Gaahl’s Wyrd på Garage

Det var ei musikalsk uppleving med innslag og stemningar som dei fleste svartmetallkonsertar ikkje kann by på. Med alt frå sagblad-speling og dreielire til meir “tradisjonell” svartmetall-instrumentering – og synging av det mest mangslungne slaget. Gaahl’s Wyrd var soleides ikkje heilt det som ein kanskje hadde sett fyre seg.

Med Lindy-Fay Hella og Einar Selvik (Kvitrafn) so tenkte eg meg fyrst at her fekk me kanskje kjenna på litt av den same stemningi som ein finn i Wardruna-musikken. Men det var riv ruskande gale: Gaahl’s Wyrd hev mykje meir sams med God Seed og Gorgoroth enn det hev med Wardruna. Samstundes må det segjast at Gaahl’s Wyrd er litt meir originalt i ljod og stemning enn det Gorgoroth og God Seed hev vore i det seinaste.

"Det kjende seg i all fall som ein musikalsk reisa gjenom svartmetallsoga. I nokre augneblinkar hadde ein tenkt seg attende til tidlegare tider i Bergens black metal, der det enno var fersk og nytt og fårlegt."

«Det kjende seg i all fall som ein musikalsk reisa gjenom svartmetallsoga. I nokre augneblinkar hadde ein tenkt seg attende til tidlegare tider i Bergens black metal, der det enno var fersk og nytt og fårlegt.»

Når det kjem til det tekniske, so vart musikken framførd på framifrå vis. Dei tvo gitaristane var dugande karar, og bass og trumbor var alltid i same takt. Rett og slett ein gruppekjemi som vitnar um at her må folk ha spela saman i mange, mange år (ti år minst, skulde ein tru ut frå det ein høyrde).

Stemningi på konserten var sumtid so underleg at ein fekk litt av den same kjensla som ein fær når ein er på eit sirkus. Publikum var mildt sagt mangfelt, frå gamle metallgubbar til litt yngre menneske. Det subkulturelle innslaget ytte sitt til den eklektiske stemningi.

Songane var ei god blanding av både nye Wyrd-låtar og gamalt materiale frå Gorgoroth («Carving a Giant») og Trelldom. Det kjende seg i all fall som ei musikalsk reisa gjenom svartmetallsoga. I nokre augneblinkar hadde ein tenkt seg attende til tidlegare tider i Bergens black metal – den gongen det enno var ferskt, nytt og fårlegt.

Megan Leo