Brainwash: Handlingsretta hardkjernerock

Brainwash frå Tyskland er ei musikkgruppa som hev vore aktiv i meir enn ei ti års tid no. Dei høyrer med til veteranane i den nasjonalsinna hardkjernerocken, og det samstundes som dei aldri hev slutta å fornya seg sjølve. Kvar ny plata hev vore betre og meir profesjonelt produsert enn den fyrre. Faktisk vil eg gå so langt som å segja at dei er vortne sjølve flaggskipet for nyskapande, nasjonalsinna hardkjernerock. Musikk med meining kann ein i alle fall trygt kalla det.

Den fyrste fullengdaren deira, “Moment of Truth”, kom ut i 2006. Alt på dette albumet stikk Brainwash seg tydelegt ut frå andre hardkjernegruppor – med ein sereigen, sint og “groovy” hardkjernerock som til tider minnar litt um Rage Against the Machine:

“Freedom is the call – Now I’m striking back! The end of the suppression! Revenge for the fallen brothers!”

Berre det innleidande titelsporet åleine er verdt heile platekjøpet, men her gjeng det vidare frå det eine høgdepunktet til hitt. Til dømes “Brainwash Brotherhood” eller “We still believe”.  Kjappe taktskifte og endelause vekslingar millom trashige riff, aggressiv koring og sentimentalt gitarsolospel – alt med ei retteleg kald og steril instrumentering – gjer lydarupplevingi til ein einaste stor emosjonal berg-og-dalbane. Her rekk ein aldri å keida seg, men sliten kann ein til slutt verta…

Den siste fullengdaren deira, “Time to Act”, kom i 2013. Både musikalsk og politisk kann ein sjå at gruppa hev kome seg eit godt stykkje vidare…

“The moment of truth is over. Now is the time to act”, lyder det i introen.  Og det skal vera visst: Når ein vaknar upp og skynar at ein er vorten halden for narr heile livet sitt, so er det på sin plass å gje utlaup for sinnet sitt (“Moment of Truth”) – men når tidi er komi for å handla, so treng ein å halda hovudet kaldt. “Time to Act” målber nett denne freistnaden på å styra den musikalske og politiske energien i ei byggjande stemneleid.

Or plateumslaget på "Time to Act" (2013)

Or plateumslaget på «Time to Act» (2013)

Medan “Moment of Truth” er ei plata som ein einast kann lyda til i småe dosar um gongen, so er “Time to Act” ei plata ein kann lyda til i timesvis. Det er hardt so det held, men utblåsningane vert heile vegen kompenserte med meir melodiøse innslag der tempoet er roa ned eit hakk eller tvo. Og medan “Moment of Truth” var sett saman av ei rad melodiar som gjekk i same tralten, so er “Time to Act” mykje meir mangslunge. Kvar låt er noko for seg sjølv, og det er nett dette som gjer at ein aldri gjeng leid. Eg tek i resten av dette stykkjet fyre meg nokre av dei låtane eg tykte mest um:

“Death before dishonor” er ei låt som vert drivi fram både av aggressiv riffing og leikande gitarspel. Saman med den klagande vokalen so byggjer ein upp litt av den same stemningi som ein sumtid finn hjå andre melodiøse hardkjernegruppor som til dømes britiske “More than life” eller “Carcer City”.

“Glorious Soldiers” er ei låt som er litt meir i same gata som gode, gamle “Moment of Truth”. Det byrjar med eit seigt riff som byggjer seg upp med flyalarm og sirenor: Her er det ålvor! Den pure aggresjonen fører oss attende til ei tid der mennene var rettelege menner, og der den europeiske soga vart avgjord i ein storm av stål…

“Raise Your Fist” er ei låt der det råe og upolerte sinnet i det innleidande partiet løyser seg upp i ein flaum av milde kjenslor i refrenget. Ikkje gjev upp, syn deim at du kann, er bodskapen. Ikkje so vandslegt å slutta seg til!

“You make me sick” er på den andre sida eit einaste langt raseriutbrot mot folk veit kva som skjer, men som stend på sidelina og ikkje gjer noko av di dei er redde for karriere eller sosial status… I denne låti glid me musikalsk sett yver i ein slags melodisk daudmetall som minnar litt um svenske In Flames.

“Mayhemic Silence” er den siste og dystraste av alle låtane. Vokalisten hev lagt um til ei tyngre og meir malmfull røyst – og fær med det fram endå ei ny og uventa sida ved seg sjølv. Dette er ein metallballade som innleidingsvis kunde minna litt um noko som Metallica kunde ha gjort på slutten av 1990-talet – eller kannhenda er det Paradise Lost ? Kor som er, ein ikkje skal venta so lenge fyre hardkjerneinnslagi atter vert tydelege nok. Teksti er av det meir ambivalente slaget, og det er kanskje grunnen til at det er den einaste som dei ikkje hev sett på prent i heftet sitt…

Det er lett å vera pessimistisk når ein ser det som hender i Noreg, i Europa og i verdi i dag: Kommunesamanslåingar, sentralisering, masseinnvandring, flyktningstraumar, krigar, globalisering. Skal ein resignera eller ein freista å gjera noko – og kvar hen skal ein byrja i so fall? Bodskapen som vert boren fram i “Time to Act” er at det er er moglegt å gjera noko. Ein kann knyta neven og slå attende mot eit rotnande system som gjer oss alle til passive og medvitslause konsum-menneske. Det er framleis saker ein kann kjempa for: Familien sin, venene sine, folket sitt. Um flestalle andre ynskjer å sova vidare, so kann ein i minsto frigjera sitt eige sinn, ein kann finna likesinna og skapa eit alternativ. Det er upp til oss å forma framtidi.

“Tradition is not the worship of ashes, but the preservation of fire…”

Ornella Winter