Frå Homs til Hermansverk: Me hev enno eit val

Frå bussmassakren i Årdal i 2013 til flyktningstraumane frå Syria i 2015: Dårlege nyhende hev me havt nok av dei seinaste tvo åri, men er desse nyhendi eigna til å vekkja folk upp eller vert me berre sitjande att i avmakt? Det er inkje som kjem av seg sjølv, og ei samfundsendring til det betre fær me einast når dei er ei politisk kraft attum som kann driva henne fram. Titelen på denne teksti, “Frå Homs(*) til Hermansverk(**)”, er soleides medviti vald: Skal me kunna endra noko, so må me byrja med å endra på det som me faktisk kann endra på. Men må tenkja globalt – og samstundes handla lokalt. Ei god byrjing er å segja nei til demonteringi av Sogn og Fjordane – ei demontering som gjeng fyre seg rett framfor augo våre, men som politikarane i lokalvalkampen so langt hev sloppe undan med. Det må dei ikkje få lov til!

Sogn og Fjordane er vorte kalla for “trivselsfylket”, men skal me tru Møreforsking so er fylket for lite. 200.000 skal vera det magiske talet som avgjer um eit fylke er leveført eller ikkje, og Sogn og Fjordane hev berre litt yver det halve innbyggjartalet. Altfor smått, meiner visst sume – utan at dei heilt kann gjera greida for kvifor. Med den varsla kommune- og fylkesreformi, som alle dei store rikspartii steller seg attum, so ligg det i korti at Sogn og Fjordane kjem til å verta lagt inn att under Bergen – og det etter å ha vore sjølvstendig heilt sidan 1763. Fylket er ikkje «robust» nok, skal det heita seg.

Sogn og Fjordane: Ei varsla uppløysing

Dei er alt godt i gang. Sogn og Fjordane vert demontert, stykkje for stykkje. Det gjeng fyre seg både administrativt, økonomisk og jamvel demografisk.

Det fyrste dei tok ifrå oss var fylkessjukehusi, dei hamna i 2001 inn under ein nyskipa Helseregion Vest. Det neste som skulde burt var Fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane. Det vart lagt ned i 2006 og hamna inn under det som skulde heita Skatteregion Vest og som hev sete i Bergen. No er det same åt å henda med Sogn og Fjordane Politidistrikt og med Alarmsentralen i Florø…

Folketalet i bergensregionen berre aukar på. So kva godt skal det koma ut or det at politiarbeidet i Sogn og Fjordane skal styrast frå ein by som sjølv kjem til å få nok av politisaker å stri med i tidi som kjem? So langt hev ingen kome med noko vitugt svar på det…

Likeins er det no med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Styresmaktene hev pålagt dei å greida ut um samanslåing med Høgskulen i Bergen, og det endå høgskuleleidingi alt hev sagt frå um at dei greider seg godt åleine.

Det gamle reiarflagget åt Fylkesbaatane vart fira for siste gongen den 10. oktober 2009. Skal me sjå på at fylket vårt vert plukka ned bit for bit eller er det tid for å heisa upprørsfana?

Det gamle reiarflagget åt Fylkesbaatane vart fira for siste gongen den 10. oktober 2009. 150 års tradisjon vog ikkje tungt nok for den nye konsernleidingi. Kva med dei 250 åri som Sogn og Fjordane hev vore sjølvstendig frå Bergen? Skal me sjå på at fylket vårt vert plukka ned bit for bit eller er det tid for å heisa upprørsfana?

Kor som er, det er nett med pålegg um “utgreidingar” at folket skal verta mentalt fyrebudde på den sentraliseringi som “må” koma. I staden for å diskutera um ein vil ha kommunesamanslåingar i det heile, so vert valkampen nytta til å ordskiftast um kva slags kommunar som bør slåast i hop med kven. Det heile minnar um telefonseljartrikset der ein vert spurd ut um kva slags farge ein vil ha på den nye støvsugaren, og det alt fyre ein fær tenkt på um ein treng produktet i det heile.

Flestalle granskingar syner at det er i dei småe kommunane at folk er mest nøgde med dei kommunale tenestone. Dei einaste som kjem til å tena på samanslåingane er private firma som hev stordriftsfyremuner og som kann hausta profitten etter at anbodsrundane er avslutta.

Skal kommunane framleis vera politiske arenaer som ein kann engasjera seg på eller skal dei vera store tenesteleverandørar som me ikkje treng bry oss med so lenge bosbilen kjem punktleg kvar måndags morgon? Skal me som bur ute i distrikti verta reduserte til passive forbrukarar av offentlege tenestor – eller skal me vera aktive deltakarar i kvardagen ikring oss? Det er desse spursmåli me burde ha stelt oss no, men nett det lokaldemokratiske perspektivet ser ut til å vera fråverande i debatten.

Og kva kjem til å skje med nynorsken um heile Vestlandet skal styrast frå Bergen slik det no vert lagt upp til med den varsla regionaliseringi? Helder ikkje dette spursmålet hev stade serleg høgt på dagsetelen, men ein treng ikkje fara langt for å finna svaret. Grannefylket Hordaland er i seg sjølv krondømet på kva som skjer når bokmåls- og nynorskområde vert slegne saman:

I 1972 vart Bergen Fylke (bokmål) slege saman med Hordaland Fylke (nynorsk), og nynorskkommunane Åsane og Arna vart integrerte inn i Bergen. No er både nynorsken og dialektane so godt som burte i Arna og Åsane, og bokmålet og bergensdialektane et seg inn i grannekommunane Meland, Os, Fjell og Sund. Det som ein gong var nynorskfylket Hordaland held på å verta til ein utvida bergensregion på bokmål. Burde ein ikkje då nytta høvet til å draga upp nokre skarpe grensor, framfor å lata Nordfjord, Sunnfjord og Sogn gå med i same dragsuget?

«Sogn og Fjordane kjem til å finnast i framtida med, endå om fylkesgrensene vert borte…» Dette fekk me nylegt høyra frå ein kar som openbert var lite huga på å diskutera problematikken. Men korleis kann nokon i fullt ålvor få seg til å tru at alt kjem til å verta som fyrr dersom Sogn og Fjordane – med sine 110.000 innbyggjarar – skal hamna inn under Bergen og Hordaland som no tel ein halv million menneske? Kvar hen kjem dei nye regionalpolitikarane til å henta røystene sine frå og kvar hen kjem prioritetane til å liggja? Dette mynsteret hev me alt sett tydelegt frå ordskiftet um framtidi for Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Frå kommunane som eig Alarmsentralen i Bergen var det ingen studnad å få: Tvert imot gjorde dei det klårt at dei stod reiduge til å taka yver funksjonane åt Alarmsentralen i Florø.

Når administrasjonen for dei ulike etatane vert lagde til Bergen og det ikkje lenger finst institusjonar som hev tyngdepunkti sine i Førde eller på Leikanger, kvar hen skal ein då henta den politiske krafti i frå som skal ha fokus på å vidareutvikla Sogn og Fjordane? Sjå berre til Bergen, kva hev hendt med til dømes Åsane etter at kommunen vart slegen saman med storbyen? Det er vorte ein utkant utan noko politisk tyngdepunkt. Salhus hev visna burt og i staden veks kjøpesentri upp kring ein parkeringsplass – utan nokon politisk plan eller perspektiv.

Asylmottak og integrering: Bygdefolket vert ikkje høyrt

I Årdal og Høyanger er folket vorte påtrykte privatdrivne asylmottak – endå både lokalpolitikarar og folk flest hev ytra seg klårt og tydelegt imot. Og den 4. november 2013 vart det tydelegt nok for alle at ein ikkje hadde kontroll. Ein afrikansk asylsøkjar gjekk amok på Valdresekspressen og drap den 19 år gamle Margaret Molland Sanden, sjåføren på bussen og ein svensk statsborgar. Ordføraren i Årdal fortalde etter bussmassakren at lokalsamfundet ikkje var fyrebudde på storinnrykk av asylsøkjarar.

Det som hende i Årdal, det skreiv seg frå ei stoda som var politisk skapt – og andsvaret for å rydja upp i stoda er politisk, det med. I staden for å ta dette andsvaret so valde politikarane – saman med media – å retta fokuset mot Politiet og den påstått skortande responstidi deira. Dette endå alle tri dråpsofferi alt var døde då dei fyrste bilistane uppdaga det grufulle som hadde hendt. Ikkje ein gong med null responstid hadde det gjort noko til eller frå!

Me hev dessutan til gode å få høyra argumentasjonen for kvifor ei politiutrykkjing i Årdal skulde gå so mykje snøggare um ho hadde vore dirigert frå Bergen, slik politikarane gjeng inn for no…

Den 4. november 2013 er for alltid brend inn i soga åt Sogn og Fjordane.

Den 4. november 2013 er for alltid brend inn i soga åt Sogn og Fjordane.

Alle som hev busett seg i eit lite lokalsamfund på Vestlandet – stader der alle kjenner alle – dei veit kor vandslegt det kann vera å finna fotfeste. Same kor greid og umgjengeleg du er, so hev du i motsetnad til grannane dine ikkje vokse upp der, du hev ikkje kjent dei sidan dei var småe – slik som dei kjenner kvarandre på godt og vondt. Jamvel for etniske nordmenner kann det verta vandslegt, og korleis er det ikkje då for afrikanarar frå ein heilt annan kulturkrins?

“Somalierne lever på utsiden av samfunnet i Svelgen. Kommunen sier de ikke klarer å integrere dem.” Det fortel Bergens Tidende den 23. mai 2015 – um dei 65 somaliske asylsøkjarane som av alle stader er vortne plasserte i Svelgen i Ytre Nordfjord. Ja, kva hadde dei venta seg då?

Krig og intervensjon: Det syriske folket vert helder ikkje høyrt

Den 4. november 2013 var ikkje berre dagen for bussmassakren i Årdal. Det var ogso dagen då syriske styresmakter hadde avslutta arbeidet med å øydeleggja alle sine kjemiske våpen – slik USA og dei vestlege statane hadde lagt fram krav um. Den blodige konflikten som skulde senda millionar av menneske på flukt kunde ha kome til ei løysing på nett denne dagen. I staden kom den USA-studde “opposisjonen” med nye krav um at Assad skulde trekkja seg fyre det vart aktuelt med fredssamrødor. Resultatet kjenner me…

Asylstraumen aukar på ved Svinesund, det kjem like mange på eit par dagar som det tidlegare gjorde på eit halvt år. Samstundes er det fullt kaos på jarnbanestasjonane i Ungarn og Tsjekkia, og ved den makedonske grensa melder styresmaktene um 3000 til 4000 asylsøkjarar som kjem yver grensa kvar dag, og det berre aukar på. Dei vil alle vidare inn i Vest-Europa.

I Noreg er politikarane vortne samde um taka inn 8000 Syria-flyktningar og soleides slå ein strek yver innvandringsordskiftet - resten er eit praktisk integrasjonsspursmål som skal løysast ute i kommunane. I millomtidi kryssar i snitt 3000 flyktningar grensa til Makedonia - kvar einaste dag. Sume dagar er dei so mange som 4000...

I Noreg er politikarane vortne samde um taka inn 8000 Syria-flyktningar og soleides slå ein strek yver innvandringsordskiftet – resten er eit praktisk integrasjonsspursmål som skal løysast ute i kommunane. I millomtidi kryssar i snitt 3000 flyktningar grensa til Makedonia – kvar einaste dag. Sume dagar er dei so mange som 4000…

Noreg hev nyss gjort vedtak um å taka inn 8000 Syria-flyktningar, men det er rein symbolpolitikk når ein framsteller stoda som um det kjem til å stogga der. Det er ingen grensekontroll å tala um lenger, og ved EU sine yttergrensor er stoda heilt ute or kontroll. Det var ein fyresetnad for Schengen-avtala at vakthaldet ved EU sine yttergrensor skulde verta styrkt. men dette hev ein ikkje lukkast med.

Nett no sit me og ser på fjernsynet korleis tusundårgamal verdsarv vert sprengd i småbitar i Palmyra – og det utan at nokon frå “det internasjonale samfundet” grip inn. Samstundes les me i VG um tri afrikanarar som gruppevaldtok ei 14 år gamal gjenta, men der retten ikkje er i stand til å gje dei onnor straff enn ti månaders fengsel og samfundstenesta for seksuell umgang med ein mindreårig…

Tilsynelatande er det maktesløysa som råder – både på lokalt, nasjonalt og europeisk nivå.

Tid for å vakna. Tid for å handla

Det finst eit svar på alt dette. Svaret er at me må taka attende landet vårt, me må taka attende lokalsamfundi våre, me må taka attende livi våre. Noreg må ut or EU og EØS, dei “humanitære intervensjonane” må få ein slutt, grensekontrollen må attende, sentraliseringi må stogga, lokaldemokratiet må styrkjast. Me må byggja samfundet vårt upp att, og dette arbeidet må byrja nedanfrå: Du og eg må verta politiske menneske i kvardagen vår. Politikk er for viktugt til at politikarane kann få driva med det åleine!

Det var ingen flyktningstraum frå Libya, Irak og Syria då desse landi fekk råda seg sjølve i fred frå vestleg innblanding. Tvert imot, so lenge Gadaffi rådde i Libya so hadde han streng kontroll med båttrafikken yver Millomhavet. Då NATO gjekk til krig for å styrta Gadaffi-regimet, so åtvara han mot konsekvensane, og han synte heilt konkret til det trugsmålet den ulovlege innvandringi representerar. Han vart ikkje høyrd…

Sogn og Fjordane er ein miniatyr av Noreg slik det ein gong var – og Sogn og Fjordane er gong etter gong vorte kåra til det beste fylket å bu i. Det er fylket med minst kriminalitet, det er det aller siste fylket der det vart registrert tilfelle av HIV-smitte, det er fylket der nynorsken stend sterkast i Noreg – og det er fylket der skuleelevane gjer det best. Sume forskarar hevdar jamvel at det er ein samanheng her!

Sogn og Fjordane er ein miniatyr av Noreg slik det ein gong var...

Sogn og Fjordane er ein miniatyr av Noreg slik det ein gong var…

Er ikkje Sogn og Fjordane Fylke verdfullt nok til å verta teke vare på? Er ikkje folket som bur i fylket verdfullt nok til å få vera i fred frå ei stødt meir påtrengjande globalisering? Eller kann det vera at nokon tykkjer fylket er vorte ein torn i auga som må vekk?

Det treng ikkje um å enda slik. Då NRK vilde leggja ned NRK Sogn og Fjordane, so førde det til ein reaksjon som faktisk enda med ei styrking av distriktskontoret – og i dag hev me Nynorsk Mediesenter på Sandane. Endå um det brenn eit blått ljos for fylket vårt, so er det moglegt å snu det til noko positivt. Ingenting er avgjort… enno!

Tid for å velja…

Me hev spurt alle parti som steller listor i Sogn og Fjordane um dei meiner Sogn og Fjordane bør få eksistera vidare som administrativ eining eller ikkje:

  • Sogn og Fjordane Høgre hev gjeve oss mobilnummeret til fylkesordførarkandidaten deira, Noralv Distad, men han vil ikkje svara korkje på uppringingar eller SMS. Det er kanskje ikkje so rart, for Høgre-regjeringi sin politikk gjeng ut på å skifta ut fylkeskommunane med ein mykje meir grovmaska regionstruktur.
  • Sogn og Fjordane Frp hev ignorert alle våre fyrespurnader um saki, men når ein ringjer til FrP-kontoret i Oslo so fortel Arne Rune Gjelsvik at FrP styd regjeringi sin plan um å skifta ut fylkeskommunane med regionar – og at han reknar det som “heilt sikkert” at eit lite fylke som Sogn og Fjordane kjem til å verta burte. “Noko anna hadde vore rart”, slær han fast.
  • Sogn og Fjordane Arbeidarparti hev ignorert alle våre fyrespurnader um saki. På riksplan høyrer Arbeidarpartiet med til det stortingsfleirtalet som vil skifta fylkeskommunane ut med ein regionstruktur (Redigering: Etter at me publiserte artikkelen vår, so er me vortne kontakta av organisasjonssekretær Michelle Walmann. Ho skriv i ein epost at: «Vårt utgangspunkt er at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke, og vil jobba for det«.).
  • Sogn og Fjordane Venstre hev kome med eit tydelegt svar der dei gjer det klårt at dei faktisk ynskjer å leggja ned Sogn og Fjordane Fylke og slå det saman med Hordaland. Sogn og Fjordane KrF hev sendt oss eit meir eller mindre likelydande svar: Dei vil slå Hordaland og Sogn og Fjordane saman til ein vestlandsregion der ein aller helst jamvel bør få Sunnmøre med!
  • Dei Kristne i Sogn og Fjordane vil ikkje gje noko konkret svar på kva dei meiner um framtidi for Sogn og Fjordane, men meiner generelt at Fylkeskommunen bør leggjast ned og at arbeidsuppgåvone bør yverlatast til storkommunar. På uppfylgingsspursmål um dei meiner vegnett, tannhelseteneste og vidaregåande skule i so fall skal verta ei kommunal uppgåva – eller um dei i praksis gjeng inn for statlegt styrde regionar utan eit lokaldemokratisk styringsnivå – so svarar dei at dei vil ha kommunar som er store nok til å kunna taka yver alle arbeidsuppgåvone som høyrer fylket til…
  • Sogn og Fjordane Senterparti, Sogn og Fjordane SV, Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane og Raudt Sogn og Fjordane er dei einaste fylkespartilagi som hev svara klårt ja på at dei vil ta vare på Sogn og Fjordane Fylkeskommune!

Framfor det som kanskje kann verta det siste fylkestingsvalet, so hev me altso den stoda at det einast er representantane for det ein må kunna kalla fire småparti på sentrum-vinstre-spekteret som er viljuge til å kjempa politisk for fylket sitt…

Bussmassakren i Årdal i 2013 var ingen naturkatastrofe. Det er helder ikkje flyktningstraumane frå Libya og Syria i 2015. Um Sogn og Fjordane Fylke vert lagt ned um eit par års tid, so skjedde det av di me let det skje – og ikkje gjorde noko med det medan me endå kunde. Avviklingi av fylket vårt skjer ikkje berre som fylgja av ein medviten politikk frå dei største politiske partii – men like mykje i fråværet av eit politisk medvit hjå alle oss andre um kva det er som stend på spel.

Me hev eit val. Me kann gjera røysti vår høyrd. Me kann konfrontera politikarane som vil lata fylket vårt døy. Lat oss nytta kommunal- og fylkestingsvalkampen til å gjera nett det!

Olav Torheim

(*)Homs er ein av dei byane i Syria der borgarkrigen tok til i 2011 og der nokre av dei hardaste og blodigaste kampane gjekk fyre seg.

(**)Hermansverk er kommunesenteret i Sogn og Fjordane

  • Slemdal

    Godt det er noen skribenter som evner å sette ting i perspektiv.

    • Olav Torheim

      Takk for den! 😉