Gabriele Adinolfi med europeiske visjonar

Gabriele Adinolfi er so godt som ukjend i Noreg. I høgreradikale krinsar ute i Europa hev han derimot gjort seg eit stort namn. Saman med Roberto Fiore var Gabriele Adinolfi grunnleggjar av Terza Posizione på 1970-talet, og på 1980-talet laut han gå i eksil i Frankrike under det som vart kalla for “bly-åri”. Vel attende i Italia hev han på 2000-talet etablert seg som nasjonalistisk teoretikar og ideolog med sitt eige Institutt Polaris, og han er rekna som ein av inspiratorane åt den sosiale rørsla Casa Pound. No hev Adinolfi skrive ei bok um Europa. Det er ei bok som alle som søkjer etter alternativ til det rådande EU-systemet kunde ha godt av å bryna seg på.

“Det var ein gong ein avant-garde”, det er titelen på den fyrste bolken i boki. Her slær Adinolfi fast at den kritikken som mange europeiske nasjonalistar framfører mot EU vantar perspektiv. Han stend i sterk kontrast til dei europeiske visjonane som europeiske nasjonalistar var dei fyrste til å setja fram for eit førtitals år sidan. Den gongen var det “Europe Nation” som stod på dagsetelen.

Gabriele Adinolfi

Gabriele Adinolfi

“Europe Nation” var ein parole som framfor alt vart sett fram i nasjonalsinna krinsar i Italia og Frankrike. Tanken um eit samla Europa voks ut or den sannkjenningi at alle dei store imperiemaktene som Storbritannia, Frankrike, Nederland og Spania hadde tapt koloniane sine. Dei var soleides komne til eit vegskilje. Anten laut dei europeiske landi redusera ambisjonane sine og yverlata til USA og Sovjetsamveldet å verta dei store og sterke maktene i verdi, eller so laut ein gå saman.

Reaksjonær forsvarskamp hjelper berre dei undergravande kreftene

Etter Adinolfi sitt syn, so hev nasjonalistane i Europa gjenge frå å vera ein politisk og intellektuell avantgarde til å verta reaksjonære forsvarsfolk for strukturar som hev mist den upphavlege substansen sin og dimed utspela si rolla. Dei fleste EU-kritikarane og EU-skeptikarane stend for ein nostalgi for den europeiske nasjonalstaten slik han var fyrr. Det gjer dei endå um dei sosialdemokratiske og kristelegdemokratiske nasjonalstatane på 1950- og 1960-talet bar i seg tendensane til alle dei problemi me hev i dag.

Det er velkjent at EU slit både med “demokratisk underskot”, med ovstort og ineffektivt byråkrati – og med pengesterke lobbygruppor som set politikarane på sidelina. Desse problemi hev vore mykje umtala i ålmenta, men er dette problem som er sermerkte for EU? Talar ein ikkje snarare um problem som er generelle for heile det liberale demokratiet? Adinolfi meiner det, og han meiner difor at det berre er å gjera seg illusjonar dersom ein trur at desse problemi skulde verta mindre innanfor råmeverket åt nasjonalstatar som er tufta på den same liberaldemokratiske modellen. Dei som trur slikt, dei skynar ikkje korleis det liberale demokratiet fungerar og korleis det langsamt bryt ned alle alternative og hevdvunne strukturar.

Kor som er, slik er det med det meste av den konservative forsvarskampen i dag. Vår tids «konservatisme» er i røyndi ein liberalisme som køyrer med handbrekken på. Det tek berre litt lengre tid fyre ein endar på same staden. Den “sunne fornufti” åt “folk flest” som populistiske protestrørslor hevdar at dei målber, det er som regel ikkje anna enn ein freistnad på å slakka ned ei utvikling som dei tykkjer gjeng for snøgt, men som dei ikkje hev noko truverdig alternativ til. Adinolfi kjem med nokre dagferske døme frå det offentlege ordskiftet:

1) Nasjonalistar og konservative vil gjerne slå ring um “familien”, men kva slags familie talar dei um? Familien slik han er i dag er vorten ein “Ersatz” til den familien som tradisjonelt hadde funne sin naturlege plass i ein storfamilie- og klanssamanheng – og som på den måten kunde vera byggjestein i ein organisk samfundsstruktur.  Den moderne kjernefamilien er derimot like atomisert og isolert frå andre huslydar som einskildmenneski i forbrukarsamfundet er det frå kvarandre. Slik kann det i neste umgang framførast at ungar lyt i barnehagen for å verta “sosiale”, framfor å verta isolerte heime. Dei same argumenti høyrer me i vårt eige Noreg i ordskiftet kring kontantstudnaden.

2) Likeins ser me at dei tradisjonsmedvitne taper ordskifti um homoekteskap og homoadopsjon. Kvifor skal ikkje homofile ha dei same rettane og få uppfylt dei same egoistiske ynski um born og familie som det heterofile fær? Kvifor skal konservative kristne få blanda seg upp i korleis andre vel å liva sine private liv? Når ekteskap og familie hev vorte redusert til noko reint privat, so vert det ikkje anna enn moralisme når ein kjem og vil fortelja andre korleis dei skal liva sitt liv. Slik detaljregulering bryt dessutan med den tradisjonelle indoeuropeiske fyrestellingi um frie menneske som disiplinerar seg sjølve (dette spegla seg att i mytologien med, der ein i motsetnad til religionane frå Midtausten ikkje vart tvinga til å nasegrust underkasta seg ein autoritet, og det under trugsmål um gruvsame straffer). Adinolfi argumenterar for at ekteskapet må plasserast inn att i ein samanheng som gjer det til noko meir enn ein berre ein slags upphøgd sambuarkontrakt millom tvo egoistiske individ – slik det diverre er vorte til i dag. Berre slik kann ein slå attende åtaki frå LGBT-lobbyen, hevdar han.

Familien er ein samanheng.

Familien er ein samanheng.

Eller kva med eit døme frå vårt eige Noreg: 3) I sidemålsordskiftet vert det stødt – og med rette – argumentert med at nynorsk er vandt å læra og full av valfridom og rot. Målfolk flest freistar burtforklåra dette, men yvertyder ingen. Kvifor ikkje helder taka tyren ved horni og reisa dei høgnorske ideali?

Det er ein fundamental kritikk mot det liberale demokratiet at den demokratiske staten etablerar seg som ein parallellstruktur som langsamt bryt ned dei strukturane som frå gamalt av heldt samfundet uppe – jamfør Charles Maurras sine teser um “det formelle landet” og “det reelle landet”. Alt det som frå gamalt av var rekna for vent og verdfullt er takk vere det liberale demokratiet vorte pervertert til å verta sitt eige motstykkje, kann sume i dag gå so langt som til å hevda i dag. Ein hjelper berre dei undergravande kreftene dersom ein ikkje kann lyfta fram andre alternativ enn dei nest dårlegaste alternativi, poengterar Adinolfi.

Slik er det i Europa-ordskiftet med: Det trengst eit radikalt nytt og truverdig alternativ. På same måten som med familien so treng nasjonen å vinna attende substansen sin, og det kann han einast gjera um han gjeng inn i ein større samanheng. Denne større samanhengen er det lagnadshopehavet som dei europeiske folki hev saman.

Isolerte nasjonalstatar er ikkje noko å venda attende til

Nasjonalstatane Frankrike, Italia, Storbritannia og Tyskland er ikkje dei stormaktene dei var fyre andre heimskrigen. Det er ikkje berre tapet av koloniane som er grunnen til det. På 1980-talet fekk me satellittyvervaking og på 1990-talet kom Internett. Me hev fenge “Big Data” og masseyvervaking i stor skala frå dei store maktene – jamfør til dømes NSA si massive yvervaking av tyske styresmakter. Nasjonalstatane åleine hev ikkje noko å stella upp mot dette. Det trengst ei motmakt på kontinentalt nivå.

Ein retur til liberaldemokratiske nasjonalstatar kjem soleides berre til å gjera Europa endå veikare enn det er i dag. Dei europeiske statane kjem ikkje til å sitja med nokor reell makt, men slita med nett dei same problemi som fyrr – og det på eit nivå der det ikkje lenger er råd å løysa deim.

Um ein til dømes ser på den militære stoda, so er militært materiell vorte so dyrt og høgteknologisk at ikkje noko land kann halda seg med det åleine. Ein er nøydde til å samarbeida. Um Sverike til dømes skal halda fram med å utvikla kampfly, so treng dei at nordiske land gjeng saman um å hjelpa med dette – framfor å kasta milliardar ut vindauga til USA slik det er i dag.

Faktisk so er det slik at Europa hev gjort det bra på romfart og luftart. ESA-samarbeidet, Airbus og Eurofighter er gode døme på at europearar kann lukkast når dei vel å samla kreftene.

Eurokrisa og asylstraumen inn i Europa syner at eitkvart er grunnleggjande gale med heile EU-systemet. Skal ein koma ut or den rådande vanstoda, so trengst det ein alternativ visjon. Nasjonalstatane kann berre få makt og påverknadskraft attende dersom det skjer innanfor råmeverket åt eit føderalt Europa, det er poenget som Adinolfi fører til torgs.

Regionale, nasjonale og europeiske identitetar styrkjer og utfyller einannan

Til liks med dei identitære so trur ikkje Adinolfi at regional, nasjonal og europeisk identitet er identitetar som stend i motstrid til einannan. Som eit døme på dette dreg han fram Tyskland. Den tyske uppkløyvingi i bundesland, alle med sin eigen identitet og serhått, syner at dei regionale identitetane slett ikkje treng å gå på kostnad av den nasjonale identiteten. Tvert imot kann dei styrkja kvarandre. Ein regionalisme av det tyske slaget kunde ha løyst mange av dei etniske konfliktane og spenningane som ein hev i til dømes Frankrike og Spania. So lenge det er den etniske identiteten som stend i sentrum, so finn alle dei hine identitetane sin naturlege plass i hierarkiet.

Um ein tek turen til Frankrike, so hev det heilt sidan den franske revolusjonen si tid vore ein einsrettande nasjonalisme som hev rådd grunnen. Denne statsnasjonalismen vert kalla for jakobinisme. Etter den franske revolusjonen vart dei gamle provinsane skifte ut med eit hopetals “departement” der grensone vart dregne på slump – og der ein jamvel hadde nummer i staden for namn. Til dømes hev ein Elsass uppkløyvt i departement 67 og 68. Dette hev vore ein heilt medviten politikk for å bryta ned lokale identitetar og tvinga Paris-kulturen på alt folket.

No hev styresmaktene nyss kløyvt upp landet upp i nye og store regionar, men diverre er desse nye regionane einaste bygde på ei rein slumpesam fusjonering av mindre regionar. Det er det rådande sosialistpartiet som hev nytta fleirtalsmakti si til å tvinga desse endringane igjenom, mot røystene til UMP og Front National. Til dømes so vilde ikkje styresmaktene nytta høvet til å slå saman Bretagne og Pays de la Loire til èin samla bretonsk region, slik lokalfolkesetnaden ynskte, og det samstundes med at det tradisjonelt tyskspråklege Alsace vart tvangssamanslege med Lorraine, Champagne og Ardennes til ein historielaus kjemperegion som aldri tidlegare hev funnest. Statsminister Manuel Valls gjekk so langt som til å segja at “det finst ikkje eit elsassisk folk” (Manuel Valls : «Il n’y a pas de peuple alsacien. Il n’y a qu’un seul peuple français», dna.fr, 14. oktober 2014). Ein hev ikkje nytta høvet til å byggja upp regionar som knyter upp til den historiske og etniske serhåtten.

1989/1990: Ein historisk sjanse – som gjekk tapt

Det var eit historisk høve kring 1989/1990 til å få eit samla Europa. Tyskland og Frankrike tala jamvel saman um å skipa ein sams europeisk hèr. Ikkje nok med det: Russland var faktisk viljuge til å gjeva Aust-Preussen attende, men dette vart avvist av Bonn-riksstyret – trulegt i redsle for reaksjonar frå Storbritannia – og heile utspelet vart halde løynt for ålmenta i 20 år. Den gongen var Russland bankerott og hadde gladelegt gjeve Königsberg (Kaliningrad) i frå seg. Kann henda hadde Polen gjort det same? Her kunde det ha kome til ein kjedereaksjon som me aldri fær vita endskapen på (Kjelda: “Wiedervereinigung: Moskau bot Verhandlungen über Ostpreußen an”, Der Spiegel 21.05.2010 ).

På dette tidspunktet hadde helder ikkje CDU godteke Oder-Neisse-lina. Jamfør tala åt CSU-leidar Theo Waigel på Schlesiertreffet i september 1989, som snaudt nok ein NPD-målsmann vilde ha våga framføra i dag:

«Med kapitulasjonen åt tyske Wehrmacht, den 8. mai 1945, gjekk det tyske riket ikkje under. Det finst ingi folkerettslegt verksam akt som skil dei austlege partane åt det tyske riket ut frå dette. […] Vårt politiske mål, det er og vert verande at det tyske folket kann nytta sjølvråderetten til å skipa upp att den statlege einskapen sin.»

Eit samla Europa der eit samla og nøytralt Tyskland var den politiske og økonomiske drivkrafti? Det hadde nær sagt vore for godt til å vera sant. I staden vart DDR annektert inn i NATO-staten BRD. Og eit par tiår seinare vart jamvel Frankrike reintegrert inn i NATO.

Når USA pressar på for å få Tyrkia inn i EU, so er det nett av di dei ikkje ynskjer eit “europeisk” Europa. Dei er redde for det eit samla Europa kann få til. Eit Europa som er samla på eit anna grunnlag enn det reint økonomiske.

Brannfakkel: EU er ikkje udemokratisk, det er tvert um altfor demokratisk

Den europeiske unionen vert kritisert for å vera udemokratisk. Adinolfi snur saki på hovudet: Det grunnleggjande problemet er at EU er _for_ demokratisk. Det er ministrar frå dei ulike landi som møtest på eit rundebordsnivå og må verta samde – og i beste fall kann dei taka avgjerder med kvalifisert fleirtal. På denne måten vantar EU nokon eigen politisk autoritet – og det vert dei reint byråkratiske kommisjonane som vert sitjande og arbeida ut lover og regelverk som ministrane skal verta samde um. Sidan EU-kommisjonen ikkje hev nokon røynleg politisk autoritet som han lyt stå andsvarleg andsynes, so vert han eit lett bytte for alle slags pengesterke lobbygruppor.

Den europeiske sentralbanken kann berre utferda 8% av euroen – han burde etter Adinolfi sitt syn havt høve til å utferda alt. Det er dei nasjonale bankane i dei ulike landi som eig sentralbanken, men dei fleste nasjonale bankane er utanfor politisk kontroll – dei med. Den italienske sentralbanken vart privatisert alt i 1981.

Det er ikkje ein retur attende til like udemokratiske nasjonalbankar som trengst, det er ein reell politisk kontroll yver den europeiske sentralbanken, meiner Adinolfi. Til dømes kunde nasjonalforsamlingane i dei ulike landi peika ut representantane direkte, i staden for at dei private sentralbankane gjer det.

Sentralbanken bør dessutan setja seg fleire målsetnader enn rein valutastabilitet. Økonomisk vokster og sosial utjamning er vel so viktugt.

Masseinnvandringi er våpenet åt storkapitalen.

Masseinnvandringi er våpenet åt storkapitalen.

Det nye Europa kjem ikkje til å skapa seg sjølv

Den nivellerande einskapen som EU stend for i dag, og som ikkje er tufta på anna enn reine finansielle umsyn, må skiftast ut med ein organisk einskap. Det er ein einskap som gjev europearane styrken attende på alle nivå – framfor å flata ut og øydeleggja.

Gabriele Adinolfi veit vel at dei visjonane som han dreg upp er langt undan det som dei fleste tenkjer er moglegt å få til i dag. Men utan radikale visjonar er det ikkje moglegt å endra på det slag.

Ingen reaksjon hev nokon gong lukkast dersom han ikkje fører med seg ei grunnleggjande endring av makttilhøvi. Røyndomen er at alle dei problemi som me hev med EU, dei hev me på nasjonalstatlegt nivå med. Å avskipa EU er å verta sitjande med dei same problemi på eit nivå der ein er endå meir maktlause. “Nasjonalisme i eitt land” kjem ein ingen veg med, det er berre å spela den verdspolitiske ballen yver til USA, Russland og Kina.

Det er klårt at einskildstatane helder kann velja å «samarbeida» um avgrensa uppgåvor på eit slags nasjonalstatlegt rundebordsnivå der ministrar møtest og tek fleirtalsavgjerder, medan kommisjonar og byrå lagar planar og gjer detaljarbeidet – men då er me i praksis nett der som EU er i dag (det er det same ein ser i miniatyr i Noreg med dei store interkommunale selskapi som liver sitt eige liv utanfor politisk kontroll).

Adinolfi tek ikkje til ords for at me skal verta EU-lobbyistar, snarare tvert imot: Han argumenterar for at det må byggjast upp motkrefter til det rådande EU-systemet. Dette må skje frå grunnen av – og det må skje på eit europeisk nivå.

Mange nasjonalistiske rørslor og parti hev skrive sers gode program som dei hev gjenge til val på. Dei hev dessutan kunna spela på generell misnøgje i folkesetnaden og sumtid fenge sers gode valresultat. Problemet er at det stoggar alltid der: Det er sers avgrensa kva ein kann få til på det parlamentariske umkvervet, og folket vender dei fyrr eller seinare ryggen når dei ser at ingenting skjer. Dei endar med å gå i frø utan å ha konstruert det slag på det sosiale umkvervet som kunde ha gjeve deim ryggstødet dei trong for å koma seg vidare.

Det som ein treng å gjera er å byggja den sosiale basisen som gjer det moglegt å koma i posisjon til å setja visjonane ut i livet. Dei må arbeida både politisk og meta-politisk og byggja upp ei motmakt som i neste umgang kann setjast upp mot dei rådande europeiske maktstrukturane. Sosiale prosjekt som med italienske Casa Pound er berre eitt av mange døme på sovorne initiativ. Med Casa Pound freistar ein å organisera folk beinveges med å skaffa seg det som dei treng og som styresmaktene nektar dei, som med husokkupasjonar for å skaffa fatigfolk tak yver hovudet. Målrette og beinveges aksjonar som folk ser at dei hev noko att for, framfor å protestera og krevja at politikarane skal gjera noko. Eit anna døme som Adinolfi dreg fram er Chrysi Avgi i Hellas. Dei hev nytta seg av det momentumet som dei gode valresultati gav deim til å byggja upp strukturar hjå greske vesalfolk. Til dømes vert løni åt parlamentsmedlemene nytta til å driva supermarknader for fattigfolk der dei armaste kann få kjøpt naudsynte varor til hushaldet sitt. Likeins hev dei organisert “folkeambulansar” som rykkjer ut og ordnar upp der det er problem.

Saman for Europa.

Saman for Europa.

Stødt fleire europearar uppliver problemi med masseinnvandringi direkte på kroppen, dette gjeld serskilt dei vesale og lågtlønte som fær eit nytt, importert undersjikt som dei må tevla mot. Men den ålmenne kjensla av tapt identitet og kultur når mykje lengre, og her er det høve til å byggja alliansar både sosialt og på tvers av landegrensor. Adinolfi gjer seg tankar um ulike slags initiativ og kampanjar som nasjonalistane kann sparka i gang yver heile Europa, og det kring emne som når lengre enn dei “vanlege” nasjonale sakene. Til dømes sams kamp mot lækjemiddelindustrien som freistar tvinga meiningslause vaksinor på folk. Eit anna framlegg som Adinolfi kjem med er å starta ein kampanje yver heile Europa for re-nasjonalisering av naturressursar som er vortne selde ut til multinasjonale selskap. Her sviv det seg um problem som me alle uppliver på den same måten, og der me difor hev høvet til å setja inn motstøyten på eit sams europeisk nivå.

Det nye Europa må skapast frå grunnen av, og nasjonalistane må vera dei leidande i dette arbeidet – for det er ingen andre som kjem til å gjera dette arbeidet for deim, poengterar Adinolfi.

Adinolfi legg på slutten av boki fram nokre tankar um ein slags syndikalisme for dei ulike næringane og regionane i Europa. Han kastar dessutan fram nokre idear um eit all-europeisk senat – og um ei uppkløyving i ulike slags kulturelle og kommersielle regionar som skal samsvara til dei ulike europeiske mentalitetane og arbeidsmåtane. Han drøymer um eit europeisk imperium, med nasjonalstatar, regionar og lokalsamfund som arbeider fritt innanfor det føderale råmeverket.

Likevel vert han etter mitt syn litt for diffus um kva det er for slags handfaste maktstrukturar han ynskjer for eit nytt Europa – og korleis desse nye strukturane skal sikra at dei europeiske folki atter skal kunna taka lagnaden i eigne hender. Under alle umstende so hev Adinolfi klårt addressert veikskapane både ved nasjonalstaten og ved dagsens EU, og levert eit godt utgangspunkt for dei ordskifti som må takast hjå nasjonalsinna og EU-kritikarar um kva som faktisk skal vera alternativet vårt.

O. Torheim

Det er fullt høve for andre medium til å nytta seg av denne teksti so lenge ho vert attgjevi i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.