Val i Tyskland: Ungdomen vil ha endring

Det er ein utbreidd myte i offentlegt norskt ordskifte at innvandringskritiske synsmåtar stend sterkast hjå gamle menneske som sjølve liver avsondra frå den nye røyndomen i Europa. Dagsens ungdom er opne og fordomsfrie, og dei og tykkjer vel um den mangkulturen som dei liver midt uppi, skal det heita seg. Dei ferske valresultati frå Sachsen-Anhalt i Tyskland knuser denne myten. Det er ungdomen som strøymer til det innvandringskritiske AfD, medan dei gamle klamrar seg til det rådande riksstyrepartiet CDU.

Valresultati i Tyskland gjeng inn i eit europeisk mynster som me alt kjenner frå Frankrike og Austerrike. Det er framfor alt i aldersgruppone under 35 år at Front National og FPÖ hev fenge ein massiv framgang, både ved val og i meiningsmælingar. No er den same tendensen stadfest i Tyskland.

Ved valet i Sachsen-Anhalt fekk riksstyrepartiet CDU 29,8 prosent av røystene, medan den innvandringskritiske nykomaren AfD fekk 24,2 prosent. Det siste er uppsiktsvekkjande nok i seg sjølv, men um ein nyttar seg av Infratest sine valdagsmælingar og bryt resultati ned etter aldersgruppor, so fær me eit endå meir interessant resultat:

Partiuppslutnaden i Sachsen-Anhalt syner eit tydelegt skilje millom dei yver 60 og dei under 60.

Partiuppslutnaden i Sachsen-Anhalt syner eit tydelegt skilje millom dei yver 60 og dei under 60.

Som ein ser or Infratest sine mælingar, so gjeng det eit klårt skilje i AfD-uppslutnad millom dei som er yngre og dei som er eldre enn 60 år. Millom dei som er yver 60 år, so valde «berre» 17 prosent å røysta på AfD. Millom dei som er yngre enn 60 år, so er AfD vorte det største partiet av alle – med heile 27 prosent av veljarane i ryggen.

Um ein so set fyrstegongsveljarane upp mot veljarar yver 70 år, so fær me eit endå klårare mynster. Her er det ikkje berre uppslutnaden um AfD millom dei unge som set eit tydelegt skilje, det same gjer den massive uppslutnaden um riksstyrepartiet CDU millom dei gamle. Heile 39 prosent av 70-åringane klamrar seg til nett det partiet som hev gjeve Tyskland det innvandringskaoset som råder i dag, mot berre 16 prosent av fyrstegongsveljarane.

Fyrstegongsveljarane strøymer til AfD, medan 70-åringane klamrar seg til Merkel sitt CDU.

Fyrstegongsveljarane strøymer til AfD, medan 70-åringane klamrar seg til Merkel sitt CDU.

Det hev tidlegare ofte vorte påstått at den høge uppslutnaden um det nasjonalistiske NPD i Aust-Tyskland skriv seg frå det at folkesetnaden er eldre enn i vest, og at uppslutnaden um innvandringskritiske alternativ med tidi kom til å «døy» burt naturlegt. Det er moglegt det er noko i dette når det gjeld Die Linke, som er etterfylgjaren til det gamle DDR-partiet SED, men elles so er tendensen klår nok: Dei gamle klamrar seg til det rådande systemet, i von um at det enno skal halda ut deira tid. Det er dei unge som søkjer etter eit alternativ. AfD er neppe det alternativet som mange vonar på, men bodskapen frå dei unge veljarane er ikkje til å taka i miss um.

O. Torheim

Det er fullt høve for andre medium til å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert attgjeven i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.