Kommunereformi: Mangelfullt ordførarskriv

I eit skriv som tri nordhordlandsordførarar hev sendt ut til alle husstandar i Meland, Lindås og Radøy, so uppmodar dei folk um å kasta seg inn i ordskiftet um framtidig kommunestruktur i Nordhordland. Grunnlaget for skrivet er at dei tri kommunane hev utarbeidd ei intensjonsavtala um kommunesamanslåing. Meland kommune skal halda folkerøysting um saki i april, og seinast 1. juli 2016 må alle tri kommunestyri ha gjort vedtak i saki. Diverre so hoppar ordførarskrivet bukk yver heilt grunnleggjande motfyrestellingar til det nemnde samanslåingsprosjektet. Som ordskifteunderlag er skrivet difor sers mangelfullt.

Intensjonsavtala um den nye storkommunen er fyld med lovord um «levande lokalsamfunn», og i innleidingi til ordførarskrivet kann me lesa at «[u]ansett kva val vi tek no, så veit vi at i framtida blir ikkje kommunen som i dag. Krav til kompetanse i velferdstenestene og kompleksiteten i samfunnsutviklinga gjer at vi må tenkje nytt». Torer eg spyrja kva som er det konkrete i dette?

Ordførarane i Meland, Lindås og Radøy hev sendt ut sams informasjonsskriv der dei uppmodar folk um å engasjera seg i ordskiftet kring den varsla storkommunen. Olav Torheim tek dei på ordet!

Ordførarane i Meland, Lindås og Radøy hev sendt ut sams informasjonsskriv der dei uppmodar folk um å engasjera seg i ordskiftet kring den varsla storkommunen. Olav Torheim tek dei på ordet!

Sist gong det var kommunereform var på 60-talet. Det er femti år sidan, og det er i dette tidsperspektivet ein må tenkja når ein skal leggja nye kommunegrensor.  Me kann ikkje nøgja med oss med å sjå fyre oss Nordhordland slik det er um 10-15 år. Me må våga stella oss dei rette spursmåli: Kva slags strukturar høver best for det samfundet me kjem til å ha um ei 30-40-50 års tid?

Skal Frekhaug verta eit upolitisk «nærsenter»?

Folketalet i Meland er spådd å skulla auka med meir enn 80 prosent dei næraste 20 åri, og det kjem til å stå for mest helvten av heile den venta folketalsvoksteren i Nordhordland (Kjelda: «Fylkesprognosar Hordaland 2015-2035: Befolkning», AUD-rapport nr 3.1-15).  Det trengst soleides endå meir fokus på å utvikla Meland. Likevel ser me klåre tendensar til at det motsette skjer: Frekhaug sentrum døyr burt, og det medan både bank- og butikktenestor vert flutte til Knarvik. Det er Knarvik som kjem til å vera kommunesenteret i den nye storkommunen.

Dersom Frekhaug, Lindås og Manger skal kunna halda fram med å utvikla seg som tettstader – og ikkje berre verta tevla ut av Knarvik slik det nedlagde kommunesenteret Salhus i si tid vart det av Åsane Senter – so trengst det politiske krefter på desse stadene som arbeider for dette. Kvar skal ein henta desse politiske kreftene frå når alt av politiske institusjonar vert lagde ned og flutte til Knarvik?

Det er det som ein i intensjonsavtala hev valt å kalla for «nærsenter» som skal vera storkommunen sitt svar på dette. «Nærsenter» eksisterar ikkje som juridisk umgrep, og um ein googlar ordet so finn ein at nærsenter er eit umgrip som vert nytta på lokale handlesenter kringum i Noregs land. Og det er nett det som dei nemnde nærsentri skal vera: Reine service-senter med helsestasjon, sosialkontor og bibliotek.

Det er fint at politikarane i fyrste umgang ynskjer å halda uppe lokale tenestetilbod, men det er ingenting som sikrar at det framleis kjem til å vera slik um ei 10-20 års tid. Det er i dag lovpålagt at kvar kommune skal ha sin eigen biblioteksfilial, og med dagsens kommunestruktur er dei nenmnde nærsenter-funksjonane soleides sikra mot nedskjeringar og kutt. Det kjem dei ikkje til å vera i storkommunen.

Kvar vart det lokaldemokratiske perspektivet av?

I informasjonsskrivet vert det lagt mykje vinn på dei tenestone som kommunen skal yta – som til dømes skule og helsestell. Kann henda det er grunn til å minna folk um kvifor dette er uppgåvor som kommunen er sett til å gjera? I prinsippet kunde staten åleine ha drive desse tenestone på eigi hand, slik det til dømes er med dei statlege helseregionane. Poenget med at det er kommunen som skal yta desse tenestone er det at det skal vera ein politisk kontroll med offentlege tenestor – ikkje berre på riksnivå, men på lokalt nivå med.

At større kommunar gjer det vandslegare å styra dei offentlege tenestone politisk, det veit me av røynslor frå Danmark. Danske styresmakter gjenomførde i 2007 den same typen kommunereform som ein vil gjera i Noreg no, og eit forskingsprosjekt kunde nylegt slå fast at resultatet er mindre lokaldemokrati: Der politikarane tidlegare kunde avgjera saker direkte, so må dei i storkommunane nøgja seg med å leggja generelle føringar på avgjerder som til sjuande og sist vert fatta av byråkratar (Kjelda: «Når lokalsamfund bliver større: De korte og mere langsigtede konsekvenser for lokaldemokratiet», Ulf Hjelmar og Sune Welling Hansen, Politica, 47. årg. 2015, nr. 3: 103-123).

Legg til at politikarar ikkje hev for vane å kommentera einskildsaker, og so veit ein kvar landet kjem til å liggja…

Skal stuttsiktige yvergangsordningar lokka oss til strukturendringar for mange tiår frametter?

Det vert i informasjonsskrivet informert um at basistilskotet til kommunane kjem til å verta skift ut med ei tilskotsordning som syter for eit likare statstilskot per innbyggjar. Kor som er: Kommunar som vel å slå seg saman skal få halda på basistilskotet sitt i 15 år til, medan kommunar som ikkje gjer det vert kasta inn i den nye «framtidi» frå dag èin av. Dei tri ordførarane konkluderar med at alt tyder på at «kommunane i Nordhordland vil koma dårlegare ut økonomisk om dei ikkje slår seg saman».

I staden for å få ein grunnleggjande diskusjon um kva slags samfund me kjem til å ha um ei 20-30 års tid og kva slags strukturar det er som høver for dette samfundet, so skal altso ei millombils yvergangsordning som gjev høve til å få ha ting som før i ei 15 år til vera det som fær politikarane til å røysta ja til samanslåing… ?

«Eigedomsskatten på hus og hytter vert fjerna», heiter det vidare i informasjonsskrivet frå ordførarane. Men alle veit at eigedomsskatten høyrer med til den politiske verktykassa som ein kommune kann velja å nytta seg av, og slik kjem det til å vera i framtidi med. Lovnaden um å taka burt eigedomsskatten er  for eit politisk «forbrukslån» å rekna. Det er endå eit døme på at folk skal lokkast med lågare skattar og avgifter her og no, og det i byte mot at dei gjeng med på endringar som gjev politikarane høve til å krevja det heile inn att med rentor ein gong i framtidi  – og ikkje minst: At ein satsar på at folk hev korttidsminne.

Same kva lokalpolitikarane skulde verta samde um i dag, so kann eit framtidig kommunestyre kva tid som helst gå inn for ein annan politikk enn det dei gjer no. Det skulde då berre mangla i eit demokrati – det er difor det kjem til å verta halda kommuneval i framtidi med…

Ei uviss framtid krev lokal handlefridom

Det hev i offentlegt ordskifte vorte tala mykje um interkommunale selskap som liver sitt eige liv og som treng å koma inn att under politisk kontroll. Men den nye storkommunen er framleis for liten til at han kann taka yver det interkommunale samarbeidet. NGIR femner um heile Nordhordland og Gulen, ikkje berre Meland, Lindås og Radøy. Det er er ikkje noko interkommunalt samarbeid å snakka um som kjem til å koma inn att under politisk kontroll, derimot gjev ein endå større kommune høve til å samla og samlokalisera endå fleire lokale tenestor enn fyrr.

Barnevernet vert i intensjonsavtala nemnt som eit handfast døme på nett dette. Kor som er: Når ein tenkjer på alle klagone som hev vore mot barnevernet, so skulde ein tru at barnevernet hadde alt å tena på å vera desentralisert og tett på dei lokalsamfundi dei skal verka i – framfor å verta samlokalisert i eit endå meir «profesjonalisert» og andlitslaust system… ?

BÆÆH: Er det slik politikarane ser fyre seg det komande ordskiftet? Lat oss syna dei at me hev meir å by på enn saudeflokk-mentalitet!

BÆÆH: Er det slik politikarane ser fyre seg det komande ordskiftet? Lat oss syna dei at me hev meir å by på enn saudeflokk-mentalitet!

Ordførarane hev visselegt rett i at det er mykje me ikkje veit um framtidi. Fallande oljepris, asylstraum, eldrebylgja – alt dette er store risikomoment for lokalsamfundi våre. Skal lokalsamfundi møta dei fårane som trugar i framtidi, so treng dei politisk handlefridom – ikkje at ein byggjer nye strukturar som flytjer makti endå lengre burt frå folket. Hugs å røysta nei til kommunesamanslåing i april!

Olav Torheim

Les ogso: Gjer kommunevalet til ein sabotasjeaksjon mot kommunereformi!