Tysk 1. mai: Fiasko for antifa og politi i Plauen

Den tyske nasjonal-revolusjonære gruppa «Der Dritte Weg» (Tridje Vegen) hadde kalla inn til demonstrasjon på fyrste mai i Plauen i Sud-Tyskland. Motdemonstrantar frå det vinstreautonome spekteret møtte fram for å blokkera upptoget, men ikkje ein gong Politiet si passivt-aggressive og til slutt openlyst valdelege åtferd andsynes dei frammøtte demonstrantane var nok til å hindra at marsjen fekk gå som planlagt. Dette gjeng fram or fritt tilgjengelege kjeldor på nettet.

I demonstrasjonsuppropet frå «Der Dritte Weg» so vert ljoskastarane sette på det veksande sjiktet av underbetalte ufaglærde i Tyskland. Dette er menneske som i beste fall fær liva på minsteløn og som aldri fær seg nokon retteleg fast jobb. Dei vert verande fattige endå um dei det meste av tidi er i fullt arbeid. Asylstraumen inn i Europa – og «flyktningar» som treng å «koma kjappt i jobb» – er vortne til brekkstongi som storkapitalen nyttar seg av for å gjera dette «prekariatet» til eit nytt og permanent undersjikt i samfundet.  I mobiliseringsmateriellet til demonstrasjonen so freistar «Der Dritte Weg» dessutan å gjera folk merksame på styresmaktene sitt umfemnande utsal av vass- og energiforsyning til internasjonal storkapital.

Uppstilling til demonstrasjonstog, 1. mai 2016.

Uppstilling til demonstrasjonstog, 1. mai 2016 (Foto henta frå arbeiterkampftag.info).

Aktivistane frå «Der Dritte Weg» kallar seg for nasjonal-revolusjonære, og tek til ords for det dei kallar for ein «Deutschen Sozialismus». «Der Dritte Weg» stend sterkt i Sud-Tyskland, og det er ikkje fyrste gongen «Der Dritte Weg» demonstrerar i Plauen. Fyrre gongen var i 2014, då eit tusundtals aktivistar marsjerte uhindra gjenom gatone. I fjor mynstra dei mannsterkt i Saalfeld, og i år var det atter tid for demonstrasjon i Plauen.

Antifa-aktivistar frå det vinsteautonome spekteret hadde kalla inn til blokadeaksjonar mot tilskipingi, og dei sette alle klutar til: Gratisreisor med buss frå heile Tyskland vart organiserte, og heile 48 bussar skal ha vore leigde inn.

Antifa lokka med gratis bussreisor til Sud-Tyskland.

Antifa lokka med gratis bussreisor til dei ulovlege blokadeaksjonane i Sud-Tyskland.

Aktivistane frå «Der Dritte Weg» fekk soleides ikkje marsjert meir enn halve strekket sitt fyre dei vart stogga av Politiet som nekta å rydja upp i ei av sitjeblokadene åt vinstreaktivistane. Men i staden for å verta ståande og stampa – og lata demonstrasjonen få gå i frø slik det hev hendt so mange gonger fyrr – so valde demonstrasjonsleidingi å kunngjera at demonstrasjonen med dette vart uppløyst. Dimed hadde ikkje demonstrasjonsleiding og ordensvakter lenger noko andsvar for kva dei individuelle demonstrantane eventuelt skulde finna på etterpå…

Konfrontasjon millom politi og demonstrantar.

Konfrontasjon millom politi og demonstrantar.

Det skal ha vorte nokre rettelege basketak med politiet, sprutande vasskanoner og tåregass i lufti, men endskapen på det heile var at storparten av demonstrantane kom seg vidare på marsjruta, og dei kunde som planlagt – orsak, «spontant» – avslutta demonstrasjonen med appellar på jarnbanestasjonen.

Avsluttande markering ved jarnbanestasjonen. Korkje blokadar eller politibrutalitet var nok til å stogga den lovlegt tillyste markeringi åt "Der Dritte Weg".

Avsluttande markering ved jarnbanestasjonen. Korkje blokadar eller politibrutalitet var nok til å stogga den lovlegt tillyste markeringi åt «Der Dritte Weg».

Etter Politiet sine eigne tal skal på lag 1000 aktivistar ha marsjert gjenom Plauen. Um ein skal tru på massemedia, so skal motdemonstrantane ha talt på lag like mange personar, og ein kann soleides slå fast at det ikkje kann ha vore serskilt trongt um plassane inne på dei 48 antifa-bussane…

Redaksjonen

  • det vinstreautonome spekteret

    Valdsvenstre er vel eit betre omgrep, slik Jan Hårstad nyttar det.