Då terroren kom til Tyskland

Er det terror det som skjer i Tyskland no? Fram til i går vilde massemedia helst ikkje tala um islamsk terrorisme, men snarare um «amoklauparar» og «psykisk sjuke menneske». I røyndi hev det i årevis vore eit spursmål um tid fyre det kom til å smella.

Berre nokre dagar etter IS-terroraksjonen i Nice, den 18. juli, so gjekk ein aghansk asylsøkjar amok med kniv og øks på regionaltoget i Würzburg. Gjerningsmannen vart drepen av ein spesialkommando som visstnok hadde vore i nærleiken, reint på slump. Seinare fann ein både IS-flagg i husværet hans og ein motivasjonsvideo som gjerningsmannen sjølv hadde lagt ut på nettet.

Media vil ikkje snakka um islamsk terror

Då ein iranskætta skytedesperado den 22. juli gjekk amok på jarnbanestasjonen i München, so vart det slege full terroralarm med tusundtals politifolk i aksjon. Franske njosnartenestor hadde tidlegare i år varsla dei um at islamistar hadde planlagt eit stort bombe- og skyteåtak på jarnbanestasjonen München-Pasing («Der Anschlags-Plan von München», bild.de 01.01.2016), og tysk politi gjekk ut frå at det var eit islamistisk terroråtak («Polizei hat Hinweise auf islamistische Attentäter», focus.de 22.07.2016).

Same kvelden vart det kor som er klårt at det var èin gjerningsmann som skulde ha handla åleine. Dei tri skyttarane som vitne hadde tala um synte seg visst å vera sivile politifolk som kom ilande til for å stogga våpendesperadoen («Gerüchte um drei Attentäter», welt.de 23.07.2016). Dei tri sivilpolitifolki greidde likevel ikkje å få skote gjerningsmannen – som sjølv rakk å drepa 9 menneske fyre han tok sitt eige liv…

Det tok ikkje meir enn ein dag fyre iranskætta Ali D. Sonboly i media hadde vorte til det litt meir tyskklingande «David S.» – og linone vart dregne attende til skytedesperadoen i Winnenden i 2009 og «vår eigen» ABB på Utøya («Politiet: München-skytter kan ha vært inspirert av Breivik», nrk.no 23.07.2016). Jamvel um vitne fortalde CNN at dei hadde høyrt «Allahu Akbar»-rop på MacDonalds-restauranten, so var det seinare ikkje moglegt å påvisa nokon slags islamistisk motivasjon.

Gjerningsmannen hadde vorte inspirert av terroråtaket på Utøya, vart det hevda på fritt grunnlag – og samstundes vart det poengtert at det var ingen politisk aksjon. Dessutan var gjerningsmannen psykisk sjuk, i motsetnad til inspiratoren som visstnok skulde vera mentalt frisk – og det forbi all rimeleg tvil…

Helder ikkje då ein syrisk asylsøkjar gjekk amok med machete og drap ei gravid kvinna og såra tvo andre i Reutlingen, so kunde det vera snakk um terror. Dette slo Politiet tidlegt fast («Ingenting tilsier at machete-angrep i Tyskland er terror», nrk.no 24.07.2016).

Den offentlege debatten rakk jamvel å dreia seg inn mot å verta ein våpenlovgjevings-debatt, og det endå dei tyske våpenlovene alt er millom dei strengaste i verdi («Die Diskussion über die Konsequenzen beginnt», faz.net 24.07.2016). Korleis strengare våpenlover skulde endra på noko som helst er like fullt ei gåta: Skytedesperadoen i München nytta seg eine og åleine av eit ulovlegt våpen der serienummeret var filt burt, og i Würzburg og i Reutlingen var det øks, kniv og machete som vart teke i bruk til ugjerningane.

Kognitiv dissonans? Skjermdump frå Frankfurter Allgemeine den 23. juli.

Kognitiv dissonans? Skjermdump frå Frankfurter Allgemeine den 23. juli.

Og kva segjer dei i dag, den 25. juli, etter at ein syrisk asylsøkjar pakka ryggsekken sin med sprengstoff og la i veg mot ein friluftskonsert i Ansbach? Konserten talde 2500 frammøtte, og resultatet kunde ha vorte katastrofalt. Gjerningsmannen hadde ikkje gyldig billett og greidde difor ikkje å koma seg inn på festivalområdet, men han lukkast med å skada 12 menneske i det ryggsekkbomba gjekk av.

Den 27 år gamle asylsøkjaren hadde svore truskapseid til IS, det fann politiet sjølve ut. Seinare kom det melding frå IS der dei offisielt tok på seg andsvaret for åtaket. Korkje motivasjon eller andsvars- og årsakstilhøve er lenger noko ein treng å spekulera i…

Terroristane er produkt av mangkulturen

Finst det nokon samnemnar for dei fire gjerningsmennene? Den einaste samnemnaren ser ut til å vera islamsk, ikkje-vestleg bakgrunn:

  • Den afghanske Würzburg-øksemordaren hadde alt vore 2 år i Tyskland, han hadde fenge både eige husvære og ein eigen tysk «fosterfamilie» som skulde ta seg av honom.
  • Den iranskætta München-desperadoen var fødd og uppvoksen i Tyskland, men fortel under ei videofilma samtala på eit hustak at han hadde vorte mobba og at han hadde livd på «Harz 4» (sosialhjelp).
  • Den syriske Reutlingen-knivmordaren hadde alt fenge seg lønt arbeid på ei tyrkisk kebab-sjappe i Tyskland.
  • Den syriske Ansbach-bombemannen hadde fenge avslag på asylsøknaden sin, men styresmaktene hadde «tolerert» at han vart verande i landet.

Me hev altso heile spekteret – frå sunni til shia, frå «vellukka integrasjon» med upphaldsløyve og arbeid (Würzburg/Reutlingen) til menneske som heilt inn i andre generasjon hev vorte sitjande fast i sosialsystemet (München). Spekteret gjeng heile vegen frå menneske som hev fenge tysk pass til menneske som styresmaktene hev sagt skal ut – men som likevel ikkje er vortne sende ut. På kvar sin måte hev dei alle gjeve sine blodige namn og andlit til det mislukka mangkultur-eksperimentet.

Hendingane gjeng inn i eit mynster, og dei som ikkje ser dette mynsteret no – dei vil ikkje sjå det. Alt i februar 2008 – før både Syria-krigen, IS-kalifatet og «flyktningstraumen», so kom Annette Ramelsberger med boki «Der Deutsche Dschihad. Islamistische Terroristen planen den Anschlag» – og Målmannen melde boki den same våren:

Då jihad-terroren kom til Tyskland

“Der Deutsche Dschihad”,
Annette Ramelsberger,
Econ,
2008

Kor stor fåre er det for at det vert ein ny og spektakulær terroraksjon i nær framtid? Kann me koma til å uppliva eit nytt 11. september i hjarta av Europa – eller er det berre noko som høgreorienterte politkarar hev funne på for å stogga den ikkje-vestlege masseinnvandringi? Dei som framleis trur på det siste burde lesa boki «Der Deutsche Dsjihad» av Annette Ramelsberger. Her dokumenterar ho til fullnads at det berre er umfemnande yvervaking – og ein god porsjon flaks – som hev gjort at det ikkje for lenge sidan hev kome til nye og dødbringande aksjonar i sambandsrepublikken Tyskland.

Umslag på "Der Deutsche Dschihad" (2008).

Umslag på «Der Deutsche Dschihad» (2008).

Meldingar um islamistiske terroristar som planlegg nye åtak hev i realiteten kome jamnt og trutt, men problemet er at desse sakene berre vert stutt nemnde i media der og då, og so vert dei gløymde att. Ramelsberger hev laga ein heil systematikk ut or det heile.

Journalisten Annette Ramelsberger hev fylgt flestalle terrorrettssakene i Tyskland. Ho høyrer til dei fåe som kjenner dei heilage europeiske krigarane frå innsida. I boki hennar fær lesarane eit lite innblikk den avstengde verdi deira. Og det er skræmande lesnad. At terroråtaket den 11. september millom anna skal ha vorte planlagt frå Hamburg, det er berre toppen av isfjellet.

Islamsk radikalisering

Etter 11. september er muslimane i Europa vortne meir og meir radikaliserte. Ikkje minst gjeld dette tyrkarane som tidlegare hev vore sekulære. No byrjar stødt fleire å kle seg islamsk og fylgja det fundamentalistiske islamske livesettet.

Millom ungdomen er dei islamistiske sympatiane tydelege – fotballag er byrja kalla seg for «Osama-boys» og jihadistisk rap-musikk hev høg popularitet. Berre ein liten prosent av dei 3,2 millionane med muslimar som liver i Tyskland vert rekna som jihadistar, men denne vesle prosenten svarar likevel til minst nokre tusundtals menneske. Den tyske njosnartenesta reknar 300 av desse som «gewaltbereite Islamisten» – islamistar som er reiduge til å gå til valdeleg aksjon kva tid som helst, og som difor vert haldne under konstant uppsyn.

Terroristane gjeng til aksjon

Kritikarar av antiterrortiltaki hævdar gjerne at tiltaki gjer livet vandslegare for folk flest. Her kann eg til dømes nemna alle dei umstendelege åtgjerdene som vert gjorde på flyplassar og dilikt. Kor som er: Dei fleste terroristane når aldri fram til måli sine, nett av di tryggingstiltaki er so strenge som dei. Det er ikkje tryggjingstenestone som søv, det er politikarane og folk flest. Og her skal de få nokre døme på kor nære på det hev vore:

Tvo libanesiske innvandrarar plasserte i juli 2006 kvar si kuffertbomba på kvart sitt tog på jarnvegstasjonen i Køln. Den einaste grunnen til at bombone ikkje detonerte var at gassblandingi var for feit. Då etterforskarane seinare modifiserte bomba og fekk henne til å eksplodera, var eksplosjonen so kraftig at det var nære på at dei ikkje strauk med sjølve. Ein reknar med at minst 80 menneske hadde vorte drepne um bombone hadde gjenge av. So nære var Tyskland å få sitt Madrid og London.

I september 2007 vart det kjent at tri attentatmenner frå Sauerland hadde bygt ein feriebustad um til bombefabrikk, og her var dei alt godt i gang med i koka i hop kjemikali sine. Planane gjekk millom anna ut på å detonera bilbombor utanfor diskotek og andre stader der «amerikanske horor» ferdast. Tvo av gjerningsmennene var tyske konvertittar, fødde og uppvaksne i Tyskland, men fanatiserte som vaksne. Den tridje var andregenerasjons innvandrar frå Tyrkia – med andre ord born av dei som for nokre tiår sidan kom som «gjestearbeidarar». Og den eine av gjerningsmennene hadde jamvel arbeidd som konduktør på jarnvegen og som tryggleikskontrollør på den internasjonale flyplassen i Frankfurt.

Sumaren 2006 vart ei gruppa med sju unge tyrkarar og tyske konvertittar tekne då dei vilde kapra ein tankbåt og sprengja honom rett framfor ein utandørskonsert med 3500 menneske i nærleiken av Rhein-Herne-kanalen i Gelsenkirchen. Ein kann berre tenkja seg kva slags massemord det kom til å verta um dei hadde lukkast med planane.

I 2002 vart eit tjuetals menneske, av desse fjortan tyske turistar, drepne i ein sjølvmordsbombeaksjon i Tunis. Terroristen som stod attum åtaket hadde vore på terrortreningslæger i Afghanistan saman med ein tysk konvertitt. Den same dagen som terroristen sprengde seg i lufti, hadde han ringt til Tyskland og utveksla religiøse helsingar med sin tyske konvertitt-ven. For utanforståande lyder det truskuldig nok, men etterforskarane i Tyskland er yvertydde um at det i røyndi var den tyske konvertitten Christan G. som sjølv gav det endelege klårsignalet til terroraksjonen som tok livet av 14 av hans eigne landsmenner. Christian G. hadde vakse upp som katolikk, men konverterte til islam som 20-åring og på treningslæger i Afghanistan hadde han vorte kjend med Osama Bin Laden personleg.

Terrorens infrastruktur

Både innvandrar og etnisk tyske konvertittar reiser til treningslæger på den pakistansk-afghanske grensa – her vert dei lærde upp i terrorisme. Vel attende i Vest-Europa ventar dei berre på klårsignalet til å gå til aksjon.

Internett spelar ei sentral rolla i det fundamentalistiske muslimske miljøet – og ikkje berre til å spreida videoar som varslar terror og død i Vest-Europa og Amerika. Då dei tri terroristane frå Sauerland vart tekne, undrast etterforskarane korleis dei tri kunde ha halde kontakten so lenge utan at det fanst noko spor etter det, korkje på telefon eller epost. Seinare kom det for ein dag at framgangsmåten åt terroristane gjekk ut på å leita etter usikre trådlause nett og diskutera med einannan frå stødt nye og ukjende lokaliseringar. På denne måten var det uråd å uppdaga sambandet millom dei tri.

Dei tyske konvertittane hev ofte vore skilsmålsborn med liten vaksenkontakt – som seinare hev funne seg til rettes i muslimske kringvære. Sume hev havt eit hardt liv, men upplivde at muslimske familiar plukka deim upp og fekk deim på «betre tankar».

Etter å ha lese boki hennar Ramelsberger, må ein berre undra seg kva tid terroristane endelegt kjem til å lukkast med ugjerningane sine. Det er greidt nok at ein kann ha flaks både fire, fem og seks gonger på rad, men fyrr eller seinare kjem det nok til å smella…

O. Torheim

Meldingi av Ramelsberger-boki stod fyrste gongen på prent i Målmannen nr 3 2008.