Raudt-politikar Ronny Kjelsberg trur han veit alt um Målmannen – men veit ikkje kvar hen han hev det i frå!

I ein diskusjon kring Målmannen sin reportasje um jurydramaet på Radikal Portal, so åtvarar Raudt-politikaren Ronny Kjelsberg andre debattantar mot å linka til Målmannen – ein publikasjon som han kallar for eit «kjent høyreekstremt nettsted» og eit «fascistisk tidsskrift». Kjelsberg kunde ikkje syna til dokumentasjon for desse påstandi, derimot vart det openbert for alle at Kjelsberg ikkje ein gong sjølv veit kvar det er han hev skuldingane sine frå.

Ronny Kjelsberg er millom dei som tenkjer at

Ronny Kjelsberg er millom dei som tenkjer at «fascist» er trylleordet som skal stogga all kritisk debatt. Men kvar hen vart det av kjeldegrunnlaget? (Foto henta frå Wikipedia)

Det var visselegt ikkje alle debattantane som heilt utan vidare var viljuge til å godtaka Kjelsberg sine påstandar um fascisme og høgreekstremisme på Målmannen. Det er helder ikkje serlegt rart, sidan det ikkje er eit fnugg av «fascisme» å finna på Målmannen sine heimesidor. Kor som er: Kjelsberg påstod i ordskiftet som fylgde at han hev Øyvind Strømmen som kjelda for påstandane um «fascistisk tidsskrift», og han uppmodar folk til å slå upp i boki «Den sorte tråden» um dei vil ha nærare dokumentasjon.

At Raudt-politikarar meiner Målmannen er

At Raudt-politikarar meiner Målmannen er «et tidsskrift som man bør holde seg unna», det tek me i Målmannen-redaksjonen med knusande ro. Det hadde nesten vore verre um det var umvendt. Det finst rett nok mange gode folk med AKP-bakgrunn,  men sams for desse er at dei er ute or restane av den rørsla der for lenge sidan…

Øyvind Strømmen hev visselegt aldri kalla Målmannen for eit «fascistisk tidsskrift» – endå han med rette vert sett på plass av oss i Dag og Tid då han i eit debattinnlegg freista insinuera noko slikt. Og i boki «Den sorte tråden» er ikkje Målmannen nemnd med ein einaste bokstav. Det er me helder ikkje i nokon andre av Strømmen sine bøker.

Ronny Kjelsberg syner til

Ronny Kjelsberg syner til «Den sorten tråden» av Øyvind Strømmen – som kjelda for påstanden um at Målmannen skal vera «en kjent høyreekstrem nettside» og eit «fascistisk tidsskrift». Det er berre eitt problem med dette: Øyvind Strømmen nemner ikkje Målmannen med ein bokstav!

Når Målmannen spyrr Kjelsberg um kvar hen i «Den sorte tråden» det er at Målmannen vert umtala, so fær me fylgjande svar:

«Jeg har ikke boka foran meg, men du kan sikkert peke til sidene hvor du er omtalt.»

Ja, kvar hen i «Den sorte tråden» er det at Øyvind Strømmen skriv um Målmannen. Svaret er: Ingen stader.

Kjelsberg er uppteken av kven som hev

Kjelsberg er uppteken av kven det er som hev «injurierande kraft» og kven som ikkje hev det. Det forstår me godt. For det er vel klårt nok at dei utspekulerte insinuasjonane frå ein sentrumsliberal «journalist» og «forfattar» som Øyvind Strømmen kann krevja litt meir tankearbeid å få sett på plass enn det tilfellet er med dei vulgære og udokumenterte fascisme-skuldingane frå Ronny Kjelsberg i partiet Raudt. Eit parti som i våre dagar uppliver at det knøttvesle veljargrunnlaget deira vert endå meir marginalisert av – nettopp – det grøne partiet som Øyvind Strømmen er med i.

Målmannen hev konfrontert Kjelsberg med den vantande dokumentasjonen for påstandane – og me hev spurt um det er slik å forstå at han faktisk spreider påstandar um andre utan ein gong å vita kvar hen han hev det frå. Me hev ogso spurt um han er mann nok til å koma med ei orsaking når han faktisk er teken på fersk gjerning i usann ryktespreiding. Me er alle menneske og gjer alle mistak, og måten som vanlege arbeidsfolk rydjer upp i det på er med ei orsaking – slik kann ein få ei sak ut or verdi. Ikkje minst ein Raudt-politikar som Kjelsberg burde vita det!

I staden freistar Kjelsberg etter beste evna å ro seg burt med utsegner av typen «Jeg har ikke Strømmens bøker foran meg, så jeg kan ikke sjekke hvor. […] Jeg hevder at Strømmen har skrevet om deg. Jeg husker ikke nøyaktig hvor. Du kunne klargjort det, men nekter».

Endå han er vorten konfrontert med det vantande kjeldegrunnlaget, so insisterar Kjelsberg på at Strømmens forfattarskap skal gje oss dokumentasjonen for påstandane um

Endå han er vorten konfrontert med det vantande kjeldegrunnlaget, so insisterar Kjelsberg på at Strømmens forfattarskap skal gje oss dokumentasjonen for påstandane um «fascistisk tidsskrift». Å be um orsaking for skuldingane kjem absolutt ikkje på tala.

Ronny Kjelsberg: Du vart teken med buksa nede. Du gjekk ut offentleg med usanne påstandar um Målmannen. Du synte til «Den sorte tråden» som kjelda for din eigen udokumenterte påstand um at Målmannen var eit «kjent høyreekstremt nettsted» og eit «fascistisk tidsskrift», og det endå Øyvind Strømmen ikkje nemner Målmannen med eit ord – korkje i «Den sorte tråden» eller i nokon andre av bøkene sine. Du skuldar oss ei orsaking for desinformasjonen som du spreidde – anten det eller so er du ikkje for anna enn ein ærelaus niding å rekna!

Redigering:
Målmannen er ikkje langsint eller hemngirug, det veit alle som kjenner bladstyraren. Eg kom med ei utstrekt hand og eit tilbod um å gjera upp og få saki ut or verdi, men nokre timar seinare er responsen eit nytt lågmål frå Kjelsberg. «Viel Feind, viel Ehr», er det noko som heiter, men me kunde ærlegt tala ha ynskt oss litt meir verdige motstandarar enn dette:
idioti_kjellsberg