Stahlgewitter-konsert i Sveits samla seks tusund

Meir enn 6000 personar var samla til «Rocktoberfest» i Sveits. Den nasjonalistiske Rocktober-festivalen kunde by på både rock, rap og hardcore, og trekkplasteret var herostratisk vidgjetne Stahlgewitter.

Det var i ei fullstappa idrottshall i sveitsiske Unterwasser at festivalen gjekk av stabelen. Musikalsk so gjekk det i ei god blanding av rock, rap og hardcore. Artistane som stod på scena var alle frå Tyskland: I tur og orden fekk publikum uppliva både Excess (rock), Makss Damage (rap), Amok (hardcore), Confident of Victory (hardcore), Frontalkraft (hardrock/Deutschrock) og til slutt Stahlgewitter (hardrock/hardcore).

Talet 6000 kjem ikkje frå tilskiparane, men frå sveitsisk og tysk mainstream-media. I sveitsiske, tyske og austerrikske avisor uttrykkjer journalistar og vinstreaktivistar sin frustrasjon yver at nasjonalistiske musikkgruppor samlar eit stødt veksande publikum (Kjelda: «Verstörende Naivität», tagesanzeiger.ch 17.10.2016).

Det tyske magasinet Stern talar um «skandale i Sveits» og spyrr seg um korleis det er moglegt at politiet kunde vera til stades og berre sjå på at ein «nazi-konsert» med 5000-6000 «høgreekstreme» festivaldeltakarar fekk gå sin gang (Kjelda: «Skandal in der Schweiz: Wie konnte ein Nazi-Konzert mit 5000 Besuchern genehmigt werden?», stern.de ).

Antifa Bern skal ha snikfotografert frå festivalen som samla 6000 menneske, men det var det einaste dei kunde gjera. Politikarar og vinstreradikale aktivistar var maktlause og kunde ikkje stogga den lovlegt tilskipa festivalen.

Antifa Bern skal ha snikfotografert frå festivalen som samla 6000 menneske, men det var det einaste dei kunde gjera. Politikarar og vinstreradikale aktivistar var maktlause og kunde ikkje stogga den lovlegt tilskipa festivalen (Skjermdump frå Antifa Bern sin Twitter-profil).

Ja, kva er det i grunnen med Sveits? Lokalt sjølvstyre, bindande folkerøystingar, minarettforbod og no hev dei jamvel godteke at nasjonalistar fær samla tusundtals menneske til konsert? Europa stend ikkje lenger til påske…

Redaksjonen