godt. I fjorde akti, som tek fyre seg doktoren si tala, der er det sjølve teatersalen som skodespelarane nytta til kulissa. Dokteren og huslyden heldt til på scenekanten, framfor sceneteppet, medan dei hine skodespelarane var ikring i salen, og det gjorde det heile meir livande.

Endå um eg var på den siste framsyningi, so verka ikkje skodespelarane leide. Dei gjorde alle ein særs god jobb, og serskilt yvertydande var Stig Amdam i hovudrolla åt Dokter Stockmann. Han synte at han kunde spela på eit vidt spekter av kjenslor. Bror hans, Peter, som vert spela av Ole Martin Aune Nilsen, gjorde det bra, han med. Karakteren hans er kor som er litt einsretta, utan det heilt store tolkingsromet.

Alt medrekna so vil eg segja at det var ei vellukka uppsetjing, men heilt nøgd er eg likevel ikkje. I det upphavlege dramaet framstår dokteren som ein edrueleg og uppegåande mann. På same tid er han ein brennande, uredd idealist som strir for sanningi, koste kva det koste vil. I denne uppsetjingi hev dei derimot gjort hovudpersonen til ein halvgalen ekstremist som stødt er på brestepunktet. Serleg i den aller siste akti kjem dette fram med di dokteren klemmer sonen sin so hardt at han fær låkt. Å gjere doktoren til ein galning framstår som ein lettvint måte å ufårleggjera den sterke bodskapen han kjem med. Denne bodskapen er elitistisk, han er antidemokratisk og ein kann endåtil segja at han er misantropisk. Dokteren sine meiningar er nok hard kost for mange, men eg meiner at me lyt taka Dokter Stockmann på ålvor framfor å gjere honom um til ein klovn, slik dei gjorde denne kvelden i teateret.

Å. Øsleby

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!