8000 flyktningar er symbolpolitikk – Snakk helder um Syria-krigen i kommunevalkampen!

I Noreg hev politiske stridsspursmål ein tendens til å verta avslutta med dvaske kompromiss. Og i flyktningspursmålet er 8000 vorte til det magiske talet som me alle skal slutta upp um – og som kommunane i framhaldet skal leggja praktisk til rettes for. Kor som er: Um me ikkje snart vil gå til kjernen av problemet – den vestlege destabiliseringi av stabile statar og regime i Midtausten – so kjem Noreg til å slita med ei vedvarande og veksande asyltilstrøyming i tidi som kjem. Det me hev sett er berre byrjingi.

Aftenposten melder at pågangen ved Svinesund vert større og større, dag for dag. Dei fyrste seks månadene i år registrerte Østfold-politiet 30 asylsøkjarar. I august registrerte dei 250. No kjem det meir enn 30 personar berre på eit par dagar («I 22 dager har de vært på flukt fra Syria. Reisen stoppet i en hall på Svinesund». Aftenposten, 29. august 2015).

Ein asylstraum som aukar på

Denne pågangen er berre toppen av eit europeisk isfjell: I år reknar ein med at Tyskland kjem til å taka imot meir enn 800.000 asylsøkjarar. Dei fleste av desse kjem med tog gjenom Aust-Europa, og nylegt melde tysk grensepoliti at dei ikkje lenger er i stand til å gjenomsøkja togi for ulovlege innvandrarar: Det er so mange av dei at det er ingen stad å gjera av dei likevel («Bundespolizei kapituliert vor Asyl-Ansturm», Junge Freiheit, 31. august 2015). Um me fylgjer flyktningrutone vidare ned til balkanstatane, so vert det tydelegt nok for alle at stoda er heilt ute or kontroll: I eit intervju med tyske “Die Presse”, so fortel statsministeren i Makedonia at det kjem 3000-4000 asylsøkjarar inn i landet kvar dag, og dei vil alle vidare til Vest-Europa. Um desse mildt sagt ville tilstandi høyrer me diverre lite i norske media…

I Noreg er politikarane vortne samde um taka inn 8000 Syria-flyktningar og soleides slå ein strek yver innvandringsordskiftet - resten er eit praktisk integrasjonsspursmål som skal løysast ute i kommunane. I millomtidi kryssar i snitt 3000 flyktningar grensa til Makedonia - kvar einaste dag. Sume dagar er dei so mange som 4000...

I Noreg er politikarane vortne samde um taka inn 8000 Syria-flyktningar og soleides slå ein strek yver innvandringsordskiftet – resten er eit praktisk integrasjonsspursmål som skal løysast ute i kommunane. I millomtidi kryssar i snitt 3000 flyktningar grensa til Makedonia – kvar einaste dag. Sume dagar er dei so mange som 4000…

Enn so lenge er det dei som hev pengar nok å tilby menneskesmuglarane som kjem seg inn i Europa. Men det er einast eit spursmål um tid fyre dei fatige kjem, dei med. Asylstraumen kjem berre til å auka på, og ikkje ein gong dei sterkaste EU-statane som Frankrike og Tyskland er i stand til å stå imot, meiner den makedonske statsministeren («Niemand kann die Flüchtlinge stoppen, auch nicht Deutschland». Die Presse, papirutgåva 29.08.2015).

I land der folk liver på eksistensminimum, so er det eit ovstort velstandsgap millom dei som hev familiemedlemer i Europa og dei som ikkje hev det. Og di større “diaspora” ei folkegruppa hev i eit vesteuropeisk land, di lettare er det for dei å slusa endå fleire av sine eigne inn i landet. I offentlegt norskt ordskifte lyder det som um 8000 flyktningar er “kompromisset” som gjer slutt på flyktningespursmålet for Noreg sin part. Kor som er, dette er rein symbolpolitikk – for det er ingen grunn til å tru at det stoggar der.

Meir sannsynleg er det derimot at dei 8000 syriske flyktningane kjem til å verta bruhovud for den neste bylgja med asylsøkjarar – serskilt når det byrjar frettest i heimlandet um kor godt “integrasjonen” hev lukkast. Di betre me lukkast med å «integrera» Syria-flyktningane, di meir sannsynlegt er det at me kjem til å få endå fleire av deim! Her opnar det seg for scenario som kann likna det Jean Raspail skildra i den skjønnlitterære framtidsfiksjonen “The Camp of the Saints”. Det er ei Pandora-øskja som kompromisspolitikarane er åt å opna…

Me hev framleis eit val

Når me veit kva slags ovstor asyltilstrøyming Europa uppliver nett no, når me ser bilæti frå Calais og frå masseslagsmåli i flyktningheimane i Dresden – kvifor er ikkje fokuset vårt då fyrst og fremst korleis me skal sleppa få tilsvarande tilstand i vårt eige land?

Og kvifor 8000 flyktningar? Det er berre “tenk på eit tal” – tal som under alle umstende ligg ein storleiksorden og vel so det under det røynlege talet på menneske som lider naud. Det er eit titals millionar menneske som hev reist frå heimane sine som fylgja av krigane i Libya, Syria og Irak. Å ta inn 8000 flyktningar til Noreg kjem til skapa store flokar for mange norske lokalsamfund, men det endrar ingenting ved dei grunnleggjande problemi i konfliktområdi.

Ein må dessutan undra seg kvifor det heilt frå fyrste stund av hev lege som ein premiss at dei 8000 flyktningane skal integrerast kringum i kommunane og verta verande i Noreg for all framtid. Heiter det at politikarane gjeng ut frå at det aldri skal verta fred att i Syria? I grannelandi Libanon og Syria hev palestinarane venta 60 år i flyktninglæger. Ingen talar um å integrera desse, her er huglaget frå «verdssamfundet» tvert imot at ei løysing på flyktningproblemet heng i hop med ei politisk løysing på konflikten.

Politikarane bør feia for eigi dør

Flestalle norske politikarar, frå SV til Frp, stelte seg attum NATO sin bombekrig mot Libya i 2011 – ein krig som rikspolitikarane vart samde um gjenom mobiltelefonsamtalor og SMS-meldingar. Noreg var ein pådrivar i krigen mot Libya, og det var norske jagarfly som tok på seg mange av dei mest krevjande og politisk umstridde bombeåtaki. Ved stortingsvalet i 2009 vart veljarane aldri spurde um dei vilde at Noreg skulde gå til krig mot ein annan suveren stat. Muhammad Ghadaffi åtvara mot konsekvensane dersom regimet hans skulde falla, og synte heilt konkret til den ulovlege innvandringi yver Millomhavet. Han vart ikkje høyrd…

Bombeåtaki mot tettbygde bustadstrok i Tripoli kosta mange menneskeliv. Noreg tok på seg mange av dei bombeåtaki som militært og politisk vart rekna som dei "vanskelegaste", og for dette fekk dei mange stjernor i boki hjå NATO.

Krigen mot Libya var den største innsatsen av norske luftstridskrefter nokosinne.

Libya vart kasta ut i kaos og anarki, og landet er i dag kløyvt upp millom ei rad rivaliserande ekstremistgruppor. Dei norske politikarane hev ingenting lært av dette. Tvert imot: Både Jonas Gahr Støre og Børge Brende hev i tur og orden stelt seg attum USA og NATO sin studnad til den væpna “opposisjonen” i Syria, og krigen der gjeng vidare for fjorde året på rad. No byrjar me for ålvor å hausta fruktene.

Rikspolitikarane som gjekk til krig mot Libya og Syria utan å spyrja det norske folket um råd bør vera dei siste til å gjeva oss dårlegt samvit når me ikkje vil vera med og taka rekningi for dei krigseventyri dei sjølve hev stelt i stand.

Ved kommunevalet til hausten bør politikarane våre difor få klår melding, same um dei soknar til AP, SV eller FrP: Fei for dykkar eigi dør og hjelp flyktningane der dei er! Og bruk militærbudsjettet til det som det ein gong var meint for, å verna um Noregs grensor, og ikkje til å bomba fjerne land attende til steinalderen!

Olav Torheim