Eit sivilisasjonssjokk? Intervju med Alain de Benoist

I eit utspel som tok fyre seg «kampen mot terrorismen», so tala den franske statsministeren Manuel Valls nylegt um eit «sivilisasjonssjokk» («choc de civilisations»). Kva vilde han segja med det? Er statsministeren vorten ein av læresveinane åt Samuel Huntington?

Det som Manuel Valls i røyndi hevda på France Inter den 28. juni, det var at kampen mot terrorismen svarar til ein «sivilisasjonskrig». Men er det èin eller fleire sivilisasjonar som han talar um? Her er det faktisk tri moglege tolkingar:

Den fyrste tolkingi er at den islamske staten, sett frå statsministerhald, skal vera for ein eigen «sivilisasjon» å rekna. Det er ei tolking som er sopass absurd at me kann sjå burt frå henne. Den andre tolkingi må vera at Valls legg Huntington si forståingsråma til grunn for umgripsbruken sin. I ei bok som kom ut i 1996, like etter samanbrotet åt Sovjetunionen, so hevda Huntington at dei komande krigane ikkje lenger kom til å vera ideologiske slik dei hadde vore under den kalde krigen – men snarare religiøse, som i krossfarartidi. Det kom til å verta krigar millom store «kulturkrinsar».

Alain de Benoist

Alain de Benoist

Som me veit, so hev kritikken mot denne tesen berre auka på. Når ein minkar dei dagsaktuelle konfliktane ned til eit spursmål um kultur og religion, so ser ein burt frå at desse konfliktane både hev økonomiske og politiske dimensjonar. Og dessutan: Um ein ser på kvar einskild kulturkrins som eigi «blokk», so ignorerar ein det faktum at amerikanarar og europearar hev motstridande interessor. På same måten ser ein burt frå den sterke fiendskapen som rår millom shiamuslimar og sunniar, og det endå det er nett denne fiendskapen som gjer det moglegt å forstå kva det er som hender i Midtausten nett no.

Huntington sin tese gjev næring til eit forenkla verdsbilæte som dei nykonservative i USA hev gjort til sitt, og som George Bush ikkje vilde venta med å nytta seg av for å rettferdiggjera krigen mot Irak. Men når me veit alt dette, korleis kunde Manuel Valls på same tidi hevda at han «på ingen måte tek til ords for ein krig millom islam og vestverdi»? Og korleis kann han hevda at han vil taka ei endeleg uppgjerd med islamismen – samstundes som riksstyret hans sel våpen til Saudi-Arabia og Qatar, land som styd upp um islamistrørslor i heile verdi? Kann noko slikt hengja på greip?

Nei, det kann det ikkje, og då stend me att med den tridje tolkingi. Det er den tolkingi som krinsen kring statsministeren hev sett seg nøydde til å utdjupa: «Det er ikkje ein krig millom ulike sivilisasjonar. Det er ein krig millom sivilisasjon og barbari», slo Bernard Cazeneuve fast. Den «sivilisasjonen» som han tala um svarar til «universelle verdiar som heile verdi sluttar upp um». Problemet er berre at det finst ikkje nokon «menneskeleg sivilisasjon», dei «universelle verdiar» som me alle sluttar upp um er ein rein myte. Ein gjeng frå oska til elden…

Kvifor det?

Motsett av det ein skulde tru, so er «sivilisasjon» eit umgrip som høyrer det moderne ordtilfanget til. I Antikken eller i Millomalderen var det aldri nokor tala um «sivilisasjon». Og det er eit umgrip som er sterkt etnosentrisk. Det er dette som Jacques Bainville kunde slå fast når han skreiv at:

«Ordet sivilisasjon, som forfedrane våre greidde seg fint utan, kann henda av di dei faktisk hadde noko slikt, hev i det nittande hundradåret vorte teke i bruk for å setja fram nokre heilt nye idear. Fyrestellingi um at verdi er i endelaus framgang, det er ei fyrestelling som skriv seg frå den andre halvparten av det attande hundradåret. Takk vere denne fyrestellingi hev menneskeætti teke til å tru at me er komne inn i ein ny æra, den som høyrer den ypparste sivilisasjonen til […]. Sivilisasjonen, det er soleides den graden av utvikling og perfeksjon som dei europeiske nasjonane var komne til i det nittande hundradåret […]. Sivilisasjonen, det er til sjuande og sist Europa sjølv, det er den kvalitetsstempelen som den europeiske verdi sette på seg sjølv.»

Det er i namnet åt denne sivilisasjonen at den vestlege verdi, upp gjenom soga, aldri hev slutta å vilja konvertera resten av verdi til sine eigne verdiar – med di dei hev lagt desse fram som «universelle». Ei verdsåskoding som minkar alle andre kulturar i verdi ned til eitkvart ukultivert, attendeliggjande og barbarisk.

Alain de Benoist vart spurd ut på Boulevard Voltaire av Nicolas Gauthier.
Intervjuet er umsett frå fransk av Olav Torheim.