Valresultat 2015: Folket vil ha fylket

Kommune- og fylkestingsvalet for 2015 gjev eit eintydig resultat: Det er dei partii som er kritiske til den varsla kommune- og fylkesreformi som gjeng fram. Alle dei hine partii gjeng klårt attende. I Sogn og Fjordane hev det sentraliseringskritiske Senterpartiet vorte det største partiet av alle – med heile 11 mandat i fylkestinget. I valkampen hev Senterpartiet vore nokso anonyme, so framgangen deira kann ikkje tolkast som noko anna enn ein protest mot den sterke sentraliseringsviljen åt regjeringspartii.

Nest størst i Sogn og Fjordane, etter Senterpartiet, vert Arbeidarpartiet – med åtte mandat i fylkestinget. Jamvel um Arbeidarpartiet på landsplan hev vore positive til å skifta ut fylkeskommunane med regionar, so hev Sogn og Fjordane Arbeidarparti teke eit klårt standpunkt um at dei vil arbeida for å halda uppe Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Det same hev Miljøpartiet Dei Grøne og SV gjort – og dei er inne med kvart sitt mandat, dei med.

Ein kann dimed slå fast at av dei 33 mandati i fylkestinget, so er heile 21 mandat tekne av lokalpolitikarar som hev lova veljarane å kjempa for fylket sitt. Ser me konturane til ein raudgrøn sjølvstendeallianse for Sogn og Fjordane? Under alle umstende so hev dei partii som vil ta vare på fylket fenge eit solid fleirtal andsynes Høgre, FrP, Venstre og KrF. Dei siste er parti som hev gjort det klårt at dei ynskjer å leggja fylket ned, men som i sum ikkje maktar stabla meir enn 12 mandat på føtene. Alle desse sentraliseringsvenlege partii hev gjenge attende, og for Høgre sin part er uppslutnaden nesten halvert.

Valresultatet i Sogn og Fjordane: Sentraliseringskritiske politikarar hev absolutt fleirtal i fylkestinget - med Senterpartiet som det klårt største partiet.

Valresultatet i Sogn og Fjordane: Sentraliseringskritiske politikarar hev absolutt fleirtal i fylkestinget – med Senterpartiet som det klårt største partiet.

Det er elles verdt å merka seg at ikkje ein gong den rekordstore asylstraumen inn i Europa – med 40.000 asylsøkjarar inn i Tyskland berre i helgi som gjekk – var nok til å hindra at FrP tapte uppslutnad. Folk veit so altfor godt at med FrP i regjering hev me fenge både meir privatisering, meir EU-tilmåting og meir sentralisering – men ikkje mindre innvandring. Ho er tvert imot vorti rekordstor.

Valresultatet i Sogn og Fjordane er soleides eit klårt signal til rikspolitikarane um å lata Sogn og Fjordane Fylke få vera i fred i tidi som kjem. Fylkestinget hev no eit klårt fleirtal av partipolitikarar som hev lova å kjempa for fylket – og um nokon av dei skulde koma til å gløyma det, so skal me vera flinke til å minna dei på det. Me hev e-postane frå dei alle…

Dette svara Sp, Ap, SV og MDG um framtidi for Sogn og Fjordane Fylke:

«Senterpartiet meiner at Sogn og Fjordane skal vere eige fylke også i framtida.»
(E-post frå Per Rune Vereide, fyrstesekretær i Sogn og Fjordane Senterparti, 4. september 2015)

«Vårt utgangspunkt er at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke, og vil jobba for det.»
(E-post frå Michelle Walmann, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, 4. september 2015)

«Sogn og Fjordane SV har vedtak på at vi primært ynskjer Sogn og Fjordane som eige fylke. Det er dette vi går til val på.  Vi har forsåvitt sagt noko om at andre organisasjonskart også må utgreiast, men det var brei semje i årsmøtet vårt på at primært går vi for dagens fylkeskommune.»
(E-post frå Hege Lothe, valkampmedarbeidar for Sogn og Fjordane SV, 9 september 2015)

«Ja er det enkle svaret. Vi avviser tankegangen om at det bor for få folk i fylket til å kunne skape en funksjonell enhet. Vårt hovedankepunkt mot fylkessammenslåing er avstand. SKal S&F slås sammen med feks Hordaland, og et nytt fylkessenter flyttes fra Leikanger/Førde til Bergen er vi 100 år tilbake i tiden – den gang man alltid måtte overnatte for å komme til fylkessenteret. Avstanden fra indre Sogn (Luster) til Bergen vil da bli omlag tilsvarende Oslo – dombås. Tror ikke mange Oslo-folk ville akseptert å reise så langt for å komme til fylkessenteret sitt!»
(Facebook-melding frå Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane, 3. september 2015)

Eit tydeleg signal frå veljarane: Nei til meir sentralisering av Noreg

Som me tidlegare hev freista å argumentera for, so er det å røysta på lokalpolitikarar som gjeng imot kommunereformi den einaste måten ein faktisk kann påverka noko ved valet dette året. Lokalpolitikken elles gjeng ut på å administrera saker som rikspolitikarane alt hev lagt råmone for – anten det gjeld å fordela pengar eller ta imot flyktningar. Men um mange nok kommunar motset seg kommunesamanslåingane – og i neste umgang fylkesnedleggingi – so kann den politiske prisen for å nytta massiv tvang rett og slett verta for høg for Høgre og FrP. Dei hev trass alt berre 2 år på seg fyre neste stortingsval. Og veljarane hev sagt klårt i frå alt no.

Til slutt kann det nemnast at valdeltakingi på riksplan var på under 60 prosent. Berre èin gong tidlegare hev valdeltakingi vore so låg, og det var i 2003. Ein kann soleides konstatera at stødt færre hev tiltru til det politiske systemet. Helder ikkje let folk seg lenger mobilisera av FrP sitt tøffe preik i innvandringsspursmål – dei hev alt sett at dette partiet likevel aldri leverar varone. I staden er det interessant å sjå at dei som faktisk gjeng til valurnene, dei kryssar av for Senterpartiet. I resignasjon og stille protest so gjeng folk altso til eit parti som i alle fall for 20 år sidan, under EU-kampen, kom med ein del visjonar um eit Noreg som skulde vera sjølvstendig og utanfor globalistane sitt faste og klamme grep…

Olav Torheim

Les ogso:
Vel rett for fylket ditt: Lat Sogn og Fjordane få leva!
Gjer kommunevalet til ein sabotasjeaksjon mot kommunereformi!
Frå Homs til Hermansverk: Me hev enno eit val