Regionreformi er ein retur til embetsmannsstaten

Det offentlege ordskiftet kring kommunereformi er vorte minka ned til eit spursmål um kva slags kommunar som skal slå seg saman med kven. Dette i staden for eit grunnleggjande ordskifte um kva slags strukturar det er som kann føra makti nærare folket. Det same er åt å henda med regionreformi: Styresmaktene vil skifta dei 19 fylki ut med 10 regionar, men utan å gjera greida for kva slags funksjonar dei 10 regionane skal fylla. Det lokale sjølvstyret og lokaldemokratiet stend langt sterkare i til dømes Tyskland og Sveits enn det gjer i Noreg. Dersom me fyrst skal skifta dei 150 år gamle fylki våre ut med “regionar”, kvifor ikkje nytta høvet til å innføra regionalisme etter europeisk mynster?

Kommunalminister Sanner fær med rette kritikk for at han ikkje vil fortelja kva slags uppgåvor dei nye regionane skal få. På same måten som med kommunalreformi so skal ein fyrst slå saman til størst moglege einingar, og deretter skal ein finna ut kva slags funksjonar dei nye einingane skal få. Det mest handfaste som Sanner so langt hev kome med er at regionane skal få yvertaka andsvaret for kulturminne. Det lyder mest som eit internt skjemt på regjeringskontoret: Er det dokumentasjon yver dei nedlagde fylki, kommunane og lokalsamfundi som dei regiontilsette skal driva med?

Det er ikkje rart at Sanner vil ha samanslåing fyrst og deretter diskusjon um funksjonar. For Høgre og FrP ynskjer ikkje noko tridje forvaltningsnivå, dei vil einast ha stat og kommune. Sanner ynskjer i realiteten ikkje noko meir makt til regionane i det heile. Høgre og FrP gjekk til val på at fylkeskommunane skulde leggjast ned fullstendig og at det ikkje skulde finnast andre politiske forvaltningsnivå enn stat og kommune. Det er støttepartii Venstre og KrF som vilde halda på fylkeskommunen, og regionreformi er eit dvaskt kompromissresultat av dette.

Frå grensestein til gravstein? Riksstyret vil skifta dei gamle fylki ut med regionar, men endskapen på det heile er paradoksalt nok ein retur attende til den gamle embetsmannsstaten.

Frå grensestein til gravstein? Riksstyret vil skifta dei gamle fylki ut med regionar, men endskapen på det heile er paradoksalt nok ein retur attende til den gamle embetsmannsstaten.

“Dagens fylkesstruktur har gått ut på dato,” hevdar kommunalminister Sanner. Normalt skulde ein tru at ein minister hadde ei viss ærefrykt når ein skulde gjera endringar i strukturar som er eldre enn noko livande menneske i Noreg. Og ikkje minst so burde me ha tid til å tenkja igjenom kva slags strukturar me ynskjer for samfundet vårt i dei neste 150 åri – fyre me byrjar å diskutera geografiske grensor for desse. Sanner snur det heile på hovudet: Han poengterar at det er 150 år sidan me fekk fylkesstrukturane, difor er det tid for endring no!

Heile retorikken um at storkommunane og regionane trengst for å levera meir effektive tenestor til flest moglegt er sers avslørande for den røynlege agendaen: Dette er ein agitasjon som retter seg inn mot menneske som ventar å finna nett dei same tenestone og tilbodi yveralt, same kvar dei til kvar tid skulde busetja seg. Det gjeld um å straumlineforma og samlokalisera flest mogleg funksjonar, slik at desse i neste umgang kann setjast ut på “anbud” og skiljast ut til private verksemder. At NHO gjeng heilhuga inn for kommunereformi er soleides ikkje noko under. Helder ikkje det at det til dømes er Nordhordland Handverks- og Industrilag som lokalt driv lobbyverksemd for storkommune i Nordhordland.

Myten um dei norske småkommunane

Det er ein regjeringsutbreidd myte at kommunane i Noreg er so småe. Jamført med andre land er dei faktisk store. Når Noreg i dag, med sine fem millionar menneske, hev 428 kommunar, so svarar dette til nesten 12.000 menneske per kommune. Dette kann ein jamføra med Tyskland, der 80 millionar menneske er fordelte på 11.116 kommunar (“Gemeinde”). I Tyskland vert det i snitt altso litt yver 7000 menneske per kommune.

«Kommunikasjon og infrastruktur, næringsliv og bosetting har endret seg radikalt,» vert det hevda i stortingsmeldingi, og dette vert nytta som argumentasjon for at kommunane i dag er for småe…

Normalt skulde ein tru at Noreg, med sine fjordar og fjell og spreidde busetnad, hadde færre menneske per kommune enn det ein hev i eit land der 200 kilometer er undangjorde på halvannan time på ein “Autobahn”, men her er det altso motsett. Um riksstyret fær viljen sin og talet på norske kommunar vert kutta ned til 100, so er det altso i snitt 50.000 menneske i kvar einaste norske kommune. Dette gjer dei nye kommunane til nokre av dei største i Europa!

I Tyskland kjem ein seg hundradtals kilometer i timen på autobanen. Likevel er gjenomsnittlegt folketal i dei tyske kommunane berre ein sjuandepart av det folketalet i dei nye norske storkommunane kjem til å verta.

I Tyskland kjem ein seg hundradtals kilometer i timen på autobanen. Likevel er gjenomsnittlegt folketal i dei tyske kommunane berre ein sjuandepart av det folketalet i dei nye norske storkommunane kjem til å verta.

Sentralstat eller føderalstat?

I Noreg gjeng det mot endå større kommunar og mot eit skifte frå 18 fylke til ti regionar, men utan at desse nye einingane vert delegerte nokon tilsvarande større politisk fridom. Det einaste som skjer er dimed at makti vert flutt endå lengre burt frå borgarane. Slik trong det ikkje um å vera.

Um ein ser til andre europeiske land som me gjerne jamfører oss med, so er mange av desse organiserte etter ein føderal modell – i staden for den sentraliserte modellen som rår i Norden i dag. Sveits med sine sjølvstendige kantonar og utstrekte bruk av folkerøystingar og direktedemokrati hev sumtid vorte drege fram, men me treng ikkje å gå so langt sud i Europa som til Sveits. Um me helder til dømes ser til Tyskland, so hev Tyskland heilt sidan samlingi i 1871 vore ein føderalstat der dei ulike bundeslandi hev sine eigne delstatsparlement, eigi delstatsregjering, sjølvstendig politikk for skule og utdaning og so burtetter.

Tyskland er tufta på ein føderal modell der ulike "Bundesländer" hev eigne parlament, regjeringar og lovgjeving. Dei nasjonale styresmaktene hev ikkje andre andsvarsuppgåvor enn dei som eksplisitt er fastsette i grunnlovi.

Tyskland er tufta på ein føderal modell der ulike «Bundesländer» hev eigne parlament, regjeringar og lovgjeving. Dei nasjonale styresmaktene hev ikkje andre andsvarsuppgåvor enn dei som eksplisitt er fastsette i grunnlovi.

Den tyske grunnlovi er utforma slik at riksstyret einast skal taka seg av dei uppgåvone som grunnlovi eksplisitt gjev dei – som utanrikspolitikk, forsvarspolitikk, samferdselspolitikk, asylpolitikk. Andre uppgåvor som til dømes skulestell er det dei ulike bundeslandi som styrer med sjølve.

Um ein ser på det regionaliserte Tyskland, so er kvar region (“Bundesland”) uppkløyvt i krinsar (“Kreise”), og kvar av desse krinsane er vidare uppkløyvde i kommunar (“Gemeinde”). Ein hev altso heile 4 ulike forvaltningsnivå, medan ein i Noreg hev 3 – og regjeringspartii Høgre og FrP tykkjer altso at det er for mange og vil helst kutta det ned til 2.

Me kann faktisk tillata oss å ha både kommunar, fylke og regionar – dersom me vil det. Til dømes innførde Charles de Gaulle på midten av 60-talet regionar i Frankrike, men utan å leggja ned dei gamle departementi som ein hadde havt heilt sidan den franske revolusjonen si tid. På same måten som ein i Tyskland hev Länder, Kreise og Gemeinde, so hev ein i dagsens Frankrike både regionar, departement og kommunar.

I Hitler-Tyskland vart føderalismen skift ut med eit partidiktatur der landet var uppkløyvt i "Gau". Slik vart talet på forvaltningsnivå redusert ned frå fire til berre tvo, nett slik som Høgre og FrP ynskjer i Noreg i dag...

I Hitler-Tyskland vart føderalismen skift ut med eit partidiktatur der landet var uppkløyvt i «Gau». Slik vart talet på forvaltningsnivå redusert ned frå fire til berre tvo, nett slik som Høgre og FrP ynskjer i Noreg i dag…

Det kann elles nemnast at den tyske føderalismen vart avskipa i tidi under det tridje riket. I staden vart landet kløyvt upp i «Gau» som var beinveges underlagde nazi-partiet. Ein fekk dimed nett dei tvo forvaltningsnivå som Høgre og FrP aller helst vil ha i Noreg. No skal eg ikkje gå so langt som å insinuera at Sanner er som Hitler, men det gjev ein noko å tenkja på…

Sjølvstyreprosessen som stogga upp

Den sentraliserte staten som me hev i Noreg er ein arv frå 1814, då det norsk-danske embetsmannsveldet lyste Noreg sjølvstendig for å sleppa å leggja seg inn under Sverike. Det sveiv seg her um ein liten minoritet som både språklegt og kulturelt stod langt undan fleirtalet av det norske folket i bygd og by. Arne Garborg hev skildra dette godt i si tvonasjonslæra (“Vaar nationale strid”, 1911), og grunnlovsjubileet for tvo år sidan hadde vore eit godt høve til å henta desse tankane fram att frå gløymsla. Det vart diverre ikkje gjort.

På 1800-talet var det partiet Høgre som målbar interessone åt embetsmannsveldet, medan Venstre kjempa for å føra makti nærare folket. Det var ein kamp som gjekk parallellt med Venstre sin kamp for årleg storting og med framvoksteren av motkulturane (målrørsla, fråhaldsrørsla, lekmannsrørsla). Desse motkulturane stod serskilt stod sterkt på Vestlandet.

I 1837 fekk me formannskapslovene, og det var slutt på at amtmann, lensmann og prest kunde styra bygdene åleine. Me fekk amtskommunar, heradskommunar og bykommunar. I 1919 vart amtskommunen umdøypt til fylkeskommune. Ordet amt kjem frå tysk og tyder ikkje noko anna enn “ombod”, medan “fylke” kjem frå norrønt og hev med “folk” å gjera. Amtmannen, som seinare vart til fylkesmannen, var og er ein rein statstenestemann. Som namneendringi fortel so hev fylkeskommunen vore ein freistnad på å skifta ombodsmannsveldet ut med meir folkelegt forankra strukturar.

Når kampen millom nynorsk og bokmål stod so høgt på den politiske dagsetelen som han gjorde, so var det av di han gjekk rett inn i kampen millom motkulturane og umbodsmannsstaten.Nynorsken målbar tanken um at det ut frå mangfeldet av nedervde norske målføre og tradisjonar kunde utkrystallisera seg ein nasjonal einskap på heimleg grunn. Samstundes knytte han band både til Island og Færøyane – og ikkje minst til Sverike.

Dette prosjektet lukkast diverre ikkje. Nynorsk mål hev vore i vedvarande attendegang i heile etterkrgstidi.  I staden fekk me bokmålet som på eit framandt grunnlag både einsrettar norske talemål og som kuttar oss av frå resten av Norden.

Heilt fram til 1962 so var ikkje bykommunane med i fylkeskommunen, og fylkeskommunane var dimed med på å dana ei motvekt til bydominansen i regionane. Men dette vart det slutt på, og i Hordaland vart jamvel Bergen Fylke integrert inn i Hordaland. Dette hev skipla heile balansen i regionen, og Hordaland er dei seinaste 30 åri vorte meir og meir til ein einaste stor bergensregion. Alle framstegi innanfor samferdsle og industriutvikling hev berre vore med på å hjelpa fram denne tendensen.

Regjeringi varslar regionar med endå mindre makt enn fylkeskommunane i dag

Dei siste tiåri er fylkeskommunen vorten fråteken viktuge uppgåvor. Det er i staden vorte skipa reine byråkratiske regionar (helseregion, skatteregion) som er direkte underlagde staten. Sett i eit historisk perspektiv so er dette faktisk ei reversering av den lokale sjølvstyreprosessen, det er ein retur attende til embetsmannsstaten.

Um ein ser på det som vert sagt i den stortingsmeldingi som riksstyret hev lagt fram, so er det tydelegt at det ikkje er tala um å gjeva dei folkevalde regionane større politisk avgjerdsmakt enn det fylki hev i dag, snarare tvert imot.

Um samferdsel heiter det til dømes at “[s]tørre veger med sterke næringsinteresser kan vurderes overført til staten som en del av denne vurderingen ”. Den nye regionen fær altso mindre fridom til å driva næringsutviklande og heilskapleg samferdselspolitikk enn det fylki hadde med dei gamle fylkesvegane!

Um landbrukspolitikken heiter det vidare at «[d]et vurderes ikke som aktuelt å overføre landbruksoppgaver fra fylkesmannen til nye folkevalgte regioner.»

«Et godt samspill mellom statlig sektoradministrasjon og den kommunale og fylkeskommunale forvaltningen er en forutsetning for en effektiv forvaltning», vert det sagt i stortingsmeldingi. Dimed ser me kva det er tala um, statlege administrative regionar skal ikkje inkorporerast i dei nye og politisk styrde regionane, dei skal eksistera parallellt med dei statsunderlagde, byråkratiske regionstrukturane.

Dei folkevalde regionpolitikarane fær med andre ord den same rolla andsynes dei statlege regionane som det EU-parlamentet hev andsynes EU-kommisjonen. Sistnemnde talar sjølv ope um det “demokratiske underskotet” som han slit med…

Medan ein med demokratiseringi på 1800-talet nytta høvet til å innføra rotnorske nemningar som herad og fylke, so skal “fylke” skrotast og skiftast ut med det papirknitrande “region”. Det med segjer sitt om kva slags trendar regionreformi berre kjem til å forsterka…

Regjeringsstyrd “regionalisering” gjev berre meir sentralisering

Norsk kultur er mangfeld, men den einsrettande, marknadsliberale liberalismen som bokmålet og dagsens Oslo-kultur gjeng inn i, han er eit trugsmål mot dette mangfeldet.

Sume hev nett av denne grunnen vorte ihuga for ideen um å skipa ein eigen vestlandsregion som ei motvekt til dette. Kor som er: Den vestlandsregionen som styresmaktene legg upp til no, han kjem derimot berre til å driva fram ei sentralisering kring Bergen og Stavanger. Han kjem til å pressa urbanisering og bokmål på nynorskbygder. Mykje av dei gamle bygdekulturane og motkulturane som hev vore med på å halda Vestlandet uppe, dei er åt å verta burte – og framvoksteren av ein vestlandsregion dominert av Bergen og Stavanger kjem berre til å akselerera dette.

Her kunde det vera på sin plass å sitera Jon Fosse, som i eit intervju i Bergens Tidende slo fast at det finst ei kulturell kløft millom Bergen og Vestlandet elles:

«Bergenskulturen har definert seg  negativt mot strilekulturen, med det meiner eg heile den nynorske kulturen, både folkekulturen og elitekulturen. Det er ei ulykke og ei skam at det ikkje finst ein einaste nynorskinstitusjon i Bergen, byen som er hovudstad i nynorskland. Eg mislikar sterkt attityden at sjølv det lågaste av bergenskulturen skal vera betre enn det beste av strilekulturen» (Kjelda: «Jon fosse drakk døgnet rundt», Bergens Tidende 15. november 2013).

Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) uttrykte nylegt liknande tankar:

“Bergen er altså ein av mine byar. Min aldri hovudstaden min . Den var, og er ikkje, sentrum i mi kulturelle eller politiske verd. Bergen er heller ikkje ein by eg tenkjer representerer meg, min bakgrunn (frå Sogn og Fjordane) eller regionen eg vaks opp i overfor Oslo. […] Bergen vart aldri motkulturane sin representant. Nynorsk står ekstremt svakt i Bergen. […] Men viktigare, Bergen forsøkte heller aldri strekke ut ei hand for å samle breiare støtte i regionen (sjølv om bystyret nyleg har gjort viktige nynorsk-vedtak!). Snarare tvert om, det bergenske borgarskap kjennest meir framandkulturelt for ein bygdegut frå Sunnfjord enn dei fleste andre folkegrupper i Noreg.”

(“Min by. Men ikkje min representant”. Kommentarartikkel i Bergens Tidende, 8. april 2016).

No stend kommunane og dei reint byråkratiske institusjonane att som ein siste skanse mot einsrettingi.

Um ein til dømes jamfører Sogn og Fjordane sine 110.000 menneske med den halve millionen som bur i Hordaland, so veit ein kvar tyngdepunktet i ein samanslegen fylkeskommune kjem til å liggja. Når dei politiske institusjonane i Sogn og Fjordane vert burte, so kjem det helder ikkje til å vera politiske krefter att til å driva utvikling på region-nivå. Det heile kjem til å verta styrt frå dei store byane, der bokmålet og bykulturen rår grunnen.

Alternativet: Desentralisert regionalisme på fullnorsk grunn

Europa er ikkje det same som EU. Ein kunde ha sett fyre seg eit imperialt Europa, tufta på noko anna enn reine marknadsumsyn – der den etniske og kulturelle identiteten stend i sentrum, og der det andre finn sin naturlege plass i eit hierarki. Nord- og Sør-Europa kann verta motpolane som spinn kring den same imperiale aksen, det er ein av visjonane som den italienske tenkjaren Gabriele Adinolfi nylegt hev kasta fram. Han byggjer vidare på idear som Alain de Benoist sitt franske nye høgre hev stade for i meir enn ein mannsalder.

Liknande visjonar kann kastast fram for vårt eige langstrekte land. På same måten so er Noreg meir enn berre Austlandet – og Austlandet er meir enn berre Oslo.

Eit desentralisert Noreg med ein vestlandsregion, ein trønder-region, ein nordnorsk region, ein Agder-region og ein austlandsregion hadde slett ikkje vore utenkjelegt. Men då må regionane verta regionar etter europeisk mynster. Regionar som fører makti nærare folket og som kann vera ei vidareføring av dei sjølvstyreprosessane me hadde på 1800-talet, ikkje ein retur attende til embetsmannsstaten slik riksstyret legg upp til no.

I staden for riksstyret sine pseudo-"regionar", lat oss krevja regionalisering etter tysk og europeisk mynster!

I staden for riksstyret sine pseudo-«regionar», lat oss krevja regionalisering etter tysk og europeisk mynster!

Grunnlovsjubileet i 2014 vart avslutta utan at me nytta høvet til å få eit grunnleggjande ordskifte um kva slags makstrukturar det er som er dei mest tenlege for landet vårt. Kommune- og regionreformi er vorte det neste høvet som kom til å reisa dette ordskiftet. Arne Garborg skreiv i «Vaar nationale Strid» at kampen stod millom det norske folket og eit framandt embetsmannsvelde. I våre dagar hev EU, EØS og TISA/TTIP gjort dette embetsmannsveldet både globalt og permanent. Det er tid for ein motstøyt!

Part II: Program for ein europeisk vestlandsregionalisme på fullnorsk grunn.

Olav Torheim