Ungdomen til makti

Julien Langella,
“La jeunesse au pouvoir”,
Editions du Rubicon,
2015

“Ungdomen no til dags…” Kven hev vel ikkje høyrt dette klagemålet? Ikkje minst i våre eigne nasjonalsinna krinsar vert det ofte klaga yver at dei unge er vortne fordumma, individualiserte, veikte ned og ute or stand til å sjå samanhengar. No hev derimot Julien Langella, ein av grunnleggjarane åt franske Generation Identitaire, kome med ei bok der det er nett ungdomen som gjev von um at det enno kann koma til ein politisk snunad i Europa.

Det er mykje negativt ein kann syna til med dagsens ungdom. Det er berre å ta seg ein tur med T-banen eller ein spasertur på gata for å få det stadfest: Pluggar i øyro, den eine handi i lumma og den andre med ein mobiltelefon som ein glanar ned på… Openberre manipulasjonsobjekt i den virtuelle verdi – og lette ransoffer i den verkelege.

Um det ein dag skulde røyna på, korleis skal dei vera i stand til å samla seg og arbeida saman? Generasjonen yver 35 år var til dømes den siste som upplivde at dei fleste unge karar gjorde militærtenesta…

Umslaget på "La jeunesse au pouvoir".

Umslaget på «La jeunesse au pouvoir».

Elles so er dei verste til å klaga yver dagsens ungdom paradoksalt nok dei som sjølve høyrer til 68-generasjonen. Ungdom i dag er so egoististiske og individualistiske og tenkjer berre på seg sjølve, vert det sagt. Men er det i grunnen so rart?

Det vert klaga yver at dei unge engasjerar seg so lite i samfundsspursmål, men kva kann ein venta seg at dei forstår av samfundet ikring seg? Ein person som aldri hev lært seg å skilja ut ulike treslag, han ser skogen for berre tre når han er ute i marki. Ein treng knaggar å hengja ting på, dersom ein skal vera i stand til å hugsa og systematisera saker og ting. Eit menneske som ikkje hev nokor verdsåskoding, ingen tradisjon å stydja seg på, han liver berre frå dag til dag. Han er vorten minka ned til eit frittståande individ, lausriven frå bandi til det gamle og nedervde.

Skal ein kunna reisa seg kollektivt, treng ein eit råmeverk for dette. Tradisjonar og nasjonar gjev sosial og kulturell kapital som menneske treng for å kunna skapa si eigi framtid. Dette råmeverket hev 68-generasjonen sjølve vore med på å riva ned.

Det er ungdomen no til dags fullt klår yver, meiner Langella.

68-generasjonen hev yverlate ungdomen til seg sjølv

68-generasjonen kunde gjera uppreist mot foreldregenerasjonen sin av di dei hadde fenge våpni som dei trong til å gjera uppreist. Dei hadde vore igjenom eit skuleverk som disiplinerte deim, som gav dei kunnskapen dei trong og som gav dei evna til å organisera seg og arbeida saman.

Den gamle skulepedagogikken var tufta på diktat og pugging, elevane skulde fyrst og fremst instruerast. Slik kunde ein få alle, same kva slags bakgrunn dei hadde, upp på eit visst grunnleggjande nivå. Den nye pedagogikken er tufta på at eleven sjølv skal taka andsvaret for eigi læring, at han på eigi hand skal leita seg fram til informasjon. Problemet er det at det er berre eit mindretal som er i stand til dette. Elevar som kjem frå akademikarfamiliar og som kann få hjelp og studnad heimanfrå greider seg bra, medan andre elevar fell attum. Slik fører den nye pedagogikken til at skulen berre reproduserar gamle sosiale skilje.

Etterrøkjingar syner at elevane jamt og trutt vert dårlegare på grunnleggjande disiplinar, til dømes lesing og skriving. Dette er paradoksalt når me veit at ungdomar, takk vere IT og sosiale media, brukar mykje meir tid på lesing og skriving no enn dei gjorde tidlegare.

Det er fyrst når ein hev greidd å koma til eit visst nivå at ein sjølv vert i stand til å orientera seg på eigi hand. Jamfør at ein ikkje greider å improvisera med eit musikkinstrument utan å fyrst ha vore igjenom grunnleggjande tone- og taktlæra. Det som trengst er skule av tradisjonelt mynster – som gjev alle grunnleggjande kunnskap, dugleik og tame. Når ein er komen igjenom dette, kann ein skilja millom dei som gjeng vidare til ei yrkesutdaning og dei som kann gå vidare til eit høgare studielaup og verta studentar.

Um ein spyrr ungdomane sjølve, so er det nett meir autoritet og disiplin i skuleverket som dei sjølve etterlyser.

Dei politiske avgjerdstakarane liver i fortidi

Det er færre enn 12 av dei 577 representantane i den franske nasjonalforsamlingi som er under 40 år. Helvten av dei er eldre enn 60. 1945-generasjonen, babyboomarane, hev i desse dagar nådd pensjonsalderen. Prognosane syner at i 2020 kjem det til å vera fleire franskmenner yver 60 enn det er under 20. I 2035 kjem meir enn 30 prosent av folkesetnaden til å vera yver 60 år. Alt dette heiter at det vert eit stødt større gap millom dei som tek dei politiske avgjerdene og dei som faktisk kjem til å få uppliva dei langsiktige konsekvensane av deim.

Den politiske og økonomiske makti – og dessutan mediemakti – ligg hjå dei som var tenåringar på 60-talet. I utgangspunktet trong ikkje det å vera eit problem: Ein kunde tvert um tenkja seg at det er positivt at det er dei som hev lengst livsrøynsla som styrer samfundet. Problemet er berre det at 68-generasjonen aldri hev vore upptekne av andre enn seg sjølve. Den gongen sveiv det seg um å sikra seg individuell fridom – og no gjeld det um å sikra seg pensjonar og tryggleik ut deira eigi tid. Dei er vortne gamle i kroppen, men i sinnet er dei like uansdsvarlege som fyrr.

Dessutan liver dei fleste av deim godt skjerma for den nye røyndomen. Samfundet hev endra seg sers mykje dei seinaste 20 åri, og dei hev ikkje fenge det med seg. Kor mykje merkar ein av samfundsendringane dersom ein sjølv liver trygt og avskjerma i eit bustadfest utanfor ein by som ein einast vitjar med bilen sin, og det for å køyra til arbeidet sitt der ein møter kollegaer med same sosiale bakgrunn?

Foreldregenerasjonen vår er i beste fall viljuge til å diskutera komande problem i ei framtid dei sjølve slepp å uppliva. Dei unge liver derimot midt uppi denne “framtidi”, her og no. Medan massemedia framsteller det som konspiratoriske skrekk-scenario at europearar vert minoritetar i eigne land, so er europeiske ungdomar minoritetar i eigen skulegard den dag i dag.

"Medan massemedia framsteller det som konspiratoriske skrekk-scenario at europearar vert minoritetar i eigne land, so er europeiske ungdomar minoritetar i eigen skulegard den dag i dag."

«Medan massemedia framsteller det som konspiratoriske skrekk-scenario at europearar vert minoritetar i eigne land, so er europeiske ungdomar minoritetar i eigen skulegard den dag i dag.»

Um ein til dømes ser på stoda i Tyskland, so hev 16 millionar av 80 millionar menneske innvandrarbakgrunn – og det ser soleides ikkje so dramatisk ut. Um ein derimot ser på aldersgruppa 0-25 år, so fær ein eit heilt anna bilæte: Av totalt 29 millionar menneske, so er meir enn 8 millionar av utanlandsk upphav, altso ein av tri (Kjelda: https://www.destatis.de/DE/ZahlenFakten/GesellschaftStaat/Bevoelkerung/MigrationIntegration/Migrationshintergrund/Tabellen/MigrationshintergrundAlter.html ).

Eller kva med vårt eige Noreg? Jamvel um norske kvinnor einast fær 1,8 born i snitt – og soleides under reproduksjonsnivå – so hev talet på grunnskuleelevar dubla seg det seinaste tiåret. Kven er desse nye elevane, tru? Det vart for ei tid sidan slege stort upp at nynorskprosenten i skulen hadde tapt seg – men når ein såg på dei absolutte tali med nynorskelevar, so var desse meir eller mindre dei same som for 20 år sidan. Det er det store tilskotet av born og unge med innvandrarbakgrunn, der flestalle hamnar i storbyane, som hev ført til at nynorsken hev tapt seg (Kjelda: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/nynorsk/stadig-mindre-elev-andel-skriver-nynorsk/a/23587972/ ).

68-generasjonen voks upp i ei tid der kvinnor kunde gå fritt ikring yveralt, der det ikkje var etniske gjengar i skulegarden, der det var arbeid til alle – og i alle fall arbeid dersom ein hadde ei utdaning. Mange av dagsens ungdom tek lange utdaningar som ikkje garanterar for noko anna enn studielån og arbeid i kassa på Rimi etterpå. Mange skulde nok ha ynskt at dei helder hadde teke seg ei yrkesutdaning, men helder ikkje det er so endeframt: I stødt fleire bransjar kjem utanlandsk og ufaglærd, svart arbeidskraft inn og tek yver heile bransjar (Sjå til dømes http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/At-dere-ber-norsk-ungdom-satse-pa-yrkesfag_-er-faktisk-utrolig-rattent–Eirik-Kornmo-8358454.html ).

Etterrøkjingar syner at ungdomen er mykje meir redde for framtidi enn det foreldri deira var på same alder. Dei fleste reknar til dømes med at dei må spara til sin eigen alderdom.

Det er elles ikkje berre trygge pensjonar som dei unge reknar med å sjå langt etter. Ordna arbeidstilhøve er noko som høyrer foreldregenerasjonen til, det med. Dagsens unge fær verta kjende med “prekariatet”, der dei fleste arbeidsuppgåvor einast er på millombils basis og der ein heile tidi er på jakt etter nytt arbeid. Dei godmenneskelege 68’arane hev ingen medynk med desse ungdomane, tvert imot: I våre massemigrasjonstider so er redusert stillingsvern og meir bruk av millombils arbeidskraft millom verkemidli som vert selde inn i opinionen som “tiltak for å få flyktningar raskt i arbeid”. Dei som betalar prisen for dette er ungdomar som stend på terskelen til arbeidslivet, og som aldri greider å etablera trygge nok råmor ikring seg sjølve til at dei kann byrja tenkja på å grunnleggja ein familie.

Dei gamle vil ha tryggleik, dei unge vil ha endring

Um ein ser på valresultati i Frankrike, so syner det seg at det er dei unge veljarane som strøymer til Front National, medan dei gamle held seg til systempartii. Meiningsmælingar syner at mest 50 prosent av folkesetnaden i alderen 25-34 år vil røysta på Front National. Dei gamle vil derimot ikkje risikera noko. Dei søkjer etter det trygge, og dei tenkjer at systempartii skal syta for at dei enno hev den vesle tryggleiken i kvardagen sin til dess at deira tid er umme (“Tøffe” UMP-politikarar som Sarkozy retter seg inn mot nett dette veljarsegmentet). Dei unge hev for sin part ikkje anna val enn å gjera upprør.

Dei gamle vil ha tryggleik, dei unge vil ha endring...

Dei gamle vil ha tryggleik, dei unge vil ha endring…

So kva kann ein gjera då? Julien Langella kjem på slutten av boki med nokre handfaste politiske åtgjerder som ein kann nytta seg av:

  1. Borgarløn. Dagsens ungdom er vortne upplærde til individuell fridom,  men kva slags fridom? I forbrukarsamfundet skal ein masseprodusera i arbeidstidi og massekonsumera på fritidi. Det som ein skaper i arbeidstidi vert ein framandgjord frå, og i fritidi hev ein berre gleda av å øydeleggja ting etter bruk-og-kast-prinsippet. Ein fær soleides ikkje høve til å kasta inn kreftene sine for noko ein brenn for. Kvifor ikkje lata dei som ynskjer det få nytta nokre av dei beste åri sine til å arbeida saman for eit samfundstenlegt fyremål? Borgarløn gjev høve til dette.
  2. Røysterett for 16-åringar. Å gjeva ungdomen røysterett fører ikkje til kaos og anarki, slik konservative stødt ottast. Um ein ser på resultati frå skuleval, so ser ein at ungdomsveljarane forsterkar alle dei trendane som alt finst i samfundet. Trendane ute i Europa i dag er at nasjonalismen er på frammarsj, og dette ser ein serskilt hjå ungdomen. I Austerrike gav ein for nokre år sidan røysterett til 16-åringar, og det er nett desse som massivt hev slutta upp um innvandringskritiske FPÖ ved val.

No er det visselegt ikkje ved val at den europeiske framtidi kjem til å verta avgjord, og som me alt hev vore inne på so tyder den demografiske utviklingi på ein stødt eldre veljarmasse og dimed stødt færre høve for dei unge til å påverka gjenom dei vanlege politiske kanalane. Det viktugaste er å kunna skapa samanhengar der ungdomen sjølve fær taka initiativet og driva fram ein dagsetel. Langella dreg fram den tyske Wandervogel-rørsla frå tidlegt tjugande århundre som eit døme på dette, men her kunde han godt ha vorte meir konkret på kva det er han ser fyre seg i vår tid.

“Me treng ingen ungdomspolitikk. Ungdomen er vår politikk”, heiter det i dei identitære si krigslysing. For det er ikkje slik at det er ungdomen som er problemet. Problemi som dei unge råkar ut for er generelle samfundsproblem som fyrr eller seinare råkar oss alle. Ein politikk som tek tak i dei problemi som ungdomen slit med, det er ein politikk som tek tak i dei grunnleggjande samfundsproblemi i vår tid. Di lengre me ventar med å gjera det, di meir vert det for komande ættleder å rydja upp i.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2016. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!