«Direkteaksjon» – kva er det?

Forfattaren og økofilosofen Torstein Viddal var med i kampen mot monstermastene i 2012. Etter Viddal sitt syn er monstermastene i Hardanger ei av mange saker der «direkteaksjon» hadde vore ein rettkomen måte å møta styresmaktene sine yvergrep på. I denne vesle teksti gjer Viddal nærare greida for konseptet um direkteaksjon.

«Direkteaksjon» – ofte kalla for NVDA, Non-Violent Direct Action – hev vore lite nytta i Noreg. I England, USA og Tyskland derimot, so hev mange av dei største sigrane åt miljørørsla kome i kjølvatnet av sovorne aksjonar.

Når me til dessar ikkje hev sett so mange aksjonar av dette slaget i Noreg, so skriv det seg millom anna frå det at norske styresmakter hev so mange høyrings- og ankeinstansar som ein kann nytta til å føra saker vidare til. Jamt yver hev miljøvernarar upplivd at demokratiet hev fungert slik som det skulde.

Synnøve Kvamme og dei hine Hardanger-aktivistane demonstrerte og tok i bruk sivil ulydnad, og dei fekk bøter for dette. Statkraft slapp undan med det eine lovbrotet etter det andre, medan dei unge aktivistane fekk det idealistiske engasjementet sitt på rullebladet. Hardanger-aktivistane tok ikkje i bruk sabotasje, endå um kraftselskapi likevel påstod dette for å sverta aksjonen deira.

Utstyr til monstermastene lasta upp på parkeringsplassen på Kvamskogen.

Utstyr til monstermastene lasta upp på parkeringsplassen på Kvamskogen.

I kjølvatnet av filmvisingi i Bergen på onsdag 8. juni, so uppstod det eit ordskifte um kva ein kunde ha gjort for å faktisk ha stogga monstermastene gjenom det vene Hardanger-landskapet. Her såg me det eigenrådige Oslo-regimet yverkøyra alle dei politiske partii i Hordaland, inkludert Framstegspartiet, Høgre og Arbeidarpartiet. Me såg at staten braut lovi gong etter gong og tok hand um folket i Hardanger som um Hardanger skulde ha vore eit underbruk av Oslo – og grunneigarane og Hardanger-aktivistane urfolket i ein afrikansk koloni.

Det er klårt at med ein so openlyst antidemokratisk motstandar som hev eit vel so antidemokratisk pressekorps på slep, so hev ein ikkje anna val enn sabotasje dersom målet faktisk er å vinna kampen.

Ein måtte ha sabotert mastene heilt frå dei vart lessa av på kaien i Øystese: Kutta stålet med vinkelslipar, smadra glas- og kjeramikkdelane og trilla kabelsneldone på sjøen. Mastefesti måtte ha vorte knuste med sleggja eller med sprengstoff, jarnstenger måtte ha vorte kutta og helst fjerna heilt frå naturi – og hytta som vart lånt ut til dei kroatiske anleggsarbeidarane måtte ha vorte brend ned til grunnen medan kroatane var på arbeid.

Berre slik kunde ein ha vunne kampen um fjordane yver ein so despotisk fiende. Og etter slik ein siger hadde det kome til å taka lang tid fyre Oslo-regimet vilde ha våga seg på noko liknande i Hardanger eller på Vestlandet i det heile.

Ikkje-valdeleg direkteaksjon hev dessutan den fyremunen at ein slepp bøter eller fengsel, sidan alle slike kamphandlingar vert utførde i løynd.

Torstein Viddal