Tamt og irrelevant på 1. mai i Bergen

Med undantak for streikande hotell- og restaurantarbeidarar, so var det tynt i rekkjone av arbeidsfolk på fyrstemai-markeringi i Bergen. Dei tradisjonelle aktivistgruppone var dominerte av subkultur – og dei nytta seg av symbolikk og parolar som ikkje hev serleg relevans for aktuelle problem av i dag.

Streikande hotellarbeidarar hadde møtt mannsterkt fram i streikevakt-vestane sine, og dei flokka seg attum parolen “Sosial dumping skaper A og B lag – Norsk lønn i Norge!”. Slett ikkje til å undrast yver, når ein veit at det er nett i hotell- og restaurantnæringi at norske arbeidarar fær kjenna på konsekvensane av EØS-avtala sin frie flyt av underbetalt og ufaglærd arbeidskraft.

Streikande hotellarbeidarar og subkulturelle aktivistmiljø dominerte fyrstemai-feiringi i Bergen.

Streikande hotellarbeidarar og subkulturelle aktivistmiljø dominerte fyrstemai-feiringi i Bergen.

Diverre var ikkje solidariteten millom norske yrkesgruppor sterkare enn at det fyrst og fremst var dei tradisjonelle aktivistmiljøi på vinstresida som fylde upp resten av demonstrasjonstoget – og jamvel der er det tynt i rekkjone.

Tanketome og innhaldslause parolar

Den tannlause parola “Syria blør – FN må sikre freden” samla ein handfull personar. Etter fem års borgarkrig skal det vel godt gjerast um ein ikkje hev fenge med seg at «Syria blør». Ein må elles berre undra seg på kvifor ein skal ut på gata i Bergen med krav rette til FN. Kvifor ikkje helder stella krav til det norske riksstyret som saman med USA og NATO hev vore med på å undergrava dei lovlege styresmaktene i Syria? I dette høvet hev FN snarare vore til stelp enn til hjelp for freden.

1mai_syria

På fyrste mai i Bergen so er det FN – og ikkje norske styresmakter si rolla i Syria-krigen – som det vert stelt krav til…

“Bevar asylretten” var ei onnor offisiell parole som helder ikkje samla den heilt store fylkingen attum seg. Kann henda av di mange uppliver henne som ei tilsniking? Er det noko som undergrev asylretten, so er det vel nett det at hovudstraumen av personar og gruppor på “vinstresida” ikkje er i stand til å differensiera millom kvinnor og born som flyktar frå krig og som faktisk treng hjelp – og unge menner som einast er på jakt etter pengar og materiell velstand i Vest-Europa…

Er det ein N for lite eller ein R for mykje på handplakaten?

Er det ein N for lite eller ein R for mykje på handplakaten?

Endå so aktuell saki er vorti med dei mange folkerøystingane no i vår, so var det ikkje ein einaste parole å sjå mot kommune- og regionreformi. Det er til å undrast yver, sidan nett denne reformi på mange måtar er nådestøyten mot lokaldemokrati og livande lokalsamfund langsetter heile norskekysten.

Helder ikkje var det ein einaste parole mot TISA/TTIPP, og det endå um dette er saker som heng nært i hop. Åtaki mot den lokale og nasjonale sjølvråderetten kjem frå mange hald. Det norske samfundet vert meir og meir sentralisert, og det samstundes med at avgjerdsmakt vert flutt frå nasjonalstaten og yver til yvernasjonale organ og multinasjonale selskap.

At fyrste mai ikkje vert nytta til å reisa bust mot desse åtaki er i seg sjølv eit symptom på at det som ein gong var motkulturar og grasrotrørslor i Noreg er vortne liggjande att med broten rygg…

Frå RV til AP: Sosialdemokratisk samling

Etter at toget var avslutta, so vart det appellar på Torgallmenningen. LO-nestleidar Hans Christian Gabrielsen minte dei frammøtte um at dette var ein fyrste mai utanum det vanlege, med referanse til den tragiske helikopterulukka på Turøy i Øygarden for eit par dagar sidan. Han sende varme tankar til familiane åt dei 13 som miste livet, og bad um at alle var stille ein augneblink for å minnast dei døde.

Dinæst var det arbeidarpartipolitikar og bergensordførar Marte Mjøs Persen som fekk ordet. Persen var nestleidar i Raud Valallianse frå 2003 til 2007, men melde seg ut etter ein intern konflikt – og er i dag komi til vegs ende på den vinstresosialdemokratiske glidebanen sin.

Tridje talar ut var Bjørnar Moxnes frå Raudt. Med Moxnes til leidar hev Raudt konsolidert seg som eit vinstresosialdemokratisk parti (jamfør programordskiftet for eit par år sidan). Slik sett er i grunnen ringen slutta med fyrste mai i Bergen:  Raudt hev fenge ein leidar som er vinstresosialdemokrat – og det sosialdemokratiske Arbeidarpartiet hev fenge ein bergensordførar med bakgrunn frå Raudt.

Ei blodfattig tilskiping

Serleg upplyftande var markeringi i Bergen diverre ikkje. Fyrste mai er for lengst vorte ein dag der vanlege arbeidarar einast møter fram når dei sjølve er direkte råka i ein arbeidskonflikt, som med hotell- og restaurantstreiken – og der dei tradisjonelle vinstreorienterte aktivistmiljøi berre hev glide lengre og lengre inn i sitt eige mangkultur- og transgender-univers (og enno hev eg ikkje nemnt det fullstendig akterutsigla segmentet, representert ved dei 5-10 personane med transparent frå Tjen Folket).

Og slik går no dagan, medan globalistane og velferdsprofitørane ler heile vegen til banken…

O. Torheim

  • Det ble ikke til at jeg gikk i 1. maitog i år heller, selv om jeg har deltatt på en del demonstrasjoner de siste åra til støtte for henholdsvis palestinerne og kurderne. I år var jeg forberedt på å stille med #TrondAndresensplakat her i Oslo, dvs. den om at antisemittisme-begrepet misbrukes over en lav sko for å stemple all kritikk av Israel, sionisme og overgrepene mot de okkuperte palestinerne, samt en rekke annen kritikk av jødiske maktkonstellasjoner og deres agendaer og manipuleringer. Men jeg fikk ikke laget noen plakat og heller ikke lyktes jeg å komme i kontakt med andre her som ønsket å markere denne saka.

    Jeg har ikke gått i første maitog siden jeg ble dratt med av mamma og pappa tidlig på søttitallet. Jeg tviler på at det blir noen flere. Dette er en tradisjon som har gått fullstendig i frø. Men fin, tankevekkende og trist artikkel!