-Me vil gjeva ei røyst til serbarane i Kosovo

Solidaritetsfronten for Kosovo gjev handfast hjelp og studnad til den tynte serbiske minoriteten i Kosovo. Me hev teke ein prat med talsmannen Maik Müller – som skal ut på nytt uppdrag i oktober.

Sjå dessutan: Europeiske friviljuge til Kosovo i oktober.

-Fortel oss stutt um solidaritetsfronten for Kosovo. Kva var motivasjonen dykkar og korleis kom dette upptaket i stand?

Dette prosjektet vart upphavlegt grunnlagt i 2013 i Italia. Sjølv kom eg med eit år seinare, takk vere vener frå den tsjekkiske republikken som baud meg med på eit uppdrag i oktober 2014. Etter at eg sjølv fekk dana meg eit inntrykk av stoda åt serbarane i Kosovo, so fekk eg det same året blåse liv i ein tysk avleggjar av dette prosjektet. Saman med nokre vener so driv eg prosjektet for tridje året på rad, og me arbeider med all den krafti og seriøsiteten som trengst til ei sovori åtgjerd.

Frå den siste Kosovo-reisa, i oktober 2015.

Maik Müller med born frå Orahovac. Frå den siste Kosovo-reisa, i oktober 2015.

Eg tenkjer at det ikkje er nokor yverdriving når eg segjer at hovudmotivasjonen vår er å bryta togni i dei vestlege media um skadeverknadene åt NATO-aggresjonen i 1999. Me vil gjeva ei røyst til serbarane i Kosovo og fortelja um korleis livet deira er. No som tidlegare er dei i ei sers låk stoda. Me freistar gjera so godt me kann ut frå dei fyresetnadene me hev og dei ressursane me hev til rådvelde, og me hjelper både huslydar, barnehagar, skular og andre som me kann gjera ein innsats for.

Til sjuande og sist so er arbeidet vårt det handfaste uttrykket for våre eigne verdsåskodande idear. Me strævar for nasjonal suverenitet for våre eigne europeiske folk – og me avviser den menneskefiendslege og hopehavsøydeleggjande kapitalismen og imperialismen.

kosovo_serbia

-Korleis hev de greidd å koma i kontakt med dei serbiske samfundi i Kosovo? Var det vandslegt å få til?

Her kann eg naturlegt nok berre svara på vegner av den tyske avleggjaren – sidan dei grunnleggjande kontaktane alt hadde vorte etablerte av aktivistane frå Italia og den tsjekkiske republikken. Sjølv skaffa eg meg dei kontaktane som trongst i arbeidet då eg var ute på den fyrste reisa mi, i oktober 2014. Som med skulen i Orahovac og ymse familiar som trong hjelp. Sidan den gongen hev me halde kontakten. Den tette kontakten hjelper oss med å forstå betre korleis det stend til lokalt.  Slik kann me driva målretta hjelpearbeid på dei umkvervi der det trengst mest – og få mest moglegt ut or dei ressursane me hev til rådvelde.

varor_1

Hjelpesending på veg til serbiske born i Kosovo.

Eg vil ikkje segja at det var noko vandslegt å koma i kontakt. Endå so stor fiendskapen mot NATO-statane hev vore, so hev eg so langt upplivd serbarane som hjartelege og tvers igjenom opne menneske. Ein må naturlegt nok vera klår yver at ein i det serbiske samfundet vert “vurdert”. Dei ser på kva det er ein gjer, korleis ein nyttar seg av dei innsamla midlane – og so burtetter. Det tykkjer eg under alle umstende er heilt på sin plass. Dessutan hev me gjort eit godt arbeid, og me hev soleides ingenting å løyna for nokon.

varor_2

-Kjempar kosovo-serbarane framleis politisk for å verta sameinte att med Serbia, eller sviv det seg nett no berre um å yverliva reint fysisk?

Eg tenkjer at ein lyt vera realistisk. Nylegt vart “Republikken Kosovo” teken upp i FIFO-fotballsambandet, og dei hev kome seg eit godt stykkje vidare i tingingane um å verta tekne inn i EU. Fyrst i november 2015 mislukkast Kosovo med å verta tekne i UNESCO si verdskulturarvlista. Dei vestlege statane freistar med alle tenkjelege midlar å styrkja posisjonen åt denne kunstige staten.

I dette høvet er det ei uklår ålmennpolitisk stoda. Serlegt med dei styresmaktene som rår i Serbia nett no, dei freistar sjølve å få landet sitt med i EU. Som ei motyting til EU-upptak so krev den europeiske unionen at Serbia skal godtaka den sokalla “Republikken Kosovo” – altso den sudlege provinsen som NATO-studde UCK-terroristar i 1999 reiv laus frå moderlandet med vald. Like fullt so finst det i Kosovo politiske skipnader og initiativ som målber interessone åt dei serbiske samfundi.

12006207_407782896082906_64556497154451468_n

Faktisk so sviv det seg framfor alt um å yverliva fysisk, slik stoda er nett no. Jamvel denne uppgåva er ikkje so lett å løysa. Framleis kjem det til åtak på serbarar som vender heimatt. Likeins kjem det til åtak på husi deira, og kyrkjegardar vert ramponerte. Øydeleggjing og tjuveri trugar heile tidi dei fåe serbarane som er vortne att, og stødt er det heile familiar som gjev upp og flytjer sin veg.

-Korleis er stemningi hjå Kosovo-serbarane, kva tenkjer dei um framtidi?

Som eg alt hev nemnt, so hev me stødt møtt på sers hjartelege menneske. Um ein skal få med seg litt av stemningi so treng ein framfor alt tid og vilje til å setja seg ned og studera det som hende den gongen. Eg segjer «få med seg litt av stemningi» – for å rettelegt kunna forstå henne er ikkje lett for ein som sjølv aldri hev upplivd å vera i krigstilstand.

11057758_407783109416218_549716607492512053_n

Berre med denne bakgrunnskunnskapen fær ein ei viss aning um korleis dei stødt minkande serbiske samfundi i Kosovo må kjenna seg. Yverfall og andre hendingar gjer ikkje stoda noko betre, måvita. For berre nokre fåe dagar sidan kom 20 serbarar i eit ortodokst kloster under åtak frå folk som var væpna med automatvåpen.

Kann henda kann eit lite døme frå høgskulen i Orahovac, grunnlagd i 1966, gjeva eit lite inblikk i stoda:

Som fylgja av den låke stoda som den serbiske minoriteten liver under, so reiser stødt fleire menneske burt frå Orahovac. Slik vert talet på skuleelevar lågare for kvart einaste år. 1999/2000 var dei enno 150, men talet hev minka kontinuerlegt. Skuleåret 2015/2016 var det i alt 15 elevar i dei fire klassane på høgskulen. Av desse var det fem som i røyndi alt var ferduge, so talet sokk til 10.

Um høgskulen kjem til å yverliva eller ikkje, det heng tett i hop med um det serbiske samfundet i Orahovac-traktene yverliver eller ikkje. Tidlegare var det tusundtals serbarar i Orahovac, no er det 350 att. Livet deira gjeng fyre seg på nokre fåe gator, og dei råkar stødt ut for provokasjonar eller åtak. Tidlegt i juni var det tvo familiar til, som valde å reisa derifrå. Dei talde i alt 12 menneske, av desse var seks born. Endå fleire familiar hev alt no sagt frå at dei med kjem til å reisa sin veg.

12009641_409303729264156_7742582139087342618_n

Ein kann altso lett sjå fyre seg at mange huslydar ikkje ser noko perspektiv for korleis dei skal liva vidare på heimstaden sin under desse vilkåri. Dette var slik som engelsklærarinna Jovana Baljosevic svara oss då me spurde henne um kva ho tenkte um framtidi for kosovo-serbarane:

“I 1999, då dei jugoslaviske stridskreftene drog seg ut og KFOR rykkte inn, so miste mange serbarar heimstaden sin. Meir enn 250.000 serbarar flykta. Eg òg reiste frå heimstaden min. Den gongen trudde me at det internasjonale samfundet kom til å syta for rettferd for alle. I dag veit me at det internasjonale samfundet ikkje er nokonting verdt. KFOR-styrkane hjelpte albanarane til å etablera seg, og me trudde at dei kom til å gjera det same for oss serbarane – at me òg skulde få eit normalt liv i Kosovo og Metohija. Diverre hev ingenting endra seg. Når du spyrr oss um framtidi, so ser me ingi. Men me vonar at eitkvart kjem til å endra seg. Voni døyr aldri!”

-Det finst vel dei som vilde ha sagt at me helder skulde ha teke oss av våre eigne problem i Tyskland og Europa, i staden for å fara til Kosovo. Kva hev du å segja til desse?

Aller fyrst so vil eg slå fast at det er bra at folk steller seg kritiske – og jamvel grunnleggjande kritiske. Eg vil altso ikkje skulda desse menneski for nokon ting! Men eg segjer òg: “Kast ikkje burt energien dykkar på skinnheilage moralpreikor, lat helder ord få verta fylgde av handling! Gå det fyrste stiget! Ver eit fyredøme for andre!”

12011185_408347379359791_3016041182907450630_n

For engasjementet vårt for Kosovo heiter på ingen slags måte at me hev gløymt problemi åt våre eigne landsmenner. Tvert imot! I eit sunt samfund er det sjølvsagt at ein tek problemi åt landsmennene sine på ålvor, det er soleides ikkje noko som ein gjeng ikring og slær seg sjølv på bringa for.

Kor som er so er det ei kjensgjerning at dei fleste av oss liver i eit tollegt priviligert tilstand: 24 timar med sikker vass- og straumforsyning, sosialsystem og helsestell er for oss noko sjølvsagt. Han som for ei liti stund vender blikket burt frå sin eigen navle, han vert med ein gong nøydd til å spyrja seg um våre eigne problem på nokon slags måte stend i høve til det ein må slita med andre stader. Kann henda hev me vent oss altfor mykje til denne yverflodsstoda der alt er tilgjengelegt til kvar tid?

Dessutan vert det alltid og yveralt tala so fagert um europeisk politikk, um sams kamp for dei europeiske folki, um identitet og so burtetter. Er det ikkje for lengst tid for å lata desse ordi få verta fylgde av handling? Han som på sin velfortente ferietur til strendene på til dømes Warna, Rhodos eller Antalya let sumarsoli få skina honom på magen, han må alt vera klår yver at han – i minsto sett frå Millom- eller Vest-Europa – alt hev lagt Kosovo attum seg på ferdi. Det som serbarane daglegt vert konfronterte med, det er ikkje noko som skjer under fjerne himlar, det er snarare midt i millom oss, midt i Europa!

11986407_409303535930842_5041199170716712235_n

-Um einkvan les dette intervjuet, og tenkjer at “Eg òg må gjera noko”, korleis kann ein på den beste måten stydja arbeidet dykkar?

Det finst ulike måtar å stydja oss på. Nett no hev me starta ei pengeinnsamling for vår neste “Mission Kosovo” i oktober.

Vidare so kann ein fylgja sidone våre på Facebook og dela innhaldet frå nettsidone våre. Slik kann ein gjera andre merksame på oss. Og dessutan so kann ein heilt handfast stydja oss med utstyrs- og pengegåvor. Til dømes kann ein kjøpa ei av dei nye t-skjortone våre, som straks vert tilgjengeleg.

Um ein vil gje oss ei pengegåva her og no, so kann ein gjera det med Paypal eller kredittkort.

I nærområdet hev me stødt god kontakt med familiar, institusjonar og lokale samfund. Dimed syter me for at alle gåvor vert nytta på ein målretta måte for dei som treng det mest. Dessutan vil eg leggja vinn på det at me arbeider heilt transparent. Me fortel jamt og trutt um arbeidet vårt og me finansierar sjølve reisone våre. So alt det me fær inn av gåvor gjeng rett til menneski som bur i Kosovo.

13883783_1030363197079904_1811458909_n

-Noko meir som du gjerne vil segja?

Um du hev spursmål eller høve til det, kann henda jamvel eit ynskje um å få stydja arbeidet vårt, so skriv til oss!

Me kann ikkje berga heile verdi, men me kann hjelpa med å gjera henne litt betre.

Miss aldri modet! Gjev aldri upp!

Maik Müller vart spurd ut av Olav Torheim

Det er fullt høve for andre media til å nytta seg av denne reportasjen so lenge han vert attgjeven i sin heilskap og det vert synt til kjelda på maalmannen.no