Moshpit, nasjonalsinna hardkjernerock

Nasjonalsinna hardkjernerock og metallkjernemusikk er åt å verta stort ute i Europa. Framfor alt i Italia, Ungarn og Tyskland er det vokse fram ei stort kringvære med musikkgruppor av dette slaget. Me hev teke oss ein prat med tyske Moshpit, ei av dei leidande gruppone innanfor genren.

-Fyrst, fortel oss litt um Moshpit. Korleis vart gruppa til og korleis kom de på ideen um å laga nasjonalsinna metallkjerne-musikk (metalcore)?

Moshpit vart i grunnen skipa alt i 2001, or restane frå ei onnor gruppa i Altenburg (Thüringen). Me kom snøgt i gang med å skriva eige låtmateriale – endå um dei fyrste upptaki våre er meir for god, gamaldags hardkjernerock enn for metalcore å rekna. Me hev stødt vore gode vener med gruppa Brainwash, og i 2002 vart bassisten deira med på å komplettera oss til ei gruppa som kunde stå på scena. Me heldt sidan mange konsertar i Tyskland, jamvel i Belgia og Spania kunde ein uppliva Moshpit i livande live. I 2004 kom det ein kløyvd EP med oss og ei onnor gruppa, Path of Resistance. På denne EP’en so finn ein nokre demo-upptak frå denne fyrste tidi.

Moshpit utmerkjer seg med ein proff og moderne produksjon som ikkje stend attende for nokon andre innanfor hovudstraumen i metallkjernemusikken..

Moshpit utmerkjer seg med ein proff og moderne produksjon som ikkje stend attende for nokon andre innanfor hovudstraumen i metallkjernemusikken..

I 2005 fekk me ny gitarist og gruppa byrja atter frå grunnen av. Frå no av vart musikken meir profesjonell og førde oss til slutt til debutalbumet “Mirror of an unbroken faith”. Denne plata kom ut på det nyskipa OPOS Records. Stutt tid etter at upptaksyktene var ferduge, so fekk me oss ein andregitarist, som ein kann sjå på den fyrste musikkvideoen vår. I år 2008 kom det ein kløyvd CD, “One Family Part II”, med fire nye songar frå gruppa og ein live-video med titelen “Revolt from within”.

Ikkje lenge etter, tidlegt i 2009, so skilde me lag med songaren vår og gav oss ut på konsertferd i utlandet – der vener frå gruppone Burning Hate og Brainwash var med og hjelpte oss med songen. I 2011 gjekk me i studio og gjorde upptak til albumet “We carry the heart”. Me var då so heppne at me fekk med oss den tidlegare songaren åt den ungariske gruppa Voice of Justice. På denne plata vart musikken hardare, samstundes vart songen lettare å lika.

Alt medrekna so kann ein segja at Moshpit var ei av dei fyrste gruppone som freista driva med politisk metalcore. Tanken attum var å gå nye vegar for å gjera folk uppglødde yver ideane våre. Me vilde rekkja ut handi til europeisk ungdom som ikkje hadde noko å henta i dei vanlege, nasjonalsinna subkulturane. Det gjorde me rett i: Både musikalsk og politisk so hev me lukkast, og det motiverar oss til å gå vidare på denne vegen.

– Korleis vil de skildra musikken dykkar for folk som enno ikkje hev høyrt dykk?

Musikken vår er ei blanding av metallmusikk, hardrock og hardkjernerock – som ein kann lyda til på mange ulike abstraksjonsnivå. Det er ikkje so godt å setja ord på, sidan musikken vår er påverka av mange ulike musikkstilar. Soleides hev me greidd å skapa vår eigen stil, samstundes som me stødt er i stand til å yverraska. Til nye lydarar vil eg segja at det greidaste er å høyra musikken vår og sjølv gjera seg upp ei meining.

-Kva er den viktugaste bodskapen som de vil formidla gjenom musikken dykkar? Og kor sterkt er musikken merkt av verdsbilætet dykkar?

Den viktugaste bodskapen i musikken vår lyder: “Til barrikadane!” Målet vårt er å vekkja upp lydarane våre. Di fleire menneske som musikken vår kann setja i rørsla i kampen mot rikmannsvelde, urett og verdeforfall, di betre. Musikken vår er 150% merkt av verdsbilætet vårt, endå um tekstene våre ved fyrste blikk kann verka harmlause nok.

-Kva for andre musikarar hev påverka dykk?

Kvar gruppemedlem hev si musikalske forhistorie, so ein kann fyrestella seg at det er etter måten mange påverknadskjeldor som møtest i Moshpit. Um det skulde vera At The Gates, Stone Sour, Until The End, Atreyu, Richard Wagner, Johnny Cash eller Ian Stuart…me høyrer på alt moglegt. Frå metallmusikk, hardkjernerock, punk – og vidare til rock av både det upolitiske og antikommunistiske slaget – og so klassisk musikk då. Moshpit auser or tallause musikalske kjeldor, me let oss kveikja av alt dette.

-Det som eg tykkjer er sers bra med dykk: De lyder ofte som eit heilt “vanlegt” metalcore-band på sers høgt teknisk nivå, og likevel er de noko heilt anna. Trur de at de kann nå lengre ut til eit ungt publikum enn det som dei tradisjonelle, tjodlynde musikkgruppone hev gjort?

Heilt klårt. Dei fleste ungdomane i Tyskland hev vorte uppseda på ein slik måte at ryggmergsrefleksen skal slå til med èin gong noko framstår som litt “på kanten”. Slik syter ein for at alt som skulde koma til å minna um nasjonalisme straks vert putta i ein “høgreorientert” bås. Dessutan er det ikkje til å stikka under ein stol at mykje av den vanlege, nasjonalistiske musikken er dårlegt produsert og med tekster som ikkje stikk serlegt djupt.

Det er einast råd å nå ungdomen når ein måtar seg etter hovudstraumen, pakkar bodskapen inn i noko som kjenner seg litt kjent og trygt. Ein lyt snika seg inn under dei åndelege barrierane i samfundet, skal ein klara nå inn i hovudi til folk med ein bodskap. Då kjem det sers godt med at ein hev ein kvalitativt høgverdig produksjon.

-Kann de fortelja litt meir um konseptet attum  «We carry the Heart» frå 2012? Kva er det som det sviv seg um?

Hjarta er symbol for liv, blod, kjærleik til eige folk – og alt dette spelar ei stor rolla i “We carry the heart”. Det er hjarta åt revolusjonen. So lenge det enno slær, so lenge me held fast på det og ber det med oss, so er ikkje kampen tapt. Albumet tek fyre seg emne som politisk kamp, kringværevern, sunt næringsupptak, soga, medisin, rikmannsvelde og globalisering.

-Det hev vorte sagt at “hardcore is more than music”. Det sviv seg um eit levevis, ein vil ha sunn mat, reint vatn, rein luft.. Ja, kvifor ikkje eit sunt og fritt folk med? Eg vilde sagt at det å vera rak-kanta hardkjernemenneske (“straight edge”) og nasjonalist ikkje berre er moglegt, men snarare det einaste moglege dersom ein fylgjer hardkjernetanken til endes. Kva tankar gjer de dykk um dette spursmålet?

Slagordet “Hardcore is more than music” vart laga av Antifa (eit valdelegt, vinstreekstremt aktivistnettverk, red.). Dei freistar på denne måten å halda ei musikkretning for seg sjølve, med di dei er redde for at politiske motstandarar skal få fotfeste der. For oss personlegt, so er hardkjernescena oss komplett likegyldig. Musikken er for oss einast eit verkty. Når det kjem til dette spursmålet, so er me heilt konsekvente.

Mange menneske i denne subkulturen legg seg til ein nonkonform livsstil for å skilja seg ut frå andre ungdomar. Hjå oss sviv det seg ikkje um å skilja seg ut, men um å nå ut, og me vil nå alle. Hovudstraumen i hardkjernerocken høyrer med til musikkindustrien, og der sviv det seg ikkje um Disziplin, sXe, Vegan eller politikk, der sviv det seg um salstal og pengar – svært mykje pengar. For å koma attende til spursmålet ditt, for oss er det nok at ein er konsekvent nasjonalist, då hev ein lagt seg til ein levemåte som kann verta hard(core) nok :-).

-Når ein vil etablera seg som kunstnar eller musikar, serskilt opposisjonell musikar, so møter ein ofte på utbjodingar og vandskar. Kva slags vandskar hev de havt og korleis hev de yvervunne deim?

Det største meinbægjet er trykket frå styresmaktene. Her kann ein verkelegt tala um eit samrøre millom politikarar, byråkratar og rettsstell som ikkje toler dagsens ljos. Dette kunde me ha fortalt mykje um dersom me vilde gå i detaljar. Av andre kvardagsflokar so kann ein nemna valdeleg vinstreekstremisme og mediehets, og likeins intrigemakarar i eigne rekkjor. Dessutan er tidi som regel for knapp når ein hev ein familie å ta seg av. Men i det store og heile so hev me takla alt. Ein lyt arbeida hardt, og då treng ein både disiplin, viljestyrke og uthald. Det er ikkje nok å vera god, ein må ha viljestyrke og ein me verta den beste.

-Mange av dei norske lesarane våre kjenner ikkje so godt til stoda i Tyskland, men eg trur ein trygt kann slå fast at romet for politisk akseptable ytringar er mykje trongare i Tyskland enn det er i Noreg. I ordskifte kring emne som innvandring, soga og globalisering so sit nazi-stempelen laust um nokon vågar gå utanfor konsensus. Kva slags tankar gjer de dykk um det?

“Nazi”-ordet er eit våpen som makteliten nyttar for å få kvar ein systemkritikar til å tegja stilt. Slik freistar dei å stikka den veksande tyske nasjonalismen i hjarta. Men dette våpenet vert langsamt mindre og mindre kvast. I millomtidi er kvar og ein vorten til ein “nazi”, so lenge han ikkje stend for dei same meiningane som vinstresida og liberalmedia.

-I gamle dagar var konsertar med nasjonalsinna musikk mest for ei “løn for strevet” å rekna, noko for folk som var politisk aktive i kvardagen. I dag er det slik at mange reiser Europa rundt for å vera med på tjodlynde konsertar og musikkveldar, men i kvardagen gjer dei lite og inkje. Slik eg ser det so kann ein nå mange med musikken, men det kann berre vera byrjingi og ikkje slutten. Kva slags tankar gjer de dykk um dette?

Som alt sagt so er musikken for oss einast eit verkty. Når dette verktyet ikkje verkar meir, so vert det skift ut. Men framleis verkar det! Du talar um eit problem som helst heng i hop med musikkgruppone sjølve: Dei kjem med ein bodskap som dei sjølve ikkje liver ut, og då vert det ikkje truverdig lenger.

-Er de sjølve aktive på andre umkverve enn i musikkscena?

Me reknar oss for frie nasjonalistar. Faste strukturar er det sers vandslegt å byggja upp her i Tyskland – med moglegt undantak for det nasjonaldemokratiske partiet (NPD), men det er eit tema for seg sjølv. Dei seinaste åri hev påtrykket berre auka på frå statlegt hald. Det kjem kor som er ikkje til å stogga oss frå å gå vidare på den vegen me hev valt.

-Kva tykkjer de um Noreg? Kann de tenkja dykk å koma her ein dag og halda konsert?

Noreg er eit sers vent land, naturi fær oss til å halda pusten. Det hadde vore ei æra for oss å halda konsert i Noreg.

– Kva kann de fortelja oss um det komande albumet? Kva slags tema kjem de til å setja ljoskastarane på denne gongen? Nokre yverraskingar for fansen eller vidare i same tralten som “We carry the Heart”?

Det vert verande ein løyndom. De skal få høyra, når det er ferdugt.

-Eitkvart anna som de gjerne vilde ha sagt?

Me takkar so mykje for interessa de hev synt for oss. Kanskje råkast me på konsert i Noreg, det hadde gledd oss mykje. Europa, vakn upp!

Ornella Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2015. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!