Iver Kleive i Melandkyrkja

Med kyrkjemusikk-kjendis Iver Kleive på orgel, so var ventnadene store framfor Meland Kyrkje sin jubileumskonsert 23. oktober 2016. Kleive leverte varone, og samstundes fekk lokale musikarar og korsongarar høvet til å imponera – og det stort.

For konsertmeldaren sin part, so kom det fyrste møtet med Iver Kleive i 1996 – på plata «Himmelskip» av Iver Kleive og Knut Reiersrud. Det var eit verk som gav meirsmak, og berre det å få lyda til Iver Kleive i si eigi lokale kyrkja var motivasjon nok til å møta fram på Meland Kyrkje sin 150 års jubileumskonsert. Men med tonefylgjet frå Kleive i botnen, so skulde denne kvelden by på so mykje meir enn berre det.

Konserten byrja med at Kleive improviserte yver temaet til Lindemann-salmen «Påskemorgen slukker sorgen». Han heldt fram med å spela Johan Sebastian Bach sin Toccata og fuge i d-moll.

Dinæst var det dei lokale musikarane Elena (fiolin) og Øystein Blom (gitar) som framførde Jule Massenet sin meditasjon frå den franske operaen Thaïs.

Vektarsong kora av bunadskledde gjentor frå Meland Ungdomskantori Octavia og Bergen Domkirkes Jentekor.

Vektarsong kora av bunadskledde gjentor frå Meland Ungdomskantori Octavia og Bergen Domkirkes Jentekor.

Det neste upptrinnet var ei frygd for både auga og øyra: Til taktfaste basstonar frå kyrkjeorgelet, so kom bunadskledde korgjentor frå Meland Ungdomkantori Octavia og Bergen Domkirkes Jentekor marsjerande upp kyrkjeskipet. Dei framførde heile Henning Sommerro sin umtykte folketonesuite «Vinden er stille, Hallelulja!»

Etter ein liten pause, so heldt Kleive fram med å spela variasjonar yver folketonen «Å hvor salig det skal blive» frå Setesdal. Øyvind Aase fylgde upp med å framføra Mozart (Variasjonar i F-dur K. 398 yver «Salve, tu Domine») og Grieg («Bønn» op. 50 nr. 2 frå Olav Trygvason) på piano.

Når Alversund Kammerkor endelegt kom fram i koret, so hadde me altso alt vore igjenom både stemningsfullt orgelspel, korsong, fele-, gitar- og pianospel. Kva kunde toppa dette? Jau, Alversund Kammerkor med songar av Knut Nystedt på a capella!

Alversund Kammerkor. Lengst uppe til vinstre skimtar me Lindås-ordføraren...

Alversund Kammerkor. Lengst uppe til vinstre skimtar me Lindås-ordførarinna…

Kvelden tona ut med allsong for både kor og kyrkjelyd. Etter å ha lydd til musikk på høgt nivå, so fekk alle stemma i med «No takka alle Gud» av Kjell Mørk Karlsen. Med det var konserten slutt, og eit takksamt publikum kunde gå ut i natti.

Til slutt kann det nemnast at det i lang tid hev vore tala um å byggja ei ny Melandkyrkja på Frekhaug, men med den varsla kommunesamanslåingi med Lindås vert dette neppe noko av. Til det ligg Frekhaug altfor nært Knarvik der ei ny og moderne arbeidskyrkja nyss vart innvigd. Melandkyrkja vert soleides ståande nett der ho er, i bygdi som den nedleggjingstruga kommunen hev henta namnet sitt frå. Eit 150 år gamalt hus som «står selv om kommune-tårnene faller», for å parafrasera yver endå ein umtykt salmesong.

O. Torheim

  • Vaeringen

    Ein kann prisa høgare makter for at ikkje ei «ny og moderne arbeidskyrkja» vert til på Frekhaug.. Noko styggare enn desse skal ein leita lenge etter.