Olav H. Hauge var høgnorskmann

Olav H. Hauge, ein av Noregs største lyrikarar i moderne tid, nytta seg av klassisk nynorsk med i-mål. Det at «nynorsk er so fint i dikt» kann kanskje få sume til å tru at den tradisjonelle nynorsken einast var eit litterært verkemiddel frå Hauge si sida. Andre tenkjer kannhenda at han berre nytta seg av den målformi som låg nærast upp til hans eige klangfulle Ulvik-mål. Kor som er, slik er det ikkje. Hauge var ingen litterær posør eller talemålsromantikar. Det låg eit klårt språkpolitisk standpunkt attum rettskrivingi hans, og Hauge knytte seg sjølv beinveges til høgnorsklina. Eit intervju med Hauge frå 1989 stadfester dette.

Hauge sitt syn på språkpolitikk kjem tydelegt fram i dagbøkene hans, og Klaus Johan Myrvoll hev i teksti «Ein nasjonal aristokrat» gjort ein god analyse av Hauge sine språkpolitiske synsmåtar. Der slær Myrvoll fast at Hauge stod for både tradisjonell normering og normaltalemål. Men ein treng ikkje å analysera Hauge sine dagbøker for å slå fast dette. I juli 1989 reiste Hans Olav Brendberg og Bård Eskeland til Ulvik i Hardanger for å vitja Hauge og høyra um kvar han stod språk- og kulturpolitisk, og Hauge gav deim reine ord for pengane.

Intervjuet med Hauge frå 1989, slik som det vart prenta i målungdomsbladet "Eg".

Intervjuet med Hauge frå 1989, slik som det vart prenta i målungdomsbladet «Eg».

Hauge vert spurd um kvifor det er slik at den høgnorske skrifttradisjonen – som vart spådd å døy ut for ein mannsalder sidan – framleis er livande hjå Hauge. Han gjev deim dette svaret:

«Sjølv hev eg ikkje vore aktiv i målrørsla, men eg hugsar godt striden attyver. Stutt sagt var eg samd med Gustav Indrebø. Etter Aasen vart det ymse flikkingar med norsken som vel kunde vera tenlege. So kom læreboknormalane – sjølv hadde eg den frå 1901 då eg byrja i skulen. Medan eg var der, kom rettskrivingi frå 1917 – den var no meir enn god nok, med sine konsesjonar og valfrie former. Samstundes var ho klårt norsk, og tolleg fylgjerett i hovudformene. Visst hev eg kunna gjera det, men eg hev aldri funne noko grunn til å brigda på det målet. 1938-rettskrivingi var ei ulukka for norsk mål. Sjølvsagt er det råd å skriva norsk med den nynorsken me hev i dag, og det finst dei som gjer det. Eg hev no aldri fenge kritikk for målet mitt, og trur ikkje det hev vore til meins for nokon – snarare hev eg vunne på det. Eg ser dei reknar det for høgnorsk. Det tek eg som ei æra.«

Bodil Cappelen, kona til Hauge, bryt i det høvet inn i samrøda og slær fast at det ikkje er dialekten som fær Hauge til å skriva som han gjer.  «Eg kjenner Olav, han hev klåre prinsipp», slær ho fast.

Dimed kjem dei inn på spursmålet um tilhøvet millom talemål og skriftmål. Helder ikkje her legg Hauge fingrane imillom:

«Det var ein aksjon, i alle høve eit slagord: “Snakk dialekt, skriv nynorsk” eller noko sovore. Eg skynar ikkje korleis det skal hanga saman med norskmålsstrev. Fyrr freista no desse som stridde fram norsken å lempa talemålet sitt etter mynster frå nynorsk skriftmål. No held talemålet på å missa den norske sersvipen. Etter krigen, då det vart gode stillingar i kommunane, kom det ferdigutdana folk frå Bergen og slo seg ned i bygdene. Men bergensarane skifter ikkje mål, um du so set dei på månen – og ungane vert innprenta til å halda på bokmålet. Når folk herifrå flytjer til byen, held dei i beste fall på målet i ein generasjon. Garborg skriv i dagboki at han høyrde det beste norske målet på Helgeland. Å døma etter det eg sjølv hev upplevt i Lofoten, er det ingen som tviheld meir på det danske skriftmålet enn nordlendingane.»

Vidare so er Hauge tydeleg på at målstriden er ein strid millom tvo mål med kvar sin nasjonalkarakter. Hauge vert spurd um kva han meiner um målrørsla sitt gamle slagord, «Nynorsk til einaste riksmål», og han gjev deim dette svaret:

«Ja, det var eit djervt slagord, men krigen skipla so mykje. Eingong var det 5 nynorske dagblad. Folk skreiv gjerne gratis då, endå det var magre tider – målfolket var idealistar. Det gjekk fordi viljen var der. Stortingsfolket vart spurde um dei nytta nynorsk. Ved bispeval vòg det målpolitiske standpunktet mesta jamt med det teologiske. Vinstrealliansen dreiv saki fram. Jamvel dei som ikkje nytta nynorsk studde saki i prinsippet. […] Kong Haakon sa det beint ut”, segjer han og hentar eit gamalt avisutklypp: “Riksmålet er jo dansk”. […] Nynorsk er ei rett språkhistorisk nemning, men ho er misbrukt og misvisande. Ein segjer ikkje nysvensk um det svenske målet. Ordet bokmål gjev ikkje meining i det heile. […] Etter krigen kom språknemndi og gjorde skade. Filologane skulde snu på alt, og sette i gang med “tillemping”. Men det var nynorsken som laut fira, og gje slepp på sermerki.”

”Norsk og dansknorsk er dei rette namni på skriftmåli”, segjer Bodil Cappelen og Olav H. Hauge.

Hauge vert til slutt spurd ut um han trur det enno er von for nynorsk kultur, og kva som i so fall må gjerast. Han svarar deim slik:

«Det skil seg. Dersom det held fram som no, vil soga kanskje syna at den nynorske kulturen varde i 100 år, med Vesaas som den siste forfattaren. Det er ein stolt tradisjon. Me hev ein bokheim som hev synt kva norsk mål var og kunde vera. Med den i ryggjen skulde det vera von. Men det held ikkje å servera turre fakta. Ungdomen må vekkjast emosjonelt. Nordmennene må skyna at målet er den største arven eit folk hev. Men det ser kje ut til at det nyttar å gjera noko med dei. Det er for mykje fantasilaus etteraping her – alt gjævt kjem frå utlandet. So er det målbruken; me må ikkje tru at alt mål er like godt. Fyrr var det fleire som dyrka det nynorske talemålet.»

Hauge vert elles spurd ut um kva det er han meiner um EU, og der med er han tydeleg med nei-standpunktet sitt.

”Det er vilje som må til”, er avskilsordi som Hauge gjev Brendberg og Eskeland etter at dei hev takka for seg. Det sluttar me oss gjerne til. Der det finst ein vilje, finst det ein veg. No som den gongen.

O. Torheim