Moterett meiningskontroll

Under titelen «Moteriktig fascisme» kjem Kristian Bjørkelo med eit innlegg i UiB-tidskriftet Vox Publica. Innlegget vert presentert som ein «nedkorta versjon av «Fascismens unge andlet», publisert i Samtiden 4/15». Det er det ikkje: Det er ein umarbeidd versjon av det upphavlege Samtiden-stykkjet – der so godt som alt det eg kritiserte i mitt refuserte tilsvar er vorte stroke eller umformulert. Slik demonstrerar Bjørkelo at han ikkje er interessert i debatt og samstundes syner han ufriviljugt at han faktisk hev vore nøydd å taka kritikken min seriøst. Det refuserte tilsvaret hev no vorte prenta i Målmannen nr 1 2016 under titelen «Tal no eller tei for alltid, Bjørkelo».

Bjørkelo hermar frå den identitære krigslysingi, der dei identitære hevdar at «Nous sommes la génération de la fracture ethnique, de la faillite totale du vivre-ensemble, du métissage imposé.» Dette kann umsetjast med at «Me er ættleden av etnisk uppkløyving, det mislukka mangkulturelle samfundet og den påprakka uppblandingi». Bjørkelo vel derimot å umsetja det til at «Vi er generasjonen av etnisk splintring, av sameksistensens fullstendige kollaps og tvungen raseblanding».

Universitetet i Bergen held si vernande hand yver den notorisk uetterrettelege sjarlatanen Kristian Bjørkelo, son åt professor Anders Jon Bjørkelo.

Kristian Bjørkelo er notorisk uetterretteleg og uærleg i si skribentverksemd, meiner artikkelforfattaren.

«Métissage imposé»: Dei identitære konstaterar eit faktum

Det franske ordet «métissage» tyder faktisk ikkje noko anna enn uppblanding, men Bjørkelo vel å umsetja det til «raseblanding» – med alle dei assosiasjonane til nazismen som dette fører med seg. I framhaldet av resonnementet so meinte han i Samtiden at dei identitære med dette ordvalet var avslørte, og at dei stod for «reinspikka rasisme» og «rasehygiene» – men dette hev han altso stroke frå den nye versjonen i Vox Publica. Vart grunnlaget for tynt, jamvel for Bjørkelo?

I røyndi gjer ikkje dei identitære anna enn å konstatera eit faktum: Mangkulturalismen hev mislukkast, men i staden for å taka lærdom av dette, so vil styresmaktene føra honom vidare med tvang. Dette hev me den franske presidenten sine eigne ord på. I ei tala på den polytekniske skulen, den 17. desember 2008, so segjer president Sarkozy ende ut at «métissage» er noko som skal tvingast igjenom:

«Kva er målsetnaden? Det kjem til å vekkja uppstuss, men målet er å løysa den utbjodingi me hev med uppblanding (métissage). Den uppblandingsutbjodingi (défi du métissage) som det 21. hundradåret gjev oss. Det er ikkje eit val, det er noko me pliktar. Det er eit imperativ. Ein kann ikkje gjera det på annan måte. Med fåre for å hamna i store problem. Me lyt endra oss, altso skal me endra oss. Me kjem til å endra oss yveralt, i private verksemder, i administrasjonane, i utdaningsstellet, i dei politiske partii. Og me skal forplikta oss på at det skal gjeva resultat. Um den republikanske voluntarismen ikkje fungerar, so er det naudsynt at republikken gjeng vidare med meir tvingande metodar.»

Um det verkelegt er slik at det er «tvungen raseblanding» som Sarkozy her tek til ords for – både i private verksemder, i administrasjonane, i utdaningsstellet og dei politiske partii – er ikkje dette noko som ein hev lov til å problematisera utan å verta mistenkjeleggjord for å vilja driva med «rasehygiene»?

Kor som er: I staden for å spinna vidare på sitatfusket sitt um «tvungen raseblanding», slik Bjørkelo gjorde i Samtiden, so polemiserar Bjørkelo denne gongen mot den identitære tenkjaren Markus Willinger. Willinger er tydeleg på at han meiner nasjonen hev ein biologisk komponent, ikkje berre ein reint kulturell. Dette gjer at dei identitære ikkje berre er fascistar, men jamvel knyter seg upp mot reint nazistisk tankegods, vil Bjørkelo ha det til no.

Etnonasjonalisme er ikkje nazisme

At nasjonen hev ein biologisk substans er ikkje nazistisk, det er snarare fyrestellingar som gjeng heilt attende til dei fyrste nasjonalstatane på 1700- og 1800-talet. Nasjon kjem frå «naissance», fødsel, det er eit hopehav ein er fødd inn i. Nett som familien so hev nasjonen eit biologisk utgangspunkt: Adopsjon og innvandring hev vore undantaki som stadfester regelen, men i dag er uppkløyvde familiar og masseinnvandring med på å knusa desse tradisjonelle strukturane.

At nasjonen hev ein biologisk substans, det er sjølve grunnlaget for den demokratiske nasjonalismen der suvereniteten gjeng ut frå folket og ikkje ut frå styresmaktene. Når den prøyssiske kongen, Fredrik IV, i 1849 nekta å taka imot tilbodet frå Frankfurter-parlamentet um å verta konge i eit samla Tyskland, so var det med nett denne grunngjevingi. Han vilde ikkje «plukka upp ei kruna frå rennesteinen», som han formulerte det.

Den republikanske, franske nasjonalismen vert gjerne sett upp som motstykkjet til den romantiske, tyske nasjonalismen, men då er det verdt å merka seg korleis «Marseillasen» rått og brutalt vert avslutta med «Qu’un sang impur abreuve nos sillons» («Måtte eit ureint blod vatna åkrane våre». Med «ureint blod» meinte dei franske revolusjonære i dette høvet ein utanlandsk monark)…

I motsetnad til dei identitære, so finst det andre som heilt eksplisitt hev tala um rase. Den 5. mars 1959, so sagde ein viss Charles de Gaulle dette:

«Det er framifrå at det finst gule franskmenner, svarte franskmenner, brune franskmenner. Det syner at Frankrike er ope for alle rasar og at det svarar til eitkvart universelt. Men det er på vilkår at dei vert verande ein liten minoritet. Elles kjem ikkje Frankrike lenger til å vera Frankrike. Under alle umstende so er me framfor alt eit europeisk folk som er runne or den kvite rasen, or gresk og latinsk kultur og or kristeleg religion.»

Dette er ordi åt den franskmannen som leidde dei frie franske styrkane og som frigjorde Frankrike frå den nazismen og fascismen som Bjørkelo vil knyta dei identitære upp mot. Slik sett so er det tankevekkjande å sjå korleis grensone for akseptable ytringar langsamt er vortne flutte. I 2016 vert ein slegen i jambreidd med nazismen dersom ein hev synsmåtar som liknar dei til leidaren for den anti-nazistiske motstandskampen under krigen…

Det identitære trikløveret i Noreg: Ein substanslaus konspirasjonsteori

På same måten som i tidlegare stykkje i Humanist («Identitærane kjem») og i Samtiden («Fascismens unge andlet»), so tek Bjørkelo upp att konspirasjonsteorien sin um at det kring publikasjonane Kultorg, Målmannen og Kulturverk skal finnast eit «identitært» miljø. Bjørkelo hev fenge attendevisande tilsvar kvar einaste gong han hev komme med desse påstandane, og det er ingen andre enn Bjørkelo og miljøet kring Humanist som hev freista fremja denne teorien i offentlegt norskt ordskifte. No er det tid for at Bjørkelo endelegt kjem med noko substansielt som kann underbyggja påstandane. Er han ikkje i stand til det, so bør han vera ærleg og sanna at han ikkje hev grunnlag for påstandane som han freistar utbreida um andre.

Det same gjeld forresten ogso for dei kalkulert upresise og insinuerande påstandane som han kjem med um Facebook-gruppa «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen», ei gruppa som samlar meir enn 4000 menneske og som er vorte ein av dei mest interessante diskusjonsarenaene i dagsens Noreg.

I innlegget sitt vert Kristian Bjørkelo titulert som «stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap». I motsetnad til underskrivne so hev Bjørkelo enno ingen retteleg vitskapleg titel frå UiB å slå i bordet med. Kor som er so spelar det mindre rolla: Styrketilhøvet millom oss i dag er slik at Bjørkelo kann nytta arbeidstidi si til å skriva um oss – medan me risikerar vårt eige arbeid av di me nyttar fritidi vår på skribentverksemd. Ei skribentverksemd som Bjørkelo og venene hans freistar stempla med nemningar som einast er eigna til å støyta folk ut i kulden, både politisk og sosialt. So lenge det er slik, so skal det like fullt få vera vårt privilegium å stå uppreiste i stormvinden frå dei moterette meiningsvaktarane.

Olav Torheim,
Redaktør for tidskriftet Målmannen og med doktorgrad i fysikk frå Universitetet i Bergen.

  • spirild

    Metissage pour tous? Ok. Se for dere nord-afrikanske ledere og deres samfunns «progressive» (radisser) forlange for eksempel 1 million maliere til Algerie fordi DE VIL DET? Hva ville responsen til Folket bli? Men det skjer her, i Europa. Tyskerne fikk over 1 million på snaue to år. En million fra Afrika og Midt-Østen, altså en massiv innmarsj av ikke-europeere. Hvem er egentlig opptatt av rase? Obama VAR en god president fordi han var svart? Og Trump er en dårlig fordi han er hvit? For hva ellers kan det være? Er man misfornøyd med hans plan for å skaffe arbeidsplasser? For å forhindre en fullstendig kollaps av det amerikanske samfunnet slik som i Mexico? Nei. Det er rasen hans. HVIT, hvit, hvit. Kaviar-venstre er perverse. For Obama pga hudfargen, var en god president. Og Clinton ville være ideell fordi KVINNE: For en logikk. Etnisk aktivisme i Frankrike er så og si et fenomen man bare ser hos befolkningsgrupper som ikke tilhører den europeiske sfæren.