Lokalpolitikarane yverkøyrde folkeviljen i Meland

Med 19 mot 8 røyster, so vedtok kommunestyret i Meland å senda søknad um kommunesamanslåing – stikk i strid med folkeviljen som klårt kom til uttrykk ved folkerøystingi den 23 mai. På same måten som folkerøystingi so er vedtaket i kommunestyret berre rådgjevande, og det er til sjuande og sist upp til Stortinget um dei vil høyra på folket eller på dei 19 udemokratiske lokalpolitikarane.

Fyre røystingi skulde ordførar Øyvind Oddekalv halda innleidingi um saki, etterfylgt av innlegg frå alle dei ulike gruppeleidarane. Oddekalv greidde ut um prosessen som hadde leidd fram mot det vedtaket som kommunestyret skulde gjera. Han  nemnde både intensjonsavtala, arbeidet åt tingingsutvalet, høyringsrunden og folkemøti. At det hadde vorte halda folkerøysting um saki «gløymde» han derimot heilt å koma inn på, og dimed so slapp han å taka stoda til det at folkerøystingi faktisk hadde enda med eit nei til kommunesamanslåing.

19 svikefulle politikarar i det dei yverkøyrer folkeviljen og gjer vedtak um å søkja styresmaktene um kommunesamanslåing.

19 udemokratiske politikarar i det dei yverkøyrer folkeviljen og gjer vedtak um å søkja styresmaktene um kommunesamanslåing.

AP: Gløymde fersk folkerøysting, minnast halvt år gamal meiningsmåling

Langt betre minne hadde derimot Tormod Skurtveit (AP). Han hugsa so langt attende som til oktober 2015, då det skal ha vorte halde ei meiningsmæling som gav positivt fleirtal for kommunesamanslåing. Kommunesamanslåing er soleides i tråd med folkeviljen, hevda Skurtveit. Arbeidarpartiet hadde fristilt sine representantar, men alle utanum èin kom til å røysta for.

Neste talar ut var Nils Marton Aadland, varaordførar og gruppeleidar for Høgre. Aadland hevda at det var eit demokratisk problem med mange interkommunale selskap, men synte ikkje til nokon ting handfast. På det same generelle grunnlaget hevda han at «ein storkommune stend sterkare til å levera gode tenestor».

Helder ikkje Aadland vilde segja so mykje um dei veljarane som møtte fram og røysta nei til kommunesamanslåing. Han vilde helder tala um dei 64 prosenti som ikkje hadde nytta seg av røysteretten sin: «Det store fleirtalet i Meland sende ballen i retur til kommunestyret når dei ikkje møtte fram», hevda han. Høgre kom til å røysta samla for kommunesamanslåing.

Sigmund Larsen frå FrP: -Eg er kanskje inhabil

Sigmund Larsen frå FrP byrja med å leggja fram sine eigne tankar um kvifor so mange ikkje møtte fram til røystingi – tankar som mange vilde ha karakterisert som rein synsing. Meland FrP hev tidlegare vore heilt klåre på at dei kom til å fylgja resultatet av folkerøystingi, og det anten det vart 51 eller 90 prosent fleirtal for det eine eller det andre alternativet. No var det derimot heilt andre tonar: Larsen hevda at FrP ikkje hadde vore klåre på kva som måtte til for at dei skulde fylgja folkerøystingsresultatet, og difor valde dei i staden å leggja vekt på heilt andre ting. Til dømes at kommunesamanslåing gav høve til å søkja um pengar til Sambandet Vest frå kommunalminister Sanner sin «infrastruktur-pott». Innbyggjarundersøking og folkemøte hadde dessutan synt at folk hadde eit positivt huglag til samanslåing, hevda han. Det vart vidare påstått at kommunesamanslåing gav ein «meir robust kommune» med «sterkare fagmiljø».

Attåt Sambandet Vest so skulde det dessutan søkjast um pengar til å rusta upp strekket frå Mollekleiv til Landsvik, der Larsen sjølv hadde vokse upp. «Eg er uppvoksen ute på Landsvik, so eg er kanskje inhabil i saki», konstaterte Larsen og vart møtt med lått frå salen. Vidare so refsa Larsen motstandarane av kommunesamanslåing. Dei hev ingen visjonar, hevda han. FrP fristelte representantane sine i saki, men alle utanum èin kom til å røysta for.

Sølvi frå SP: Identiteten som gjeng tapt

Sølvi Norunn Gripsgård Knudsen frå Senterpartiet starta innlegget sitt med å slå fast at dette møtet skulde me ha vore forutan. Ho tykkjer det er ein tung dag. Ho synte til heile den udemokratiske prosessen som hev leidd fram til denne dagen. Dei som var med i arbeidsgruppa for kommunesamanslåing hev alle vore folk som i utgangspunktet ynskjer samanslåing. Dei vart handplukka frå dei partii som sit med makti i kommunen.

På «folkemøti» som var vortne skipa til, so hadde møteleidarane harselert med Senterpartiet, og det hadde vorte sett fram usanne påstandar som at Nordhordland skulde ha meir enn 60 interkommunale selskap. I røyndi finst det ikkje meir enn 3 interkommunale selskap, og verksemdi deira er på mange umkverve so strengt lovregulert at politikarane ikkje kunde ha lagt seg upp i stort um dei so hadde vilja.

Knudsen hadde sagt til folk «gå og røyst», men mange av dei hadde svara at dei ikkje såg nokon vits når utfallet av saki var gjeve likevel. Ho tykte det var trist å tenkja på at kommunen hennar ikkje lenger skulde få eksistera. Mange i Noreg og i utlandet hev vore i Meland for å læra. Meland hev vore ein fyregangskommune innanfor verksemd som gjeld skule, helse, sosialstell og heimetenestor. Ikkje minst hev Meland vore langt framme på integrering av utviklingshemja. Verksemdi hev havt eit godt grunnlag, ikkje berre faglegt, men ideologisk med. Ho hev vore tufta på einskildmenneske og ikkje på å sortera folk i gruppor. Alt dette verdfulle risikerar no å verta skusla burt.

Medan Meland hev 27 folkevalde på 8000 innbyggjarar, so kjem storkommunen til å ha 44 folkevalde på 25000 innbyggjarar. Den varsla storkommunen skal altso spara pengar på mindre politisk styring. Samstundes aukar utgiftene på administrasjon. Knudsen minte um at Nordhordland framigjenom hev havt heile 8 ordførarar i regionrådet. Hev ikkje det havt noko å segja for høvet til å påverka? Spursmålet var retorisk stelt.

Styresmaktene freistar pressa kommunar til samanslåing med di dei elles misser yvergangsordningar. På sikt kann det vera ein fyremun å stå åleine som kommune. Folketalet i Meland veks og folkesetnaden er den yngste i Noreg. Knutsen synte elles til det faktum at intensjonsavtala er nett det, ein «intensjon». Det er til sjuande og sist eine og åleine politiske lovnader, ikkje noko som ein pliktar å setja ut i livet.

Mange kjenner at dei misser identiteten sin no som Meland vert lagt ned, slo ho fast.

KrF vil ha teknokratisk tvangsekteskap

Marit Jøssang frå KrF byrja innlegget sitt med å upplysa møtelyden um at «samfunnet er i konstant endring». Vidare so hevda ho at mange interkommunale samarbeidstiltak syner at store einingar trengst. Desse verksemdene kann dimed lyftast inn att i det politiske romet. Dessutan so aukar kompetansekravi, og kommunane vert «sårbare» utan store fagmiljø. Jøssang kom derimot aldri med nokor klårgjering på korleis «store fagmiljø» og færre politikarar per innbyggjar skulde føra meir politisk kontroll. Vonde tungor vilde kanskje ha sagt at ho hev forveksla demokrati med teknokrati…

Jøssang hevda vidare at «samanslåing er å byggja ein ny kommune, ikkje leggja ned eller utvida ein kommune». Her vilde nok mange ha spurt seg um det er slik at ein kommune kann «byggjast» ovanfrå og ned? Det politikarane gjer i Meland er til sjuande og sist å tre ein ny struktur ned yver hovudet på folk som ikkje hev nokon entusiasme for det…

Jøssang meinte at «folkerøystingi gav ikkje noko tydeleg råd», og at det «samla sett» er best å «byggja ein ny kommune».

Jøssang hevda vidare at kommunesamanslåing kann jamførast med å inngå eit ekteskap. Det finst både gode og vonde dagar og ein må vera viljug til å både gje og ta. Problematikken med at kommunesamanslåing i Meland faktisk er meir for eit tvangsekteskap å rekna, den var det visst ikkje politisk korrekt for henne gå nærare inn på…

Venstre ottast avfolking i Meland

Venstre sin gruppeleidar, Silje Sæterstøl, var den tridje i rekkja til å fortelja møtelyden at interkommunalt samarbeid visstnok var eit problem i Nordhordland. På same måten som varaordførar Aadland hadde gjort det so synte ho ikkje til nokon ting konkret.

Ho kunde dessutan informera oss alle um at det var viktugt å «møta utfordringar for framtidi». Småe kommunar uppnår ikkje stordriftsfyremuner og er helder ikkje gode på spesialkompetanse, skulde det heita seg. Folk flytjer ikkje til Meland so lenge det er slik, hevda ho. Både Meland si pionerverksemd på integrering av utviklingshemja og det at Meland er den snøggast veksande kommunen i Nordhordland vart soleides ikkje tematisert.

Venstre vil ikkje vita av Melands-identiteten

Sæterstøl avviste vidare Knutsen og andre sine upplevingar av tapt identitet i samband med kommunesamanslåingi. «Eg hev ingen melandsidentitet, eg hev ein identitet som knyter seg til heile regionen», sa ho (på flytande bergensk utan det minste innslag av strilamål).

Til slutt so ynskte ho politikarane eit godt val og bad dei «ha respekt for resultatet» – ein respekt som ho sjølv ikkje vilde visa for folkeviljen i Meland.

MDG: Kommunesamanslåing eit trugsmål både mot menneske og miljø

Karina Garnes tok ordet for Miljøpartiet Dei Grøne. Ho synte til at mange fagre lovnader var komne. Det skulde verta meir «robust» og betre kvalitet på tenestor med større kommunar. Ja, det er klårt at store kommunar gjer det lettare for rikspolitikarar å målstyra det som skjer i kommunane, men kva med lokaldemokratiet? Store kommunar gjer det lettare å samla og privatisera tenestor, men økonomi må aldri få gå på kostnad av demokrati.

Og kva med naturen si berekraft og menneske sin livskvalitet? Kommunesamanslåingi hev dessutan ein ideologisk dimensjon, det sviv seg um at Høgre/FrP-regjeringi heile vegen meiner at «størst er best».

Bygdelista folkeviljen: Lyser fred yver Melands minne

Morten Klemetsen frå Bygdelista Folkeviljen slo fast at det var ein trist dag. Det er tragisk at politikarane vil leggja ned Meland. Ein veit korleis det gjekk med sosialkontor, trygdekontor og arbeidskontor etter NAV-reformi. Likeins kjem det til å gå med Frekhaug, Vikebø og Rossland. Klemetsen synte elles til at det hadde vore 630 lokale folkerøystingar i Noreg frå 1970 til 2014. Gjenomsnittlegt frammøte låg på 40 prosent, og i 90,9 prosent av tilfelli vart rådet som folkerøystingi gav fylgt.

Det var ingen parti som fyre folkerøystingi tok atterhald um valdeltaking. Klemetsen poengterte elles at det var rein spekulasjon at dei som ikkje møtte fram yverlet til politikarane å avgjera saki. Mange visste ikkje ein gong um røystedatoen. Her hadde marknadsføringi vore for dårleg. Det hev vore ein topptung debatt der innbyggjarane ikkje vart involverte. Kva med kommunen si informasjonsplikt?

Klemetsen avslutta med å slå fast at ein tradisjonsrik kommune skal skrotast til bate for ein ny struktur som skal reisast utan arbeidsteikning. Han lyste fred yver Meland Kommunes minne.

FrP-politikar Bratshaug og AP-gruppeleidar Eide tek dissens og røystar nei

AP-gruppeleidar Anne Grete Eide slo fast at det er lettare og meir attraktivt for private firma å taka yver tenestor når kommunen er stor. Slik flytjer ein den politiske styringi yver til marknadskreftene. Som einaste AP-representant kom Eide til å røysta imot kommunesamanslåing. Ho tok dimed dissens i det partiet ho sjølv var gruppeleidar for.

FrP-representant Bratshaug fortalde at det på Husebø hadde vore 84 prosent nei til samanslåing. Valdeltakingi hadde vore størst på nett dei stadene der det vart nei. Skal ein berre godtaka dei politisk korrekte resultati, undrast han. 36 prosent er eit bra utval, statistisk sett. Bratshaug undrast elles på kva det var Sigmund Larsen meinte med at nei-folket ikkje hadde visjonar. «Eit samfund for alle», hev vore Meland Kommune sin visjon. Det er ikkje noko gale med den visjonen i utgangspunktet. Bratshaug slo fast at han med kom til å røysta nei til samanslåing.

Leif Johnsen: -Eit verdival

Leif Johnsen frå MDG sa seg samd med Bratshaug. Meland Kommune hev havt ein god visjon, serskilt for dei som treng velferdsgodi mest. Dette vert vandslegare og hardare no. Dei som røystar nei er ikkje visjonslause og framtidsredde, slik Larsen vil ha det til.

Det er dessutan eit verdival. MDG ynskjer seg eit menneskelegt samfund, eit samfund som hev ei vernebuing for dei store endringane som kann koma i framtidi – som med miljø og det grøne skiftet. Småe kommunar gjev større handlefridom.

Det vert sagt at den nye kommunen skal driva heilskapleg samfundsutvikling, og samstundes vert det berre lagt vinn på å levera «gode tenestor» til innbyggjarane. Dette er ikkje heilskaplegt, tordna Johnsen. Kva med miljøet?

Det trengst ein struktur som legg mindre vinn på transport og flytjing av folk. Dessutan so veit me at me kjem til å få mindre pengar til velferd i framtidi. Då treng me strukturar som skaper færre taparar som treng denne hjelpi. Dette hev Meland vore god på.

Morten Klemetsen: -Skal me få Robek Kommune?

Morten Klemetsen synte til at Lindås i nær framtid kann koma til å tapa meir enn 150 millionar i eigedomsskatt frå Mongstad. Meir enn 200 årsverk må i so fall kuttast, og Lindås klarar ikkje både kommunereform og umstilling på ein gong. Byggjer me ein ny kommune som me like godt kann kalla for Robek Kommune, undrast Klemetsen.

Klemetsen vart fylgd upp av Knutsen som slo fast at inntekti åt Lindås er «so til dei grader» basert på eigedomsskatt frå Mongstad. Dette gjer inntektsstrukturen åt den nye kommunen sers skøyr.

Korkje Venstre eller AP vil høyra snakk um identitet

Helder ikkje Tormod Skurtveit vilde vita av noko identitetsperspektiv på debatten. «Me bur på Frekhaug, me bur på Rossland, me bur i Landsvik. Meland er berre ein tenesteleverandør som finst på papiret». Slik fekk han samstundes sagt akkurat kva det er den nye kommunen kjem til å verta…

Medan Venstre meiner at ein berre kann ha ein regional identitet, so meiner altso AP ein berre kann ha ein bygdeidentitet. Meland hamnar soleides millom tvo stolar og fær ikkje studnad nokon stad, må ein diverre kunna slå fast.

Berre eit rådgjevande vedtak

Ordskiftet gjekk til endes, og røystingi gav ingen yverraskingar. Søknad um kommunesamanslåing, med grunnlag i den sokalla «intensjonsavtala», vart banka igjenom med 19 røyster for (AP, H, KrF, Venstre, FrP) og 8 røyster mot (SP, MDG, Bygdelista).

Det er verdt å hugsa på at kommunestyret ikkje hev mandat til å endra kommunestruktur. Dei hev eine og åleine gjort vedtak um å senda ein søknad til styresmaktene um å slå saman kommunen med Radøy og Lindås. På same måten som kommunestyret valde å sjå burt frå folkerøystingi, so kann Stortinget velja å avslå søknaden frå dei 19 lokalpolitikarane. Det er no upp til stortinget å taka politisk andsvar og setja foten ned for den udemokratiske yverkøyringi av folket i Meland.

Olav Torheim

Det er fullt høve for andre media å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert gjeven att i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no.