Teiknar og kunstnar Kristin B. Bruun kjenner seg utestengd og utfrosi frå Radikal Portal

Illustratør og karikaturteiknar Kristin B. Bruun vart spurd um å sitja i juryen for ei politisk karikaturtevling som nettstaden Radikal Portal skulde skipa til. Tevlingi er nylegt vorti avslutta og vinnarane er kåra, men av grunnar som Vegard Velle ikkje vil ut med so fekk Bruun likevel aldri den plassen i juryen som ho fyrst vart lova. Bruun meiner sjølv at ho er offer for ein utfrysingskampanje initiert av ein forsmådd mann som fram til nylegt var nettstaden sin eigen webmaster. Ho karakteriserar det som skandaløst at ein nettstad som kallar seg for feministisk kann møta sjølvstendige kvinnor på ein slik måte.

Kristin Bruun hev bakgrunn som informasjonsrådgjevar og illustratør, og ho hev laga teikningar og karikaturar for reportasjar og kommentarartiklar i ei rad ulike publikasjonar – seinast med karikaturen av Max Hermansen i Samfunnsviter’n.

Radikal Portal lyste til karikaturtevling med fyrstepris på 10.000 kronor.

Radikal Portal lyste til karikaturtevling med fyrstepris på 10.000 kronor.

Det var soleides til stor gleda for Bruun då ho fekk fyrespurnad frå redaktør Vegard Velle um å sitja i juryen for ei karikaturtevling som Radikal Portal hadde tillyst. Bruun vilde meir enn gjerne nytta seg av kompetansen sin og syta for at innsendarane vart vurderte på det nivået som dei fortente.

Utestengd utan sakleg grunngjeving

Kor som er: Tidi for juryen sitt nettmøte kom og gjekk, utan at Bruun høyrde noko meir frå Velle. Nokre dagar etterpå kontakta ho honom og spurde kvar landet låg. Bruun fekk då som svar at «noen på gruppa var veldig i mot at du deltok, inkludert i den juryen. Og da blir det bare tull.» Når ho spurde um ei nærare grunngjeving, var svaret: “Nei, jeg kan ikke gå inn i det. Vi har en policy på ikke å spre ting som blir sagt på gruppa.”

Dei som til slutt vart sitjande i juryen var tvo andre illustratørar og dessutan Rune Berglund Steen – leidar for Antirasistisk Senter. Kristin Bruun fortel at ho aldri hev havt noko med desse personane å gjera, og kunde difor ikkje forstå korleis nokon av desse kunde ha noko imot henne. Ho tok difor kontakt med kvar og ein av dei nemnde jurymedlemene, og alle desse kunde svara avkreftande på at dei skulde ha visst noko eller havt noko imot at ho var med dei i juryen. Det var altso ikkje desse som hadde motsett seg at ho skulde vera med i juryen.

Derimot so hadde ho i 2010/2011 ein del kontakt med ein mann som seinare skulde verta webmaster for Radikal Portal. Bruun var einast interessert i venskapeleg kontakt, medan han på si sida uppfatta det som at det var ei form for dating dei tvo dreiv på med. Dette gjeng fram or privat korrespondanse som dei tvo hev havt på Facebook. Mannen braut seinare kontakten med Bruun, og Bruun meiner den røynlege grunnen til dette er at ho ikkje responderte på det ho uppfattar som vedkomande sine romantiske tilnærmingar. Den utløysande årsaki til brotet millom dei tvo skal kor som er ha vore ei usemje kring ein konflikt på Fattighuset i Oslo.

-Ein Kafka-prosess

Bruun fortel at ho i tidi etter dette fekk uord på seg i ei rad ulike miljø, der det var skuldingar um tilknyting til høgreekstreme miljø som gjekk att – og dessutan injurierande skuldingar um hennar mentale helse. Bruun meiner det er Radikal Portal sin tidlegare webmaster som hev andsvaret for spreidingi av desse skuldingane, sidan dei skal ha spreidd seg i hans venekrins. Slike skuldingar hev ingi rot i røyndomen: – Eg tillet meg å prata med folk både til høgre og vinstre i politikken. I dei miljøi som er vortne stempla som høgreekstreme, so vert det påstått at eg er sosialistisk. Fakta er at eg er humanist og elles nokso ikkje-politisk, segjer Bruun.

Kristin Bruun hev framigjenom havt ein formidabel produksjon av politiske karikaturteikningar, og ho var soleides solid kvalifisert for å sitja i juryen.

Kristin Bruun hev framigjenom havt ein formidabel produksjon av politiske karikaturteikningar, og ho var soleides godt faglegt kvalifisert for å sitja i juryen. Slik skulde det likevel ikkje gå…

-Eg tykkjer det segjer sitt når Radikal Portal utan vidare grunngjeving kastar ut meg som faktisk hev eit solid teiknarfaglegt grunnlag for å sitja i juryen, og det samstundes som ein inviterar inn ein reint politisk jurymedlem som Rune Berglund Steen frå Antirasistisk Senter. -Når redaktør Vegard Velle ikkje vil ut med kva som er problemet, då kann ein ikkje anna enn å spekulera i kva som er grunnen. Eg hev upplevd dette som ein Kafka-prosess, der folk eg tidlegare var på godfot med snur meg ryggen, og der eg på sosiale medium uppliver å verta utestengd frå gruppor og forum. Det einaste som er sikkert er at alt dette tok til etter at Radikal Portal sin tidlegare webmaster braut kontakten med meg.

Kristin Bruun meiner ho hev god grunn til å segja ifrå.

Kristin Bruun meiner ho hev god grunn til å segja ifrå. -Dette handlar ogso um kvinnesyn, meiner ho.

-Radikal Portal hev tapt sitt feministiske truverde

-Det som eg tykkjer er aller verst er at Radikal Portal framsteller seg som ein feministisk nettstad som tek kvinnor på ålvor. Det hev vorte publisert hopetal med artiklar på nettstaden som poengterar at ein skal respektera kvinnor sine grensor. Når nokon kjenner seg mobba og trakassert, ja, då vert ein mobba og trakassert, hev vore mantraet. Ein kann ikkje koma og påstå at “dette er berre noko som skjer inne i hovudet ditt”. Men det er nett dette som hev hendt med meg: Eg uppliver systematisk utestenging og utfrysing – utan å få nokon sakssvarande grunn for kvifor, einast kryptiske attendemeldingar. Ein mann som ikkje var interessert i meir kontakt med meg etter at det var klårt at eg einast ynskte venskap, han hev havt høve til å skulda meg for det verste som ein kann verta skulda for i eit vinstreradikalt miljø: Høgreekstreme sympatiar. Radikal Portal hev inkje truverde som ein aktør i feministisk ordskifte og debatt fyre dei feiar for eigi dør og rydjer upp i dette, avsluttar Bruun.

Det hev ikkje lukkast Målmannen å få noko svar frå Vegard Velle.

Det hev ikkje lukkast Målmannen å få nokon kommentar til saki frå Vegard Velle.

Målmannen hev freista koma i kontakt både med Vegard Velle og med den tidlegare webmasteren, men utan å lukkast. I ei tidlegare Facebook-melding til Bruun hevdar Velle kor som er at “jeg kan avkrefte at jeg på noe tidspunkt har snakket med [tidlegare webmaster] om deg. For øvrig har jeg ikke noe mer å legge til”.