Gjer kommunevalet til ein sabotasjeaksjon mot kommunereformi!

“Større og meir robuste kommunar som gjev meir effektive tenestor”, det er vorte mantraet som riksstyrepartii Høgre og Frp hev kome med det seinaste året. Eitt av dei viktugaste spursmåli veljarane lyt taka stoda til denne hausten er spursmålet um kommunesamanslåing. Hev veljarane fyresetnadene for å gjera det? Eg vil i dette stykkjet argumentera for at dei ikkje hev det. I staden vert veljarane førde attum ljoset av politikarar som hev ein klår agenda um å sentralisera Noreg so mykje som det let seg gjera. Svaret på dette må vera å røysta på dei lokalpolitikarane som klårt og tydelegt hev ytra seg imot kommunesamanslåing.

Både Høgre og FrP ynskjer å leggja ned fylkeskommunen, men kven som skal taka yver funksjonane åt fylket er til sjuande og sist uklårt. Er det kommunane eller er det staten – eller skal det framleis finnast eit tridje forvaltningsnivå?

I den stortingsproposisjonen som stortingsfleirtalet – alle partii utanum SV og Miljøpartiet Dei Grøne – stelte seg attum, so heiter det at det framleis skal finnast eit tridje forvaltningsnivå. Kor som er, det er fullstendig uklårt kva dette tridje nivået faktisk kjem til å verta og kva som kjem til å verta uppgåvone åt dette tridje folkevalde forvaltningsnivået.

"Større og meir robuste kommunar som gjev meir effektive tenestor i framtidi..."

«Større og meir robuste kommunar som gjev meir effektive tenestor i framtidi…»

Kva skal vera kommunalt og kva skal vera regionalt? Ikkje klårt!

Arbeidarpartiet ynskjer færre og større fylkeskommunar. KrF og Venstre drøymer um å skifta ut fylkeskommunane med regionar – og hev hev teke til ords for ein eigen vestlandsregion. Høgre og FrP er derimot tydelege på at dei i utgangspunktet berre ynskjer tvo forvaltningsnivå, kommune og stat. Her kjem det neppe til å verta gjort noko endelegt vedtak fyre den neste stortingsbolken, og den kompromissproposisjonen som legg til grunn at det skal finnast eit tridje forvaltningsnivå er i røyndi berre gjord for å gjeva breidast moglegt fleirtal for å gå i gang med kommunesamanslåingsprosessane no.

Frå Høgre og FrP sin ståstad er det soleides klårt at målet er størst mogleg kommunar – so store at ein ikkje lenger skal ha bruk for eit regionalt millomnivå i det heile.

Regjeringi vil fyrst fullføra kommuneslamanslåingane, og deretter gå vidare med resten av prosessen, men korleis kann veljarane taka avgjerd um kommunesamanslåing når me enno ikkje veit kva som skal vera uppgåvone åt kommunane?

Kva slags framtidsscenario planlegg me for? Ikkje klårt!

Frå regjeringshald vert det argumentert med at ein treng kommunar og regionar som er store og “robuste” nok til å levera gode tenestor jamvel um ei 40 års tid. Javel, dersom dette er tidsperspektivet, kvifor dette hastverket med å slå saman kommunar fyre ein faktisk hev avgjort kva slags arbeidsuppgåvor det er kommunane skal ha? Kvifor ikkje ta ting i rett rekkjefylgja og fyrst avgjera kva som skal vera arbeidsuppgåvone på kommunalt, regionalt og statlegt nivå? Når ein veit dette, so kann ein byrja diskutera kor store regionar eller fylkeskommunar ein treng – og til slutt kann ein byrja diskutera kommunestruktur.

Og sist, men ikkje minst: Skal me kunna planleggja ein kommunestruktur som fungerar um ei 40 års tid, so treng me ein modell av Noreg slik det mest sannsynlegt er um 40 års tid. NHO kom tidlegare i år med ein rapport der dei hevda at Noreg kom til ha 7 miilionar innbyggjarar um 25 års tid og at mest all denne voksteren skulde koma kring dei store byane. Dei meinte ein laut ta konsekvensen av dette og prioritera samferdsleutvikling kring storbyane. NHO legg med andre ord til grunn for sin samferdslepolitikk at Noreg kjem til å få ein stor folkeauke som fylgje av innvandring – og at sentraliseringi av Noreg berre kjem til å auka på. Er dette dei same fyresetnadene som er lagde til grunn når ein meiner Noreg treng større og meir “robuste” kommunar i framtidi, eller kvifor vert ikkje veljarane fortalde um fyresetnadene for at ein meiner Noreg treng desse storkommunane? Kann det vera av di masseinnvandring og sentralisering ikkje berre er noko som skjer av seg sjølv, men snarare konsekvensar av den politikken styresmaktene fører – og som ein faktisk kann endra på dersom ein ynskjer det?

Endå um det strøymer flyktningar og asylsøkjarar inn i Europa som aldri fyrr, so ser me ingen debatt um kva slags Noreg me faktisk kjem til å få i framtidi. Helder ikkje er det klårgjort kva slags tenestor dei nye kommunane og regionane skal ha andsvaret for framtidi: Nei, fyrst skal ein slå saman flest mogleg kommunar, og so skal ein diskutera resten etterpå. Dette jamvel um det eine faktisk heng beint i hop med det andre: Kor mange kommunar ein fær vert i neste umgang avgjerande for kor store dei nye fylkeskommunane eller regionane kann vera. Um ein til dømes endar med fire storkommunar i Sogn og Fjordane, so vert det i seg sjølv eit argument for å leggja fylket ned.

Kva skal vera statleg og kva skal vera regionalt? Ikkje klårt!

Og kva med dei helseregionane og skatteregionane som vart skipa i samband med at fylkessjukehusi (2001) og fylkesskattekontori (2006) vart lagde direkte inn under staten? Skal desse byråkratisk styrde regionane endelegt koma inn att under folkevald kontroll når fylkeskommunane vert skifte ut med eit nytt og større regionalt nivå – eller kjem desse til å eksistera vidare i ein eigen parallel struktur som er utanfor kontrollen åt regionpolitikarane? Her veit me faktisk ingenting enno.

Dimed vert det faktisk utfallet av kommunesamanslåingsprosessen som kann verta avgjerande for korleis det gjeng med fylkeskommunane. Di færre kommunar som slær seg saman, di meir usannsynlegt er det at kommunane sjølve kjem til å kunna taka yver regionale tenestor som tannhelsestell, vegnett eller vidaregåande skule.

I røyndi er det so godt som sikkert at kommunane ikkje kjem til å yvertaka desse uppgåvone, same kor store dei skulde verta – med moglegt undantak for tannhelsestellet. Noreg er eitt av dei mest sentralstyrde landi i Europa, og ingenting tyder på at ei reform drivi fram av dei mest sentraliseringskåte partii – Høgre, AP og FrP – skulde gje oss mindre sentralisering..

Og kva med lokaldemokratiet?

Skal kommunane framleis vera politiske arenaer som ein kann engasjera seg på eller skal dei vera store tenesteleverandørar som me ikkje treng bry oss med so lenge bosbilen kjem punktleg kvar måndags morgon? Skal me som bur ute i distrikti verta reduserte til passive forbrukarar av offentlege tenestor – eller skal me vera aktive deltakarar i kvardagen ikring oss? Det er desse spursmåli me burde ha stelt oss no, men nett det lokaldemokratiske perspektivet ser ut til å vera fråverande i debatten.

På dette spursmålet hev Arne Rune Gjelsvik frå FrP svara at han trur større kommunar kjem til å styrkja lokaldemokratiet. Korleis? Jau, medan det i småe kommunar kann vera vandslegt å finna folk som vil engasjera seg i politiske parti, so er det i store kommunar mykje fleire menneske slik at ein alltid til slutt finn nokon som vil engasjera seg! Dette i staden for å ta tak i det demokratiske problemet med at stødt færre røystar ved val og stødt færre er med i politiske parti. Di større kommunane er og di større arbeidsuppgåvone deira vert, di meir generelle må dei politiske avgjerdene verta. Politikarane lyt nøgja seg med å leggja eit råmeverk medan dei handfaste avgjerdene vert yverlatne til byråkratar – og det endå det er nett dei handfaste sakene som er dei som engasjerar borgarane. I Danmark var dei nylegt igjenom nett den typen kommunereform som ein no vil ha i Noreg, og konklusjonen på ein fersk forskingsrapport var at resultatet hadde vorte mindre lokaldemokrati.

Ta ting i rett rekkjefylgja: Nei til kommunesamanslåing no!

Når eit lokalsjukehus er nedlagt og når ei gardsdrift er avslutta, so krev det mykje meir ressursar å starta upp att enn det hadde gjort å halda liv i det. Det er mange års upparbeidd kompetanse og lokalkunnskap som vert spreidd for vèr og vind. Og i motsetnad til alle dei hine spursmåli som hev vore uppe til ordskifte i haust – helsetenestor, eldreumsorg, flyktningar – so er ikkje kommunereformi eit spursmål som me kann diskutera vidare um 4, 8 og 12 år. Det er spursmål som kjem til å verta avgjort ein gong for alle i året som kjem. Det komande lokalvalet kjem til å verta avgjerande for kva slags samfundsstruktur me skal ha i mange tiår frametter.

Dei fleste andre lokalpolitiske spursmål som stend på dagsetelen, dei avgrensar seg til å verta eit reint administrasjonsspursmål kring saker som det er rikspolitikarane som set dei faktiske råmone for. Når det gjeld kommunereformi kann den politiske samansetnaden i kommunestyri derimot verta avgjerande for korleis prosessen gjeng vidare i året som kjem.

For dei som ynskjer ein rein og ryddig prosess – der me fyrst set oss ned og diskuterar kva slags samfund me vil ha i framtidi – og deretter korleis me best kann løysa uppgåvone som ventar – og til slutt diskuterar dei praktiske detaljane som kommunegrensor og fylkesgrensor – so kann eg soleides ikkje gje anna råd enn at det gjeld å sabotera det bondefangeriet som den komande kommunesamanslåingsprosessen er. Røyst på dei lokalpolitikarane som segjer klårt nei til samanslåing av din kommune! Di færre kommunar som slær seg saman, di betre! Di fleire kommunar som nektar vera med på notane, di verre vert det for rikspolitikarane å bruka tvang i neste umgang! Anten fær politikarane ta ting i rett rekkjefylgja – eller so treng dei ikkje um å plåga folket med prosessar som dei ikkje hev fyresetnader for å vera med på.

Olav Torheim