Målfolket og politiken

På Målmannsstemna i Oslo i 1909 heldt norskdomsmannen Nikolaus Gjelsvik (1866-1938) ei tala um målrørsla sine politiske krav til styresmaktene og dei politiske partii. Som til dømes kravet um like vilkår for både norsk og norskdansk i høgre upplæring – det er i våre dagar lovfest og ikkje lenger nokor aktuell problemstelling. Dette var i ei tid då målrørsla var på framvegar, og det galdt um å gjeva nynorsken best moglege vilkår til å ekspandera på kostnad av det norskdanske målet. Soleides kjem Gjelsvik sumtid med krav som var høvelege den gongen, men som neppe hadde vore serlegt tenlege i dag som nynorsken er under press. Det gjeld serskilt det han skriv um skulemålsrøystingar. Den gongen var flestalle slike røystingar offensive, i dag er dei alle defensive – diverre. Tala vart seinare prenta som fyredrag åt ungdomslag, nr. 6 i serien.

I.

Målarbeidet er fyrst og fremst eit åndelegt kulturarbeid, og ikkje eit politisk arbeid. Det norske tungemålet, som i lange tider var lite dyrka i skrift, skal dyrkast upp til skriftmål og til talemål um kva emne som helst, ikkje berre når det gjeld ver og vind eller dei mest kvardagslege ting, men jamvel når det gjeld dei høgste emne. Dette er det åndelege dyrkingsarbeidet, som krev både tid og energi og godt vit og skyn, men der det på den andre sida eit arbeid, som både einskildmannen og folket veks på, so den tid og kraft, som vert ofra på dette arbeidet, fær ein att med god rente.

Målreisaren og måldyrkaren Nikolaus Gjelsvik (1866-1938).

Målreisaren og måldyrkaren Nikolaus Gjelsvik (1866-1938).

Me er i den hepne stoda, at måltilfanget er rikt, usedvanleg rikt, so det vert noko utav målet *). Jordbotnen er grornæm og grøderik, berre grunnen vert rudd og kaldvæta utveita. Det norske folket kunde ein likna ihop med ein mann, ja ein kann gjerne segja ein dåre, som sjølv åtte ein utmarksteig med framifrå godt dyrkingsland, men i staden fyr å taka upp dyrkingsarbeidet på sin eigen grunn, gjekk han stad og bad grannen um husmannsrom på ein snipp av garden hans, på ein sandhaug, som – det var sant – hadde vore dyrka i mannsaldrar, men der jordi var skrinn og mager, so det vart aldri betre, kor mykje han stræva og bala; mannen på husmannsplassen hadde mange søner; sume av dei hadde vore ute i utmarksteigen og set kor god matjord der var, og fekk hug til å taka upp dyrkingsarbeidet der. Men då skulde du høyrt på spel; dei andre sette seg reint imot dette og dei sa: «Me kann då køyra her hit på plassen nokre lass av denne matjordi, so gjer ho nytte.» Ja, dei køyrde då nokre lass med matjord burt til plassen og spreidde utyver sandhaugen; men det var liksom det ikkje tedde noko etter det; det var liksom desse matjordlassi sokk ned i auren.

No hev sume av sønerne likevel teke til å dyrka sin eigen grunn i utmarksteigen, og dei vil ha rudningslandet inngjerdt, so ikkje nybrøyta skal liggja fyr fefoten.

Målfolket er det, som hev teke upp arbeidet i den norske utmarksteigen, og til dette rudningsverket må ein ha arbeidsfred og arbeidsvilkår. Når ein då talar um målfolket og politiken, so skal politiken skaffa den arbeidsfred og dei arbeidsvilkår som trengst.

Me vil ha like rettsvilkår. Men her kjem «Morgenbladet» og segjer: «Kunstig at skabe «lige vilkaar» mellem det rige sprog og det mindre rige, mellem det øvede aandens redskab og det forholdsvis uprøvede, det er nøiagtig ligesaa frisindet og ligesaa berettiget som ved lov og tvang at ville sætte alle mennesker paa «lige vilkaar». Det ene som det andet er paa trods af livets behov og livskampens love.»

Det er sjeldsynt å finne eit betre døme på ulogisk og uklår tankegang. Alle menneskje hev då no like rettsvilkår. Og at den som er både rik og klok ikkje skal greida seg i fri tevling med den, som er både fatig og tosken, det hev ingen høyrt gjete fyrt. Det plar vera den toskne og den fatige, som hev bruk for serleg rettsvern; den rike og kloke greider seg bra utan.

Staten må fyr sin part lata jamvel dei faktiske vilkår vera so like som råd er millom dei tvo mål. Me kann ikkje ha den skipnaden, at alle høgre skular er til berre fyr det norsk-danske målet. Me må òg krevja høgre skular som byggjer på norsk grunn, og høgre skular som er lagde til rettes fyr ungdomen i bygderne, soleis som professor Hægstad greidde ut på møtet på Voss i sumar.

Men her kjem riksmålslaget med sitt: «Ingi tevling i den høgre åndsverksemd» (sjå «Den Ilde mai» 10. decbr. 1907). Ja, toler ikke norsk-dansken tevling uppe i den høgre åndsverksemd, so veit eg ikkje kvar helst «dette øvede åndens redskab» skulde vera tevleført!

I dette riksmålsuppropet kjem elles same tankegangen fram som i eit stykkje B.B. på lag samstundes skreiv um magyararne i Ungarn:

«Førerne for den stormagyarske klik, som styrer Ungarn, har i off. foredrag tydelig sat op som deres maal: hos de andre ungarske folk at knække det aandelige førerskap: utan saadant falder folkene snart tilføie. Derfor stænges deres gymnasier og museer; høiere kundskap maa alene tilføre dem på magyarisk. Al historie indrettes til magyarernes forherligelse.»

Plent som riksmålsfolket hjå oss, dersom dei hadde magti som dei hev mod til.

Kravet um høgre upplæring på norsk mål, det er eit krav, som ein aldri kann sleppa; og det er til gagn fyr riksmålsfolket òg, at dei vèn seg til den ting, at dei her ikkje fær lov, til å vera åleine. Vèn dei seg ikkje i tide til den tanken, vil dei få mange vonbrot, og det er ikkje helsesamt for den rette sjælefred og arbeidsro.

II.

Her er 2 mål i landet; dessverre kann ein segja, men ein må rekna med det. Og det er ikkje tale um å få einskap på den måten, som sume riksmålsfolk drøymer um: at det norske målet småningom skal døy ut; dertil hev den norske målreisingstanken teke ungdomen for sterkt heile landet rundt, frå Lindesnes og til Nordkap, frå Trysil og til Staden. Og kvart riksmålslag, som vert skipa er eit vitnemål um, at dette synet er rett. Eit folk kann missa målet sitt småningom når det søv, men aldri i strid.

Når her soleis er 2 mål i landet, må ein stella seg deretter. Ein må på den eine sida krevja so stor fridom som råd er både fyr det eine og det andre målet. På den andre sida må ein stelle seg so, at folket ikkje vert kløyvt. Liknar ein vårt land ihop med andre land med fleire mål, hev vårt land ein stor fyremun.

  1. Måli er so like, at det kostar ikkje stort arbeid, fyrr alle lærer å skyna kvarandre heilt, å segja når ein tek upplæringi på ein viktig måte ): tek til med borni sitt eige mål i skulen. Annleis i Finland, der dei tvo måli, svensk og kvænsk, er so ulike.
  2. Inkje nokon part av folket er unational i den meining, at han helst vil under ein annan stat. Det er soleis ikkje som med danskane i Nord-Slesvik eller med dei 3-4 miljonar rumænar i Ungarn.

Difyr er kravet um, at alle, anten dei so gjeng i folkeskulen eller i andre skular, skal læra seg til å lesa båe måli, og dermed skyna båe måli, eit krav som er like til; og det er eit naudsynlege krav fyr det nationale samhaldet. Difyr må riksmagterne sjå vel etter, at folkeskuleloverne og loverne um dei høgre skular dette stykkje vert samvitsfullt fylgde, alle stader,både i by og i bygd. For elles kann ikkje folkeskulen seda upp borni til gode borgarar i det norske statssamfundet (jfr. § 33 i skulelovi). Dette kravet er so vigtigt fyr det nationale samhaldet, at ein bør helst få ein regel um at minst 1/3 av skuletimarne i lesing vert nytta til det målet, som ikkje er hovudmål, og at ein so langt råd er bør nytta faglærarar til denne upplæring i lesing, der ikkje alle lærarane er føre til å gjeva denne upplæring på ein fullgod måte.

Fyr den høgre ungdomsskulen (studentskularne) vert dette kravet eit krav um, at dei der må læra båe mål so godt, at dei kann skriva ein stil på kvart mål til studentprøva. Når folk skal verta embættsmenn ute i bygderne våre, der dei hev norsk til huvudmål i skulen, er korkje folket eller embættsmannen sjølv tent med, at han ikkje kann so mykje som borni i folkeskulen. Og fyr upplæringi ved universitetet er ein helder ikkje tent med folk, som ikkje kann fylgja med i ei fyrelesing på norskt mål. So lengje me hev berre eitt universitet, må ein der ha nokre lærarar som talar det eine målet, og nokre som talar det andre. Ein kann ikkje i lengdi halda uppe eit utestengjingsprincip i so måte. Vitenskapen vil ikkje stå seg på det. Ein kann då ikkje bruka studentar, som fær eit slikt vitnemål som det professor Morgenstjerne gav dei i «Aftenposten»: at fyrelesingar på norskt mål er unyttige fyr dei.

Dette er det kravet, som ein må setja opp fyr det nationale samhaldet si skuld.

På den andre sida må ein krevja so stor fridom i målvegen som er samhøveleg med det nationale samhaldet.

Kvar skulesokn vel no huvudmål i skulen. Det er grunn til å lempa på denne regelen litegrand til bate fyr større fridom. Kvar krins (skule-krins) i bygderne kann få den magti. Det er krinsen som er skulen i bygdene. Soleis som det no er, kann skulestyret fastsetja ulike mål til hovudmål i dei ymse krinsarne, jamnast etter det ynskje krinsarne ber fram. Når det er so, er det ingen grunn til å negta krinsarne sjølve avgjeringsretten. Spursmålet må avgjerast med folkeavrøysting i kvar krins; so slepp ein å harmast på skulestyret i Klingen. Og alle myndige menn og kvinnur i krinsen må ha røysterett i denne sak. (Myndige er alle, som hev fyllt det 21de år). Skal ein ikkje ha alle myndige med, er det snarare grunn til a setja aldersgrense uppetter enn nedetter. For det er dei eldste som i denne sak i det store og heile hev minst upplæring og skyn.

Krinsen må få avgjeringsretten på stader, der det ikkje er fleire jarnsides-klasser i kvar skulekrins. Soleis på dei fleste staderne i bygderne våre. og i sume tettgrendte strok i bygderne våre. I byarne (i allfall dei større byarne) og i sume tettgrendte strok i bygderne hev dei eller kann dei ha fleire jamsidesklassar. Der er det ingen grunn fyr den regelen, at skulestyret eller heile kommunen under eitt skal avgjera målspursmålet. Når det er so mange foreldre, som krev upplæring i det eller det målet fyr borni sine, at dei kann fylla ein heil klasse, er det ingen grunn til å lata skulestyret ha rett til å negta det. Her er det råd å få ein skipnad som svarar betre enn den som no er til det programmet, som det nye landslaget hev sett upp: «Fyr fridom og kultur, mot forbod og tvang.» —

Me veit, det hev volt klaga på landsmålsprøva til artium; og desse klagurne hev gjort meg ilt. Eg hev difyr tenkt etter, um det ikkje var råd finn ein skipnad, som på den eine sida gav oss trygd fyre, at studentarne ved universitetet kunde norsk, og på den andre sida let dei andre sleppa den skriftlege prøva. Og eg trur det er råd å finna ein slik skipnad. Dei hev sagt t.d. i «Morgenbladet» at dei 75 % av dei, som tek artium, studerar ikkje; det er berre dei 25 %, som gjer det. Det er rett. Og so legg dei til: «Der er universitetet, som er embættsmannsskulen; universitetet, som skal læra studentarne landsmål.» Dette siste er ei tilsnikjing. Fyr dei, som skal studera ved universitetet, krev me ein student-eksamen, av di ein vil ha folk, som kann fylgja med i upplæringi ved universitetet. Og den elementærupplæring i mål, som trengst ved alle fakultet, anten det so er norsk eller framande mål, må studentskularne gjeva; kvifyr skulde ein elles ha studentskular? Her gjer eg inkje undantak fyr latin. I samhøve med dette bør ikkje me målfolk setja oss imot, at den høgre ungdomsskulen (gymnasia) vert umskipa, so han vert skift i ein høgre millomskule og i gymnasium. Den høgre rnillomskulen kann òg vera 3 år, og der kann dei ha noko so nær same upplæring som i dei gymnasium som er no. I gymnasia skal so dei gå, som vil studera ved universitetet og vil taka studenteksamen. Og dei skal ha skriftleg landsmålprøve (og latin) til eksamen. Dei derimot som gjeng i den høgre millomskulen, dei tek ikkje studenteksamen, og slepp då landsmål skriftleg. Men dei vert ikkje immatrikulera ved universitetet. Og kvifyr skal dei 75 %, som ikkje vil studera, ha studenteksamen? Kva bruk hev ein handelsmann fyr studenteksamen?

Som sagt: Me målfolk bør ikkje setja oss imot ei slik umskiping av den høgre skulen. Fyr oss sjølve krev me gymnasium; men dei andre bør få sleppa, dersom dei endeleg vil.

Men litegrand upplæring i norskt mål må dei ha, dei òg. Dei må læra å lesa båe mål; og sidan det her er tale um ein høgre ungdomsskule må dei som gjeng i den, greida å lesa båe måli betre enn dei, som einast gjeng folkeskulen. Og dei må elles òg få so mykje ålmennupplæring, at den verste heimfødingskapen vert avskura.

Ein kann taka her til døme noko, som stod i «Morgenbladet» fyr 10/12 1908. Det hadde eit stykkje um upplæring i geografi på landsmål og var i sin rette «kultur»-ess, kunde ein skyna, og skreiv: «Hvorvidt riger, distrikter og byer i denne undervisning skulde nævnes ved sit nu gyldige verdensnavn» o. s. fr. «Morgenbladet» visste ikkje so plent, um «det nu gyldige verdensnavn», som det trudde dei norsk-danske brukar, skulde nyttast i ei landkunne på landsmål, eller um namni skulde døypast um på landsmål.

Ein veit ikkje, um ein skal læ eller gråta, når ein ser heimfødingskapen so tjukk. Kva er det «nu gyldige verdensnavn» t. d. på Tyskland? Tysken segjer Deutschland, franskmennene segjer Allemagne og engelsmennerne Germany. Er so Tyskland verdensnamnet? I Tyskland er det ein by, som dei kallar Aachen. På norsk brukar me det tyske namnet, men eg veit ikkje, um eg vil segja, at det er verdensnamnet, endå tyskarne sjølv brukar det. Franskmennerne kallar byen Aix-la-Chapelle, det same namnet brukar engelsmannen òg; ein må difyr nærmast segja at Aix-la-Chapelle er verdensnamnet.

I Italia er det ein by, som dei der kallar Genova; i Tyskland kaller dei byen Genua, franskmannen segjer Gênes. På dansk nyttar dei her som vanleg elles det tyske namnet, men er det verdensnamn? Og likeins: Italiafolket segjer Napoli, fransmennerne Naples, tysken (og med honom dansken) Neapel. Er so Neapel verdensnamn? Å, nei.

Soleis kunde ein halda ved snart sagt i det uendelege.

Det er eit hav, som danskarne kallar «Det sorte hav»; dei norsk-danske brukar her som elles same namnet. På norsk heiter dette havet Svartehavet; tysken segjer: Das schwarze Meer; fransmennerne: La Mer Noire; engelsmennerne: the Black Sea. Kort sagt: Kvart folk brukar det namnet, som høver til sitt mål. Men Morgenblads-kulturen trur, eller vil få andre til å tru, at det namnet, som dei 2 miljonarne danskar nyttar, er «det nu gyldige verdensnamn» (!) Slike heimfødingskap må folk få avskura, jamvel i den høgre millomskulen,

***

Ein lempar soleis på tvangen so godt ein kann på den måten som no er sagt.

III.

Når ein talar um målfolket og politiken må ein minnast, at her er målmenn i alle parti; her er målmenn hjå socialistarne, hjå høgre, hjå vinstre, hjå dei moderate og hjå arbeidardemokratarne. Kanskje det finst minst målmenn etter måten hjå høgre – merkeleg nok. Ein skulde ha venta, at der hadde vore etter måten mest. Eit konservativt parti kann ikkje strida samstundes både mot radikalisme og nationalitet. Vårt høgreparti er difor snarare eit Uranienborgparti enn eit høgreparti i sann meining av ordet. Høgrefolk kann vera staden nok, eg meiner det ikkje so -.

I alle parti er det allvisst målmenn i den meining, at dei vil ha like rettsvilkår fyr norsken og norsk-dansken, og at staten i det heile ikkje skal gjeva dei 2 måli altfor ulike veksevilkår. Dette er eit so vigtigt krav, skal landet halda seg uppe i lengdi, at ingen målmann røystar på nokon til stortingsmann, som ikkje vil gjeva det norske målet like vilkår på den måten som no er nemnd. Fyrr tek ein helder ein mann av eit anna parti. Målfolket må ikkje stå likesælt i politiken; men må vera med. Folket vårt held på og skal byggja uppatt heimen sin på eige tun. Når eit folk skal gjera det, veit me, at fienden er ute og vil skipla byggverket. Ein minnest det som er fortalt um jødarne, då dei kom att frå utlendingskapen i Babylon. Dei måtte ha sverdet i den eine handi, murskeidi i den andre. Soleis er det med alle folk, som skal byggja uppatt sitt eige hus etter lang utlendingskap.

Og so held ein arbeidet gåande i von um„ at det vil bera frukt i si tid. Ein kann ikkje venta frukterne same dagen ein hev sått; i dette kulturarbeid likso lite som i noko anna.

Og med umsyn til framtidsvonerne vil eg få lov å nytta eit bilæte: Etter ein lang og streng vinter ligg isen tjukt og sterk på vatnet. Det er mest so, at ein kann tvila på, at isen nokon gong vil tina upp.

Men so ut på vårparten, kjem det ein fjellbekk surlande nedetter fjellsidurne. Han tærer hol på isen, der han renn uti. So kjem det fleire eg og fleire slike fjellbekkjer som et og tærer kvar på sin kant. So vert isen landlaus, og tek til å slå råker og det vert einskilde hol her og kvar. Men endå ser isen tjukk og sterk ut, so ein kunde mest tru han greidde, seg sumaren yver. Men so ein dag ut på vårparten kjem det ein sterk, som tek tak i alle hol og råker, og so vert isen uppbroten på eit jamdøger eller tvo og vert driven upp i ei vik, der han tinar i vårsoli. –

So vil det gå i målvegen òg. Når me ser på målkartet, ser me korleis fjellbekkene gjer isen landlaus; der er råker på isen langsetter og tvertyver; jamvel tett att med Mjøsa er det ein raud flekk. Og so kjem ein gong den friske nationale kuling, som bryt upp isen og driv han i hop i ei vik, der han so ligg og tinar i den nationale vårsoli, som stig høgre og høgre på himmelen. Det er ei naturlov. Og alle med nordmannshjarta i brystet ynskjer, at det må gå so; lengtar etter den dagen, då folket er eitt og folket er samla på heilnorsk grunn.

Nikolaus Gjelsvik

*) Både samfolkeleg og millomfolkeleg tyder international, men det er eit avbrigde i meiningi. Samfolkeleg vert nytta um noko, som er sams fyr fleire eller færre folk (rike). Ein samfolkeleg rettsregel er soleis ein rettsregel, som er den same hjå fleire folk. Romaranne tala um jus gentium og meinte dermed den luten av retten sin, som etter deira meining var lik retten hjå andre folk. Jus gentium var soleis ein samfolkeleg rett. Ein millomfolkeleg rettsregel er derimot det same som ein folkerettsregel ): ein rettsregel som gjeld eit vedskifte sjølvstendige rike i folkerettssamfundet hev med kvarandre som sjølvstendige rike, t. d. den regelen at ein sendemann skal vera heilag og ukrenkjeleg. Alle reglar som er avtala millom dei ymse rike um krigførsla, er likeins millomfolkelege rettsreglar.
I samhøve med det som er sagt, talar ein um eit samfolkelegt møte, der det er utsendingar frå dei ymse rike; men ein talar um eit millomfolkelegt tvistemål, når 2 eller fleire rike hev eit tvistemål millom seg. International, som ein kann bruka på norsk òg, vert nytta i båe tydingar, og difyr ikkje so godt som dei 2 norske ordi. Ein nordmann spurde fyr eit par år sidan ein fransmann, korleis dei på fransk kunde få fram avbrigde, som ligg i samfolkeleg og millomfolkeleg. Franskmannen svara, det kpunde dei ikkje greida utan med ei umskriving.
Dette døme syner, korleis det norske måltilfanget gjev oss høve til å finna ord fyr ei ymse avbrigde i tanken.