UiB-institutt med uppdikta nyfascistisk rørsla i Noreg

UiB-magasinet Vox Publica publiserte den 15. mars ein artikkel der Kristian Bjørkelo talar um eit påstått nyfascistisk, identitært «miljø» i Noreg. Dei identitære skal stå sterkt på Vestlandet og dei skal ha vore organiserte i ein Bergens-organisasjon kalla «Identitær Bergen». PST fortel at dei ikkje hev nokon kjennskap til dette «miljøet».

Stipendiat ved institutt for informasjons- og medievitenskap, Kristian Bjørkelo, hev i lang tid fremja sin eigen teori um eksistensen av eit nyfascistisk, «identitært» miljø i Noreg. Denne teorien hev han framført med innlegg i publikasjonane Humanist og Samtiden. I artiklane sine hevdar Bjørkelo at publikasjonane Kultorg, Kulturverk og Målmannen skal dana kjernen i det påstått nyfascistiske og identitære «miljøet». Etter det Bjørkelo fortel, skal «miljøet» stå serskilt sterkt på Vestlandet, og dei skal visstnok ha stade attum organisasjonen «Identitær Bergen».

Med spektakulære aksjon og moderne estetikk hev dei identitære skapt bylgjor yver heile Europa, men finst det eit identitært "miljø" i Noreg? Bjørkelo påstår det, men vil ikkje svara kritikarane som spyrr etter handfaste prov.

Med spektakulære aksjonar og moderne estetikk hev dei identitære skapt bylgjor yver heile Europa, men finst det eit identitært «miljø» i Noreg? Bjørkelo påstår det, men vil ikkje svara kritikarane som spyrr etter handfaste prov.

I eit innlegg på ein konferanse skipa til av Antirasistisk Senter i april 2015, so formulerar Bjørkelo teorien sin slik:

 «Miljøet har stått sterkt på Vestlandet. Dei har til og med organisert seg på eit tidspunkt som
Identitær Bergen, men det forsvann veldig fort. Dei har òg band til høgnorskbevegelsen i Noreg, via tidskriftet Målmannen…»

(17:35 inn i upptaket, https://soundcloud.com/antras-2/christian-bjorkelo-universitetet-i-bergen)

I reportasjen «-Vi vet for lite om netthaterne» (Utrop, 30. april 2015) so vert Bjørkelo sitert slik:

«- Det er hovedsakelig snakk om tre strømninger: islamhatere, nynazister og nyfascister. […]- Den siste gruppen som er verdt å nevne, er nyfascistene, som i det siste har begynt å kalle seg «identitære» etter inspirasjon fra en gruppe nokså intellektuelt anlagte nyfascister i Frankrike…»

Dei identitære er ukjende hjå PST
Målmannen hev vore i kontakt med PST sin pressekontakt, Trond Hugubakken. Hugubakken fortel at ein i det høgreekstreme miljøet i Noreg kann skilja millom tvo gruppor, det han kallar for det «tradisjonelle» høgreekstreme miljøet og det som ein kallar for «anti-islamistane». Den tridje gruppa, dei identitære nyfascistane, kjenner ikkje Hugubakk til i det heile. -Identitær fascisme er for meg eit ukjent umgrep. Eg er ikkje kjend med dette umgripet, segjer Hugubakk.

Hugubakken slær vidare fast at:

-Um det er slik at det faktisk finst ei gruppa intellektuelle på norsk høgresida som driv med kulturformidling og debattverksemd, so er ikkje dette noko som PST hev interessa av. PST fylgjer ikkje med på politiske miljø, me fylgjer med på personar me er redde skal ty til valdshandlingar.

Ureidelege metodar
Den 15. mars sette Bjørkelo påstandane sine fram att i Vox Publica, eit UiB-tidskrift «om demokrati og ytringsfrihet».

Målmannen-redaktør Torheim kann ikkje anna enn å rista på hovudet yver dei «konspiratoriske» påstandane som endå ein gong vert sette fram mot både honom og bladet han gjev ut – og det jamvel i universitetsmagasinet Vox Publica. Torheim sende den 16. mars inn eit tilsvar som redaksjonen vurderte og som dei lova å publisera. Men i staden for å publisera tilsvaret på vanleg måte, so laga redaksjonen ei falsk melding frå «Olav Torheim» i kommentarfeltet og limte tilsvaret inn der.

-Ikkje nok med at universitetstidskriftet Vox Publica postar ei falsk melding som fær det til å sjå ut som um eg hev valt å svara med kjekling i kommentarfeltet. Innlegget som dei limte inn var dessutan ribba for all formatering. Det er ikkje noko skilje millom avsnitt og ingi uthevjing av yverskrifter eller millomtitlar – og resultatet er ein einaste stor ordmasse som dei færraste orkar lesa.

Kristian Bjørkelo hev so langt framført teorien sin i publikasjonar som hev skjerma honom frå kritiske motlegg. Eit svarinnlegg til Bjørkelo i Humanist vart utstyrt med ein redaksjonell, polemisk replikk – og Humanist nekta underleggja seg ei presse-etisk vurdering då saki vart klaga inn for PFU (PFU-sak 070/15). I Samtiden kom ein ikkje ein gong so langt som til å få inn eit tilsvar til Bjørkelo sine påstandar: Eit innsendt svarinnlegg vart avvist blankt, og det var fyrst etter at innsendaren hadde synt til straffelovi sin paragraf 270 – der ein redaktør som nektar taka inn imøtegåing av faktiske påstandar vert straffa med bøter – at Samtiden gjekk med på å taka inn ein svarreplikk på 1000 teikn. Denne svarreplikken vart gøymd burt millom reklame og bylines og prenta i sterkt redusert skrift…

-Som vanlegt kjem det helder ikkje denne gongen noko svar frå Bjørkelo på kritikken han vert møtt med. I staden for å ta tak i motleggi og koma med handfaste prov på at teorien hans er rett, so fær han hjelp frå redaksjonen i Vox Publica til å usynleggjera mitt tilsvar.

Forskingsetisk problematisk framferd
-Saki hev dessutan ei forskingsetisk sida, med di Bjørkelo er stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Det er Bjørkelo sin eigen arbeidsgjevar som gjev ut tidskriftet – og andsvarleg redaktør er ingen ringare enn instituttstyraren sjølv, Leif Ove Larsen. Bjørkelo sitt innlegg kjem trulegt til å gå inn i lista yver publikasjonar som skal kvalifisera Bjørkelo til ein doktorgrad, hevdar Torheim.

Olav Torheim hev sjølv ein doktorgrad frå UiB og han er godt røynd med kjeldekritikk og vitskapleg skriving. Motleggi som Torheim kjem med til Bjørkelo er relevante og viktuge. Når instituttstyrar Leif Ove Larsen vel å halda si vernande hand yver Bjørkelo og hindrar kritikk av Bjørkelo sin artikkel frå å sleppa fram, so syter han for at eit arbeid som ikkje held mål vitskaplegt vert skåna frå å verta diskutert kritisk. Det er under alle umstende slik Torheim ser på saki.

Kristian Bjørkelo hev ein mastergrad i folkloristikk. I motsetnad til Målmannen sin eigen redaktør, so hev han enno ingen retteleg vitskapleg titel å slå i bordet med. -Det er soleides absurd at mi eigi faktiske og faglege usemje med Bjørkelo skal verta sensurert i ein publikasjon utgjeven av det same universitetet som eg hev min eigen doktorgrad frå, segjer Torheim.

Målmannen hev vore i kontakt med Camilla Brautaset i forskingsetisk utval ved Universitetet i Bergen. Ho fortel at ho so langt aldri hev upplivd at vitskaplegt tilsette ved universitetet hev drive med «sensur» av fagleg usemje. Ho er difor ikkje viljug til å tru på den historia som Målmannen-redaktøren kann fortelja. Når Målmannen-redaktøren fortel at det er nett denne typen sensur som han uppliver, so uppmodar ho um å taka kontakt med «Vox Publica» sin redaktør. Ho vil soleides ikkje taka stoda til problematikken med at redaktør og instituttstyrar er ein og same person.

Leif Ove Larsen vil ikkje kommentera
Det er ikkje lenge sidan havforskar Øivind Bergh vart rasande og gjekk til fysisk åtak mot Kurt Oddekalv etter at sistnemnde konfronterte Bergh med skuldingar um at Oddekalv skulde vera ein «identitær fascist». Helder ikkje Oddekalv hadde nokon gong høyrt um dette umgripet fyrr.

Leif Ove Larsen, andsvarleg redaktør for Vox Publica, styrer Institutt for informasjons- og medievitenskap. Torheim meiner at han held si vernande hand yver Kristian Bjørkelo si notorisk uetterrettelege skribentverksemd.

Leif Ove Larsen, andsvarleg redaktør for Vox Publica, styrer Institutt for informasjons- og medievitenskap. Målmannen-redaktøren meiner at han held si vernande hand yver Kristian Bjørkelo si notorisk uetterrettelege skribentverksemd.

-For eit tiår sidan fekk den svenske kynsforskaren Eva Lundgren massiv merksemd etter at TV-dokumentaren «Könskriget» påviste at ho i publikasjonane sine hadde sett fram påstandar um eksistensen av eit organisert pedofilt og satanistisk miljø i Sverike – utan å ha eit fnugg av dokumentasjon for påstandane sine. So langt treng det ikkje um å gå ved UiB. Kristian Bjørkelo er enno ikkje noko anna enn ein stipendiat, utan ein einaste retteleg vitskapleg publikasjon å skilta med. Det er fullt høve for leidingi ved instituttet å taka grep um saki og syta for at det vert slutt på spreidingi av usanne og udokumenterte påstandar. Dette handlar um seriøsitet og truverde. Bjørkelo si verksemd er æreminkande for alle oss som hev fenge våre eigne vitskaplege titlar frå UiB, avsluttar Torheim.

Målmannen hev freista å få ein kommentar frå instituttstyrar Leif Ove Larsen – med framstøytar både på e-post og telefon, men det hev diverre ikkje lukkast å koma i kontakt.

Det er fullt høve for andre media å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert attgjeven i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.