Kampen om fjordane – ein demokratisk realitetssjekk

I filmen «Kampen om fjordane» fylgjer me den unge harding-gjenta Synnøve Kvamme i kampen mot monstermastene i Hardanger. Ein kamp som med tidi gjeng heile vegen frå ungdomeleg optimisme til beisk realitetsorientering. Ingenting av det som aksjonistane gjorde var til sjuande og sist nok til å stogga utbyggjingi.

Filmen er regissert av Vigdis Nielsen, som hev fylgt aksjonistane heile vegen frå kampen tok til i 2010 og til dess at mastene vart bygde i 2012. Berre det at filmen som ein av dei fåe kinofilmane er teksta på nynorsk er grunn god nok for Målmannen til å melda filmen. Men denne filmen tek fyre seg so mykje meir enn berre kampen for å berga naturen. Her vert det reist grunnleggjande spursmål ved heile det liberale demokratiet som me liver i. Ein systemkritisk film med nynorsk teksting? Me hadde svikta samfundsuppdraget vårt um me hadde late denne filmen få passera i det stille…

Normalt tenkjer ein seg at demokrati heiter at fleirtalet skal styra, men i realiteten er det umvendt. I det moderne samfundet hev alle serinteressor eit parti, ein organisasjon, ein lobby som representerar dei i det daglege. Men kven er det som arbeider for interessone åt heile samfundet, interessone åt den abstrakte storleiken som heiter «folk flest» – for ikkje å snakka um framtidige generasjonar av desse? Når pengeverdiane åt serinteressor kjem i konflikt med dei umissande verdiane som høyrer til oss alle – og som ikkje kann mælast i pengar – kva for verdiar skal då vega tyngst, og kven skal gjera desse vurderingane?

I byrjingi av filmen fortel Synnøve Kvamme um si eigi politiske uppvakning. Då ho var yngre so trudde ho at politikk handla um å gjera si røyst høyrd, fortel ho. Maktar ein å argumentera klårt og tydelegt nok for seg, so kjem politikarane til å høyra på henne. Hennar eige engasjement vart vekt av noko som endeframt som kjærleik til sin eigen heimstad, til sine eigne sætrar og sine eigne fjell.

Tallause diskusjonar og aksjonar seinare so er det den same Synnøve Kvamme som finn byggjematerialet åt mastene lasta upp på kaien – merkte med tingingsordren som syner at materiellet vart tinga alt fem månader fyre politikarane gjorde det endelege vedtaket um å byggja monstermastene. Filmregissør Vigdis Nielsen hev sjølv fortalt at ho lenge trudde at dei verkelegt skulde klara å stogga monstermastene, og at det var ein demokratisk illusjon som vart knust når det vart tydelegt at her vart det monstermaster same kor sterk den folkelege motstanden skulde verta.

Til barrikadane i bunad

Heile det politiske miljøet i Hardanger, frå ytste vinstre (SV) til ytste høgre (FrP), sagde nei til monstermastene – og fylkeslagi i Hordaland studde deim i dette. Det vart mobilisert både med demonstrasjonar i byane og med utspel til rikspolitikarane. Ei stund trudde aktivistane at dei faktisk skulde lukkast. Jens Stoltenberg vilde ha «dialog» med aktivistane. Det heiter, «dialogen» skulde førast samstundes med at fyrste byggjesteg med mastene alt tok til. Etterpå kunde ein segja at ein hadde havt ein «dialog» og ein «prosess» der folket hadde vorte «høyrt» – og dimed kunde politikarane med godt samvit gjeva klårsignal til det neste og siste byggjesteget.

Stemningsskiftet vert godt illustrert med ei gripande naturscena: Nokre hjortar vert jaga upp og spring rådville ikring. Kvar hen skal dei gjera av seg? Samstundes flyg helikopteri inn på fjellet med lasti si.

Sju politifolk i sving for få bunadskledde Synnøve Kvamme ned frå containeren.

Sju politifolk i sving for få bunadskledde Synnøve Kvamme ned frå containeren.

Størst var sviket åt Hordaland Arbeidarparti – som snudde frå nei til ja til monstermaster, og det berre for å gjeva si eigi regjering ryggdekning til å yverkøyra folket i Hardanger. Arbeidarpartiet måtte visa at dei hadde kontrollen på Vestlandet. Men ikkje ein gong Senterpartiet stelte upp når det kom til stykkjet, og ein bonde melder seg ut i protest etter 40 års medlemskap.

Prosessen gjeng sin gang. Statnett kallar grunneigarane inn til møte og informerar dei um at byggjearbeidi kjem til å taka til. Dei bed dei um å skriva under på at dei hev løyve til å gå inn på eigedomane deira og arbeida. Skriv dei ikkje under, so er Namsmannen neste instans…

Anleggsarbeidarar vert leigde inn frå Kroatia for å setja upp mastene, og sivil ulydnad vert den siste utvegen åt monstermast-motstandarane. Her hev filmen fenge med seg mange scenor som hev gjenge yver i den norske naturvernssoga, som til dømes når eit titals politifolk er i sving med å bera unge gjentor i hardangerbunad ned frå nokre containarar der det utstyret som skal flygast upp på fjellet ligg lagra. Sjølv fær Synnøve Kvamme 10.000 kronor i bot.

Aktivistar fær bøter. Statnett fær «undantak»

Etter måten mange grunneigarar møter fram for å passa på det som skjer under utbyggingi. Politiet svarar med å gjeva deim ferdselsforbod i ein radius på 150 meter frå linespennet. Dette fører til at folk ikkje er i stand til å nytta seg av fylkesvegen, og systrene Folkedal kann ikkje ein gong gå upp til sitt eige hus. Kraftlinone kjem for nært og dei vert stogga av Politiet og bøtelagde.  Sakene endar i Tingretten, der det vert slege fast at Politiet hev gjenge langt utyver fullmaktene sine.

Det rettslege etterspelet som saki fær for aktivistane stend i sterk kontrast til det at Statnett slepp undan med so godt som alt det dei hev gjort. Med utbyggjingi gjer dei seg skuldige i det eine lovbrotet etter det andre, men det fær ingen konsekvensar for dei. Millom anna skal dei leggja kraftlina yver ei seter som er totalfreda. Grunneigarane hev ikkje lov til å endra på nokon ting, korkje med bygningar eller landskapet ikring – men Statnett fær «undantak» med èin gong dei søkjer um det.

«Demokratiet» som svikta

Då filmen vart synt på Bergen Kino på onsdag 8. juni, so vart han fylgd av eit panelordskifte i kinosalen. I dette panelet sat millom anna filosof Gunnar Skirbekk, og han var ikkje nådig i domen sin yver den «demokratiske» prosessen som leidde fram til monstermastene.

Um eit representativt demokrati skal fungera, so trengst det eit samspel millom ålmenta, media, politikarar og ekspertar:

  • Um veljarane skal gjera upplyste val, so må media gjera jobben sin med å leggja fram argumenti frå båe sidor.
  • Um styresmaktene sine avgjerder skal ha legitimitet, so må dei politiske avgjerdstakarane vera viljuge til å taka folket med på råd og dei må taka avgjerder som er baserte på det som er fakta og forskingsbasert kunnskap.

Med monstermastene i Hardanger svikta det på alle nivå:

  • Media vilde ikkje upplysa um den røynlege motivasjonen for å byggja mastene – krafteksport til Europa og elektrifisering av kontinentalsokkelen. I staden kolporterte dei ukritisk påstandi frå Statnett og frå styresmaktene um at mastene trongst til å gjeva «forsyningstryggleik» til Bergen. Det vart framstelt som um Bergen kunde verta myrklagt, endå dette var langt frå realiteten.
  • Politikarane var ikkje viljuge til å høyra på rådi frå fagmiljø som meinte det var fullt moglegt å leggja sjøkabel i staden for luftspenn. I staden synte politikarane til problem som hadde vore med ein 29 år gamal sjøkabel i Oslofjorden.

I tidi etter at monstermastene vart bygde er det vorte lagt sjøkabel yver Norskerenna for å eksportera «øko-straum» til Europa. Det er den same straumen som det skulde vera komplett umoglegt å leggja i sjøkabel i Hardanger. Men ikkje nok med det: No vert det planlagt å leggja endå ein sjøkabel til Europa, og denne sjøkabelen skal gå beint inn i Indre Hardanger. Gjekk det so mykje prestisje i saki at Statnett og rikspolitikarane berre måtte ha luftspenn, koste kva det koste vilde?

I paneldebatten elles so fortalde Høgre-politikar Henning Warlo at då han for eit tjugetals år sidan hadde gjenge inn i politikken, so trudde han i sin naivitet at det var politikarane som styrde. Men han upplivde at det å sitja med den formelle makti var noko heilt anna enn å sitja med den reelle makti. Ein må verkelegt kjempa dersom ein ynskjer å gå imot viljen åt det offentlege byråkratiet eller interessone åt pengesterke private firma. Sidan det ikkje var nokon journalistar til stades på filmvisingi, so kunde han tillata seg å slå dette fast, sa han…

Sentralisering eller lokal grasrotuppreist: Noreg ved eit vegskilje

Fire år hev gjenge sidan monstermastene vart sette upp, men yverkøyringi av norske lokalsamfund hev ikkje teke slutt med det. Den sokalla «kommunereformi» er berre endå eit døme på at politikarar og næringsinteressor set i gang prosessar der resultatet er avgjort på fyrehand. Når folkerøystingane ute i Kommune-Noreg segjer nei til samanslåing, so vert lokalpolitikarane uppmoda til å «ta andsvar» og gå vidare med samanslåingsprosessane. Og skulde lokalpolitikarane segja nei til samanslåing, so er det fylkesmannen – staten sin representant i fylket – som likevel fær det siste ordet. KrF hev alt sikra fleirtal saman med Høgre og FrP for å nytta tvang mot kommunar.

Jamvel um det er fyrst no at «Kampen om fjordane» hev kome på kino, so er han alt vorten synt fram til eit tusundtals skuleklassar – med di filmen kom med i «den kulturelle skulesekken». Med all den grunnleggjande samfundskritikken som ligg i denne filmen, so er det mest eit under at han i det heile slapp igjenom «sensuren». Dette er ein film som kann opna augo på nokon kvar.

Både kampen mot monstermastene og kampen mot dei nye monsterkommunane er saker som hev sett det norske samfundet ved eit vegskilje: Vil me vera aktive politiske aktørar i kvardagen og taka attende kontrollen yver våre eigne liv og vår eigen lagnad – eller vil me vera passive forbrukarar av offentlege og private/privatiserte «tenestor»? Kva skal telja mest, nedervde tradisjonar og lokal kultur og natur – eller «effektive» og «robuste» monsterstrukturar som korkje hev folkeleg eller historisk forankring? Kva slags «forsyningssikkerhet» kann det siste i grunnen gje oss i lengdi? Ei uviss framtid krev lokal handlefridom…

Aksjonistane i Hardanger våga å kjempa. No må me våga å vinna. Vegen vidare gjeng via lokalt sjølvstyre, direkte demokrati og i siste instans – direkte aksjon.

Olav Torheim

Sjå dessutan: «Direkte aksjon – kva er det?». Innspel frå Torstein Viddal

  • Um eit representativt demokrati skal fungera, so trengst det eit samspel millom ålmenta, media, politikarar og ekspertar: Um veljarane skal gjera upplyste val, so må media gjera jobben sin med å leggja fram argumenti frå båe sidor. Um styresmaktene sine avgjerder skal ha legitimitet, so må dei politiske avgjerdstakarane vera viljuge til å taka folket med på råd og dei må taka avgjerder som er baserte på det som er fakta og forskingsbasert kunnskap.

    Er det noe saker som dette viser så er det at hele begrepet «representativt demokrati» er et grovt bedrag. Og det nettopp fordi det systematisk skapes uklarhet om hvorvidt beslutninger har forankring hos flertallet av befolkningen. I et reellt folkestyre holder det ikke med å «ta folket med på råd». Beslutninger i saker av dette slaget skal ganske enkelt ha både nasjonal og lokal forankring hos et klart flertall av befolkningen. Og har de ikke det så dreier det seg hverken om demokrati eller folkestyre. I et reellt folkestyre så blir beslutninger som drives igjennom uten klar folkelig forankring simpelthen å anse som den aller mest alvorlige form for kriminalitet fordi brudd mot dette prinsippet nettopp undergraver selve folkestyret. Når det så helt åpenbart som i denne saken brytes mot folkeflertallets vilje både nasjonalt og lokalt så burde det ha vært en selvfølge at de skyldige ble idømt lovens strengeste straff, hva nå den enn måtte være. I denne saken dreier det seg dessuten ganske åpenbart om et angrep på selve den norske identiteten. Når et klart flertall av befolkningen i landet som helhet var imot dette så skyldes det jo nettopp også at naturen, og spesielt fjordlandskapet i Hardanger hører til selve kjernen i den norske identiteten. Hadde det vært opp til meg så måtte politikerne som drev denne saken igjennom gjerne ha blitt henrettet.