Toppstyrd maktdemonstrasjon i Meland

Det kom ikkje som ei yverrasking på nokon at fleirtalet i kommunestyret valde å yverkøyra folkeviljen og søkja styresmaktene um kommunesamanslåing med Lindås og Radøy. Det var likevel godt gjort av ordføraren å halda ei innleiding der han nemnde absolutt alt det som hadde hendt undervegs i prosessen (tingingsutval, intensjonsavtala, høyringsrunde og folkemøte) – utanum det at det ogso hadde vore ei folkerøysting um saki.

At det hadde vore ei folkerøysting som enda med nei-fleirtal var ikkje ein gong noko ein trong å burtforklåra, det var tvert imot ei hending som ordføraren blankt valde å underslå (so sant han ikkje hadde råka ut for eit akutt minnetap då). Um ikkje dette var nok, so kjem AP-representant Tormod Skurtveit rett etterpå og byrjar snakka um ei opinionsetterrøkjing frå oktober i fjor, og han nyttar denne som grunnlag for å hevda at folket steller seg attum kommunesamanslåingi.

Maktarroganse utan grensor

FrP var partiet som fyre folkerøystingi gjekk ut i media med brask og bram og lova at «FrP […] har sagt klart og tydelig at vi vil stemme det som innbyggerne sier. Om det er 51% eller 90% spiller ingen rolle» (Lesarinnlegg i Strilen frå Roy-Tore Skaar, leidar i Meland FrP, den 1. mars 2016). På kommunestyremøtet hevda derimot gruppeleidar Sigmund Larsen at partiet heile tidi hadde vore for kommunesamanslåing. Dei hadde ikkje hadde vore klåre nok på kva som måtte til for at dei skulde retta seg etter ei folkerøysting som sa nei, og difor valde dei no å leggja vekt på alt anna enn resultatet av folkerøystingi. Til dømes at samanslåing gjev høve til å søkja um midlar frå Sanner sin «infrastruktur-pott» og gjeva betre vegsamband til Landsvik der Larsen sjølv voks upp. -Eg er kanskje inhabil, slo Larsen fast til gapskratt frå salen.

AP-ordførar Oddekalv leid av akutt minnetap under innleidingi til kommunestyremøtet, og FrP-gruppeleidar Larsen meinte sjølv at han kanskje var inhabil.

AP-ordførar Oddekalv såg ut til å lida av akutt minnetap under innleidingi til kommunestyremøtet, og FrP-gruppeleidar Larsen meinte sjølv at han kanskje var inhabil.

Med dette var tonen for resten av møtet sett. Politikarane vilde ikkje ein gong freista å burtforklåra realitetane i saki, dei vilde berre le oss alle rett upp i andletet. Handfaste argument um Meland si lange soga og hardt upparbeidde kompetanse på integrering av utviklingshemja og andre vandslegstelte vart avfeia med generelle flosklar um meir «robuste» strukturar og «større fagmiljø».

Ei demokratisk falittfråsegn

Til liks med Tormod Skurtveit, so hevda Sigmund Larsen med at opinionsetterrøkjingi frå oktober i fjor lyt telja meir enn folkerøystingi i vår. Politikarane vil altso helder synsa um kva veljarane skal ha meint for meir enn eit halvt år sidan enn å taka utgangspunkt i det som veljarane sjølve hev sagt etter å ha vore igjenom eit halvt år med både intensjonsavtale-tingingar, høyringsrundar, folkemøte og informasjonsskriv til alle husstandar.

Demokrati hev til fyresetnad at borgarane er i stand til å gjera informerte val, og normalt skulde ein tru at folket i Meland hadde eit langt betre grunnlag til å taka ei avgjerd etter å ha vore igjenom heile denne prosessen enn det dei hadde fyre kommunesamanslåing verkelegt kom på den offentlege dagsetelen. Når politikarane vel å spola tidi attende til oktober i fjor for å få vita kva folket eigenlegt meiner, so segjer dei implisitt at heile den prosessen som leidde fram til vedtaket um kommunesamanslåing ikkje er anna enn reint spel for galleriet. Det er ei demokratisk falittfråsegn.

Medan kommunestyremøti normalt vert haldne um kvelden, so vart det lagnadstunge samanslåingsmøtet halde klokka 12 midt på dagen. Folk flest var difor avskorne frå å møta fram og verta vitne til ordskiftet og røystingi. Me som var der fekk i alle fall ein tydeleg demonstrasjon på at det er makti som rår i Meland. Det visste me i grunnen frå fyrr av.

Olav Torheim