Cannabis-bonde frå Hålandsdalen fekk førarkortet attende

Bjørn Dahl frå Hålandsdalen i Fusa vart teken for lagring og produksjon av cannabis til eige bruk. Politiet nøgde seg ikkje med å taka ut tiltala mot Dahl, han fekk jamvel førarkortet sitt inndrege. Inndragingi byggjer på ei tolking av vegtrafikklovi som korkje hev heimel i forskrifter eller rundskriv, og i lagmannsretten fekk Dahl førarkortet sitt attende. -Dette handlar ikkje um cannabis, dette handlar um grunnleggjande rettstryggleik, hevdar Dahl.

Økobonden frå Hålandsdalen hev dei seinaste år vore ei aktiv røyst i norsk cannabis-debatt, med klåre standpunkt for å legalisera cannabis-bruk og cannabis-dyrking. Dahl tok steget ut i ålmenta etter at han sjølv vart arrestert og tiltala for å lagra og dyrka cannabis. Men Dahl meiner at saki hans handlar um langt meir prinsipielle ting enn norsk ruspolitikk: -Norsk lov forbyr cannabisdyrking, og eg valde heilt medvite å bryta lovi. Han som er med på leiken fær tola steiken, det er ikkje noko å diskutera – men her må det vera likskap for lovi, og det hev det ikkje vore i mi sak.

Bjørn Dahl - økobonde, musikar og legaliseringsaktivist - som nyss fekk retten til å detaljinstruera Politiet til å halda seg til norsk lov.

Bjørn Dahl – økobonde, musikar og legaliseringsaktivist – som nyss fekk lagmannsretten til å detaljinstruera Politiet til å retta seg etter norsk lov.

-Politiet nyttar vegtrafikklovi som ruspolitisk verkemiddel

Attåt vanleg straffeforfylgjing hev norsk politi i dei seinaste åri systematisk drege inn førarkortet åt flestalle som er vortne tekne med cannabis og som hev vedkjent seg regelmessig cannabis-bruk. Dette er ein ny praksis som Politiet hev innført på eige initiativ, utan at det hev kome nye rundskriv og utan at forskrifter hev vorte endra.

Grunnlaget som Politiet hev påropa seg er Vegtrafikklovi sin paragraf 34, femte ledd, der det heiter at førarkortet kann dragast inn dersom bilføraren «ikke er edruelig eller hans vandel for øvrig er slik at han ikke anses skikket til å føre motorvogn […] hvis hensynet til trafikksikkerheten eller allmenne hensyn ellers krever det».

-Vegtrafikklovi er til for trafikktryggleiken, ingenting anna. Når Politiet vel å systematisk taka frå folk førerkortet som eit verkemiddel i «kampen mot narkotika», so tek dei seg til rettes, hevdar Dahl.

Gjekk til sak mot Staten

Etter å ha klaga saki si inn til Politidirektoratet og fenge klaga avvist, so gjekk Dahl til sak mot Staten v/ Justis- og beredskapsdepartementet. Han vilde ha Politidirektoratet sitt vedtak ugyldiggjort og kravde å få førarkortet sitt attende.

Dahl prosederte på at han aldri hadde køyrd bil i påverka tilstand og han hadde aldri vorte bøtelagd eller dømd for brot på vegtrafikklovi. Det var soleides ikkje noko grunnlag for å hevda at Dahl ikkje var edrueleg, og langt mindre var det grunnlag for å hevda at Dahl var nokon fåre for trafikktryggleiken.

-I Politidirektoratet sin mange år gamle handhevjingsinstruks heiter det at det er «grunn til å foreta nærmere undersøkelser vedrørende edrueligheten» dersom ein person under eit års tid er vorten bøtelagd tvo eller fleire gonger for «beruselse». Men sidan hev Politiet innført ein heilt ny praksis, basert på deira eigi frie tolking av ein dom frå 2007 – der ein bøtelagd person paradoksalt nok fekk førarkortet sitt attende. I domsslutningi frå 2007 hev domaren feilaktig nytta ordet «overtredelse» i staden for «bøtelagt» i det han siterte instruksen – og slik hev Politiet konstruert seg ein presedens for å tolka vegtrafikklovi på ein måte som høver deira eigen ruspolitiske agenda. Tilstår ein for Politiet at ein røykjer hasj ein gong i månaden, so er det då 12 «overtredelser» i året, og vipps er førarkortet inndrege.

-Slik Politiet tolkar lovi, so er det fritt fram for å drikka seg dritings kvar helg og like fullt kunna halda på førarkortet, og samstundes misser ein lappen dersom ein medgjev at ein røykjer cannabis eit par gonger i månaden. Dette er ei diskriminering som ikkje heng heng på greip, tordnar han.

Knusande dom: Politidirektoratet mistolkar lovverket

Den fyrste runden i Tingretten enda med tap for Dahl, og han vart dømd til å svara sakskostnader på nesten 40.000 kr. I domen frå Tingretten vart det lagd vekt på ei fråsegn frå ein sakkyndig som fekk seg til å hevda – utan kjeldegrunnlag – at personar som Dahl var i «konstant rus».

Saki kunde ha stogga der, og Politiet hadde i so fall uppnådd å få nett den presedensen som dei so langt ikkje hadde havt for den nye praksisen sin. Bjørn Dahl vilde kor som er ikkje gje upp. Han anka saki inn for Borgarting Lagmannsrett. Der fekk han full uppreising i ein dom som må segjast å vera knusande for norsk politi.

I domen frå 26. juni 2016 vert det slege fast at:

«Lagmannsretten er av den oppfatning at Politidirektoratet gir uttrykk for en uriktig lovforståelse […]. Som påpekt er ikke manglende edruelighet i seg selv tilstrekkelig grunnlag for å tilbakekalle førerretten. En konsekvens av Politidirektoratets uriktige lovforståelse er at det ikke er foretatt noen konkret vurdering av om Dahls manglende edruelighet utgjør en trafikksikkerhetsrisiko. Lagmannsretten finner derfor at Politidirektoratets vedtak er ugyldig og må oppheves».

Det er enno ikkje klårt um Staten kjem til å anka saki inn for Høgsterett. Dahl varslar på si sida at eit gruppesøksmål er i kjømdi – frå alle dei hine som er vortne frårana førarkortet sitt på eit lovstridig grunnlag.

Redaksjonen

Det er fullt høve for andre media å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert sitert i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no

  • Gibberishus .

    Bjørn Dahl frå Hålandsdalen!
    Du Rockar🤘🏻

  • Lamar Davis

    Det er der forskjellen er… Om man tar imot BS’et man får fra politiet eller om man står for sitt. Hjelper nok en del å ha en god forsvarer og vise til saker.

  • Signe Wiik

    Gratulerer til Bjørn Dahl, mannen som leder denne viktige kampen. Seieren i lagmannsretten er en seier for en stor gruppe mennesker og kan skape viktig presedens.
    Det viser at det faktisk nytter å kjempe. 😃

  • Annette Svae

    Man bør ikke anvende trafikklovgivningen til å bekjempe narkotikarelatert kriminalitet slik det blir gjort overfor cannabisbrukere, når de mister lappen uten at det er påvist de kjørte i påvirket tilstand. Dette er ikke bare diskriminerende, det får en miste tilliten og respekten for det politiet og det rettsvesenet vi har. Det skulle bare mangle at Bjørn Dahl vant i lagmannsretten. Hva de har surret med i Tingretten kan man jo virkelig lure på, om ikke god gammeldags moral, før enn en rettferdig fortolkning av lovverket.

  • Håkon Teigen

    Gratulerer! Når lagmannsretten har forkastet politiets lovforståelse er en viktig terskel passert, dette burde være et kvantesprang for gruppesøksmålet.

  • Kristian Aagaard