Asyl- og Euro-krisa i Hellas: Ein grekar fortel

Korleis hev det seg at Hellas hev kome i sentrum for både eurokrisa og asylkrisa? Kva hev hendt etter at det påstått EU-kritiske Syriza kom til makti? Og kvifor høyrer me ikkje lenger noko i massemedia um det illgjetne nasjonalistpartiet Chrysi Avgi? Me hev teke ein prat um desse spursmåli med Nikolaus, ein fri nasjonalist frå Athen.

1) Hellas ser ut til å vera senteret for etter måten mange hendingar i den europeiske unionen no um dagen. Fyrst var det eurokrisa og no er det den sokalla «flyktningkrisa». Korleis hev ein hamna her?

Alt det som hev hendt det seinaste tiåret hev bygt upp til ei eurokrisa. Dei europeiske politikarane veit det vel – med di dei er «med på leiken». Saman med internasjonale bankeigarar og ågerkarar, so lagde dei upp til dette heilt frå byrjingi av.

Eg trur at det som hender med Hellas i dag er det same som seinare kjem til å skje med alle europeiske land. Dette er det som globalistane og den internasjonale finanseliten ynskjer. Alt skal vera innanfor deira «råmeverk» og under deira «kontrakt». Det dei driv med er ikkje berre ein krig mot Hellas, men ein krig mot heile Europa!

Asylkaoset er komplett i Hellas - og ingen utveg i sikte.

Asylkaoset er komplett i Hellas – og ingen utveg i sikte.

For sume lyder dette kanskje vel “konspiratorisk”, men ikkje for dei som kann lesa millom linone og som er vortne medvitne um det «spelet» som gjeng fyre seg attum sceneteppet.

Lat meg gjeva dykk noko å tenkja på:

I heftet «Design for Europe» so hev Peter Thorneycroft, tidlegare skattekanslar (finansminister) i Storbritannia, skrive dette:

“No government dependent upon a democratic vote could possibly agree in advance to the sacrifice which any adequate plan must involve. The people must be led slowly and unconsciously into the abandonment of their traditional economic defenses, not asked, in advance .…

…og dette vart skrive i 1947…

Nokre fleire sitat som kunde vera nyttige å koma i hug er desse:

“Let me issue and control a nation’s money and I care not who writes the laws»

Mayer Amschel Rothschild (1744-1812)

“Whoever controls the currency controls the government,”

John Maynard Keynes (1883-1946)

Hellas er i sentrum av 2 grunnleggjande hendingar: Finanskrisa og asylkrisa.

Når det gjeld finanskrisa :

Den greske økonomien hev brote heilt saman. Meir enn 230.000 (!) verksemder hev vorte lagde ned sidan byrjingi av krisa, og mange er heilt på grensa til nedleggjing. Stødt fleire menneske misser arbeidet sitt og arbeidsløysa hev openbert vorte eitt av dei største problemi våre.

Stor offentleg skuld heiter at staten nyttar seg av lånte pengar, og desse lånte pengane hev bankane henta ut or tynn luft («fractional reserve banking»). Lånte pengar heiter vidare at nokon skal få inn att endå meir pengar enn det er pengar i umlaup…

Dei internasjonale finansinstitusjonane pressar både farmasøytisk industri og andre produksjonsverksemder. Dei hev millom anna lagt på deim ein sterk auke i meirverdiavgifti, og slik taper dei mot dei utanlandske mottevlarane.

Dei hev dimeir pressa på for å få styresmaktene til å selja statseigedom og dei krev tyngre skattleggjing på privateigedomen åt vanlege grekarar.

Sanningi er at ein ikkje løyser problemi med å koma med den eine nye skattleggjingi etter den andre.

Det er ein vedvarande reduksjon i pensjonar og løningar, og dette samstundes med at staten aukar skattane. Mange folk hev ikkje lenger råd til heilt naudsynte kvardagsvaror lenger. Det er ei sers låk stoda og ho vert berre endå låkare heile tidi.

Når det gjeld innvandringskrisa :

Hellas er – til liks med det heile europeiske kontinentet – under åtak! Masseinnvandringi er ikkje berre noko som skjer heilt av seg sjølv, det er noko det vert lagt til rettes for. Um nokon tykkjer eg lyder «konspiratorisk», so vil eg beda deim gjera eit nettsøk på «kalergi plan».

Dei aller fleste som kryssar grensone ulovlegt kjem frå land der det ikkje er krig. Det er soleides ingen grunn til å kalla deim for flyktningar. Menneskesmuglarane krev tusundtals euro frå kvar einaste «flyktning» for å få dei inn i Europa. Ingen spyrr um kvar hen pengane kjem frå. Trur du verkelegt at asylsøkjarane hev råd til å leggja ut sjølve… ?

Sanningi er at det er organisasjonar som gjev smuglarane pengar for å slusa innvandrarar frå Afrika og Midtausten inn i Europa. Dette hender ikkje utan grunn: Dei ynskjer å gjera europearar til minoritetar i sine eigne kjerneland.

Mange greske øyar er for okkuperte å rekna nett no. Det kjem tusundtals nye innvandrarar til øyane kvar einaste dag. Lokale grekarar vert rasande når dei uppliver å verta gjorde til ein minoritet i sine eigne lokalsamfund. Valdelege upplaup er vorte til daglege ovringar og folk læser seg inne i husi sine og er redde for å gå ut um kvelden. Stoda hev verkelegt kome ut or kontroll!

2) Me høyrde mykje um Chrysi Avgi for nokre år sidan. So vart leidarane deira arresterte. Ved valet i september 2015 fekk dei resultat som korkje var betre eller noko serlegt dårlegare enn det dei var ved fyrre val, men det kann likevel sjå ut til at dei hev mist mykje av det politiske momentumet som dei hadde. Kann ein segja at Chrysi Avgi miste den historiske sjansen sin?

Det er godt moglegt.

Fyre eg svarar deg, so vil eg gjerne dela nokre tankar med lesarane.

Det at formannen for Chrysi Avgi og andre sentrale leidarar vart arresterte, det var ein hard lærepenge for dei som hev trudd at den parlamentariske, borgarlegt-demokratiske vegen skulde føra oss til nokor røynleg samfundsendring.

Heile rettsprosessen mot Chrysi Avgi hev eitt fyremål: Ikkje berre å kriminalisera eit politisk parti, men å kriminalisera alle organisasjonar og politiske rørslor med tilsvarande verdiar og verdåskodingsidear. Problemet deira er ikkje fyrst og fremst Chrysi Avgi, problemet deira er fyrst og fremst den nasjonale tanken i seg sjølv.

Demonstrasjon med «Chrysi Avgi» i januar i år.

Den ukontrollerte innvandringi hev skapt lovløysa. Tusundtals grekarar er vortne myrda av utanlandske, ulovlege innvandrarar. Alle dei etablerte politiske partii hev eit medandsvar for denne lovløysa, ho skriv seg beinveges frå den politikken styresmaktene hev ført. Desse «andsvarlege» politikarane hev rettsstellet ikkje interessert seg for det minste, og det ligg i saki sin natur at dei helder ikkje kjem til å gjera det.

Chrysi Avgi fær dessutan smaka fruktene av sin eigen politikk. Leidarskapen i partiet hev havt ei nær sagt naiv tiltru til politiet og rettsstellet. Mentaliteten hev vore at folki i desse institusjonane «eigenlegt» er på deira sida, og det syner seg naturlegt nok å vera ei reinhekla synkverving. Her hev mange illusjonar vorte knuste.

Og tenk no litt: Kva er poenget med å skipa eit parlamentarisk parti som i utgangspunktet aksepterar dei parlamentariske spelereglane, som lit på det sivile rettsstellet, som fordømer direkte politiske aksjonar og som insisterar på å føra «andsvarleg politisk kamp» – berre for å sjå at leidarane vert kasta i fengsel og partiet ført inn i ein forbodsprosess?

Dei som vil spela det borgarlegt-parlamentariske spelet, dei må spela etter spelereglar som det er motparten vår som hev laga, og som han kjem til å endra på so snart han ser at spelet ikkje gjeng hans eigen veg.

Og no, for å svara på spursmålet ditt:

For nokre år sidan gjekk det mykje betre for Chrysi Avgi, det var likt til at dei var på framvegen. Det førde til ein reaksjon der leidarane vart arresterte, og frå det punktet av so endra mykje seg.

Når du hev ein veljarmasse som er sosialt og økonomisk utarma, fulle av sinne og desperasjon yver kriminaliteten som masseinnvandringi frå den tridje verdi hev ført med seg, yver menneskesmuglingi, yver narkokriminalitet og prostitusjon styrd av utanlandsk mafia, yver den islamske ekspansjonismen… og ein stor part av folkesetnaden er reiduge til å røysta for kva som helst eller berre halda seg burte frå vali i protest mot det korrupte politiske systemet… Ja, då er ikkje den valuppslutnaden som Chrysi Avgi faktisk fekk noko serskilt stor.

Kann henda Chrysi Avgi miste den historiske sjansen sin…

Ein ting eg gjerne vil leggja til: Dei røystene som Chrysi Avgi fekk er ikkje noko prov for at veljarane styd upp um partiet sin politiske dagsetel, i minsto ikkje fleirtalet av dei. Som eg var inne på so treng det ikkje vera anna enn ein protest mot styresmaktene. Ein treng å arbeida hardt og målretta for å gjera veljarar um til røynlege politiske aktivistar og stydjespelarar.

3) Kva med Syriza? Dei lova å brjota ut or euroen, men i staden hev dei studd upp um endå meir «europeisk integrasjon». Kvifor straffa ikkje veljarane deim hardare ved siste val?

Det er eit godt spursmål.

Lat oss fyrst gjera ein ting klårt:

Av dei um lag 9,8 millionar røysteføre, so var det på lag 57 prosent som møtte fram og røysta. Det heiter 5,6 millionar gilde røyster, medan dei hine 4,2 millionane gjekk til dei som valde å halda seg heime (43%).

Millom dei som røysta, so fekk Syriza 36% av røystene. Det heiter at Syriza-riksstyret ikkje fekk studnad frå meir enn ein fjordepart av veljarmassen. So det store fleirtalet av grekarane RØYSTA IKKJE på Tsipras.

Det skulde vera klårt nok at Syriza ikkje hev det store fleirtalet av grekarane i ryggen.

… og noko som mange ikkje er klår yver: Mange av dei som røystar på Syriza er ikkje grekarar, men innvandrarar som fekk upphaldsløyve i det siste året som gjekk – og det for ein einaste grunn: Å vera røystekrøter for dei store og etablerte politiske partii (New Democracy og Syriza).

I riksmedia vart det heile tidi fram mot valet hevda at ein “Grexit” skulde verta ein katastrofe for grekarane. Det vart spreidd skremselspropaganda um ein «total kollaps» og ei «utsvelting» av det greske folket dersom dei ikkje røysta på system-partii.

… og redsla er eit verkty for å manipulera massane… og slavebinda deim.

Me skal helder ikkje gløyma at me talar um ein heil ættled som er vorten upplærd til å røysta ut frå personlege, finansielle umsyn og ikkje ut frå ideologiske. Diverre er slike vanar vonde å venda.

For å gjeva eit døme: Endå um masseinnvandringi sine konsekvensar i det seinaste er vortne openberre for nokon kvar, so vil ikkje folk verkelegt taka det inn yver seg fyre dei sjølve sit midt uppe i den nye røyndomen. Det må fyrst koma eit «mottakssenter» i deira eige grannelag…

Slik kann sume segja at folket hev seg sjølve å takka, og til eit visst punkt kann eg vera med på det. Men som sagt, berre til eit visst punkt. I røyndi er det ikkje so mykje ein kann venta seg frå folkemassane, det hev ein visst til alle tider. Massane er som ein saudeflokk, dei er lette å manipulera av «hyrdingane» – og liberalt, borgarlegt demokrati er som skapt for nett dette fyremålet.

MEN ingen ser ut til å vilja påpeika at den røynlege vinnaren av det seinaste valet var… Fråværet! Mest 45% valde å snu ryggen til heile den parlamentariske parodien.

Svikefulle riksstyre vert sjeldan straffa ved val. Um val kunde føra til ei røynleg samfundsendring, so hadde dei ikkje vorte skipa til.

Som Nietzsche sagde det: “Ekstreme posisjonar vert ikkje etterfylgde av moderate, men av motsett ekstreme posisjonar”.

4) Trur du det framleis er moglegt for det greske riksstyret å gjera noko med innvandringskrisa? Kva slags utvegar hev dei no?

Syriza er eit samansurium med vinstreliberale «marxistar» og «antirasistar». Eg tykkjer ikkje me kann kalla deim for eit gresk riksstyre, dei er snarare eit greskfiendslegt riksstyre. Syriza er sett i hop av folk som er beint fram fiendslege til fyrestellingar um nasjonar, folkehopehav og tradisjonar. Korleis kann ein venta seg at folk frå slikt eit riksstyre kann forstå og ikkje minst skal kunna gjera noko med dei djupkulturelle konfliktane som den ikkje-vestlege masseinnvandringi fører med seg?

Det er snarare tvert imot, Syriza legg ut den raude lauparen for endå meir masseinnvandring. Dei hev alt røysta for å gjeva statsborgarskap til borni åt innvandrarar som kom ulovlegt til Hellas!

Syriza legg vinn på å leggja til rettes for innvandrarar som hev kome ulovlegt inn i landet, framfor å syta for at dei held seg på mottak til dess at dei kann sendast ut att. Nylegt tok innvandringsministeren jamvel til ords for å leggja ned store akuttmottak.

Syriza er ikkje noko røynlegt alternativ for dei som vil ut or globalismens grep. Berre eit nasjonalistisk riksstyre med ein klår ideologi kunde ha løyst dei ovstore problemi me stend andsynes.

Med Syriza kann ting berre vert endå verre enn dei er i dag…

5) Er det noko meir med stoda i Hellas som folk treng å vera medvitne um no?

Me kjem snart til å koma til eit punkt der europearar hev tvo og berre tvo val: Anten slå attende mot globaliseringi og masseinnvandringi eller godtaka det som eit fullbyrda faktum at me kjem til å verta minoretar i våre eigne land. Same kva valet skulde verta, so skjer ting so snøgt no at me trulegt kjem til å få uppliva resultati i vår livetid. Me liver faktisk i ei tid då heile den vestlege verdi slik me kjenner henne stend på spel.

Kvart eit land som ynskjer å yverliva og som vil verna um komande generasjonar må fullt og heilt kasta av seg den borgarleg-liberale styringsmodellen. Det er ei tvangstrøya som ein elite hev trykt ned yver oss for å hindra oss frå å taka lagnaden i eigne hender. Å freista arbeida politisk innanfor råmone åt det rådande systemet er som å stå og stampa i ei hengjemyr: Me dreg berre oss sjølve lengre og lengre ned. Skal me vinna, so er det ikkje nok å endra spelereglane – me må byta ut heile spelet. Tvinga motparten til å spela vårt spel, ikkje deira sitt.

I Noreg segjer de at “Me er alle i same båt». Her i Hellas heiter det litt meir brutalt at «Me kokar alle i den same gryta». Det er tid for å syna at me skynar det – i staden for at me dagstødt gjev makteliten stadfestingi på at dei fortener å styra yver stakkarar som oss. Me treng både åndeleg styrke og etnisk medvit, skal me klara oss.

Alle dei europeiske folki ligg under for den same fåmente eliten. Me kann ikkje lata internasjonale bankeigarar og dei politiske nikkedokkone deira få lov til å kløyva oss. Dei europeiske folki hev sterke band til einannan, og problemi me stend andsynes no er eit høve til å styrkja desse bandi.

Framtidi byrjar no. Ikkje sit der og sjå på, gjer noko! Plikti kallar!