Jon Fosse på veg mot høgnorsken?

Den tabloide yverskrifti gjeng kanskje litt lengre enn det her og no er dekningi for, men kjensgjerningi er at Jon Fosse er vorten meir tradisjonell – både i målvegen og reint ålment. Det gjeng fram or ei utspyrjing i MelandJul, årboki åt Meland Mållag.

Reint språkleg hev den tradisjonelle nyorienteringi kome til uttrykk med det at Fosse hev bytt frå e-infinitiv til a-infinitiv. Dette er ei viktugare markering enn mange fyrst vil tru: Nett e-infinitiven hev vore ei av merkeformene åt det samnorskvenlege Samlaget, og det medan den høgnorske a-infinitiven tidlegare var einerådande i nynorsk.

Elles fortel Fosse meir um motivasjonen sin for å ha vorten katolikk, og her med sviv det seg um det at han søkjer seg etter ein fastare tradisjon å stå i. Etter Fosse sitt syn er den norske kyrkja vorti utvatna og blodfatig, og med det tenkjer han ikkje på det kivet og kjeklet som hev vore i dei seinaste tiåri um homofilt samliv. Homsar i kyrkja er han heilt for, fortel han. Nei, det sviv seg meir um det at han tykkjer det protestantiske trui vantar metafysisk djupn. I katolisismen finn Fosse meir av alt det mysteriøse som han finn gleda av å grava i, fortel han.

Jon Fosse, fersk vinnar av Nordisk Råd sin umtykte litteraturpris, vart nyss utspurd i MelandJul.

Jon Fosse, fersk vinnar av Nordisk Råd sin umtykte litteraturpris, vart nyss spurd ut i MelandJul.

Me siterar or MelandJul:

«Sjølv har Jon Fosse gått over til å skriva ein meir tradisjonell eller konservativ nynorsk samanlikna med tidlegare. […] -Det er skilnad på bokmål og nynorsk, og den skilnaden må gjerast tydelegare, ikkje mindre tydeleg. Mellom Ibsens riksmål og Aasens landsmål var skilnaden enorm. Både moderne bokmål og moderne nynorsk står kvarandre langt nærare, nettopp difor må det som er av skilnad framhevast. Eg har til dømes gått over frå å skriva e-infinitiv og til å skriva a-infinitiv. Bokmål har berre e-infinitiv, på nynorsk kan ein velja mellom det eine og det andre.»

Fosse fortel elles at Tarjei Vesaas og Knut Hamsun var forfattarane som merkte honom sterkast den gongen han var ung. Dessutan gjorde diktingi åt Tor Jonsson og Olav H. Hauge eit sterkt inntrykk på honom.

Av bøker som han les i dag, so fortel han at han les det meste – ikkje minst ordbøker! Faktisk so var den siste boki han las «Juridisk ordliste» av høgnorskmannen Nikolaus Gjelsvik. I det høvet so let ikkje Fosse vera å draga fram det store arbeidet som Gjelsvik gjorde med å få fram norskt mål.

Det var i eit intervju i Bergens Tidende for tvo år sidan at Fosse fortalde at han hadde bytt bustad frå Bergen til Frekhaug i Nordhordland. Det gjorde han med grunngjevingi at «[b]ergenskulturen har definert seg  negativt mot strilekulturen, med det meiner eg heile den nynorske kulturen, både folkekulturen og elitekulturen. Det er ei ulykke og ei skam at det ikkje finst ein einaste nynorskinstitusjon i Bergen, byen som er hovudstad i nynorskland. Eg mislikar sterkt attityden at sjølv det lågaste av bergenskulturen skal vera betre enn det beste av strilekulturen» (Kjelda: «Jon fosse drakk døgnet rundt», Bergens Tidende 15. november 2013).

Frekhaug er kommunesentrum i Meland, og det er soleides naturlegt at det er nett i MelandJul at Fosse fær høve til å gjera nøgnare greida for ytringane sine. Jamvel um nynorsken er under press i Meland med, so ottast ikkje Fosse for framtidi. Det finst ei grensa for den yverkøyringi som folk i utkantane uppliver frå sentraliseringskåte politikarar og næringslivstoppar – og den grensa gjeng ved språket, hevdar Fosse. Det er lov å vona at han fær rett.

Olav Torheim