3500 tyskarar samla til rock for identitet

I helgi som gjekk var heile 3500 menneske møtte fram til den politiske musikkfestivalen «Rock für Identität» i Hildburghausen i Thüringen, Tyskland. «Musikk og talor mot avskipingi av Tyskland», kalla tilskiparane det.  På festivalen spela ei rad ulike gruppor innanfor sjangeren nasjonalsinna hardkjernerock.

Nasjonalsinna hardkjernerock er vorte stort i Tyskland. Hardkjernerocken hev sitt upphav i pønk og metallmusikk, og det er musikk som både er brutal og melodiøs på ein gong. Den røffe instrumenteringi tvingar lyttaren til å leita aktivt etter harmoni, og det må ofte eit trena øyra til for å finna honom.

Gjenomgangstemaet i dei fleste hardkjerne-tekstene er at ein må vakna upp og verta medviten – anten det gjeld mat, miljø, mediemanipulasjon, masseinnvandring eller andre brennande emne – og helst skal bodskapen gaulast so høgt inn i øyra ditt at det er umoglegt å ikkje få det med seg.

Hardkjernerocken hev eit moderne uttrykk og samstundes er det noko tidlaust yver honom. Soleides treng ein ikkje undra seg yver at nett denne musikken er vorten umtykt millom tradisjonsmedvitne folk som er på jakt etter verkemidlar og ein estetikk som høver for vår eigi samtid.

rfi_act_of_violence_2

Tusundtals menneske samla til nasjonalsinna hardkjernefestival under open himmel.

Ikkje minst på vinstresida riv dei seg i håret yver at nasjonalistar hev greidd å stabla stødt fleire hardkjernegruppor på føtene. Gruppone som stod på scena i Hildberghausen er musikkgruppor som vinn aukande tilslutnad – og der både komposisjon og produksjon på ingen måte stend attende for det ein finn innanfor midtstraumsmusikken.

rfi_poster

Flygeblad for festivalen.

Talet på deltakarar – 3500 – er politiet sitt eige tal. Jamvel massemedia – som helst vil døma slike tilskipingar nord og ned med dei sterkaste ordelagi – hev gjenge god for dette sifferet (sjå til dømes «3500 Besucher bei Rechtsrock-Konzert in Hildburghausen», Landeswelle Thüringen, 9. mai 2016).

"Act of Violence" var millom gruppone som stod på scena um kvelden.

Det skal ha vore topp stemning um kvelden.

Politiet upplyser at festivalen gjekk fredelegt fyre seg, men dei hev likevel fenge kritikk frå partiet «Die Linke» av di dei ikkje var meir nærverande under tilskipingi. 350 politifolk til å passa på fredelege festivaldeltakarar er openbert ikkje nok, meinte partileidaren i Thüringen, Susanne Hennig-Wellsow  («Kritik an Polizeieinsatz bei Rechtsrock-Konzert mit 3500 Teilnehmern in Hildburghausen», Ostthüringer Zeitung, 8. mai 2016).

rfi_blutbanner

Under alle umstende so hev både det store frammøtet og umtala i media atter ein gong stadfest at hardkjernerock er meir enn berre musikk!

Redaksjonen