Primo de Rivera: Nyskapande nasjonalisme

I dette stykkjet skal me sjå nærare på tankane til den spanske advokaten, adelsmannen, politikaren og grunnleggjaren av den spanske falangen, best kjend som Primo de Rivera (1903 – 1936). Hans fulle namn og titel var Don José Antonio Primo de Rivera y Sáenz de Heredia, fyrste hertug av Primo de Rivera, tridje markgreve av Estella, Grandee av Spania..

Jose Antonio var son åt militærdiktatoren Miguel Primo de Rivera, som styrde Spania frå 1923 til 1930. Men so lenge far hans styrde landet, so vilde han ikkje ha noko politisk umbod, han ynskte ikkje å verta politisk aktiv. Fyrst etter at styret til faren hadde falle, då han sjølv ikkje lenger hadde noko å henta hjå styresmaktene, då vart han aktivist. Til å byrja med var det einast for å verna um ettermælet åt far sin, og sidan for å vera med og føra landet sitt i ei ny stemneleid.

30 år gamal var han då han stod fram politisk. 33 år var han då han vart drepen. I tri år var han skribent, aktivist og organisator. Kor som er, han fekk gjort meir på desse 3 åri enn mange andre i eit heilt liv.

Jose Antonio Primo de Rivera  (1903-1936)

Jose Antonio Primo de Rivera (1903-1936)

Det er skrivne hopetals med bøker um dei påståtte yvergripi og massakrane som vart gjorde på båe sidor under den spanske borgarkrigen. Primo de Rivera døydde kor som er utan noko spansk blod på hendene. Han vart kasta i fengsel og myrda av styresmaktene i dagane som leidde fram til borgarkrigen.

Kvifor er Jose Antonio Primo de Rivera framleis aktuell? Av di han var ein av dei som våga tenkja store tankar. Ein visjonar, vilde nok mange ha sagt. Han grunnla den spanske falangen og var med på å gjeva liv til ein ny tjodlynd tankebygnad, nasjonal-syndikalismen.

Den fyrste store tanken: Folkehopehavet

Det vert ofte sagt at folk hev ikkje greida på politikk, men det hev ikkje politikarane helder. I vårt eige Noreg vert tusundtals nye lover og reglar frå EU vedtekne utan at politikarane nokon gong hev lese dei. Vøre det ikkje betre at dei som hadde greida på eit tema, dei som arbeidde med emnet og til daglegt var involverte i det, var dei som tok avgjerdene knytte til dette emnet med? Primo de Rivera var ein av dei som tykte det.

Det liberale demokratiet hev til fyresetnad at menneske vert minka ned til individ, til det som gjer dei like alle andre. Men menneske er meir enn individ, menneske er personar. Det som gjer eit menneske til ein person er det same som gjer det ulikt frå andre menneske. Plassen og rolla me hev i samfundet, i samspel med andre menneske.

Jose Antonio Primo de Rivera meinte at det er noko grunnleggjande gale med det liberale demokratiet. Det er ein slags konfliktmodell der gruppor i samfundet skal kjempa mot einannan, og der utfallet av denne kampen ikkje er noko anna enn at fleirtalet skal avgjera. Med denne modellen lagd til grunn, so skal ikkje staten vera noko anna enn eit instrument for den gruppa som til kvar tid er i fleirtal: Staten sine tenestemenner skal til kvar tid retta seg etter fleirtalet og ikkje sjølve ha nokon røynleg vilje til å styra landet. Kvart fjorde år skal folket putta ein røystesetel i ei urna, og utfallet av desse røystingane skal staten vera fullstendig likesæl til.

Og utanum denne eine dagen, kvart fjorde år, so skal ikkje folket styra, men styrast. Her med ligg det ei grunnleggjande sjølvmotsegjing.

Grunnlaget for heile denne modellen er etter Primo de Rivera sitt syn fullstendig kunstig, og soleides tener det helder ikkje til anna enn å kløyva folk upp etter skiljelinor som er kunstige. Det er ingen menneske er fødde inn i eit parti eller fødde til å målbera nokon serskild politisk ideologi. Folk flest reknar seg ikkje som sosialistar eller som borgarlege, ikkje den gongen og slett ikkje i dag.

Derimot høyrer me alle inn i ein samanheng. Me er alle fødde inn i ein familie. Me bur alle i eit lokalsamfund. Me fær oss alle fyrr eller seinare eit arbeid som me held på med til daglegt og som me kjenner oss ut med. Det er ut frå denne samanhengen at me kann handla og påverka samfundet ikring oss.

Den andre store tanken: Syndikatet

Tanken til Primo de Rivera var at dei som i det daglege var involverte på eit umkverve, var dei som hadde fyresetnadene for å taka avgjerder på dette umkvervet. I staden for fagforeiningar og arbeidsgjevarorganisasjonar, som stod for kvar sine motstridande særinteressor, skulde alle som var involverte i ei næring verta samla i syndikat, og dette syndikatet skulde tena interessone åt samfundet i sin heilskap.

Dette er litt av den same modellen som ein hadde i millomalderen, der småborgarskapen var samla i laug (handverkarar) og gilde (kjøpmenner). Den gongen var det framleis slik at dei som laga produkti var dei som åtte dei. Men i våre dagar er produksjonen vorten automatisert og gjord so umfemnande og effektiv at småprodusentane hev kvorve burt.

Det vert sagt at kommunismen skulde avskipa privateigedomen, men langt på veg hev den globale kapitalismen gjort det same: Det er store, anonyme aksjeselskap som eig det aller meste i våre dagar. Handverkaren som eig og sel sine eigne produkt, direktøren som eig og styrer si eigi industriverksemd, alt dette er vorte meir og meir sjeldsynt. Likeins er det i våre dagar vorte so populært å “eiga” sin eigen bustad, framfor å leiga, men kann ein segja at ein eig noko når ein er nedsylta i skuld heilt til dess ein nærmar seg pensjonsalderen?

På same måten ser me i våre dagar, i vårt eige Noreg, korleis viktuge avgjerder som gjeld til dømes helsestell eller skule vert tekne yver hovudet på borgarane, av regionale byråkratar og av politikarar på riksnivå. Vøre det ikkje betre um dei som var involverte i helsestellet og som kjende dette best, anten det var helsesystrer eller lækjarar, var dei som styrde og organiserte det heile? Slik vilde i alle fall Primo de Rivera ha tenkt.

Dei politiske partii er kunstige, dei treng konstant rekruttering og tilførsla av statsmidlar for å yverliva. Dei som hev mest ressursar, som pengar og kontroll med massemedia, er dei som vinn fleirtalet når folk flest vert tvinga til å taka avgjerder i saker som dei ikkje hev greida på, altso dei fleste sakene utanum dei som dei sjølve er involverte i.

Primo de Rivera såg fyre seg at syndikatet skulde verta verktyet som folket og nasjonen kunde nytta til å taka lagnaden attende i eigne hender.

Den tridje store tanken: Imperiet

Den tridje store tanken hjå Primo de Rivera som eg vil draga fram er tanken um imperiet. Dette er ein annan og større tanke enn dei tankane, eller snarare kjenslone, som dreg oss alle mot heimstaden vår, mot heimbyen, mot gata der me voks upp…

Me hev alle – i alle fall dei fleste av oss – ein spontan dragnad mot det nære og heimlege, ein slags lokalpatriotisme (“Byen e’ Bergen og laget e’ Brann”). Men den røynlege patriotismen – slik Primo de Rivera ser det – sviv seg um noko høgare enn det (her kann me for vår eigen part sjå fyre oss ei liknande jamføring millom dialektane og høgnorsken).

Spania hev framigjenom havt problem med separatistrørslor. Ute i regionane ser folk seg spontant som baskarar, katalonarar, andalusarar, aragonesarar eller asturianarar. Primo de Rivero åtvara mot å freista tyna dei lokale identitetane. Desse identitetane er røynlege, og noko folk spontant kjenner på. Og det kjem neppe noko godt av å freista setja ei verkeleg kjensla upp mot ei onnor. Den lokale samkjensla er naturleg, men ikkje nok. Den store tanken er å sjå at spanjolane hev eit sams lagnadshopehav.

Det som gjer eit menneske til ein person er det som gjer det ulikt andre menneske. Altso det som gjer det einskilde mennesket til noko eineståande, til noko meir enn berre eit personnummer i statistikken. Slik er det med nasjonar med. Det som gjer eit folk til ein nasjon er det som gjer dette folket til noko historisk eineståande i høve til andre folkeslag. Spania hev vore ein nasjon med ei stor og ærerik fortid, det hev sett sitt fotavtrykk på heile verdi. Det vøre ei fallittfråsegn å segja at denne tidi no er forbi og at landet berre skal løysa seg upp i småe, lokale regionar som skal styra og stella kvar for seg – slik dei mange separatistrørslone både tok og tek til ords for.

Ein nasjon er ikkje eit sams språk, eit sams territorium eller ein sams etnisk bakgrunn. Alt dette kann dana underlaget for ein nasjon, men det er ikkje det som gjer det til ein nasjon, hevda Primo de Rivera. Nasjonen er eit historisk lagnadshopehav. Eit folk er einast ein nasjon når det hev ein lagnad, ei historisk uppgåva, som skil seg frå den til andre folk. Dei lokale kjenslone kjem frå hjarta, men den nasjonale tanken er noko høgare som er rømd i intellektet, meinte Primo de Rivera.

Koplingar til andre land

I Tyskland ser me til dømes korleis det i våre dagar framleis er fullt ut akseptert å vera lokalpatriot, å vera hesse eller bayer eller schwäbe. Denne lokalpatriotismen er so sterkt forankra at ingen kunde tenkja seg å slå ned på honom. Det som derimot er vorte gjort til noko fårlegt og suspekt, det er å hevja seg eit nivå yver dette og verta uppteken av det tyske, for ikkje å tala um noko slikt som det germanske. Å segja at ein er tyskar og at ein er byrg yver det, det er det i våre dagar einast stovereint å segja når det er verdsmeisterskap i fotball…

Kva so med Noreg? I den norske målrørsla er den baskiske og katalonske separatismen tidt og ofte vorten dregen fram som døme til etterfylgjing. Alle slags småe og regionale språk- og lausrivingsrørslor er noko målrørsla og serskilt målungdomen nær sagt hev havt plikt til å stydja upp um. På same måten hev målrørsla vorte til ei dialektrørsla meir enn ei norsk målrørsla. Å læra akademikarar og innvandrarar upp i normaltalemål er ein imot, men å driva med visesong og rap på dialekt er ein for.

Det er elles symptomatisk for den nye 2011-rettskrivingi at det er vorte lovlegt å skriva “dokker” i staden for dykk. Ei form som aldri hev havt hevd i skriftmålet, men som kanskje er ei slags tilmåting til SMS-språket? Nynorsken skal liggja so nær upp mot talemålet som råd er, med “dokker” og “anbeheitelse”, altso alt som kjenner seg nært, naturlegt og spontant. Den store tanken til Ivar Aasen, tanken um å reisa eit norskt kulturmål som samla målføri – i staden for å kløyva dei – den tanken er gøymd burt. Me skal vera nynorske og naturlege i dei nære tingi – her skal det vera talemålsnær nynorsk eller aller helst rein dialekt – og so skal me nytta bokmål og anglonorsk til alt som er tungt og seriøst.

Imperietanken åt Primo de Rivera er heilt klårt noko målfolk hadde mykje å læra av, er det nok mange som vilde ha sagt.

I Libanon er det kristne Kateab-partiet vortne etterfylgjarar etter den spanske falangen. Det libanesiske falangistpartiet hadde litt av den same imperietanken som Primo de Rivera : Libanon er sett i hop av mange ulike etniske gruppor, men nett denne samansetnaden gjer landet til noko unikt i Midtausten, og dei kristne i landet hev ei serskild rolla med å halda landet i hop. Det er ikkje so godt kjent, men faktisk var det europeiske friviljuge med og kjempa saman med det libanesiske falangistpartiet under borgarkrigen på 70- og 80-talet (Sjå til dømes Francis Bergeron sin artikkel “1976, des volontaires nationalistes français aux côtés des phalangistes libanais, une histoire méconnue”, prenta i tidskriftet Synthese Nationale, nummer 35, april 2014).

Arven etter de Rivera

I Spania vann som kjent den nasjonale sida den blodige borgarkrigen etter tri år med krigføring. Det var ein siger som Primo de Rivera sjølv aldri kom til å uppliva. Men um han hadde gjort det, so hadde han nok vorte vonbroten. Den grunnleggjande samfundsumveltingi som han hadde vona på, ho kom aldri.

Primo de Rivera gjorde ein analyse av militærstyret til faren som på mange måtar råka like godt det styret som Franco seinare skulde byggja upp. Primo de Rivera såg at regimet til faren truleg stod og fall med far hans som person. Korkje Miguel Primo de Rivera eller Franco makta å byggja upp nokon sterk ideologi eller nokor rørsla som kunde føra prosjekti deira vidare. Tvert imot so meir eller mindre likviderte Franco den spanske falangen, med di rørsla vart tvangssamanslegi med ymse andre politiske rørslor og gjorde um til Franco sitt statsberande parti.

De Rivera slo fast at um det skulde visa seg at den nasjonale uppreisten ikkje var noko anna enn ein konservativ uppreist for å halda på gamle privilegium, so kom han til å verta kasta i fengsel under det nye regimet med. So langt kom det likevel aldri. Primo de Rivera vart gjord til eit ikon i det Franco-styrde Spania, men hadde han yverlevd borgarkrigen so hadde det trulegt kome til ein konfrontasjon millom dei tvo.

Franco var ingen radikal nasjonalist. Tvert imot, han var ein reaksjonær. Han hadde maktbasen sin i militæret og i den katolske kyrkja, han bygde på det som var framfor å skapa noko nytt. Han gav all makti til kong Juan Carlos då han døydde, men kongen var meir interessert i å liva eit luksusliv enn å taka på seg andsvaret for å styra landet, og han valde å innføra liberalt demokrati so snart Franco var burte. I dag hevdar mange tungor at jamvel det spanske monarkiet stend for fall, i alle fall um ein ser på dei mange demonstrasjonane mot dette – og den minkande mengdi støttespelarar for monarkiet som vågar gå imot desse.

I det gamle standssamfundet var det slik at eigedom og makt var privilegium som det fylgde eit andsvar med. Ein kunde ikkje gjera nett som ein vilde, med eigedom fylgde både rett og plikt. I Noreg er framleis odels- og åseteretten eit livande døme på dette, endå so uthola han er vorten i vore dagar. Kor som er, det er onnorleides med den moderne borgarskapen: Det som dei eig, det hev dei tent sjølve, og med det gjer dei nett som dei sjølve vil. Her ligg kimen til heile den rotlause forbrukarmentaliteten som i våre dagar øydelegg for både menneske og miljø…

Ein må aldri tenkja at framtidi er tryggja berre landet hev dei rette lovene, um berre styresettet på papiret ser ut til å vera det rette. Eit politisk system er aldri betre enn menneski som skal varveitsla dette systemet. Det nytta ikkje å gjeva makti attende til kyrkja og adelen dersom desse i millomtidi hadde fengje den same innstellingi som borgarskapen. Slik vilde nok Primo de Rivera ha konkludert, hadde han yverlivt borgarkrigen.

Når nasjonalsinna arbeider for nye vindar i Noreg, so kann det ikkje vera for å venda attende til noko som ein gong var og som aldri kann koma attende. Det kann ikkje vera for å leggja all makt i hendene til kronprins Haakon Magnus og hans merkelegt utvalde gemal. Det kann helder ikkje vera for å føra inn att ei allmektig statskyrkja under leiding av dei liberale prestane til Gunnar Stålsett. Ein lyt våga å tenkja større tankar enn som so, og her kunde Primo de Rivera sine tankar og skrifter vera eit interessant innspel i ordskiftet.

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!