13. februar: Å henta kraft or ei katastrofe

13. februar 1945 er ein dag som hev brent seg inn i den europeiske soga. Kor mange hundradtusundtals menneske det var som på denne dagen vart koka og brende livande i brannstormane i Dresden, det er det ingen som veit sikkert. Ordet «Holocaust» tyder noko slikt som «fullstendig forbrenning» – og når lufttemperaturen nådde 2000 grader, det duble av temperaturen i eit vanlegt krematorium, so var det nett dette som skjedde med flyktningane som hadde søkt tilflukt i Dresden.  13. februar er soleides vorten ein dag for å minnast dei brotsverki som det rådande, nyliberale systemet er tufta på.

12694602_858495987592344_6503704766602608094_o

Det var ikkje i Tripoli, i Bagdad eller i Beograd at det som Naomi Klein hev kalla for «sjokk-doktrinen» vart sett i verk for aller fyrste gongen. Det var med dei massive luftåtaki mot forsvarslause tyske byar på slutten av andre heimskrigen at det nye konseptet med «moral bombing» vart prøvd ut. Då dei anglo-amerikanske bombeflyi kom flygande inn mot Dresden i februar 1945, so var krigen for lengst tapt for Tyskland sin part. Bombeåtaket sveiv seg eine og åleine um å leggja ein europeisk kulturby i grus, um å drepa flest moglegt menneske, um å tvinga eit folk til vilkårslaus underkasting under ein ny verdsorden.

Ein skamlaus agenda

Medan NATO sin bombekrig mot Serbia stod på i 1999, so gav den amerikanske generalen Wesley Clark eit intervju til CNN. Der  fekk ein endelegt reine ord for pengane:

“I det moderne Europa er det ikkje noko rom for homogene nasjonalstatar. Det var ein ide frå 1800-talet, og me skal pressa igjenom ei endring på dette. […] Me skal innføra multietniske statar.»

12715993_858496774258932_8818309206002416517_o

Og medan flyktningar for eit syttitals år sidan vart brende livande i hjarta av Europa, so er det i våre dagar eit nytt flyktningkaos som spreider seg – denne gongen frå Midtausten. Den asylstraumen som me ser inn i Europa er ei direkte fylgja av at dei vestlege maktene hev destabilisert statar som Syria, Libya og Irak. Med dødbringande våpen – og legitimert med humanistisk retorikk – so skaper dei anarki både i Midtausten og i Europa. I Midtausten er det sjølvstendige statsdaningar og regime som må rydjast av vegen, i Vest-Europa er me komne forbi dette stadiet: Hjå oss er det sjølve vår etniske substans – grunnlaget for eit folkehopehav i det heile – som stend for tur. Slik slær dei globale makthavarane tvo flugor i ein smekk med krigføringi si.

Likevel er det ingi sjølvransaking å spora hjå dei «ekspertane» som fær millionar for å vakta um det rådande systemet – Øyvind Strømmen, Didrik Søderlind, Kristian Bjørkelo… Inst inne veit dei godt kva det er dei held på med, det er nett difor dei er so upptekne av å brennmerka minnemarkeringane som dei i Dresden og Magdeburg som «nazimarsjar».

Der urett er rett, vert motstand ei plikt

I går kveld var folk atter ute i gatone i Dresden for å minnast offeri for bombeterroren. I år etter år hev aktivistar nytta denne dagen til markeringar som skulde sensibilisera folk um brotsverket som hende på denne dagen, og dette arbeidet hev bore frukter. I Tyskland i dag veit alle kva som skjedde i Dresden den 13. februar. Det er ei historisk hending som i seg sjølv er so massiv at ho ikkje er til å koma i frå når folk berre er vortne klår yver henne. Kvar gong denne merkedagen nærmar seg, so byrjar etablerte politikarar og media å få hovudverk…

Dei store upplaupi og valdelege motdemonstrasjonane frå vinstreekstreme såg ein dette året lite til. Minnemarkeringi skal ha vore ei verdig og fredeleg markering. Det hev me ikkje berre fenge høyra frå truverdige nasjonalsinna kjeldor – me fær det same stadfest frå fiendslegsinna massemedia si eigi sterkt kritiske nyhendedekning. Kann henda ålvoret yver stoda i Europa er åt å søkkja inn, jamvel hjå desse?

Johan Christian Dahl - "Blick auf Dresden bei Vollmondschein", 1839.

Johan Christian Dahl – «Blick auf Dresden bei Vollmondschein», 1839.

Det rådande systemet er tufta på ein massiv valdsbruk, både fysisk og strukturelt. Som med alle andre system upp gjenom soga, so er valdsbruken og terroren til sjuande og sist det fundamentet som det rådande systemet stend på. Dei som ikkje vil bøgja seg for dette systemet, dei kann ikkje venta seg anna enn fullstendig forbrenning – sosialt, økonomisk og kanskje jamvel fysisk. Kor som er: Når desse brotsverki vert gjorde kjende, so brotnar dette fundamentet – og dimed vert ei onnor framtid atter mogleg.

In diesem Sinne – Vergiss niemals Dresden!

O. Torheim

  • Korn
    Glut um Glut drängt sich von innen
    Einen Weg durch festen Stein.
    Glühend Adern haltlos rinnen,
    Schaffen strömend neues Sein,
    Wecken bebend altes Sinnen.
    Blank gespült vom Fluss der Zeiten
    Wächst heran im Weltenschoß
    Schlafend noch seit Ewigkeiten
    Jenes Urkorn und ward groß,
    Spannte steinern Flügelweiten,
    Die es um die Welt gelegt
    Und geschliffen einst aus Erzen,
    Stumm im Ozean gehegt,
    Wacht es über unsere Herzen,
    Zeigt uns einen stillen Weg.
    Der da führt durch dunkle Stunden,
    Durch Geäst der Zeitenwende.
    Bleibt dem berge tief verbunden,
    Der schon wartet auf sein Ende,
    Das ihm quillt aus alten Wunden.
    Korn, das wuchs in schwarzer Tiefe,
    Birgt ein Sehnen gleich dem Stern,
    Den man verloren nächtens riefe.
    Doch verschlossen bleibt sein Kern,
    In dem jenes Hoffen schliefe.
    Doch kein Mensch begreift sein Sinnen,
    Losgelöst bleibt der Verstand.
    Erst im Traum streift man die Schwingen,
    Die dem Wachen unbekannt,
    Und dem Korn sein Sehnen bringen.

    https://www.youtube.com/watch?v=YAwIUghFpYw